Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 24.07.2015 2014/6073/ULLU/433.52 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Ulf Lucasen, 71 25 84 24 Vår ref. Oddmun Valved 6315 INNFJORDEN Løyve til felling av skadegjerande jerv i Rauma kommune Fylkesmannen gir vestre Rauma beitelag løyve til å felle ein (1) jerv innafor eige beiteområde i Rauma kommune. Heile arealet ligg utafor jerveområdet og grensar til området i Norddal kommune der det er gitt fellingsløyve på skadegjerande jerv. Fellingsløyvet gjeld frå 24.07.2015 til og med 28.07.2015. Løyvet vart formidla munnleg til Rauma kommune v/ Rune Horvli 24.07.2015 om lag kl 12.00. Det er knytt ei rekkje vilkår til dette fellingsløyvet. Desse går fram av dette brevet. Vedtaket er heimla i Naturmangfaldloven 18 første ledd b) og 77; jf. 1, 4, 9 og 13 i rovviltforskrifta av 18.03.2005 og vedtak fatta av Rovviltnemnda for region 6 den 20. mai 2015 Fylkesmannen viser til søknad av 23.07.2015 frå leiaren i vestre Rauma beitelag, Oddmun Valved. Vi viser og til telefonisk kontakt med Rauma kommune v/ Rune Horvli 24.07.2015. Søknad Det er dokumentert at jerv har drepe lam i Norddal kommune for om lag ei veke sia. Det er opna opp for å felle skadegjerande jern i dette området frå 20.07.2015 til og med 28.07.2015. Skadeområdet i Norddal kommune ligg tett opp til vestre Rauma beitelag sitt område. Ut frå observasjonar av jervespor sist vinter ser det ut for å vere jamn trafikk av jerv mellom Norddal og Rauma i dette området. Det vil seie at det er høgst truleg at den jerven som har tatt lam i Norddal kommune vil kunne gjere det også innafor Rauma kommune. I 2014 tok jerven mange lam i denne delen av Rauma kommune, og sidan tapa har starta i naboområdet i Norddal kommune er det frykt for at dette kan vere starten på årets tapssesong også i Rauma kommune. Det blir difor søkt om å få løyve til å felle jerv innafor beiteområdet. Juridisk grunnlag for avgjerda Fellingsløyve kan gjevast for å hindre at rovvilt gjer skade på bufe og tamrein. Ved vurdering av om det skal gjevast løyve til skadefelling av jerv, skal det leggjast vekt på føringane i den regionale forvaltningsplanen. Postadresse: Postboks 2520 6404 Molde Telefon: 71 25 84 00 E-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Web: www.fylkesmannen.no/mr Org.nr: 974 764 067
side 2 av 5 I Forskrift om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta) 1 (formål) står det: Formålet med denne forskrift er å sikre en bærekraftig forvaltning av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn. Innenfor en slik ramme skal forvaltningen også ivareta hensyn til næringsutnyttelse og andre samfunnsinteresser. Forvaltningen skal være differensiert slik at hensynet til ulike interesser vektlegges forskjellig i ulike områder og for de ulike rovviltarter. Forskriften skal sikre forvaltning som vektlegger forutsigbarhet og lokal medvirkning. I 18 i naturmangfaldlova står det mellom anna følgjande om anna uttak av vilt og lakse- og innlandsfisk etter vurdering av myndigheitene: Kongen kan ved forskrift eller enkeltvedtak tillate uttak av vilt og lakse- og innlandsfisk b) for å avverge skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller annen eiendom, ( ). Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte. I 9 i rovviltforskrifta står det følgjande om kvote for, og iverksetting av, betinga skadefelling: «Fylkesmannen kan av eget tiltak eller etter søknad fatte vedtak om iverksetting av felling for å forhindre fremtidig skade innenfor rammen av kvote for betinget skadefelling gitt av rovviltnemnden, jf. forskriften 8, eller Direktoratet for naturforvaltning, jf. 13. ( ). Ved vurderingen av om det skal gis tillatelse til skadefelling skal det legges vekt på føringene i regional forvaltningsplan, jf. forskriften 6. Felling kan bare gjennomføres dersom det ikke finnes annen tilfredsstillende løsning ut fra prinsippet om geografisk differensiert forvaltning. Det skal særlig tas hensyn til: a) områdets betydning som beitemark b) skadenes omfang og utvikling c) potensialet for fremtidige skader d) muligheten for å gjennomføre forebyggende tiltak. ( ) Etter naturmangfaldlova 5 er det eit mål at artane og deira genetiske mangfald skal bli ivaretatt på lang sikt og at artane skal kunne forekome i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde. Tiltak etter naturmangfaldlova skal likevel vegast opp mot andre viktige samfunnsinteresser, jf. 14. Naturmangfaldlova 5 og prinsippet om geografisk differensiert forvaltning er konkretisert gjennom 3 og 4 i rovviltforskrifta og gjennom den regionale forvaltningsplanen for rovvilt i region 6. Rovviltnemnda i region 6 har i vedtak av 19. mai d.å. fastsatt en kvote på 5 betinga skadefellingsløyver på jerv i region 6 (Sør- og Nord-Trøndelag, samt Møre og Romsdal) frå 1. juni 2015 15. februar 2016. Det er så langt ikkje felt jerv av denne kvoten. I vedtaket står det mellom anna følgjande om skadefelling av jerv: «Bestanden ligger over bestandsmålet per i dag. Terskelen for skadefelling bør være lav i områder som har oppfylt bestandsmålet i henhold til forvaltningsplanen. I områder uten mål om yngling av jerv skal terskelen for å få skadefellingstillatelse være spesielt lav».
side 3 av 5 Forebyggande tiltak Det aktuelle beiteområdet i Rauma kommune ligg utanfor forvaltningsområdet for jerv, og er ikkje prioritert område for bruk av forebyggande og konfliktdempande tiltaksmiddel. På grunn av den kalde sommaren er sleppdato forseinka. Grasveksten er noko seinare enn vanleg, men fjellbeite ser ut til å kunne halde godt ut mot hausten i år på grunn av rikeleg med snøfonner i fjellet. Vi kan difor ikkje tilrå tidleg nedsanking eller andre tyngre tiltak retta mot sauen slik situasjonen er nå. Fylkesmannen sine vurderingar Etter naturmangfaldlova 7 skal prinsippa i 8 til 12 leggast til grunn som retningsliner ved offentleg myndigheitsutøving. Offentlige vedtak som kan påverke naturmangfaldet skal så langt det er rimeleg vere tufta på vitskapleg kunnskap om artar sin bestandssituasjon samt effekt av påverknad, jf 8. Det nasjonale bestandsmålet på jerv er videre fordelt på fem av åtte forvaltningsregioner for rovvilt, jf. rovviltforskrifta 4. I region 6 er det mål om 10 årlege ynglingar av jerv. Førebelse tal frå Rovbase viser at det hittil er 11 dokumenterte ynglingar av jerv i region 6. Fylkesmannen viser til forvaltningsplanen for rovviltregion 6, der det ikkje er mål om å ha jerv i den delen av fylket som denne saka gjeld. Det nasjonale bestandsmålet på 10 årlege ynglingar i regionen blir oppretthalde ved å ha jerv innafor jerveområdet i Sunndalsfjella og Reinheimen samt innafor dei utpeika jerveområda i Trøndelagsfylka. Vi legg til grunn at vi ved å oppretthalde ein jervebestand i tråd med det nasjonale bestandsmålet for regionen, kan felle jerv utanfor dette området utan at det verkar inn på overlevinga for jervebestanden i Norge. Fylkesmannen vurderer ut frå dette kunnskapsgrunnlaget som godt, og føre-var-prinsippet i 9 blir difor tillagt lita vekt i saka. Etter rovviltforliket punkt 2.2.19 skal soneinndelinga forvaltast tydeleg. Dette er tydeleggjort i brev av 28. april 2014 frå klima- og miljøministeren til fylkesmennene og rovviltnemndene og i brev av 21. mai 2014 frå Klima- og miljødepartementet (KLD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD) til rovviltnemndene, med kopi til fylkesmennene. I område som i forvaltningsplanen er definert som yngleområde for rovvilt skal beitenæringa tilpasse drifta med utgangspunkt i at det vil forekome rovvilt i beiteområdet. Her skal terskelen for skadefelling vere høg. I prioriterte beiteområde veg omsynet til beitenæringa tyngst, og det skal vere lav terskel for uttak av rovdyr som har gjort eller er venta å gjere skade i desse områda. Bestandsestimatet for jerv i 2015 ligg enno ikkje føre. Førebelse tal syner at bestandsmålet for region 6 er nådd. Dette inneberer at terskelen for å innvilge søknader om løyve til skadefelling på jerv utanfor forvaltningsområdet er spesielt lav. Førre beitesesong og siste vinter har det vore vesentleg jerveaktivitet i fjellområda nord og vest for hovudvegen gjennom Valldalen i Norddal kommune. Dette gjeld ikkje minst beiteområda i den vestre delen av Rauma kommune. Desse areala ligg utanfor jerveområdet. Der skal beitedyra ha høgare prioritet enn jerven.
side 4 av 5 Med det skadepotensialet som er i dette området finn vi det difor rett å opne opp for felling av ein skadegjerande jerv i vestre Rauma beitelag sit område. Eit uttak av jerv er vurdert til ikkje å vere til skade for jervebestanden si overleving, eller å kome i konflikt med det nasjonale bestandsmålet for jerv, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004) og 4 i rovviltforskrifta. Vedtak: Ut frå vurderingane ovanfor og med heimel i Naturmangfaldloven sin 18 første ledd b) og 77; jf. 1, 3, 9 og 13 i rovviltforskrifta av 18.03. 2005, samt vedtak fatta av Rovviltnemnda for region 6 den 19. mai 2015, gir Fylkesmannen vestre Rauma beitelag v/ Oddmun Valved fellingsløyve på ein (1) skadegjerande jerv. Følgjande vilkår er knytt til iverksetting av fellingsløyvet: 1. Fellingsløyvet gjeld frå 24.07.2015 kl. 12.00 til og med 28.07.2015. 2. Løyve til felling gjeld i Rauma kommune innafor vestre Rauma beitelag sitt område. 3. Jervetispe i følgje med ungar er unnateke frå fellingsløyvet. 4. Fellingsløyvet vert gitt til vestre Rauma beitelag sin leiar Oddmun Valved som også er fellingsleiar. Fellingsleiar er ansvarleg for fellingsforsøket, og er ansvarlig for at det ligg føre liste over alle som tek del i fellingsforsøket. Kopi av lista skal sendast fylkesmannen. 5. Fellingsleiar og deltakarane i fellingslaget skal ha avlagt skyteprøve for bruk av rifle til storviltjakt seinast i 2014. Dei skal og vere registrerte som lisensjegerar, jf. Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst, av 22.3.2002, 13 og 14. 6. Det skal berre nyttast våpen og ammunisjon som tilfredsstiller krava til jakt på jerv, jf. Forskrift av 22. mars 2002 om utøving av jakt og fangst. 7. Dersom ein ynskjer å bruke laus hund i fellingsforsøket, må Rauma kommune dispensere frå bandtvangbestemmelsane i hundelova. Det kan kun nyttast hund som er eigna til bruk til jakt på jerv. Laus hund skal vere utstyrt med GPSsporingsbrikke/-sendar. 8. Felling eller forsøk på felling skal meldast til Fylkesmannen på mobilnr. 9092 6016 og Statens naturoppsyn. 9. Dersom jerv vert skadeskoten pliktar dei ansvarlege å gjere det dei kan for å avlive dyret snarast mogeleg. Skyttar pliktar å forvisse seg om påskote dyr er treft eller ikkje. Ved skadeskyting skal skyttar utan opphald underrette Fylkesmannen og næraste politimynde. Fylkesmannen avgjer vidare gjennomføring og avslutting av ettersøk. Dei som har deltatt i fellingsforsøket skal utan godtgjering bistå forvaltningsmynde eller politimynde i det vidare ettersøket. 10. Jerv felt i medhald av dette løyvet er viltfondet sin eigedom. Etter 16 i Forskrift om forvaltning av rovvilt, skal jeger vise fram felt dyr for SNO for kontroll og
side 5 av 5 prøvetaking så snart som råd etter felling. Jeger skal kunne påvise fellingsstad dersom SNO, politi eller fylkesmannen ber om det. 11. Felling og forsøk på felling etter dette løyvet kan gjennomførast uavhengig av grunneigar sin jaktrett, jf. viltloven 35. 12. Alle som deltar i fellingsforsøket skal vere kjende med innhaldet i dette brevet. Klage Dette vedtaket kan påklagast innan tre -3- veker frå den dagen dette brevet kom fram; jf. forvaltningslova kap. IV, 28 og 29. Ei eventuell klage bør grunngivast og skal stilast til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim, men sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Med helsing Rigmor Brøste ass. fylkesmann Ulf Lucasen Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Rauma kommune Vollan 8 A 6300 ÅNDALSNES Lensmannen i Rauma Havnegata 6 6300 ÅNDALSNES Statens naturoppsyn Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Norddal kommune Postboks 144 6211 VALLDAL