Tingnes kirke el møtt til Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke I Gudstenesta kjem vi saman for å søkja Gud. Gud tener oss, og vi blir rusta til teneste for kvarandre. Gud vil ha fellesskap med oss. Jesus stadfester dette, når han seier: «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.» (Matt 18,20). I nesten to tusen år har den kristne gudstenesta vore feira i vårt eige land i meir enn tusen år. Menneske har kome saman for å lytte til Guds ord og for å feire nattverd. No er det vår tur. No er vi «saman for Guds andlet». Ulnes kyrkje Tisleidalen kirke L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen 1
1 FØREBUING Klokkeringing (Klokkene ringer i fem minutt. Vi fell til ro og gir kvarandre høve til å sitja i stille, i ettertanke og bøn) Informasjon om dagens gudsteneste Kort stille (Innleiast med «Lat oss vere stille for Gud») Tre klokkeslag 2 PROSESJON OG INNGANGSSALME 3 INNGANGSORD 4 SAMLINGSBØN 5 BØNEROP Kyrie 2
6 LOVSONG Gloria : DÅP (Når det ikkje er dåp, held gudstenesta fram på side fire, under overskrifta «II ORDET») Dåpssalme Forsakinga og trua Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. Dåpshandlinga Dåpssalme held fram 3
7 FØRSTE LESINGA (Kyrkjelyden sit) 8 SALME 9 ANDRE LESINGA (Kyrkjelyden sit) (Desse ledda fell bort når det er dåp i gudstenesta) 10 EVANGELIUM Evangelieprosesjon med hallelujaomkved Evangelielesing Hallelujaomkved (Sjå melodi over) 11 PREIKE 12 TRUVEKJENNINGA (Dette leddet fell bort når det er dåp i gudstenesta) Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. 4
13 SALME 14 KUNNGJERINGAR 15 SYNDSVEDKJENNING L: Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving. Gud, ver meg nådig! Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld. Skap i meg eit reint hjarte, og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande. Amen. L: Guds ord seier: Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. (1 Joh 1,9 ) Ml: Gode Gud, takk for at vegen til deg alltid er open i Jesus Kristus. Hjelp oss å tru ordet ditt om tilgjeving. Gud, vi bed. 16 FORBØN FOR KYRKJA OG VERDA MINNING AV DØDE Mellom bøneledda syng alle: 17 SALME (Under denne salmen kan ein gje ei gåve til offerformålet for dagen. Gåva takast opp i benkene.) Takkebøn for gåva 5
18 TAKKSEIING OG BØN Helsing (prefasjonsdialog) L: K: L: K: L: K: Innleiande lovprising (prefasjon) L: I sanning verdig og rett er det ( ) og tilbedande syngja: Heilag (Sanctus) Nattverdbøn L: Vi prisar deg, heilage Gud ( ) så vi i tru kan ta imot Jesus Kristus i brødet og vinen. Innstiftingsorda (Verba) L: Vår Herre Jesus Kristus ( ) så gjer det til minne om meg. 6
Herrens bøn - alle syng: 19 NATTVERDSMÅLTIDET Fredshelsing (Pax) L: Guds fred vere med dykk K: Guds fred vere med deg Du Guds lam (Agnus Dei) 7
Utdeling 20 AVSLUTNING AV MÅLTIDET Takkebøn L: Himmelske Far ( ) for Jesu Kristi skuld. Amen 21 SALME 22 VELSIGNINGA L: Lat oss prisa Herren! L: Herren velsigne deg og vare deg, Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred! K: Tre gonger tre bøneslag 23 POSTLUDIUM 24 UTSENDING L: Gå i fred. Ten Herren med glede! (Utgangsprosesjon) 8