1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar



Like dokumenter
1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEDRIFTA I NAMDALSEID KOMMUNE

4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet

Vedtekter for Værøy kommunale barnehage

HVALER KOMMUNE Seksjon opplæring og kultur VEDTEKTER FOR HVALER KOMMUNES BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Vedtekter for de kommunale barnehagene i Overhalla

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehager Fastsatt av Bystyret

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR BIRKENES KOMMUNES BARNEHAGER

Vedtekter. for Babyhagen familiebarnehage

Vedtektene er en del av det juridiske grunnlaget for barnehagens virksomhet.

Vedtekt for kommunal barnehage

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR GLENDRANGE BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I VEGA KOMMUNE

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Vedtekter kommunale barnehager

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I BIRKENES

Trøgstad kommune VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I TRØGSTAD

Vedtekt for kommunal barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I SAUDA

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER F O R K O MM U N A L E B A R N E H A G E R I BAMBLE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter for Værøy kommunale barnehage

bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BETEL BARNEHAGE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGER. gjeldende fra 1. august 2010

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Vedtekter for barnehagene i Orkland

1. EIERFORHOLD 2. FORMÅL OG INNHOLD

FROLAND KOMMUNE. Vedtekter for kommunale barnehager

VEDTEKTER FOR NES KOMMUNALE BARNEHAGER Gjeldende fra

Vedtekter for den kommunale barnehage i Dyrøy

Vedtekter for kommunale barnehager Våler kommune

Vedtekter for kommunale barnehager i Songdalen kommune

Vedtekter for barnehagene i Rennebu

Vedtekter for Hurdal kommunes barnehager Vedtatt av Hurdal kommunestyre den , sist endret av kommunestyret

Transkript:

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei kvar tid fastset for drift av barnehagar. Likeins skal dei drivast i samsvar med kommunale vedtak og planverk for den einskilde barnehage. Barnehagen er politisk underlagt Hovudutval for livsløp. 3. FORMÅL Formål for barnehage. Følgjande formålsparagraf er vedteken i Stortinget desember 2008, og vil tre i kraft når følgjeendringar av ny formålsparagraf er vedtatt av stortinget. Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, neste kjørleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere eit utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide former for diskriminering. Barnehagane skal ha eit nært samarbeid skule og SFO. 4. FORELDRERÅD - SAMARBEIDSUTVAL I samsvar med Lov om barnehagar 4 og forskriftene, skal barnehagane ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd i kvar barnehage. Foreldrerådet består av alle foreldre. Dei vel eit arbeidsutval (FAU) med medlemar frå alle avdelingane. Det er felles samarbeidsutval for kvart oppvekstsenter i Hemsedal. Samarbeidsutvalet skal ha slik samansetning: 1 repr. frå dei føresette i skulen 1 repr. frå dei føresette i barnehagen 1 repr. frå dei føresette i SFO 1 repr. frå det pedagogiske personalet på skulen 1 repr. frå anna personale på skule/sfo 1 repr. frå personalet i barnehagen 1 repr. frå kommunen / Hovudutval for Livsløp Rektor og styrar har møte- og uttalerett og fungerer som sekretærar i SU. I saker som berre vedkjem ein av verksemdene, kan deler av det store SU trå i kraft. Del-SU skal bestå av: Representant og vararepresentant frå foreldra Representant og vararepresentant frå personalet Politisk valt representant.

5. GODKJENNING Barnehagane skal vera godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule, forskrift om sikkerheit på leikeplassar og brannforskrifter. Arealnorma: 4 m2 leike - og opphaldsareal per barn over 3 år 5,5 m2 leike og opphaldsareal per barn under 3 år 6. OPNINGSTID Opningstida er minimum 9 timar per dag. Barnehagane gjev tilbod om plass 2-5 dagar i veka og 12 månader i året. Barnehageåret startar 15. august. Barnehagen blir stengd dei 2 siste vekene i juli (veke 29 og 30) Barnehagane held stengt jule- og nyttårsaftan. Onsdag i påskeveka stenger barnehagane kl. 12.00 Barnehagane samarbeider når det er få påmeldt ungar i romjula og påskeveka. Påmelding av barn som skal vera i barnehagen i romjula og/eller påskeveka må skje seinast 1.desember og 3 veker før palmesøndag. Påmeldinga skal vera bindande. Ved påmelding til jul og påske skal det minimum vera 10 påmelde plassar. 7. SØKNAD OM PLASS Søknaden skal sendast på eige elektronisk skjema som ligg på www.hemsedal.kommune.no/skjema Ved hovudopptaket blir ledige plassar kunngjort i lokalpressa i februar med søknadsfrist 1. mars. Tildeling av plass frå august skjer normalt i april/mai. Elles i året vert barnehageplass tildelt etter venteliste omtrent 1 månad før plassen skal takast i bruk. 8. OPPTAK, OPPTAKSKRINS OG OPPTAKSKRITERIA Opptaket er eit administrativt ansvar lagt til rådmannen. Vedtaksmynde er delegert til styrar. Opptakskrinsen for alle barnehagane er heile Hemsedal kommune. Etter lov om barnehagar har alle barn busett i kommunen rett til barnehageplass frå august det året dei fyller 1 år. Dette gjeld barn som fyller 1 år innan utgangen av august det året det søkes om plass. Dette forutset at det vert søkt om plass ved hovudopptaket 1. mars. Barn som har fått tildelt barnehageplass, har denne fram til skulestart eller til plassen vert sagt opp. Dersom ein treng å prioritere ved tildeling av plassar blir desse kriteria lagt til grunn: 1. Barn med nedsett funksjonsemne og/eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, jmf. Lov om barnehagar 13. 2. Barn med andre spesielle behov. 3. Barn frå heimar med sjukdom, funksjonshemming eller andre vanskar. 4. Minoritetsspråklege barn. 5. Barn med einslege forsørgjarar 6. Barn der ein eller båe av foreldra tek grunnleggjande utdanning. Pkt. 1, 2 og 3 krev dokumentasjon frå PPT, helsestasjon, lege eller annan offentleg instans. Punkt 6 krev dokumentasjon frå foreldra.

Utover dette vert plassar fordelt etter følgjande kriteria: a) Barnets alder b) Barn som søkjer utvida plass c) Barn som har søsken i barnehagen frå før Ved opptak blir det teke omsyn til gruppesamansetjing og aldersfordeling i gruppene. Normalt tilbyr Hemsedal kommune plass i barnehage frå barnet er fylt 1 år. Ved ledig kapasitet ved opptak kan små barn født på hausten bli innvilga permisjon fram til barnet fyller 1 år. For barn over 1 år som ynskjer å starte seinare på hausten må ein betale for plassen fra 1.oktober 9. KLAGE PÅ OPPTAK Tildeling av plass/avslag på søknad om plass i barnehagen er einskildvedtak etter forvaltningslova. Slike vedtak kan klagast på innan 3 veker. Klagen skal sendast til Hemsedal kommune. Dersom klaga ikkje vert teke til følgje, vert den overført til klagenemnda i kommunen. 10. OPPSEIING Barn som har fått barnehageplass, har plassen fram til skulestart (i midten av august). Tildelt plass kan seiast opp med ein månads varsel frå 1. eller 15. i månaden. Oppseiinga skal skrivast på eige elektronisk skjema som er å finne på kommunen sine heimsider. 11. FORELDREBETALING Satsar for betaling av barnehageplass skjer i tråd med forskrifter med maksimalpris gitt av departementet. Kommunestyret fastset pris på matpengar og eventuell reduksjon av maksimalpris. I alle barnehagar er det fast betaling kvar månad. Når barnet må ta 4 veker ferie i løpet av barnehageåret vert det 11 mnd. med foreldrebetaling. Betaling skjer forskotsvis over bank/postgiro innan den 20. i kvar månad. Ved oppstart i barnehagen vert det belasta for 1/2 eller 1/1 månad. Oppstart mellom 1. og 15.inneber full betaling. Oppstart mellom 16. og 31. inneber halv betaling. Ved for sein henting, etter eit munnleg og eit skriftleg varsel, må det betalast gebyr for kvar påbegynte halvtime. Gebyret er kr. 150,- per påbegynte halvtime. Syskenmoderasjon vert gjeve frå og med barn nr. 2 i ein familie. Moderasjonen er i tråd med Forskrift for foreldrebetaling i barnehage og er 30 % for barn to, 50 % for barn tre eller fleire. Barn som har sjukefråvær frå barnehagen meir enn to veker får innvilga betalingsfri for dei dagane som overstig dei to vekene. Legeattest må leggast fram. Barn kan få permisjon med betalingsfri frå barnehagen i heilt særskilte tilhøve. Det er høve til å søke friplass i særskilde tilhøve. Søknaden skal sendast til NAV-kontoret i Hemsedal. Dersom meir enn 2 månader av foreldrebetalinga utestår vert varsel om oppseiing av plassen sendt frå økonomiavdelinga i kommunen. Brukarar som mistar plassen grunna manglande betaling kan tidlegast få attende plass ved neste ordinære opptak.

12. FERIE Barnehagane blir stengd dei to siste vekene i juli (veke 29 og 30). Personalet ordnar ferieavviklinga slik at det til kvar tid er personale til stades for forsvarleg drift. Det er eit krav om at barnet må ta ut 4 veker ferie i løpet av året. 3 av desse vekene må leggjast i perioden 15.juni - 15.august. Foreldra må melde frå om ferien til barna til den einskilde barnehage seinast 1.mai. Dei borna som ikkje melder seg til opphald i barnehage verken i romjula eller påskeveka, kan rekna dette som ei ferieveke. 13. PLANLEGGINGSDAGAR Barnehagane skal i løpet av eit barnehageår ha 5 planleggingsdagar. Barnehagane held stengt desse dagane. Plassering av desse dagane blir lagt inn i årsplanen. 14. POLITIATTEST Alle som vert tilsett i barnehagen, eller arbeider på barnehagens område i opningstid, må levera politiattest jmf. Lov om barnehagar 19. Attesten skal vise om den tilsette er tiltalt, eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. 15. TEIEPLIKT Personalet i barnehagen har teieplikt i alle tilhøve vedkommande barna og deira heimemiljø, jamfør 20 i Lov om barnehagar. 16. OPPLYSNINGSPLIKT Alle som arbeider i barnehage skal vera merksam på forhold som kan føre til tiltak frå sosial og barnevernstenesta. Dei tilsette har plikt til av eiga tiltak og melde frå om slike saker. jmf. Lov om barnehagar 21 og 22. 17. HELSEKONTROLL AV BARN OG PERSONALE Det skal leggjast fram erklæring om barnet si helse når barnet startar i barnehagen. Personalet har plikt til å gjennomgå tuberkulosekontroll etter gjeldande regelverk. Føresette skal melde frå til barnehagen når barnet har fått ein smittsam sjukdom. Ved mistanke om lus skal personalet i barnehagen kontakte helsestasjonen. 18. INTERNKONTROLL Kvar barnehage skal ha eit internkontrollsystem som er godkjent av eigar. Systemet skal omfatte både HMS, miljøretta helsevern for skule og barnehage og sikkerheit på leikeplassar. 19. FRAMMØTE /FRÅVÆR Barna skal fyljast til barnehagen og det skal gjevast beskjed om at dei er kome og henta. Ved avvik frå normalt frammøte, skal det gjevast beskjed til barnehagen. Dersom andre enn den som har den daglege omsorga skal hente, skal dette vera avklart med barnehagen på førehand. 20. ENDRING AV VEDTEKTENE Vedtektene for dei kommunale barnehagane kan berre endrast etter vedtak i Hemsedal kommunestyre etter framlegg frå Hovudutval for livsløp