Rettane til den fornærma og dei etterlatne



Like dokumenter
Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

SKJEMA FOR KRAVSMÅL OM GJENOPNING

Vitne i straffesaker. Trondheim tinghus

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2008/246), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) S T E M M E G I V N I N G :

Sonja Auestad Rådgiver. Rådgivningskontoret for kriminalitetsofre

MINDREÅRIGE FORNÆRMEDE I STRAFFESAKER - BISTANDSADVOKAT. Advokat Birgit Vinnes

BISTANDSADVOKAT. Fagnettverk region nord onsdag 18. mars 2015

Til deg som bur i fosterheim år

Velkommen som lekdommar!

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Juridisk bistand i saker om menneskehandel

BARNEOMBODET. Høyring rapport om «Avhøyr av særleg sårbare personar i straffesaker»

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2014/28), straffesak, anke over dom, (advokat John Christian Elden) R Ø Y S T I N G :

Straffesaker. I Tilståelsesdom. I Meddomsrettssaker. I En dommer dømmer i. r Fagdommeren far med seg to lekdommere. I Spesielle vilkår, den tiltalte

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

INGEN VET HVA SOM FOREGÅR I MITT HUS, BARE JEG KJENNER MIN SMERTE (sitat fra Mazocruzkvinne fra Puno, Peru)

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2009/508), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) R Ø Y S T I N G :

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2017/2148), straffesak, anke over dom, (advokat Arne Gunnar Aas) S T E M M E G I V N I N G :

Besl. O. nr. 87. Jf. Innst. O. nr. 78 ( ) og Ot.prp. nr. 40 ( ) År 2000 den 6. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

Innst. O. nr. 91. ( ) Innstilling til Odelstinget fra justiskomiteen. Ot.prp. nr. 45 ( )

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

RVTS - MIDT. Ressurssenteret om vold, traumatisk stress og selvmords-forebygging- Region Midt. Barns rettigheter etter å ha blitt eksponert for vold

INGEN VET HVA SOM FOREGÅR I MITT HUS, BARE JEG KJENNER MIN SMERTE (sitat fra Mazocruzkvinne fra Puno, Peru)

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Fra Forskrift til Opplæringslova:

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Statleg erstatning til personar utsett for vald og overgrep

OSLO TINGRETT -----DOM Avsagt: Saksnr: MED-OTIR/01. Rettens leder: Meddommere: mot. Tiltalte A Tiltalte B


Statleg erstatning til personar utsett for vald og overgrep

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Forord 1. Les dette først! fet semibold kusiv 2. Domstolene

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2010/952), sivil sak, anke over dom, (advokat Rolf Knudsen til prøve) (advokat Gunnar K.

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2013/975), straffesak, anke over dom, (advokat Pål M. Andreassen) R Ø Y S T I N G :

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2011/260), straffesak, anke over dom, (advokat Øystein Storrvik) R Ø Y S T I N G :

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

RVTS - MIDT. Ressurssenteret om vold, traumatisk stress og selvmords-forebygging- Region Midt

Vold mot demente. Hva kan vi gjøre for å stoppe volden?

NORGES HØYESTERETT. (2) A ble 18. juni 2013 tiltalt etter straffeloven 219 første ledd. Grunnlaget for tiltalebeslutningen var:

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2013/1964), straffesak, anke over dom, (advokat Preben Kløvfjell til prøve) S T E M M E G I V N I N G :

NORGES HØYESTERETT. Den 6. februar 2013 ble det av Høyesteretts ankeutvalg bestående av dommerne Matningsdal, Utgård og Noer i

NOREGS HØGSTERETT. Den 25. januar 2013 vart det av Høgsteretts ankeutvalg med dommarane Utgård, Stabel og Normann i

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2014/1700), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) R Ø Y S T I N G :

Søknad om rettferdsvederlag frå staten etter alminneleg rettferdsvederlagsordning

Oppretting av kapitalkonto for person med verje

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Maktfordelingen i Norge

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Oslo tingrett Når mor og far er i konflikt

Ot.prp. nr. 17 ( )

Søknad om rettferdsvederlag frå staten for romanifolk/taterar.

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2008/570), straffesak, anke over dom, (advokat Harald Stabell) S T E M M E G I V N I N G :

INFORMASJONSBROSJYRE

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2012/1386), straffesak, anke over dom, (advokat John Christian Elden) S T E M M E G I V N I N G :

INGEN VET HVA SOM FOREGÅR I MITT HUS, BARE JEG KJENNER MIN SMERTE (sitat fra Mazocruzkvinne fra Puno, Peru)

Rundskriv Rundskriv nr. 5/2002 frå Oslo, 15. november 2002 Riksadvokaten Ra

NOREGS HØGSTERETT. HR P, (sak nr. 2009/202 og sak nr. 2009/397), straffesaker, ankar over dom, (advokat Steinar Thomassen)

Melding om behov for representant

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

INNHOLD. LOV nr 21: Lov om film og videogram.

Orientering om Rådgivningskontorene i Norge

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2011/863), straffesak, anke over dom, (advokat Gunnar K. Hagen) (bistandsadvokat Harald Stabell)

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

HR U, (sak nr SIV-HRET), sivil sak, anke over dom: (advokat Carl Aasland Jerstad) (advokat Harald Øglænd)

Brukarrettleiing E-post lesar

Besl. O. nr. 42. ( ) Odelstingsbeslutning nr. 42. Jf. Innst. O. nr. 27 ( ) og Ot.prp. nr. 11 ( )

Veiledning for lekdommere

ERIK LEA - K N U T M A G N U S H A A V IK - O D D A R IL D H E L L A N D

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2011/760), straffesak, anke over dom, (advokat Erling O. Lyngtveit) S T E M M E G I V N I N G :

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Informasjon til pasientar og pårørande

NOREGS HØGSTERETT. HR U, (sak nr STR-HRET), straffesak, anke over dom: (advokat Brynjulf Risnes) D O M :

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2011/1262), straffesak, anke over dom, (advokat Arild Dyngeland) S T E M M E G I V N I N G :

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2015/1482), straffesak, anke over dom, (advokat John Christian Elden) S T E M M E G I V N I N G :

Lovvedtak 105. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 445 L ( ), jf. Prop. 147 L ( )

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2008/1996), straffesak, anke over dom, (advokat Gunnar K. Hagen) S T E M M E G I V N I N G :

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2015/758), straffesak, anke over dom, (advokat Øivind Østberg) S T E M M E G I V N I N G :

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Transkript:

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Denne brosjyren gir ei oversikt over dei viktigaste reglane. Dersom du ønskjer å vite meir, sjå kontaktinformasjonen på baksida av brosjyren.

Den som er offer for ei straffbar handling (fornærma), har ei rekkje rettar i samband med behandlinga i rettsapparatet. Når nokon er død som følgje av ei straffbar handling, har dei nærmaste etterlatne ein del av dei rettane som den direkte fornærma elles har. Rett til informasjon frå politiet Når du har vore utsett for ei straffbar handling og kontaktar politiet, skal politiet informere deg om rettane dine som fornærma eller etterlaten. I mange tilfelle skal du få ein kontaktperson i politiet som skal informere deg om utviklinga og framdrifta i saka. Bistandsadvokat og fritt rettsråd Dersom du har vore utsett for eit seksuelt overgrep, gjenteken eller grov mishandling frå dei nærmaste, menneskehandel, kjønnslemlesting, tvangsekteskap eller brot på kontakt- eller besøksforbod, kan du ha rett til kostnadsfri samtale hos ein advokat for å få hjelp til å vurdere om du skal melde det som har skjedd, til politiet. Dersom du melder eit slikt forhold, har du krav på bistandsadvokat. Det kan du òg ha dersom du har vore utsett for anna kriminalitet og har fått større fysisk eller psykisk skade, eller dersom du av andre grunnar har særleg behov for hjelp. Når nokon under 18 år er død som følgje av ei straffbar handling, har dei etterlatne med foreldreansvar krav på bistandsadvokat. Når nokon over 18 år er død, kan dei etterlatne få oppnemnd bistandsadvokat når særlege forhold tilseier at det er behov for det. Bistandsadvokaten skal vareta interessene dine i samband med etterforskinga og ei eventuell rettssak. Advokaten skal òg hjelpe deg med å setje fram krav om erstatning.

Rettar under etterforskinga Du har ikkje plikt til å forklare deg for politiet. Dersom du vil la deg avhøyre, kan du ha med deg ein person du har tiltru til. Som fornærma eller etterlaten har du som hovudregel rett til å gjere deg kjend med dokumenta i saka. I ein del alvorlege saker skal du få vite om gjerningspersonen er varetektsfengsla, og få beskjed ved lauslating. Dersom du er redd for at gjerningspersonen skal krenkje deg igjen, kan vedkommande i nokre tilfelle få forbod mot å oppsøkje deg. Under visse omstende kan du òg få valdsalarm. Nærmare informasjon om det får du av politiet eller bistandsadvokaten. Resultatet av etterforskinga Dersom påtalemakta er overbevist om at den mistenkte er skyldig, og meiner at det kan førast bevis for straffskyld i retten, tek ein ut tiltale, og saka blir send over til retten. Mindre alvorlege saker kan i staden avgjerast med påtaleavkall eller bot. Saka kan òg overførast til konfliktråd dersom både gjerningspersonen og den fornærma samtykkjer. Er ikkje bevisa sterke nok, blir saka lagd bort. Som hovudregel skal du få beskjed dersom saka blir lagd bort, det blir teke ut tiltale, det blir gitt påtaleavkall eller saka blir avgjord ved at gjerningspersonen godtek eit førelegg. Klagerett Dersom saka blir lagd bort, kan du klage til overordna instans (statsadvokaten eller riksadvokaten). Klagen må sendast til den instansen som tok avgjerda (politiet eller statsadvokaten), innan tre veker frå du fekk beskjed om bortlegginga. Du kan òg klage på visse andre avgjerder som påtalemakta tek, til dømes valet av straffeføresegn i tiltalevedtaket eller at saka er avgjord med påtaleavkall. Rettssaka Ein aktor (politijurist eller statsadvokat) fører saka på vegner av påtalemakta. I ein del alvorlege saker kan du be om ein samtale med aktor før hovudforhandlinga startar. For at den tiltalte skal domfellast og få straff, må det vere bevist utanfor all rimeleg tvil at den tiltalte er skyldig. Alle straffesaker begynner i tingretten, som er den lokale domstolen. Du skal normalt kallast inn til rettssaka, og du har rett til å vere til stades under heile saka. Du har òg krav på godtgjersle for oppmøtet. Som fornærma må du i hovudregelen forklare deg i retten sjølv om du tidlegare har forklart deg for politiet. I nokre tilfelle kan du be om at den tiltalte må forlate rettssalen når du forklarer deg, eller om at dørene blir lukka for offentlegheita. Dersom du er i nær slekt med den tiltalte, kan du sleppe å forklare deg.

Mange domstolar tilbyr hjelp og støtte til vitne. Politiet eller bistandsadvokaten kan forklare deg meir om det. Den tiltalte eller påtalemakta kan anke dommen frå tingretten til lagmannsretten. I mindre alvorlege saker kan lagmannsretten la vere å behandle anken. I dei alvorlegaste sakene blir lagmannsretten sett med jury (lagretten). Lagretten består av ti lekdommarar (ikkje-juristar) og skal svare på om den tiltalte har gjort den straffbare handlinga han/ho er tiltalt for. Etter dom Når det har falle dom i straffesaka, er det påtalemakta som avgjer om dommen skal ankast. Du kan likevel gi uttrykk for om du synest påtalemakta bør anke saka eller ikkje. Dersom erstatningskravet ditt er teke med i straffesaka, kan du velje å anke denne delen av dommen sjølv om straffesaka ikkje blir anka. Erstatning Den fornærma og dei etterlatne kan ha krav på erstatning frå gjerningspersonen. Dersom det blir straffesak, kan erstatningskravet normalt behandlast i straffesaka. Har du bistandsadvokat, er det han som fremjar kravet for deg. Viss ikkje er det påtalemakta som gjer det. Det er viktig at du snakkar med politiet om det, mellom anna fordi du må dokumentere kravet som skal setjast fram. Dersom du blir tildømd erstatning i straffesaka, kan Statens innkrevjingssentral hjelpe deg med å drive inn kravet. Du kan ha krav på valdsoffererstatning frå staten. Dersom det blir reist straffesak, kan du berre få valdsoffererstatning viss erstatningskravet mot den tiltalte var fremja i straffesaka. Politiet, bistandsadvokaten eller Kontoret for valdsoffererstatning kan gi deg meir informasjon om vilkåra for å få slik erstatning. Dersom gjerningspersonen blir dømd til fengselsstraff, kan du ha krav på å få beskjed når han/ho skal ha permisjon eller slepp ut frå fengselet.

Viktige adresser: Støttetelefonen for kriminalitetsoffer Telefon: 800 40 008 www.kriminalitetsofre.no Kontoret for valdsoffererstatning Telefon: 789 89 500 www.voldsoffererstatning.no Politiet www.politi.no Informasjon om domstolane og gangen i ei rettssak, aktørane, beviskrav o.a. www.domstol.no Justisdepartementet www.regjeringa.no POD publikasjon 2009/05 N ISBN 978-82-92524-91-6 opplag 500 foto: istock photo Grafisk produksjon: RM grafika Trykk: AllKopi Brosjyren er utarbeidd av Riksadvokatembetet og Politidirektoratet.