Dublin 2.- 8. juli 2018 Sogn og Fjordane Pris per person kr. 15.990 - Enkeltromstillegg + kr. 4500
Inkludert i turen: Flytur tur/retur Bergen - Dublin 6 overnattingar på 3-stjerners hotellet Maldron Smithfield Transport t/r flyplass og hotell Sightseeing med eigen buss og guide i Dublin by 2 middagar på hotellet, eitt middagscruice og «irsk kveld.» Alle middagane er 3-retters. Busstransport og inngangsbillett til alle parkar og attraksjonar. Heildagsutflukt til Cliffs of Moher Ikkje inkludert: Lunsj Drikke til maten Driks Påmelding til Tove Grimelid på mail tove@torareiser.no eller telefon: 90803545 Depositum på kr. 3200 (20%) vil bli fakturert ved påmelding. Sluttfaktura vil bli sendt ut 1. mai. Dagsprogram
Måndag 2. juli Avgang Bergen 15.00 - Oslo 15.55 Avgang Oslo 18.35 - Dublin 19.55 (lokal tid) Busstransport til Hotell Maldron Smithfield. Tysdag 3. juli Guida sightseeing med buss i Dublin. Vi besøkjer mellom anna Trinity College, Nasjonalmuseet i Kildare, Phoenix Park, lunsj i Brazen Head, eldste serveringsstad i Dublin, og avsluttar med guiding i Guiness Storehouse Lunsj betaler ein kvar for seg, og restauranten serverer mellom anna tradisjonelle irske rettar. Middag denne kvelden ordnar ein seg sjølv for eiga rekning.
Onsdag 4. juli Dagstur med eigen buss til Powerscourt House and Gardens, der vi set av 4 timar. Hagen har blitt kåra til nummer tre i verda av National Geographic og inneheld mellom anna ein italiensk og ein japansk hage. På eigedommen som er 47 mål, ligg også det høgaste fossefallet i Irland på heile 121 meter. I parken kan ein kjøpe lunsj om ein ynskjer. Turen går vidare til den private hagen Mornington Garden, der vi set av 2 timar. Der vil det bli servert kaffi/te og kjeks. Deretter reiser vi vidare til kystbyen Dalkey, der vi vandrar litt rundt på eiga hand før vi returnerer til Dublin. Middag på hotellet.
Torsdag 5. juli Dagstur til Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, 13 timar. Vi passerer landsbygda i County Dublin, der vi vil sjå rullande åsar, skinande innsjøar og middelalderslott som er så typiske for landsbygda i det irske innlandet. Framme i Count Clare tar guiden oss med på ein roleg spasertur over Cliffs of Moher, der du kan glede deg over uendeleg av fotomotiv. Klippene ragar på det høgste 214 meter over havet og strekkjer seg over meir enn 8 km langs kystlinja, der dei dannar eit dramatisk bakteppe for Atlanterhavet. Ta også med den spektakulære utsikta mot Aran- øyane og Maum Turk- fjella i Connemara. Vi fortset til den sjarmerande landsbyen Doolin og et lunsj i ein av dei fire tradisjonelle irske pubane (for eiga rekning), før vi går lunsjen av oss med ei vandring i Burren National Park - eit enormt kalksteinsområde som både minner om eit månelandskap, men samstundes er fullt av sjeldne blomar. På reisa tilbake til Dublin køyrer vi på mindre vegar gjennom vakker natur med utsikt over havet. Det blir eit lite kaffistopp ved Galway Bay, før vi er tilbake i Dublin tidleg på kvelden. Middag på hotellet.
Fredag 6. juli Dagen er fri til eigen disposisjon. Middagscruice om kvelden kl.20.00 Lørdag 7. juli Dagstur med buss til Hunting Brook Garden og Juneblake`s Garden. Hunting Brook Garden ( http://www.huntingbrook.com) Hagen har ei av dei største private samlingane av planter i Irlands og er elles kjend for fargerike og flotte plantekombinasjonar og bed. June Blakes Garden( http://www.juneblake.ie) Hagen har stor planterikdom med vekt på moderne hagedesign og nye og spennande hageidéar. Vi avslutter opphaldet i Dublin med Irsk showkveld der vi får servert ein 3-retters middag. Søndag 8. juli Avreise hotellet kl. 12.30 Avgang Dublin 15.35 - Oslo 18.45 Avgang Oslo kl. 20.20 - Bergen 21.15. Takk for turen! Forslag til kva ein kan oppleve på eiga hand: Botanisk Hage i Dublin Whiskey destilleri Dublin Castle
Treng du reiseforsikring? Vi samarbeider med Gouda! Gå inn på torareiser.no og trykk på Gouda logoen som fører deg direkte til portal for kjøp av forsikring. Vi er medlem av Reisegarantifondet.