FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 29.09.2015 Tid: 12.00 14.00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Bergfrid Norheim Sindre Rolland Vegard Fosså Torbjørn Fosså Marthe Samnøen Marte Ekeberg Klippen Forfall og møtande varamedlemmer: Kim Andre Trengereid hadde forfall. Han har ikkje oppnemnd vara. Andre som var tilstade på møtet: Møtesekretær Erik Vangsnes Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Erik Vangsnes leia møtet i sak 25/15. Frå sak 26/15 leia Sindre Rolland møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 29. september 2015 Sindre Rolland Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 025/15 Konstituering av Fusa ungdomsråd 2015 026/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 027/15 SKRIV OG MELDINGER 028/15 RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN 029/15 MOTTAK OG BUSETJING AV FLYKTNINGAR 2015-2019 030/15 Tertialrapport pr. 01.09.2015 031/15 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 032/15 REGULERINGSENDRING - KLETTEN REGULERINGSPLAN - 5 NYE FRITIDSTOMTER 033/15 KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2015-27 - EIGENGODKJENNING
025/15: Konstituering av Fusa ungdomsråd 2015 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. I møtet kom det fram desse forslaga til kandidatar til leiarverva: Leiar: Sindre Rolland Nestleiar: Vegard Fosså Fusa ungdomsråd valde samrøystes Sindre Rolland til leiar og Vegard Fosså til nestleiar. UNG-025/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd valde Sindre Rolland til leiar og Vegard Fosså til nestleiar. 026/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Møteprotokoll frå møtet 2. juni vert godkjent. Møteprotokoll frå møte 2. juni vart samrøystes godkjent. UNG-026/15 VEDTAK: Møteprotokoll frå møte 2. juni vert godkjent. 027/15: SKRIV OG MELDINGER :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering.
I møtet sa Sindre Rolland, Marte Ekeberg Klippen og Marthe Samnøen seg interesserte i vera med på nettverksmøte i Bergen 21.-22. november. Prioritert rekkefølge vert: 1. Sindre Rolland 2. Marte Ekeberg Klippen 3. Marthe Samnøen Dei melder tilbake til sekretær seinast 1. oktober om dei kan møta. Dei melder seg på sjølve. Skriv og meldingar vart teke samrøystes til orientering. UNG-027/15 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 028/15: RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN Framlegg til trafikksikringsplan for Fusa kommune for 2016 2019 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 11 i plan og bygningslova. Framlegg frå Vegard Fosså: Ungdomsrådet meiner planframlegget med fordel kunne hatt meir konkretiserte tiltak, t.d. pkt 6.6.1 «Fusa kommune som trafikksikker kommune». Kven har ansvar for oppfølging? Kva er tidsplanen? For øvrig tok ungdomsrådet rådmannen si innstilling til vedtak til etterretning. UNG-028/15 VEDTAK: Ungdomsrådet meiner planframlegget med fordel kunne hatt meir konkretiserte tiltak, t.d. pkt 6.6.1 «Fusa kommune som trafikksikker kommune». Kven har ansvar for oppfølging? Kva er tidsplanen? For øvrig tek ungdomsrådet rådmannen si innstilling til vedtak til etterretning. 029/15: MOTTAK OG BUSETJING AV FLYKTNINGAR 2015-2019 Rådmannen legg fram 2 alternative framlegg til vedtak.
Alternativ 1: Fusa kommune opprettheld vedtak fatta 15.10.13 om å ta imot 10 flyktningar i 2015 og 10 flyktningar i 2016. Fusa kommune vedtek å busetja 10 flyktningar kvart år i planperioden 2017-2019 og etter dei rammene fylkesmannen skisserar i brev datert 24.08.15. Alternativ 2: Fusa kommune opprettheld vedtak fatta 15.10.13 om å ta imot 10 flyktningar i 2015. Fusa kommune tek imot 20 flyktningar i 2016 og held fram med å ta i mot 10 flyktningar kvart år i planperioden 2017-2019, etter dei rammene fylkesmannen skisserar i brev datert 24.08.15. Etter ei drøfting samla ungdomsrådet seg samrøystes om alternativ 2: Fusa kommune opprettheld vedtak fatta 15.10.13 om å ta imot 10 flyktningar i 2015. Fusa kommune tek imot 20 flyktningar i 2016 og held fram med å ta i mot 10 flyktningar kvart år i planperioden 2017-2019, etter dei rammene fylkesmannen skisserar i brev datert 24.08.15. UNG-029/15 VEDTAK: Fusa kommune opprettheld vedtak fatta 15.10.13 om å ta imot 10 flyktningar i 2015. Fusa kommune tek imot 20 flyktningar i 2016 og held fram med å ta i mot 10 flyktningar kvart år i planperioden 2017-2019, etter dei rammene fylkesmannen skisserar i brev datert 24.08.15. 030/15: Tertialrapport pr. 01.09.2015 Tertialrapport pr. 1.9. vert teken til etterretning. Tertialrapport pr. 1.9. vart samrøystes teken til etterretning. UNG-030/15 VEDTAK: Tertialrapport pr. 1.9. vert teken til etterretning. 031/15: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015
Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Prosjektrapporten vart samrøystes teken til etterretning. UNG-031/15 VEDTAK: Prosjektrapporten vert teken til etterretning. 032/15: REGULERINGSENDRING - KLETTEN REGULERINGSPLAN - 5 NYE FRITIDSTOMTER Fusa kommune legg reguleringsendring for deler av eksisterande reguleringsplan Kletten gbnr. 84/1 og 2, Tuft, med tilhøyrande reguleringsføresegner og skildring med ROS-analyse, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Ungdomsrådet tok saka samrøystes til etterretning. UNG-032/15 VEDTAK: Ungdomsrådet tek saka til etterretning. 033/15: KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2015-27 - EIGENGODKJENNING Fusa kommune vedtek arealplanen 2015-27, med plankart, planomtale, føresegn og retningslinjer datert 16.09.2015. Vedtaket har heimel i plan og bygningslova 11-15.
Fusa kommune vidarefører akvakultur uendra frå KPA 2006-16. Akvakultur som tema skal rullerast som eigen delplan eller i interkommunalt samarbeid, med oppstart innan utgangen av 2016. Ungdomsrådet tok saka samrøystes til etterretning. UNG-033/15 VEDTAK: Ungdomsrådet tek saka til etterretning.