Møteprotokoll Utval: Ungdomspanelet 2012-2013 Møtestad: Fylkeshuset, Molde Dato: 15-17.03.2013 Tid: 17:00 Faste medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke Asgeir Stavik Hustad Sjur August Waagbø Marte Emilie Hansen Elin Anita Kvisvik Ramona Breivik Marcus Svenning Funksjon Leiar Nestleiar Faste medlemer som ikkje møtte: Funksjon Georg Michaelis Peder Gjerstad Varamedlemer som møtte: Mathias Dybvik Møtte for Georg Michaelis Frå administrasjonen møtte: Trond Myrland Guri Bugge Stilling Rådgivar, internasjonal gruppe miljøkoordinator Sekretariat: Anne Berit Svenkerud Halle Stilling rådgivar Møtet byrja kl. 17.00 fredag med orientringar. Rådgivar Trond Myrland frå internasjonal gruppe orienterte om Aktiv ungdom og mulege nye internasjonale prosjekt. Dette vil bli etter at ein er ferdig med arbeidet knytt til det pågåande Aktiv Ungdoms prosjektet om ungdom og samferdsel den 24. mai. UP vedtok at dei vil fortsette arbeidet med å sjå på nye prosjekt, gjerne i samarbeid med Hordaland som UP har samarbeida med tidlegare.
2 Miljøkoordinator Guri Bugge orienterte etter dette om dialogmøte i Trondheim den 24.mai. UP vil saman med tilsvarande medverknadsorga i Sør og Nord Trøndelag arrangera eit dialogmøte om ungdom og medverknad i store samferdselsprosjekt. Vi har alt fått med oss sentrale politikarar og fagfolk til møtet og førebels program vil sendast ut med det fyrste. Guri orienterte vidare om aktuelle miljøsaker og om saka Bypakkar som UP skulle behandle seinare under møtet. Orientering frå fylkesmannen Laurdag morgon kl. 09.00 kom ass. fylkesmann Rigmor Brøste for å orientere om Fylkesmannen og dei oppgåvene dei har ansvar for. Dette som eit ledd i Fylkesmannens satsing på barn og unge. Fylkesmannen har blant anna invitert UP til å stille med ein innleiar under deira medarbeidardag den 15. april. UP skal der seie noko om kva ungdom forventar av Fylkesmannen og andre statlege og offentlege etatar. Det var eit interessant og lærerikt møte. Under denne delen av møtet deltok medlem i Molde ungdomsråd, Norunn Kjersem, som observatør. Lunsj med URG Laurdag at UP lunsj samen med Ungdommens referanse gruppe (URG) i Møre og Romsdal. To av medlemane i UP, Marthe Hansen og Mathias Dybvik, sitt som valde representantar frå UP i URG. Vi avtalte å sette opp eit fellesmøte til hausten. I tillegg til sakslista vart det teke opp følgjande: 1. UFT Sør Trøndelag: Marcus og Asgeir deltok her. Ei bra samling med mykje bra sosialt opplegg ved sida av møte. UP må ta med seg noko av dette inn i planlegginga av UFT 2013. 2. Orienteringar frå møte i kultur og utdanningsutvalet ved Sjur og Asgeir 3. Orientering frå Fellesmøte for dei rådgivande utvala og leiinga i FK ved Sjur 4. Orientering frå dialogmøte med Barne og likestillingsministeren i Oslo ved Åse Kristin, referat utsendt 5. Orientering frå Ungdommens storting ved Åse Kristin 6. Anne Berit orienterte om at årsrapporten for UP og UFT 2012 er under produksjon og vil bli klar til fylkestinget i april. 7. Info.avd ba om innspel til Kort Sagt i fylkesmagasinet SPOR, UP sendte over fleire forslag. 8. Mathias og Marthe orienterte om sitt arbeid i URG og planar framover med fylkes UKM 9. Konferanse for ungdomsråd for Nordmøre og Romsdal frå den 12. -13. april. UP stiller og har fått to timar fredag kveld til å presentere seg. 10. Ungdomskonferanse om høgskolane i Møre og Romsdal er flytt frå 13. april til 21. november. 11. Representantar frå Vest Agder fylkeskommune kjem til UP møte i april for å lære meir om korleis vi jobbar. 12. Budsjett 2013. UP og UFT hadde eit overforbruk i 2012. Vi må difor ta nokre grep i år for å kunne oppretthalde aktiviteten samstundes som ein sparer inn på kostnadane.
3 12. UNGtransportpplan. Anne Berit tek kontakt med Plan og analyse avdelinga (POA) og Samferdselavdelinga for å sjekke om dette er noko vi kan samarbeid om. 12. UP sette opp eit førebels program for møte i Trondheim den 24. mai med tema Ungdom og medverknad i store samferdselprosjekt. 12. Gjekk igjennom alle ansvarskommunane og oppdatert Google docs. 13. Aprilmøte førebels saksliste: Besøk frå Vest Agder fylkeskommune Ungdomsmidlar Orientering om vidareutdanning av lærarar frå utdanningsavdelinga Svømmeopplæring i skulen Gjennomgång av handlingsprogram planleggje UFT; stad, saker, sosialt Google docs ansvarskommunar Planlegge møte 24. mai i Trondheim Planlegge junimøte URG møte til hausten
4 Saksnr UP-4/13 UP-5/13 UP-6/13 UP-7/13 Innhold Høyring - Nasjonalt kompetansesenter for ungdomsarbeid og medvirkning Orientering om bypakkar Bypakkane i Møre og Romsdal Orientering frå Fylkesmannen Samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal UP-8/13 Kulturkort for ungdom - Rapport for 2012 4-13 Høyring - Nasjonalt kompetansesenter for ungdomsarbeid og medvirkning Samrøystes vedtak i - 15.03.2013 Ungdomspanelet stiller seg bak forslaget til TVIBIT om et nasjonalt kompetansesenter for ungdomsarbeid og medvirkning (NAKUM), og synes dette er et godt tiltak. Ansvarlig avdeling i kommunene kan ha manglende kompetanse og begrensede ressurser for ungdomsmedvirkning og det er derfor meget bra at de kan få et sted å henvende seg til og søke informasjon hos. Vi ser at det er manglende kunnskap om hvordan et ungdomsråd skal fungere, hvilken funksjon de har og hvordan de jobber. Kompetansesenteret vil være en flott støtte og hjelpeinstans for medvirkningsorgan på både kommunalt og fylkesnivå. Ungdomspanelet tror at det blir kun de kommunene og fylkeskommunene som har etablert et medvirkningsorgan for ungdom, som kan dra full nytte av NAKUM. Vi mener at de som ikke har ungdomsmedvirkningsorgan i hvert fall trenger et slikt kompetansesenter. Med dagens kommuneøkonomi er det lett for at medvirkningsorgan for ungdom blir nedprioritert. En lovfesting av medvirkningsorgan for ungdom vil være et meget bra virkemiddel for at alle kommuner skal ta ungdom på alvor. Da vil også kompetansesenteret være vesentlig for mange flere kommuner og fylkeskommuner, spesielt i oppstartsfasen av de nyopprettede medvirkningsorganene. Vi vil presisere at en lovfesting av medvirkningsorgan for ungdom, med eventuelle nasjonale retningslinjer for ungdomsråd bør være nettopp retningslinjer, og ikke en fasit. Dette vil gjøre at ungdomsråd skal kunne tilpasse møtestruktur og arbeidsform etter hvordan det passer lokale forhold. Vår erfaring er at samarbeidet mellom oss og elev- og lærlingombodet er et meget viktig verktøy for å oppnå gode resultater. Elev- og lærlingombodet og medvirkningsorgan for ungdom jobber ofte med de samme ungdommene, men på forskjellig arena. Siden de gjerne deler målsettinger, ser vi på det som en fordel om disse samarbeider og deler informasjon. Vi synes derfor at NAKUM bør ha en seksjon med fokus på kompetanse for elev- og lærlingombod.
5 5-13 Orientering om bypakkar Bypakkane i Møre og Romsdal Ungdomspanelet stiller seg bak forslag til vedtak i sak SA - 8/13 Bypakkane i Møre og Romsdal, men har følgjande kommentarar: Ungdomspanelet stiller seg spørjande til bomordninga rundt bykjernane. For å kvalifisere til bypakke-midlar frå staten, krevs det at trafikkreduserande tiltak leggast inn i planlegginga. Dette kan til dømes vere å avgrense talet på parkeringsplassar i sentrum, og vi ser ikkje at slike tiltak er lagt inn i tilstrekkeleg grad. Firefeltsvegar kan vere eit positivt tiltak, så lenge ein ikkje gjer dette på bekostninga av auka satsing på kollektivtransport og mjuke trafikantar. Ved val av ei evt. bytunnel-løysing, må ein sørgje for at det framleis blir tilrettelagt for sentrumsutvikling. Vi meiner også at kollektivtransporten må prioriterast, med gratis gjennomkjøring for buss og at ein del av bominntektane skal brukast til å finansiere kollektivtransporten. Vi må unngå den situasjonen som oppsto på Averøya, der ein kunne hatt fleire ekstra bussar dagleg, om bussen ikkje betalte bompengar. Det som i utgangspunktet skulle betre transportproblema førte til at kollektivtransporten blei både dyrare og dårlegare. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som pådrivar for at bypakkane skal ha stort nok fokus på gang- og sykkel, miljø, trafikktrygging og kollektivtransport. Skal ein lukkast med å auke kollektivandelen, må ein følgje i fotspora til den eine byen som faktisk har lukkast med bypakkeprosjektet: Trondheim. Betring i kollektivtransporten vil ikkje berre forbetre trafikksituasjonen, men óg miljøpåverknadane, noko ungdomspanelet legg stor vekt på. Ungdomspanelet sett spørsmål med om ungdom i dei aktuelle kommunane har blitt tatt med på råd i utarbeidinga av planane rundt bypakkeprosjektet. Vi veit at dette er ei sak som opptek ungdom, og kjenner ikkje til at ungdomsråda har blitt godt nok inkludert. 6-13 Orientering frå Fylkesmannen Georg Michaelis og Sjur August Waagbø deltek på medarbeidardagen hos Fylkesmannen den 15. april. 7-13 Samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal Ungdomspanelet i Møre og Romsdal stiller seg bak forslaget til vedtak i sak UP- 7/13 (Ud-7/13) Samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal. Vi ser store fordelar med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal. Ungdommens fylkesting vedtok allereie i 2009 at Ungdomspanelet skulle jobbe
for ei samanslåing av høgskulane. I 2011 vart det presisert at vi ønskjer å behalde alle dei fire studiestadene der dei ligg i dag, og at dei også skal behalde spesialiseringane sine. Studentar søkjer seg ikkje til breiddeinstitusjonar, men til institusjonar som er på topp kompetansemessig sett. Med ein slik høgskulestruktur i Møre og Romsdal vil ein få fleire studiestader med ulike spesialiseringsområder, slik at studentane kan dra nytte av både eit tverrfagleg og eit spesialisert studie- og forskingsmiljø. Fusjonen vil auke attraktiviteten til Møre og Romsdal som eit studentfylke, og gjere det lettare å samarbeide for studentar og ansatte ved dei ulike studiestadene i fylket. 6 8-13 Kulturkort for ungdom - Rapport for 2012 UP tok orienteringa til vitande