VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER



Like dokumenter
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Vedtekter kommunale barnehagar

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Barnehagebruksplan

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for kommunale barnehagar

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Revidert Oppvekst og omsorg,

BARNEHAGETILBODET I LEIKANGER 2015

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER for Læringsverkstedet Eid barnehage AS, i Eid kommune

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR

Innhold VEDTEKTER Formål Formål og forvaltning Barnehagens areal Opningstid Ferie Betaling

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

INFORMASJON BARNEHAGEN

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Transkript:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2015 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale vedtak og planar for den einskilde barnehage. Barnehagane skal også arbeida i samsvar med gjeldande rammeplan for barnehagar fastsett av Kunnskapsdepartementet. 2. Drift og forvalting Luster kommune eig og har ansvar for drifta av dei barnehagane i kommunen som er omfatta av vedtektene. Rådmannen er det kommunale forvaltningsorganet for all barnehageverksemd i Luster. Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval i samsvar med Lov om barnehagar. Oppvekstsentera har felles samarbeidsutval og / eller foreldreråd. Kommunestyret vel ein kommunestyrerepresentant til kvart samarbeidsutval. 3. Rett til barnehageplass og plasstilbod Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har rett til plass i barnehage dersom dei har søkt ved hovudopptaket. Barnehageplass er reservert barn av føresette busett i Luster kommune. Rådmannen kan fråvike frå regelen som eit rekrutteringstiltak. Plasstilboda i barnehagane er 60 %, 80 % og 100 % plass. Tilbodet om dagar må tilpassast drifta og gruppesamansetjinga i kvar einskild barnehage. Dei som søkjer redusert plass, kan ikkje alltid rekna å få innfridd ynsket sitt om barnehagedagar. Barn som har fått barnehageplass, beheld denne til han vert sagt opp eller til barnet når skulepliktig alder. Oppstart i barnehagen er den 15. i månaden. Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Luster følgjer opptaksområda til skulane. Dersom barnet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass i nabokrinsen, er barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte barnehageåret. Ved neste opptak må dei føresette søkja om endring til heimekrinsen.

4. Opptak og søknadsfristar a. Søknadsfrist for hovudopptaket og for endring av tildelt barnehageplass er 15. februar. b. Det er løpande opptak gjennom barnehageåret fram til 15. oktober dersom det er ledige plassar. c. Søknadsfrist for suppleringsopptak er 15. oktober med oppstart 15. januar. d. Det er løpande opptak mellom januar og 15. mars i vårhalvåret. Det vert ikkje føreteke opptak av nye barn etter 15. mars og fram til sommaren. 5. Klagerett Søkjar kan klaga dersom søknaden om barnehageplass vert avslått. Skriftleg klage må sendast kommunen ved Oppvekst. Klagefristen er tre veker frå når avslaget vart gjort kjent for søkjar. Dersom kommunen ikkje gjev klagaren medhald, skal kommunen senda klagen vidare til kommunen sitt klageorgan, klagenemnda. 6. Prioriteringsrekkefølgje ved opptak a. Barn med nedsett funksjonsevne der det ligg føre sakkunnig tilråding og barn med vedtak frå barnevernet, jf. barnehageloven 13. b. Barn som grunna sosiale eller språklege tilhøve treng ein barnehageplass der det ligg føre tilråding frå sakkunnig instans. c. Barn av flyktningar / ev. framandspråklege med særleg trong for norskopplæring. d. Barn med einslege forsytarar. e. Barn av føresette med kritisk kompetanse som Luster kommune treng. Dette vert drøfta med rådmannen i kvart enkelt tilfelle. f. Barn som treng utvida barnehageplass. g. Barn med sysken i barnehagen. h. Barn busett i krinsen. i. Eldre barn går føre yngre barn. j. Barn der det er særlege grunnar/omsyn for å få plass i nærmaste barnehage. Barnehageopptaket på Hafslo vert samordna slik at årskulla vert balanserte i dei to barnehagane. På denne måten tek ein omsyn til det samla pedagogiske tilbodet.

7. Endring av tildelt plass. Hovudregelen er at foreldra må søkje om endring av barnehageplass 15. februar dersom dei ønskjer å auke eller redusere storleiken på barnehageplassen. I vårsemesteret er det høve til å varsle om redusert barnehageplass før 15. april. Endringa vil ha verknad frå 15. august. I haustsemesteret er fristen for å varsle om redusert barnehageplass 15. oktober. Dette varselet vil ha verknad frå 15. januar. 8. Oppseiing av barnehageplass Føresette kan seia opp tildelt barnehageplass med to månaders skriftleg varsel frå den 15. i kvar månad til styrar av barnehagen eller gjennom det elektroniske søknadssystemet til Luster kommune. Oppseiing av barnehageplass må skje innan 15. mars om ein skal unngå å betale ut barnehageåret. Dersom dei føresette ombestemmer seg og ikkje ønskjer barnehageplass tildelt ved hovudopptaket med oppstart 15. august, må plassen seiast opp innan 15. april. Same frist gjeld for reduksjon av tildelt plass. Oppseiing etter denne fristen vil verte handsama som oppseiing frå og med 15. august og vil innebere to månaders betaling. Kommunen kan seie opp barnehageplassen ved vesentleg misleghald av avtalen. Som vesentleg misleghald vert rekna: a. dersom plass er tildelt på grunnlag av urette opplysingar av viktig tyding b. manglande betaling i to månader c. vesentleg fråver utan at fråveret er avtala med barnehagen d. dersom avtalt opphaldstid vert overskride mange gonger 9. Plikt til å ta i bruk motteken barnehageplass Motteken barnehageplass må nyttast innan ein månad etter den datoen som står i vedtaket. 10. Teljemåte 3-åringar/suppleringsopptak. Ved barnehageopptaket vert alle barn som fyller 3 år i tida frå og med 15. august og til utgangen av året rekna som 3-åringar. Ved suppleringsopptak i januar kan barn som fyller tre år i perioden januar til og med juni reknast som treåringar. Før supplering av barn i dei ulike barnehagane og avdelingane skal det gjerast ei nærare vurdering av om det er forsvarleg at barna tel som ein plass med omsyn til areal, bemanning og andre vesentleg tilhøve. Rådmann har fullmakt til denne vurderinga.

11. Lengda på barnehageåret og opningstid i barnehagane Barnehageåret følgjer skuleåret. Barnehagane er stengde julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagane kl. 12.00. Barnehagane er stengde fem planleggingsdagar kvart år. Datoane for planleggingsdagane står i barnehageruta og i årsplanane for barnehagane. Heildagsbarnehagane har som hovudregel ei dagleg opphaldstid på 9 timar. Barnehagane på Skjolden og i Jostedalen har utvida opningstid. 12. Ferie og sommaropne barnehagar Barnehagane har feriestengt i veke 29 og 30. Hafslo barnehage og Gamlestova barnehage samarbeider om ferieavvikling og samlokalisering i juli månad. Barnet skal ha fire veker ferie i kalenderåret. Tre av desse vekene skal vere samanhengande og takast i samband med dei feriestengde vekene. Dei fem planleggingsdagane kan utgjere den fjerde ferieveka for barnet. Ferien skal vere tidfesta innan 1.mai kvart år, i samsvar med ferielova sine reglar. 13. Betalingsreglement, oppseiing og tap av barnehageplass Kommunestyret fastset barnehagesatsane gjeldande frå 1. januar. Betalinga for eit barnehageår vert delt over 11 månader der 15. juli 14. august er betalingsfri månad. Det vert gjeve 30 % rabatt for barn nummer to og 50 % rabatt for barn nr. 3 eller fleire. Betaling for mat og frukt, og betaling for reise/reisekasse kjem i tillegg til den faste månadssatsen. 14. Fritak for betaling Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte frå barnehagen. Det må liggja føre ein legeattest. Søknadar vert handsama av Oppvekst. Dersom sjukdomen gjer at barnet kan vera i barnehagen i periodar, vert det rekna ein dagspris tilsvarande 1/25 av den fastsette månadsprisen.

15. Ikkje-gyldige grunnar til betalingsfritak Det vert ikkje innvilga fritak for betaling fordi barnet og dei føresette er på ferie utover den betalingsfrie månaden, jf. 11. Det vert heller ikkje innvilga fritak for betaling der barnet er fleirkulturelt og er attende i det andre heimlandet for kortare eller lengre tid. Det kan gjevast mellombels fritak dersom opphaldet er over to månader, og eit anna barn kan nytta seg av plassen i den tida barnet er borte. Eit slikt fritak gjeld frå første dato i etterfølgjande månad barnet vert teke ut av barnehagen 16. Manglande betaling Ved manglande betaling vert det etter 14 dagar sendt ut nytt betalingsvarsel med eit purregebyr. Ved manglande betaling i to påfølgjande månader vil barnet misse barnehageplassen. 17. Ulukkesforsikring Barna er forsikra av Luster kommune gjennom ei kollektiv ulukkesforsikring. Forsikringa gjeld i opningstida i barnehagen, direkte til og frå heimen og barnehagen, og på ekskursjonar eller tilskipingar som barnehagen arrangerer. 18. Teieplikt Alle tilsette og vikarar har skrive under fråsegn om teieplikt. 19. Helseopplysingar Naudsynt informasjon som barnehagen kan ha trong for å kjenne til, kan skrivast på skjemaet «Erklæring barnehage» som vert utdelt ved oppstart i barnehagen. 20. Internkontroll Barnehagane har internkontrollsystem i samsvar med kommunen sitt internkontrollsystem. Vedteke i formannskapet sak.121/14 10.12.2014. JS.