ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: 03.09.2015 Møtet starta 12:00 Møtet slutta 12:45 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Gunnar Knutsen Medlem V Hans Olav Myklebust Medlem FRP Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Wenche Volle, frå kl. 12:13 Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Monika Barstad Rebbestad Medlem H Ola Perry Saure Medlem SP Hanne Stokke Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Inger Sandvik Sundnes Monika Barstad Rebbestad H Karen Høydal Hanne Stokke AP Tove Halse Digernes Ola Perry Saure SP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Gunnar Wangen Avd.leiar plan og miljø, PS 107/15 og 108/15 Tove Halse Digernes og Karen Høydal vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 105/15 PS 106/1 Godkjenning av innkalling og sakliste Endring av rusmiddelpolitisk handlingsplan - løyve til sal av alkohol på valdagen 2015/1368 PS 107/15 Skredsikring av Vallabøen - mot snø- og sørpeskred 2015/1218 PS 108/15 E39 Lianeset - Liadal, klage på vedtak om godkjenning av reguleringsplan PS 109/15 Yrkesskuletomta Spørsmål om anke av skjøn saknr. 14-101543 SKJ SOSU: Ørsta kommune Hildegunn Krøvel-Velle m.fl. 2010/211 2014/816 PS 110/15 Dagtilbod demensomsorg ombygging av lokale 2014/2234 PS 111/15 Spørsmål om anke av skjøn, saknr. 14-161122SKJ SOSU: Ørsta kommune Kåre Sverre Flø 2014/1524 PS 105/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaminga (8 r.f.) Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent utan merknad
PS 106/15 Endring av rusmiddelpolitisk handlingsplan - løyve til sal av alkohol på valdagen Handsaminga (8 r.f.) Rådmannen si tilråding fekk 4 mot 5 røyster og fall, då ordføraren røysta mot. Ørsta kommunestyre gjev med dette løyve til sal av alkohol inn til 4,7 vol % i daglegvarebutikkar på den ordinære valdagen. Løyvet vert gjeve som følgje av at forbodet mot butikksal vart oppheva gjennom ei endring av alkohollova, med verknad frå 1.1 2015. Kommunestyret gjer tilsvarande vedtak om å endre punkt 1.5.1 i rusmiddelpolitisk handlingsplan, med følgjande tillegg: Det er løyve til sal av alkohol inn til 4,7 vol % i daglegvarebutikkar på den ordinære valdagen. Salstida vert sett lik den som gjeld kvardagar elles. Vedtaket er heimla i alkohollova 3-7.
Wenche Volle (FrP) tok sete (9 r.f) PS 107/15 Skredsikring av Vallabøen - mot snø- og sørpeskred TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommunestyre ber rådmannen arbeide vidare med prosjektering av sikringsvoll etter alternativet nedskalert tiltak. 2. Ørsta kommunestyre ber rådmannen sende søknad om tilskot til NVE etter gjeldande regleverk. 3. Finansiering for gjennomføring må innarbeidast i økonomiplan og budsjett. 4. Kommunen sitt beredskapsarbeid må til ei kvar tid ta omsyn til den risikoen for skred som er gjeldande for området, på lik line med andre skredutsette område i kommunen. Karen Høydal(AP) ville ha sin gildskap vurdert då ho er busett i området, ho gjekk frå(8 r.f.) Formannskapet kjente Karen Høydal gild (fvl 6 pkt. 2 nest siste avsnitt) Karen Høydal tok sete att(9 r.f.) Gunnar Wangen, avd. leiar plan og miljø orienterte Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding 1. Ørsta kommunestyre ber rådmannen arbeide vidare med prosjektering av sikringsvoll etter alternativet nedskalert tiltak. 2. Ørsta kommunestyre ber rådmannen sende søknad om tilskot til NVE etter gjeldande regleverk. 3. Finansiering for gjennomføring må innarbeidast i økonomiplan og budsjett. 4. Kommunen sitt beredskapsarbeid må til ei kvar tid ta omsyn til den risikoen for skred som er gjeldande for området, på lik line med andre skredutsette område i kommunen.
PS 108/15 E39 Lianeset - Liadal, klage på vedtak om godkjenning av reguleringsplan VEDTAK: Ørsta formannskap, som planutval, syner til klage frå advokat Torgeir H. Langva på vegne av Michael Bonnet datert 09.03.2015 og til førebels klage frå Michael Bonnet datert 28.01.2015. Formannskapet vel å handsame klagen sjølv om klagen var levert etter klagefristen då kommunen ved kontakt med klagar oversåg at klagen var levert for seint. Planutvalet ser ikkje at det har kome til nye moment eller tilhøve gjennom klagen som tilseier at planen bør endrast. Etter ei samla vurdering tek planutvalet ikkje klagen frå Michael Bonnet til følgje. Klagen vert å oversende Fylkesmannen for endeleg klagehandsaming, jf. forvaltingslova 33. Gunnar Wangen, avd.leiar plan og miljø orienterte Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap, som planutval, syner til klage frå advokat Torgeir H. Langva på vegne av Michael Bonnet datert 09.03.2015 og til førebels klage frå Michael Bonnet datert 28.01.2015. Formannskapet vel å handsame klagen sjølv om klagen var levert etter klagefristen då kommunen ved kontakt med klagar oversåg at klagen var levert for seint. Planutvalet ser ikkje at det har kome til nye moment eller tilhøve gjennom klagen som tilseier at planen bør endrast. Etter ei samla vurdering tek planutvalet ikkje klagen frå Michael Bonnet til følgje. Klagen vert å oversende Fylkesmannen for endeleg klagehandsaming, jf. forvaltingslova 33.
PS 109/15 "Yrkesskuletomta"- SPØRSMÅL OM ANKE AV SKJØN, SAK NR 14-101543SKJ-SOSU: ØRSTA KOMMUNE- HILDEGUNN KRØVEL- VELLE m.fl. VEDTAK: Ørsta formannskap viser til tingretten sin erstatningsfastsetjing for innløysing av gnr 15 bnr 387og gnr 15 bnr 387 fnr 1 ( Yrkesskuletomta ), sak nr 14-101543SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for lagmannsretten for så vidt gjeld prisfastsetjing på kr 1050,- pr. m2. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap viser til tingretten sin erstatningsfastsetjing for innløysing av gnr 15 bnr 387og gnr 15 bnr 387 fnr 1 ( Yrkesskuletomta ), sak nr 14-101543SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for lagmannsretten for så vidt gjeld prisfastsetjing på kr 1050,- pr. m2.
PS 110/15 Nye lokalar - Dagsenter for demensomsorg VEDTAK: Kommunestyret vedtek å bygge dagsenter for demensomsorg på Ørstaheimen, i sokkeletasjen på bygg 3. a) Kapitalbehov Samla kostnad er inntil kr. 3.052 000.- med moms. b) Finansieringsplan Samla finansieringsbehov er kr. 3 052 000. Kr 900 000.- i investeringsbudsjettet for 2015 vert omdisponert frå bilar/pda til prosjekt dagsenter demensomsorg. Rådmannen endra si tilråding: Kommunestyret vedtek å bygge dagsenter for demensomsorg på Ørstaheimen, i sokkeletasjen på bygg 3. a) Kapitalbehov Samla kostnad er inntil kr. 3.052 000.- med moms. b) Finansieringsplan Samla finansieringsbehov er kr. 3 052 000. Kr 900 000.- i investeringsbudsjettet for 2015 vert omdisponert frå bilar/pda til prosjekt dagsenter demensomsorg.
Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si endra tilråding 1. Kommunestyret vedtek å bygge dagsenter for demens på Ørstaheimen, i sokkeletasjen på bygg 3 til ein samla kostnad på inntil kr. 3.051 500.- med moms. 2. Kr. 900 000.- i investeringsbudsjettet for 2015 vert omdisponert frå bilar/pda til prosjekt dagsenter demensomsorg. PS 111/15 SPØRSMÅL OM ANKE AS SKJØN, SAK NR 14-161122SKJ- SOSU: Ørsta kommune - Kåre Sverke Flø VEDTAK: Ørsta formannskap viser til tingretten sin erstatningsfastsetjing for innløysing av grunn frå gnr 53 bnr 2 og gnr 53 bnr 182, sak nr 14-161122SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for lagmannsretten for takst nr 1 og takst nr 2. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap viser til tingretten sin erstatningsfastsetjing for innløysing av grunn frå gnr 53 bnr 2 og gnr 53 bnr 182, sak nr 14-161122SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for lagmannsretten for takst nr 1 og takst nr 2.