Valprogram Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle.

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Valprogram 2015-2019. Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle."

Transkript

1 EIDFJORD SENTERPARTI Valprogram Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle. Valprogrammet vil vera ei rettesnor for arbeidet vårt i kommunestyret.

2 Grunnsyn Senterpartiet sitt verdigrunnlag handlar om å byggja samfunnet nedanfrå. Gjennom lokalt folkestyre, desentralisering av makt, kapital og busetjing vil me ta heile landet i bruk. Gode lokalmiljø i bygd og by er prega av trivsel, samarbeid og skaparevne. Med bakgrunn i dette verdisynet, meiner Eidfjord Senterparti at innbyggjarane si stemme må høyrast, og at ei eventuell kommunesamanslåing må skje frivillig.

3 Eidfjord ein god bukommune Eidfjord senterparti vil at Eidfjord framleis skal vera ein attraktiv bukommune for alle. Me vil tilby gode barnehagetenester, SFO, skule, helsetenester og eldreomsorg til alle. Dette vil me gjera i gode og tenlege lokale. Me vil leggja til rette for eit levande og variert organisasjonsliv, og ta vare på og vidareutvikla dei positive kvalitetane i bygdene våre. Eidfjord Senterparti er opptekne av å skapa vekst og auka folketalet i kommunen. Bustadbygging Marknadsføra bustadtomter og gode oppvekstmiljø Sikra nok areal til bustadfelt Vera positiv til spreidd bustadbygging der tilhøva ligg til rette Sikra nok eldrebustadar, ungdoms- og fyrstegongsbustadar Vidareføra tilskotsordningar for nye heilårsbustadar

4 Næringsutvikling Me vil ta heile Eidfjord i bruk Eidfjord kommune treng eit variert, levedyktig og konkurransedyktig næringsliv. Senterpartiet vil leggja til rette og vera ein pådrivar for eit aktivt næringsliv. Å ta vare på noverande arbeidsplassar er like viktig som å skapa nye. Kommunen skal vera ein god tilretteleggjar for personar med gode idear, og sikra ein god og rask planprosess Sikra tilstrekkeleg næringsareal og marknadsføra desse Framleis satsa på reiseliv og næringar knytt til reiselivet, og stimulera til heilårsdrift Støtta etablering av handverksbedrifter, for å møta etterspurnad i samband med framtidige utbyggingar Stimulera sentrale bedrifter til å etablera avdelingar i Eidfjord, der høgt utdanna kan få arbeid Jordbruk skal framleis vera ein viktig næringsveg. Me vil gje støtte til omstilling og bruksutbygging i næringa Arbeida for lokal avdeling av Hardanger næringshage Arbeida vidare med tettstadutvikling Arbeida for å vidareutvikla Hardangervidda Natursenter Eidfjord Støtta Statkraft sine planar om tilleggsutbyggingar Arbeida for framleis å behalda ein bemanna bensinstasjon i Eidfjord Vera opne for landbasert fiskeoppdrett i Simadal Kommunen som arbeidsplass Det er viktig at kommunen er ein attraktiv arbeidsplass for å behalda og rekruttera nye arbeidstakarar. Me vil framleis at kommunen skal ha ein god seniorpolitikk Personalpolitikken skal stilla krav og visa omsorg for den enkelte Stimulera til etter- og vidareutdanning

5 Samferdsel Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen. No når Hardangerbrua er ferdig, må me arbeida for å få på plass tunnelar over Hardangervidda. Før tunnelane er på plass, må me arbeida for å få meir ressursar for å halda god vinterregularitet. Samhandla breidt for å realisera Hardangerviddatunnelen Arbeida for trygge skulevegar Samhandla med fylkeskommunen og staten for bygging av gang- og sykkelvegar langs riks- og fylkesveg Gjera det me kan for at samanhengande gangog sykkelveg er på plass mellom Eidfjord og Øvre Eidfjord innan utgangen av valperioden Arbeida for at staten sikrar gang- og sykkelvegen i Måbødalen Fullføra Nasjonal Turistveg ved Vøringsfossen Arbeida for tenlege kollektivtilbod Arbeida aktivt for rassikring av Rv7 og Simadalsvegen

6 Barn, ungdom og utdanning Barn og unge må få veksa opp i eit trygt, stabilt og utviklande oppvekstmiljø. Barnehage- og SFO skal ha høg kvalitet og tilby plassar om sommaren til sesongarbeidskraft Me ynskjer eit aktivt ungdomsråd Stimulera og motivera ungdom til gründerkultur ved å gje opplæring i bedriftsetablering og entreprenørskap i grunnskulen Stimulera ungdom til å velja yrkesfag, og næringslivet til å ta imot lærlingar Støtta studiesenteret for vidareutdanning/ høgskulestudie i kommunen Oppretthalda gratis kulturskule Framleis dekka ungdomskortet og dei stipendordningar me har i dag Gode møteplassar for ungdom Vidareføra varm skulemat til ein rimeleg pris

7 Helse og sosial Samhandlingsreforma krev framleis auka innsats frå kommunane, med sterk fokus på førebyggjande helsearbeid. Enkelte tiltak skal me ta oss av sjølve, men ein del tenester er det naturleg og best å samarbeida med nabokommunane om. Dette må til for å sikra gode levekår, og er viktig for trivsel og tryggleik. Tiltak som skapar trivsel, fellesskap og aktivitet for alle interesse- og aldersgrupper er viktig å stø opp om. Oppretthalda tilbodet innan pleie- og omsorgstenesta, og sikra at dei som ynskjer å bu heime får den hjelpa dei treng så lenge det er mogleg I byggjeperioden for ny sjukeheim skal kommunen ha spesielt fokus på heimebaserte tenester til dei som treng det. Oppgradera ambulansestasjonen Arbeida for å få attende lokal tannhelseteneste Halda fram tilbod om trening i terapibassenget Samhandla med nabokommunane om førebyggjande arbeid mot rus og innan psykiatri Miljø og samfunnsansvar Støtta tiltak for å sikra villaksen Senterpartiet er positive til utbygging av mikroog minikraftverk Stimulera til rydding av småskog langs vegar i samarbeid med grunneigarar og Statens vegvesen Oppfylla tiltak i klimaplanen, med til dømes gradvis overgang til el-bilar

8 Trivsel, kultur og friluftsliv Med auka satsing på turisme og næringsliv i kommunen vår, er det viktig at kulturlivet blir ein sentral del av satsinga. Me har mange tradisjonar og verdiar som det er viktig å ta vare på, og desse må lærast vidare til nye generasjonar. Me vil òg at Eidfjord kommune skal vera med på nyskaping og trendsetjing, det er difor viktig å ta til seg nye impulsar og trendar. Støtta det lokale kulturlivet i grendene Gje driftsstøtte til lag og organisasjonar I samarbeid med Destinasjon Eidfjord stimulera til samarbeid om auka bruk av Eidfjordhallen, Samfunnshuset og Eidfjord kulturhus Stimulera til vidareutvikling av båthamna Arbeida for betre mobildekning på Hardangervidda Byggja på Eidfjordhallen for å utvida styrketreningsrommet Arbeida for at Sæbø skule skal vera ein sosial møtestad Oppgradera kultur- og turstiar i tråd med sti og løypeplan Kommunen skal vera ein støttespelar ved store arrangement Oppretthalda støtte til Sysendalen Skisenter Vidareføra arbeidet med triveleg sentrumsområde Vidareutvikla badeplassen på Kråkeskarvet

9

10 Samarbeid Me i Senterpartiet vil leggja stor vekt på samarbeid partia i mellom, og vil støtta gode tiltak som kan fremja trivsel og vekst i Eidfjord kommune. Eidfjord Senterparti vil samhandla med andre parti, fylkeskommune, stat og interessegrupper for å oppnå dei beste tenestene for innbyggjarar og næringsliv i Eidfjord. Me vil ha god kontakt med partiet sine representantar i fylkestinget og på Stortinget. Senterpartiet har lagt vekt på å rekruttera kandidatar frå heile kommunen. Me har ei god blanding av erfarne og ferske politikarar med på lista vår. Dei representerer ulike yrkesgrupper, og har god spreiing i alder og interesser. Vil du at Anved Johan Tveit skal fortsetja som ordførar, og samstundes få inn våre andre gode kandidatar i kommunestyret? Stem Senterpartiet!

11

12 Eidfjord Senterparti si liste ved kommunevalet: 1. Anved Johan Tveit, (1955) - Eidfjord 2. Arne O. Bu, (1978) - Eidfjord 3. Monica Hagen Hereid, (1974) - Bu, 4. Eirin Sandstå, (1986) Eidfjord 5. Ole-Jonny Odland, (1984) Eidfjord 6. Laila Langeland Hereid, (1968) Øvre Eidfjord 7. Lars Kristian Eidnes, (1952) - Eidfjord 8. Øyvind Riber, (1953) - Eidfjord 9. Gunnvor Hopen Veka, (1954) - Eidfjord 10. Asle Øydvin, (1965) - Eidfjord 11. Tom Karsten Garen, (1964) - Vøringsfoss 12. Nina Eiken, (1986) - Eidfjord 13. Harald Myklathun, (1962) - Øvre Eidfjord 14. Anders Vatle, (1982) - Eidfjord 15. Arne G. Bu, (1960) - Bu 16. Arild Garen Svardal, (1984) - Eidfjord 17. Beathe Melkeråen, (1971) - Øvre Eidfjord 18. Anders Vaksdal, (1950) - Vøringsfoss 19. Trude Varberg, (1990) - Eidfjord 20. Leiv Henry Sæbø, (1951) - Øvre Eidfjord 21. Iselin Kleiveland Fiskå, (1989) - Eidfjord 22. Geir Olmod Sæbø, (1966) - Øvre Eidfjord 23. Sigrid Bu, (1943) - Eidfjord Godt val!

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka vedlikehald av kommunale vegar og bygg Gode og brukartilpassa

Detaljer

Til veljarane i Tysnes

Til veljarane i Tysnes Til veljarane i Tysnes Tysnes er ein god kommune å bu i. Samfunnet vårt er stabilt og det er trygt å veksa opp og bu i Tysnes. Tysnes Senterparti vil arbeida for at Tysnes også i framtida skal vera ein

Detaljer

Program for Masfjorden Venstre

Program for Masfjorden Venstre Program for Masfjorden Venstre for perioden 2015-2019 Verdiskaping for framtida. Masfjorden har ein variert og vakker natur som gjev alle høve til gode opplevingar. Kommunen har i dag gode oppvekstvilkår

Detaljer

Hemsedal KRF Program 2015-2019

Hemsedal KRF Program 2015-2019 Hemsedal KRF Program 2015-2019 HEMSEDAL KRF MEINER AT: - Hemsedal kommune skal bestå som eigen kommune, og ha gode samarbeidsavtaler med nabokommunane. - det må byggjast gangveg mellom Trøim sentrum og

Detaljer

Program for. Sykkylven Venstre

Program for. Sykkylven Venstre Program for Sykkylven Venstre for perioden 2015-2019 Rett tilbod til der folk bur. Ein liten administrasjon, i konstant endring og i samsvar med behova. I dette programmet finn du Sykkylven Venstre sine

Detaljer

Ål Venstre. Ål Venstre

Ål Venstre. Ål Venstre Ål Venstre Ål Venstre program 2007-2011 Betre Miljø Eit godt miljø skapar trivsel for fastbuande og tilreisande. Ei berekraftig utvikling vil vere avgjerande for livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss.

Detaljer

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN TA FOR KAMPEN EIT SVEIO FOR MED ET VARMT HØGE STAVANGER MILJØMÅL, UTAN KLASSESKILJE Valgprogram OG SOSIAL 2015-2019 URETT Stavanger Sveio SV Valprogram 2015-2019 SV har

Detaljer

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for

Detaljer

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP Alle skal med Bremanger Arbeidarparti 2007 2011 Arbeidarpartiet sine mål er å sikre likeverdige levekår, slik at alle får størst mogleg fridom til å leve eit liv i samsvar med eigne ynskje og behov. Dette

Detaljer

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET TIME Grunnsyn Senterpartiet vil at Norge skal bygga framtida si på dei kristne grunnverdiane og vårt demokratiske styresett. Målet vårt er å skapa eit betre samfunn der rettferd, jamstilling og retten

Detaljer

Ei god framtid for alle!

Ei god framtid for alle! Demokrati og politisk styring Ei god framtid for alle! * At kommunereforma skal tuftast på frivilligheit og fakta Senterpartiet har som grunnhaldning at samanslåing av kommunar skal vere frivilleg. Vi

Detaljer

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.» Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.» Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar

Detaljer

Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET Jølster er ein kommune med særs rike tilhøve for oss som innbyggjarar. Det vi har

Detaljer

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre SKAPA OG DELA Me er stolte av kommunen vår! Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre buforhold. Her kan nemnast ny barnehage, renovering av Lærdalsøyri skule og

Detaljer

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI 2015 2019 www.sp.no 1 SENTERPARTIET SITT GRUNNSYN Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil ha eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske som har tru på eigne

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Eidfjord kommune, Granvin herad og Ulvik herad sikte på å slå seg

Detaljer

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt. Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle menneske, både for oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlèt

Detaljer

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Økt 1: Kvifor, lyst til å få til, utfordringar Kvifor Vil ha noke å seie lokalt Da hørtes interessant ut Påverke politikken Litt kjekt å prøve noko nytt

Detaljer

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Venstre gjer Bjerkreim grønare. Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare. Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Eidfjord kommune, Granvin herad og Ulvik herad sikte på å slå seg

Detaljer

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE KOMMUNEPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2006-2021 Langsiktig del Vedteke i kommunestyret 15.06.2006 sak nr. 019/06. Seljord kommunen sine langsiktige mål 2006 2021 Strategidel Overordna mål Seljord kommune skal

Detaljer

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr. Kva meiner bygdemøte i Gaupne; 1) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere for Lustrasamfunnet/ Luster kommune? 2) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere

Detaljer

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Kommunestyrevalet 2015 Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Hyllestad KrF går til kommunevalet med et sterkt ynskje om å kunna bidra aktivt i kommunepolitikken i fireårsbolken 2015 2019.

Detaljer

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅRE VERDIAR arbeide for ei trygg og forutsigbar framtid for innbyggjarar, næringsliv og lag/ organisasjonar. Vi engasjerer oss, jobbar for ansvarlege løysingar

Detaljer

ETNE VENSTRE

ETNE VENSTRE ETNE VENSTRE 2015 2019 Vår visjon Etne endrar seg. Me møter nye utfordringar. Etne Venstre vil sikra eit godt lokalsamfunn ved å løysa morgondagens utfordringar i dag. Korleis Det gjer me ved å skapa fleire

Detaljer

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE FÅ FART PÅ SVEIO KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE ME TEK SVEIO VIDARE Sveio.arbeiderparti.no SKULAR OG BARNEHAGAR I SVEIO SKAL

Detaljer

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Program for Ulvik Arbeiderparti 2011-2015 Kjære sambygding Ulvik Arbeiderparti har dei siste 4 åra arbeidd målretta med måla me sette oss for perioden 2007-2011. Me

Detaljer

Program for Bømlo Venstre

Program for Bømlo Venstre Program for Bømlo Venstre for perioden 2015-2019 Folk først! Venstre er Noregs eldste parti, og har stått bak liberale reformer som parlamentarisme, religionsfridom, juryordninga og ålmenn røysterett.

Detaljer

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre Vaksdal Venstre «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre Eit liberalt Vaksdal Næring og nyskaping Venstre vil legge betre til rette for næring

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015 Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015 Økt 1: Kvifor, lyst til å få til, utfordringar Kvifor Vil ha noke å seie lokalt Da hørtes interessant ut Påverke politikken Litt kjekt å prøve noko

Detaljer

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram Sogndal Arbeidarparti Valprogram 2015 2019 Valprogram Sogndal Arbeidarparti 2015-2019 Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på den sosialdemokratiske grunnmuren. Målet til Sogndal Arbeidarparti er å

Detaljer

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1 Program for Nesset Venstre for perioden 2011-2015 www.venstre.no 38196_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 1 04.08.11 17:46 Eit liberalt Nesset Venstre sitt grunnsyn, sosialliberalismen, byggjer på demokratiet

Detaljer

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde

Detaljer

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum Høyanger 2015-2019 KrF Menneskeverd i sentrum KrF er eit kristendemokratisk parti som byggjer politikken sin på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Alle menneske har den same

Detaljer

Os KrF 2015-2019. www.krf.no. INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Os KrF 2015-2019. www.krf.no. INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug 2015-2019 www.krf.no INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug Os KrF YRKJE Doktor ingeniør ALDER 47 år BUSTAD Os 1. kandidat Jakob Enerhaug Ein god oppvekst Os KrF meiner at trivsel og

Detaljer

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti 2015-2019 Ut av vikariat - inn i fast arbeid Heiltid framfor Deltid Leksefri heildagsskule Døgnope helsetilbod for Ungdom Styrkja kollektivtilbod Rett

Detaljer

Kommunevalet 2011. Hol Senterparti

Kommunevalet 2011. Hol Senterparti Kommunevalet 2011 Hol Senterparti Her har du oss! Dei ni fyrste på lista: Halvsirkelen: Anne Stine Bondli, Aslak Geir Skurdal, Svein Olav Larsgard, Asle Feten, Mona Sviggum Nilsen, Barbro Håvardsrud, Knut

Detaljer

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland. Hjelmeland Venstre Trygg og god oppvekst i Hjelmeland. Om 30 år kan ho vere ein av verdas beste klimaforskarar......om ho får nokon av verdens beste lærare Politikk handler om å prioritere, og Venstre

Detaljer

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003 Kommunestyrevalget i Tysvær 2003 Ta heile Tysvær i bruk! Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland GRUNNSYN Senterpartiet byggjer politikken sin på eit menneskesyn med basis i det

Detaljer

Arbeidsprogram 2007-2011

Arbeidsprogram 2007-2011 Arbeidsprogram 2007-2011 Grunnsynet til Senterpartiet Senterpartiet vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i pakt med desse. Målet for Senterpartiet sin politikk er å

Detaljer

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden Program for Masfjorden Venstre for perioden 2011-2015 www.masfjorden.venstre.no 1 Masfjorden Venstre Ei positiv folketalsutvikling for Masfjorden kommune er eit overordna mål for Masfjorden Venstre Masfjorden

Detaljer

Utkast til program Meland Høgre 2015

Utkast til program Meland Høgre 2015 Utkast til program Meland Høgre 2015 TRYGGE ARBEIDSPLASSAR Meland blei i fjor kåra til Noregs beste kommune på nyetableringar. Trygge arbeidsplassar er ein føresetnad for velferda i samfunnet vårt. Meland

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 31. mars 2017 Handlingsplan 2017 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og

Detaljer

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti PROGRAMMET VÅRT 2015-2019 Suldal Arbeidarparti 2 Kjære veljar! Suldal er ein god kommune å bu i. Me har god økonomi og gode inntekter frå store kraftutbyggingar i kommunen vår. Dette er midlar som kjem

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Kommunevalprogram. Vik Senterparti Kommunevalprogram 2011 Vik Senterparti GRUNNSYN Senterpartiet vil at Noreg skal byggja si framtid på dei kristne og humanistiske verdiar, den nasjonale arven og eit levande folkestyre. Målet for Senterpartiet

Detaljer

GULEN ArbeidArparti

GULEN ArbeidArparti PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 2019 gulen.arbeidarparti.no trygge menneske skapar trygge samfunn Arbeidarpartiet sin visjon er ei rettferdig verd utan fattigdom, der menneske er frie, likestilte og kan

Detaljer

Program for. Årdal Venstre

Program for. Årdal Venstre Program for Årdal Venstre for perioden 2015-2019 Venstre prioriterar Unge fyrst. Årdal Venstre vil vera eit tydeleg alternativ i kommune politikken. Vår visjon er å gjera Årdal meir attraktiv som vertskommune.

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste Tilleggsinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 10.05.2016 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Eidfjord kommune, Granvin herad, Ullensvang herad

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå

Detaljer

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013 Lustrasamfunnet i framtida - i går? - i morgon? Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013 - Side 1 - Kommuneplanarbeidet er på gang. *********** Medverknad/ innspel er viktig. Difor bygdemøte. ***********

Detaljer

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.» Eit liberalt Sund «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.» Eit liberalt Sund Kunnskap og like muligheter Kvaliteten på tilbodet til kvar einskild elev i kommunen må alltid

Detaljer

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019 MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019 GRUNNSYNET Meland Senterparti vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og etter humanistiske levereglar. Målet for Senterpartiet sin politikk, er å skapa

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen Ungdomsplan for Balestrand kommune Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen Balestrand mai 2014 1 INNHALD 1. Bakgrunn for planen... side 3 1.1 Førebyggande innsats er forankra i lov og regelverk. side 4 2. Rullering

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kristin Nåmdal FE - 144, TI - &76 17/194 Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS 07.02.2017 Temaplan for barn og unge- oppstartsmelding Saksopplysningar:

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Program for 2015-2019

Program for 2015-2019 2015-2019 www.fjellkrf.no Program for 2015-2019 INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes / www.ganeshfoto.no Fjell KrF Fjell KrF ynskjer at Fjell skal vere ein kommune med gode oppvekstvilkår for barn

Detaljer

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST. SULDAL VENSTRE PROGRAM 2015 2019 Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte. (Frå Håvamål) Folk først Venstre er eit parti

Detaljer

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram 2011 2015

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram 2011 2015 Meland Senterparti - eit klokt val Arbeidsprogram 2011 2015 senterpartiet.no/meland Grunnsynet til Senterpartiet Senterpartiet vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i

Detaljer

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset. kommunevalprogram for nesset venstre i perioden 2007-2011 Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset. Venstre sitt grunnsyn, sosialliberalismen, byggjer på demokratiet som styreform,

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram 2011 2015 Ei samla bygd Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram Den norske samfunnsmodellen er unik. Han skil oss frå dei fleste andre land. I Noreg er me med i eit solidarisk spleiselag som sikrar alle

Detaljer

Vågsøy Arbeidarparti Program 2011-2015

Vågsøy Arbeidarparti Program 2011-2015 Vågsøy Arbeidarparti Program 2011-2015 Helse og omsorg For at Vågsøy kommune skal vere ein slagkraftig kommune også i framtida må ein satse på tiltak som gir auka tilflytting til kommunen. Arbeidarpartiet

Detaljer

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Program for Flora KrF Program for bystyreperioden 2016-2019 GRUNNSYN KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget vårt er forankra i det kristne

Detaljer

i Ullensvang Med aktivitet og busetnad i heile Ullensvang

i Ullensvang Med aktivitet og busetnad i heile Ullensvang i Ullensvang Med aktivitet og busetnad i heile Ullensvang Gode veljarar! Senterpartiet vil ta heile Ullensvang i bruk Med Senterpartiet sin politikk har me sett Ullensvang på kartet. Me har utvikla samarbeidet

Detaljer

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR Hans-Erik Ringkjøb Ordførar, Voss kommune SLIDE 1 AGENDA Kva er kompetansearbeidsplassar? To framtidsbilder SAIL Port Northern Europe Attraktivitet gjennom kvalitetar

Detaljer

Luster KrF. Politisk program for 2015-2019

Luster KrF. Politisk program for 2015-2019 Politisk program for Luster KrF 2015-2019 Frå Skaparen si hand er Luster kommune rikt utrusta med ein storslegen natur, brear, fjell og fjordar, elvar og fossar som kastar seg nedover fjellsidene. Innimellom

Detaljer

Program NAUSTDAL HØGRE

Program NAUSTDAL HØGRE Program 2015 2019 NAUSTDAL HØGRE L A D T S U NA Næringstiltaket Engebøprosjektet. HOVUDSAKER Full utbygging av Naustdal barne- og ungdomskule (NBU) Ja til næringsutvikling og næringstiltaket Engebøprosjektet

Detaljer

LINDÅS. Framtida i fokus

LINDÅS. Framtida i fokus LINDÅS Framtida i fokus Valprogram 2007-2011 Politisk rekneskap 2003-2007 Lindås senterparti har : 5 medlemmer i kommunestyret 2 representantar i formannskapet, 1 i plan-og miljøutvalet, der me og har

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen» 1 Innhald: 1. Mål...

Detaljer

Program for Tysvær Venstre

Program for Tysvær Venstre Program for Tysvær Venstre 2011-2015 www.venstre.no/rogaland/tysvaer 72029_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 1 04.08.11 12:16 Aktivt folkestyre - kommunal service Venstre vil et ha eit sosialt og liberalt samfunn

Detaljer

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti Kommunevalprogram 2015-2019 Bremanger Arbeidarparti Helsing frå ordførarkandidaten Vi får til meir saman enn kvar for oss Kjære veljar! Nærmiljøa og lokalsamfunna er rammene for liva våre. Arbeiderpartiet

Detaljer

MARIT AKSNES AASE - ORDFØRARKANDIDAT

MARIT AKSNES AASE - ORDFØRARKANDIDAT Program for Kommunestyreperioden 2011-2015 Kristeleg Folkeparti i Samnanger Marit Aksnes Aase Menneskeverd i sentrum Sigmund Dyrhovden Jens Harald Abotnes Bodil H. Øpstebø Side 1 Tyra Pedersen MARIT AKSNES

Detaljer

Valprogram for Volda SV

Valprogram for Volda SV Valprogram for Volda SV Det handlar om Volda Vi tek kampen for eit varmt samfunn, for framtida og for likeverd Eit samfunn der menneske løyser problem i fellesskap er mogleg. Klasseskilje kan erstattast

Detaljer

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21. Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21. september 2011 Samferdselspolitiske mål Høg velferd gjennom: - God mobilitet

Detaljer

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010 Servicekommunen Vinje av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010 Fjellkommunen KulturkommunenK k Kraftkommunen Reiselivskommunen Distriktskommunen Spreidd busetnad, lange

Detaljer

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan Samnanger der du vil leva og bu Kommuneplan 2007-2017 Samnanger der du vil leva og bu Denne planen teiknar, fortel og handlar om framtidsbiletet, draumen og visjonen for Samnanger kommune der du vil leva

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Skule og oppvekst. Venstre: 1. Vil ha ein god offentleg skule for alle, men også vera open for ein alternativ skulemodell

Skule og oppvekst. Venstre: 1. Vil ha ein god offentleg skule for alle, men også vera open for ein alternativ skulemodell Valprogram for Venstre 2011 2015 ---------------------------------------------- Innleiing Venstre sin visjon er eit sosialt og liberalt og kunnskapssamfunn der alle har fridom til å skapa sin eigen veg

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2017 UNG sak 047/17 Saksnummer: 17/479-10 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod som sikrar alle unge ei

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18: KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

Program for. Seljord Venstre

Program for. Seljord Venstre Program for Seljord Venstre perioden 2015-2019 Seljord, ein livskraftig kommune i utvikling Kjerna i Venstre sin politikk er ein god balanse mellom personleg fridom og felles ansvar. Vi er grunnleggjande

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING Org.nr: 841843932 24. driftsår - 2 - ÅRDAL UTVIKLING Selskapet si verksemd Hovudoppgåva til stiftinga Årdal Utvikling er tiltaksarbeid og næringsutvikling i Årdal kommune.

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Dokumentnummer15/8971 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Vedteke i ungdomsrådet: 2.06.2015 UNG sak 016/15 Saksnummer: 13/1125-16 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod

Detaljer

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Pål Farstad førstekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Stem

Detaljer

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON Program 2015 2019 VIK HØGRE heile VIK VISJON Vik kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i, kjenneteikna av trivsel, godt oppvekstmiljø med meiningsfylt fritid, betra tenestetilbod og eit offensivt

Detaljer

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 07.12.2009 Tid: 1500-1800

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 07.12.2009 Tid: 1500-1800 Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 07.12.2009 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Møtet lovleg sett med følgjande tilstades:vilde

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Va l p ro g ram for Le s j a S e nte r p a r t i Ko m m u n e s t y re p e r i o d e n 2 0 1 1-2 0 1 5

Va l p ro g ram for Le s j a S e nte r p a r t i Ko m m u n e s t y re p e r i o d e n 2 0 1 1-2 0 1 5 Trivsel og utvikling der du bur Va l p ro g ram for Le s j a S e nte r p a r t i Ko m m u n e s t y re p e r i o d e n 2 0 1 1-2 0 1 5 L e s j a S e n t e r pa r t i v i l o g s å i n e s t e p e r i o

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

Fjell Venstre. Program 2011-2015

Fjell Venstre. Program 2011-2015 Fjell Venstre «Det eg brenn mest for, er å få eit nytt fastlandsamband lengre sør på Sotra. For at det skal kunne realiserast, trengs det eit fleirtalsvedtak i Fjell kommunestyre. Det kan du som veljar

Detaljer