Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samtidig får du oppleve mykje nytt. Å vere konfirmant er eit naturlig val for alle døypte. Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vere konfirmant. Vi gjennomfører då ei dåpshandling i løpet av konfirmantåret. 2
Kontaktinfo Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje Postadresse: Sula Sokn Postboks 228 6039 LANGEVÅG Telefon: 70199600 Nettside: www.sula.kyrkja.no FaceBook: Sula kyrkjelyd Ansvarlege for konfirmantåret 2017/2018: Geir Harald Eikrem Dir.tlf.: 70 19 78 13 E-post: eikgei@sula.kommune.no Ole Andre Rønneberg/ Barbro Godø Thomassen Dir.tlf: 70 19 96 04 E-post: thobar@sula.kommune.no 3
Innhald Hovudtema for BasicKonfirmant 2018 er: Kven er eg? Vi vil forsøke å nærme oss dette spørsmålet frå ulike vinklar, og sjå på kven vi er i forhold til andre; i forhold til foreldra våre, vener, kjærestar og kven vi er i forhold til Gud. Konfirmantåret er delt inn i 4 delar: a. b. c. d. Konf@Samling Gudstenestedeltaking Konf@Prosjekt Andre samlingar a. Konf@Samling Desse samlingane vil stort sett vere etter skuletid frå 14.10 16.20 og det blir 9 samlingar i løpet av året. Vi deler heile konfirmantkullet i grupper på ca. 35 stykk, og desse gruppene møter på ein fast vekedag i utvalde veker. De får brev om kva gruppe/dag de har havna på i midten av august. På Konf@Samlingane har vi felles opning, mat og felles avslutning. Mellom maten og avslutninga vil det vere ulike aktivitetar i mindre grupper, alt etter kva som er tema for samlinga. 4
b. Gudstenestedeltaking Du skal delta på 8 gudstenester i løpet av konfirmantåret (konfirmasjonsdagen er ein av dei), og du får utdelt dette gudstenestekortet for å følge med på dine gudstenestebesøk. Du må også registrere deg i kyrkja når du går til gudsteneste. Er alle gudstenester like? Gjennom året har vi i Sula kyrkjelyd ulike gudstenester som alle har sitt særpreg både når det gjeld musikk, form og innhald, blant anna: - gudstenester knytt opp mot trusopplæringstiltak, som til dømes LysVaken, TårnAgent, 4-årsbok og 1.klassebok, Klar!Ferdig!Gå!, 4.klassebok - Musikalsk messe: kveldsgudsteneste i Langevåg kyrkje kl. 18.00 med fokus på ulike typar musikk Vi anbefaler at du går på ulike typer gudstenester for å oppleve mangfaldet. Du får meir informasjon om dei ulike typene gudstenestene på www.sula.kyrkja.no, i Sulaposten, samt på den første Konf@Samlinga. eller 5
c. Konf@Prosjekt I løpet av året skal alle BasicKonfirmantane vere med på eit prosjekt. Vi tilbyr ulike typer prosjektgrupper, og håper at alle kan finne noko som passar. Prosjekta skal utgjere ca. 10 til 15 klokketimar, men vil ha ulik samlingsfrekvens. Det er aktiviteten som skal utførast som vil bestemme korleis dette blir lagt opp. De vil få meir informasjon om prosjekta når vi startar i haust, men du bør velge prosjekt allereie i påmeldinga. Du må gjere eit 1.valg, 2.valg og 3.valg, for det er begrensa med plass på dei fleste prosjekta. Det kan også vere at vi av ulike grunnar ikkje kan starte opp prosjekt. a) Drama/film 2 til 4 samlingar der ein lærer litt om korleis lage film, samt lagar 1-2 kortfilmar (på våren) b) Changemaker-konfirmant 2 til 3 samlingar i lag med konfirmantar frå Spjelkavik, Borgund etc. (på våren) c) Lysvåken vere ungdomsleiar på LysVaken-arrangement for 6.klassingar (2.-3.desember) d) Tidsreisa vere ungdomsleiar på Tidsreisa-arrangement for 6.klassingar (01.-02.mars) e) Tårnagent vere ungdomsleiar på Tårnagent-arrangement for 3.klassingar (14.-15.april) 6
d. Andre samlingar Sulahallen: fredag 12.januar møtast alle konfirmantane i Sula kyrkjelyd i Sulahallen og deltar på fotball- eller volleyballturnering, spelar Wii, brettspill eller er heiagjeng. Vi avsluttar med ei kveldssamling i kyrkja. KN-aksjon: Tysdag 20.mars skal alle konfirmantane vere med å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Sett av desse datoane allereie no! 7
Reglar Konfirmantåret skal vere eit kjekt år både for deg som konfirmant, dei heime og dei du møter som konfirmantleiarar. For å få til dette er vi avhengig av at du som konfirmant møter opp, og at vi i fellesskap gjer ein innsats for at alle skal ha det kjekt og greit. Vi har 2 grunnreglar: 1) vi fører oppmøtelister på alle samlingar, og du må møte opp på 80% av desse (gudstenestene kjem utanom dette - sjå Gudstenestedeltaking for meir informasjon) 2) vi forventer at du viser vanleg folkeskikk i gruppa, både mot leiarar og medkonfirmantar. Ved brudd på dette kan vi måtte sende deg heim frå samling. Vi har berre gode erfaringar med konfirmantar frå tidlegare, og er sikre på at viss vi klarer å følge desse reglane blir dette eit flott år. Det blir forhåpentlegvis lite av dette 8
Konfirmasjonsgudstenestene 5. og 6.mai 2018 i Indre Sula kyrkje og 12. og 13.mai 2018 i Langevåg kyrkje Ved påmelding kan de sette opp ønske om konfirmasjonsdag. Vi garanterer at alle får den helga dei ønsker. Tidlegare har vi også garantert dag; dette kan vi dessverre ikkje gjere lengre på grunn av stor pågang på enkelte dagar. Tidspunkt for konfirmasjon i 2018 er: Laurdag 5.mai i Indre Sula kyrkje kl. 11.00 og kl. 13.00 Søndag 6.mai i Indre Sula kyrkje kl. 11.00 Laurdag 12.mai i Langevåg kyrkje kl. 10.30, 12.00 og 13.30 (evt. 11.00 og 13.00 viss behovet er mindre) Søndag 13.mai i Langevåg kyrkje kl. 11.00 For at konfirmasjonsgudstenestene skal verte kjekke for alle, må vi setje tak på antal konfirmantar pr. gudsteneste. Dette har med lengda på gudstenestene å gjere, samt at brannforskriftene set tak på antal personar vi kan ha i kyrkjene. I Indre Sula kyrkje er det plass til max 11 konfirmantar pr. gudsteneste og i Langevåg kyrkje er det plass til max 18 konfirmantar. 9
Til foreldre/føresette Konfirmanten skal delta på 8 gudstenester i løpet av konfirmantåret. Vi ønsker at de som foreldre/føresette kjem i lag med konfirmanten til gudsteneste. Dette er ein fin måte for deg som forelder/føresatt å kunne ta del i nokre av opplevingane til konfirmanten. Det er nokre ting vi treng hjelp og støtte til i konfirmantåret. Det er konkrete oppgåver og utfordringar de som foreldre/føresette får slik at konfirmantåret blir ei god oppleving for konfirmantane. Nokre av oppgåvene er klare, medan andre kan dukke opp i løpet av året. Dei oppgåvene som er klare: Være vakt/medhjelper i Sulahallen 12.januar Vere medhjelpar (sjåfør) på KN-aksjonen tysdag 20.mars (her treng vi mange) Det er eit eige valg for foreldrehjelp i påmeldingskjemaet. Konfirmantavgift Konfirmantavgifta for BasicKonfirmant 2018 er på 800 kroner. Dette dekker mellom anna leige av konfirmantkapper (100 kroner) og mat på alle konfirmantarrangementa Det vert sendt ut giro i løpet av hausten. Foreldremøte Tysdag 12.september kl. 18.00-20.00 i Indre Sula kyrkje På dette foreldremøte gir vi meir informasjon om året ungdommen din skal vere med på, og på kva måte de som foreldre/føresette kan delta. I tillegg vert det sjølvsagt høve til å stille dei spørsmåla som de måtte ha. Vi ser det som viktig å ha god kontakt med heimen, så det er fint viss minst 1 føresatt kan møte. 10
Påmelding For å melde deg på, går du inn på www.sula.kyrkja.no. Der vil du finne all informasjon som du treng for å melde deg på (sjå også vedlagte bruksanvisning). Påmeldinga skjer elektronisk; påmeldingsfrist fredag 30.juni! NB! Det er viktig at foreldre/føresette sit saman med deg når du melder deg på, sidan vi treng nokre opplysningar frå dei og! Vi kommuniserer mest på mail, så det er viktig at mailadressene er riktige! Dersom du ikkje har anledning til å registrere deg på internett, ta kontakt med kyrkjelydskontoret så vil vi hjelpe deg. 11
12