Opplev dette ferieparadiset i Middelhavet på ein anna måte. Bli med på VANDRETUR PÅ MALLORCA 8- dagars tur med avreise 27/5 2016 Mallorca byr på meir enn strender og feriemoro for ein naturelskar med vandrelyst. På Mallorca kan en vandre i fjella og ta ein symjetur i Middelhavet på ein og same dag. Middelhavsøya har variert natur, fasinerande historie, pittoreske småbyar og Palma med sin rike historie. Middelhavsøya har og eit mangfaldig kulturliv. Første delen av turen på totalt 5 dagar, vil vi vere på vandring på veg nordover frå Valldemossa til Pollenca. Kvar dag med nye opplevingar i eit flott landskap. Overnatting på gode hotell og ein natt i kloster Bagasjen vert frakta med bil. Vi ber med oss det vi treng for dagens tur på stiar langt unna den vanlege turistløypa. Vandringa går på høgtliggande fjellstiar med fantastisk utsyn mot kysten Vi går langs deler av GR-221 kalla «Dry Stone Route». Stien er vakker og godt merka. Store delar er mura opp av stein som følgjer kulturlandskapet under dei mektige Tramuntana-fjella. Fjellkjeda Tramuntana dekker mesteparten av Mallorca sin nordvestlege kyst, og fekk i 2011 Verdsarv-status av UNESCO. Her er et litt svalare klima enn på resten av øya, og det er ikkje uvanleg med snø på toppane vinterstid.om våren er det blomstringstid på Mallorca, med god temperatur og få turistar. Gjennomsnittstemperaturen på øya er 27 grader og det er kun 51 regndagar i året. Tuen vert avslutta med 3 netter i ein av Spania sine mest spennande storbyar. Det er ikkje utan grunn at hovudstaden Palma vert kalla for «Lille Barcelona». Her finn du eit rikt kulturtilbod, spennande arkitektur frå middelalderen, bra shopping, og ei fin bystrand, om du vil avslutte med ein dukkert i Middelhavet.
GR- 221- «Dry Stone Route» Dag 1. Fredag 27. mai. Flyreise Bergen- Palma by Mallorca Vi møter kvarandre på Flesland i god tid før flyavgang. Flyavgang frå Bergen kl. 17.55 med ank. Mallorca kl. 21.15. Her ventar buss som køyrer oss til den fargerike fjellandsbyen Valldemossa og hotellet vårt for 2 netter El Encinar Vallemosai Valldemossa. http://en.hotelencinar.com/ Hotellet ligg i hjartet av Sierra de Tramuntana berre 3 km. frå landsbyen Valldemossa. Det vert felles middag på hotellet. Dag 2. Laurdag 28. mai Valldemossa- Deia. Turtid 5 timar + pausar. 8 km. Ca. stigning 520m/nedstigning 800m. Etter ein god frukost på hotellet startar vi vår første vandring. På ein klar dag er dette ein av dei finaste turane på Mallorca. Ei litt utfordrande stigning opp frå Valldemossa før vi er oppe på fjellplatået. Her er det eit ope og flott fjellterreng med flott utsyn i alle retningar, langs kysten sørover til Palma bukta.turen følgjer for det meste ein steinsatt og fin oppbygd rideveg anlagt av den østerriske erkehertugen Ludwig Salvador på 1800- talet. Flott veg/ sti som er til stor glede for oss turgåarar. Nedstigninga til Deia er lang og går gjennom eikeskog på god men bratt sti og kjerreveg. Lunsjen undervegs vert servert på Sa Front Fresca, ein koseleg og klassisk familie kafé som serverer herleg tapas og sandwichs.vel framme i Deia vert vi køyrt attende til hotellet. Også denne natta på Hotel El Encinar Vallemosai. http://en.hotelencinar.com/ Valldemossa er i seg sjølv verdt eit besøk. Landsbyen har behalde mykje av sin opprinnelege karakter til trass for at mange turistar finn vegen dit.
Dag 3. Søndag 29. mai. Deia- Soller. Turtid 3 timar+ pausar. 10 km. Ca. stigning310m Vi vert henta på hotellet etter ein god frukost og køyrt tilbake til Deia. Mellom Deia og Soller er det eit landskap som er typisk for nordkysten vest for Port de Soller. Turen i dag er ein relativ fin og lett tur og gjev oss innblikk i det litt søvnige landlivet på Mallorca, med smågardar og jordbruksland. Stiane denne dagen varierer frå brei fin sti til smalare sti nede ved kysten, lite trafikkerte asfaltvegar og grusvegar. Kystlinja er prega av bratte klipper og spreidd furuskog og store delar utilgjengeleg for bil. Av den grunn finnast det ikkje store turistanlegg som øydelegg idyllen langs sjøkanten. Det vesle som finnast av busetnad ligg høgt oppi åssidene omkransa av åkerterrassar og hundreår gamle olivenlundar. Ruta vår går mellom havet på den eine sida og bratte fjell på den andre. Vi går på gardsvegar som svingar seg gjennom jordbruksland og langs terrassar, middelhavskog over privat eng der eigaren kanskje serverer frisk pressa appelsinjuice, medan vi kan nyte utsikta over Soller. Også i dag er det mogeleg å stoppe på ein god kafé for å ete lunsj. Framme i Soller kan ein ta tog til Puerto de Soller ( ca. 3 km ) eller spasere ut dalen. I Puerto de Soller skal vi bu på Hotel Esplendido. www.esplendidohotel.com Hotellet vart bygt 1954 og står i dag fram som eit moderne vintage hotell. Soller var ein av Mallorcas tidlegare driftige handelsbyar. I dag lever dei hovudsakleg av eksklusiv turisme. Byen er fin og velhalden med mange galleri, museer, kaféar, småbutikkar og restaurantar Det vert middag på hotellet om kvelden. Bilde til v: Puerto De Soller Dag 4. Måndag 30. mai Soller- Cuber. Turtid 6 timar+ pausar. 14 km. Ca. Stigning 1000/nedstigning 340m Etter frukost på hotellet i Port de Soller kjem bussen og køyrer oss inn dalen, 3 km til Soller. Frå Soller går vi for det meste oppover i eit spennande landskap med store variasjonar som byr på nokre av vandringa sin finaste natur.turen går først gjennom den vesle landsbyen Biniariax. Den eine appelsinlunden avløyser den andre inntil vi kjem til den kjende kalksteinstrappa Barranc de Biniaraix. Den vart bygd på 16 hundre- talet og er ein del av pilgrimsstien mellom Lluc og Soller Her får vi ei av Mallorca sin flottaste utsikt over Middelhavet og den frodige Soller dalen. Terrasser med oliventre klamrar seg til dei steile sidene i kløfta Es Barraanc. Enkelte stadar står eldgamle stalagmitt formasjoner som veks seg langsomt større under den konstante dryppinga frå klippene. Ved sida rislar små elvar og fossefall medan vi går trapp for trapp oppover og vekk frå sivilisasjonen. Der trappene sluttar går vi over på ein god sti som fører oss gjennom barskogen til eit meir ope landskap. Etter kvart får vi flott utsyn, og når vi passerar skaret L` Ofre vil vi sjå Puig Major( 1.436m) som er høgaste toppen på Mallorca. Den speglar seg i den smaragdgrøne innsjøen Cuber.
Bildet over til v: Innsjøen Cuber Bildet over til h: Monasteri De Lluc Cuber reserovariane er hovudvasskilda til Mallorca. Her går vi i eit ope fjellandskap som på mange måtar kan minne om ein norsk stølsda. Den ledar fram til bussen som køyrer oss til Monasteri de Lluc der vi skal overnatte. Monasteri de Lluc: http://www.lluc.net/ er eit kloster frå år 1250. Det vert rekna som Mallorca sitt åndelege sentrum. I klosteret skal vi bu godt, få servert god mat og god seng til slitne kroppar. Dag 5. Tysdag 31. mai. Lluc- Pollenca. Turtid 5 timar+ pausar. 18 km. Ca. stigning opp 800m/ ned 830m Etter ein god frukost i klosteret er vi klar for siste vandredagen vår på Mallorca. I dag skal vi følge den gamle ferdselsvegen/ pilgrimsruta «Cami Vell de Pollenca» vegen mellom Lluc og Pollensa. Dette er også ein del av langdistanseruta GR-221. Frå klosteret går stien gjennom eit område med dei mest fantastiske klippeformasjonar i kalkstein. Vidare gjennom fin bar og eikeskog der vi har flott utsikt til fjella kring Lluc. Undervegs kan vi fylle på med friskt kjeldevatn frå Binifaldo kjelda. Etter kvart nærmar vi oss sivilisasjonen, og vi forlet fjella. Naturen skifter til flate grøne enger, beitande dyr og små gardsbruk. Dei siste kilometerane inn til byen går på landeveg forbi fine spanske steinhus, og smale kronglete brusteinsgater som ønskjer oss velkomen til Pollenca. Pilgrimsvegen Lluc- Pollenca Ut på ettermiddagen vert vi henta av buss som køyrer oss tilbake til Palma der vi skal bu på Hotel Try Bellver**** 3 netter.
Den gotiske katedralen i Palma Dagane i Palma står ein fritt til å disponere som ein ønskjer,- men det vil samstundes verte lagt opp til frivillege utflukter og felles måltid for dei som ønskjer det. Dette er ikkje inkludert i prisen. Dag 6. Onsdag 01. juni. Palma I dag vert det tilbod om tur med skandinavisk talande guide i den gamle byen i Palma. Den er særprega med smale gater og smug der ikkje bussar og bilar kjem fram og derfor er stemninga stille og avslappande. Guiden viser veg gjennom tronge gater og smug til den vakre gotiske katedralen som er Palma sin mest besøkte attraksjon. Katedralen vart bygd i starten av 13 hundre talet og sto ikkje ferdig før år 1601.Her kan ein bland anna sjå sjå kunstverk av den kjende spanske kunstnaren Gaudi. Etter denne turen kan det passe med middag på ein restaurant i byen, til dømes El Pesquero www.elpesquero.com Denne restauranten tilbyr mat frå middelhavs kjøkkenet, dagens tapas, med gode viner. Restauranten har ein stor terrasse mot sjøen med ei nydeleg utsikt. Dag 7. Torsdag 02. juni. Palma. Denne siste dagen på Mallorca kan vi tilby utflukt til ein vingard. Turen går til landsbyen Consell og som er kjent som Mallorca sitt eldste vinområde. Vi skal besøke «Ribas Winery» Vi går med eigarane gjennom vinmarkene og produksjonslokala medan dei fortel om korleis framstillinga av dei edle dråpane føregår. Det vert vinsmaking og smaksprøver på extra virgin olivenolje m/ lokalt brød, frå dei gamle oliventrea til familien Ribas. Siste kvelden i Palma vert det organisert felles avskjedsmiddag på ein av byen sine restaurantar. Dag 8. Fredag 03. juni. Palma- Bergen. I dag må vi seie «far vel» til Mallorca for denne gongen, og vende nasen heim mot Norge etter ei opplevingsrik veke. Etter ein god frukost på hotellet går bussen til flyplassen med avgang fly fra Palma de Mallorca kl. 13.05 ankomstbergen/flesland kl. 16.25.
Reisefakta: Utreisedato: 27. mai 2016 Returdato: 03. juni 2016 Antal dagar: 8 Turpris: kr. 14.960.- Tillegg enkeltrom: kr. 5000 Irekna pris: 7 overnattingar hotell og kloster Transfer flyplass til start vandring/retur Bagasjetransport alle dagsetapper Mat på flyet begge vegar. Frukost alle dagar 5 middagar(dag 1,2,3,4,7) 2 lunsjar (dag 2 og 4) Skandinavisk talande guide på vandredagane Reiseleiar som er med på heile turen Tlf 57725070 Epost: fjordane@travelnet.no fjordanereisebyra.no Tillegg til pris: 01.juni; utflukt Palma By med guide kr.200.- 01.juni Middag på rest. El Pesquero, ca kr 400.- 02. juni, besøk på vingard Reise- og avbestillingsforsikring Andre måltid enn skissert i program Drikkevarer Ikkje vent med påmelding, her vert trangt om plassen!