SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018 Tlf. Vågen SFO: 907 84 059 Vågen skule: 53 65 57 70 1
LITT OM SFO VED VÅGEN SKULE: Skuleåret 2017/2018 er det 27 barn som nyttar seg av ordninga på skulen vår. Du som nå har plass på SFO, har fått fast plass heilt til du går ut av fjerde klasse. Ynskjer du å gjere endringar, eller sei opp plassen, er oppseiingstida 3mnd. Ynskjer ein å gjera endringer før nytt skuleår så skal detta gjerast på Vindafjord kommune si nettside. Me som jobbar i SFO ynskjer at de foreldre skal ha eit trygt og godt tilbod for borna dykkar. Me ynskjer vera ein aktiv SFO der barna skal få rikelige moglegheiter for leik med andre barn i trygge omgivnader, og ha vaksne rundt seg som både ser og viser omsorg for kvar enkelt barn. Vågen skule er ein Zero skule som betyr at me har null toleranse for mobbing. Dette med å ha gode haldningar, vera ein god ven og at me skal vera inkluderande i leiken er noko som me heila tida har fokus på. I lag med borna har me difor laga eigne reglar som gjeld for SFO, borna har i år laga ein figur av perler som heng rundt dei reglane som me i lag syntes var viktige. Viktig at borna er med på denne prosessen slik at dei får eit eigar forhold til reglane. I SFO legg me vekt på eit godt samarbeid med foreldra. For at kontakten skal vera best mogeleg, likar me at de tar kontakt med oss. Bruk meldingsboka om det er dagar barnet ikkje skal vere på SFO. Me sender ingen barn heim utan at me har fått melding. Gi oss og ei melding om barnet skal bli henta av andre. Skulen har sin eigen mobiltelefon! Tlf.nr: 90784059 Send meld. eller ring om barnet ikkje kommer på SFO/Skulen. Me svarer med ok når me har registrert meldinga. Ynskjer de ein samtale ang.barnet dykkar, kan me avtale dette. 2
PERSONALET VED SFO 2017/2018. Rektor Astrid Førsund har det overordna ansvaret for SFO. Torunn H. Susort, er koordinator og dagleg leiar for SFO. I tillegg møter barna, Elin K. Samland, Inger Hatlevik Berge, Ingunn Lærdal og Angelica Berge (Lærling) FORELDREKONTAKT 2017/2018: På foreldremøtet 20.09.17 vart Axel Carnerø vald som foreldrekontakt. SFO kontakt har ikkje fast plass i FAU. Men ein vil bli innkalt på saker som angår SFO. OPNINGSTIDA ER TIL VANLEG: Morgon SFO er open frå 07.00-08.30 kvar dag. Ettermiddagen: Måndag: 14.05-16.30 Tysdag : 14.05-16.30 Onsdag: 12.10-16.30 Torsdag: 14.05-16.30 Fredag: 11.25-16.30 AKTIVITETAR I SFO: Som nemnt tidlegare ynskjer me å vera ein aktiv SFO med godt innhald. Dette gjer me ved å planleggje og tilretteleggje for ulike aktivitetar som skal vera varierte, givande men og mest mogleg sjølvgåande.. aktivitetane legg me i dei daglige leikegruppene våre. 3
Barna vel sjølv kva for ei leikegruppe dei ynskjer vera i, men er det fullt på ei gruppe må dei ta eit anna val. Barna må vera i leikegruppa i minst 20 min. før dei kan gå over ei anna aktivitet. Eksempler på aktiviteter: Uteleik, gymsal, Teikning/maling, perling av ulike slag. Spel, puzzlespel, formingsaktivitetar der me lager ulike produkt, ulike konstruksjonsleiker, lego, playmo..osv... me har eit godt utval med leiker å tilby. Til jul og påske vil me som før legga til rette for litt jule og påske verkstad. Me kan og bruka eit ekstra klasserom for dei som ynskjer rolege aktivitetar, og eit grupperom som me har dukkekroken vår i. I år vil me og prøva å ha spikking på ei gruppa og stillelesing mange barn likar godt å både sjå og lesa i bøker og Spikking trur me og vil fenga mange. Me vurderer og om me skal begynna syngja litt i lag. Gymsalen er disponibel kvar dag på ettermiddagen. Me brukar den etter ynskje og behov. I år har me fyrst og fremst tenkt onsdagen som fast dag. På skulen har me og eit flott uteområde som me nyttar. Både barn og vaksne nyttar refleksvest ute. Dette gir oss betre oversikt over kven av barna som er våre (Ofte andre barn som leikar ute). Og dei vaksne blir meir synlege for barna. DAGSRYTME: 07.00 08.30: Frukost for dei som ynskjer det. Elles roleg leik. Mandag Tirsdag og Torsdag: SFO starter kl 14.05 Dagen starter med opprop, litt frileik og deretter mat. (ca.14.30) Etter mat blir borna fordelt i ulike leikegrupper. 4
Onsdager: SFO starter kl 12.10 Dagen starter med opprop. Etter opprop så blir det gymsal/ut. Onsdagen er det mat kl. 13.30 Etter mat er det ulike leikegrupper for deretter frileik fram til henting. Fredager: SFO starter kl 11.25 med opprop og frileik inne eller ute fram til kl 12.10. Fra kl 12.10 til kl. 13.10 er alle ute å leiker, pass på at barnet har gode klær for allslags vær på skulen/sfo. Mat kl 13.30 og deretter leikegrupper og frileik fram til SFO slutt. MÅLTID: Kvar ettermiddag blir det laga til eit enkelt måltid mat som blir fakturert med 10.- dagen. Alle har sin faste plass ved bordet som dei skal sitta på. Me øver på dette med å komma raskt til ro og at me sitt fint på benkene, slik at alle får ei fin stund mens me et. Før maten syng me alltid eit bordvers. Under måltidet høyrer vi nokre gonger på lydbok eller øver oss på å prate roleg i lag. Elles pleier me ha lys på bordet og sløkkjer kanskje lyset i taket, då blir det ekstra koseleg.., Måltid pr.i dag: Måndag: Tomatsuppe Tysdag: Smøremat (grovt brød m/ diverse pålegg). Onsdag: Smøremat Torsdag: knekkebrød/gryn Fredag: Graut Me har som mål og laga til sunn og næringsrik mat. Men kan nok Denne matplanen kan det bli forandringar på. 5
Mat tradisjonar: Etter fjellturen m/skulen alltid pizza. Nissafest m/ graut med mandel. Fastelavenboller med krem og kakao Påskemåltid m/rundstykker,egg og div. pålegg. 17.mai fest med gele og pølse i brød. Våren/sommaren griller me av og til ute om fint vær. OPNINGSTIDER: Opningstida for barn med fast plass i SFO følgjer skuleruta. Endeleg opningstid i skuleåret er avhengig av ønskje og behov frå brukarane og vert fastsett etter søknadsfristen er gått ut om våren. I tillegg til fast opningstid etter skuleruta, tilbyr kommunen opningstid i skuleferiar mot særleg betaling fordelt på året. KJØP AV TID: Det kan være høve til å kjøpe ekstra tid både morgon og ettermiddag. Dette kostar kr 40,- uavhengig om ein har fast plass eller ikkje. Ynskjer ein plass i ferien, så må ein søka om det innan søknadsfristen som er 1. mars dersom ikkje anna blir kunngjort. FERIER PÅ SFO: Alle feriar er på Ølen skule. Dei som har ferieplass møter opp på SFO i Ølen. Når du er i Ølen, må du ta med deg matpakke, innesko, byteklede og gode klær til å ha på ute som passar til været. 6
KLEDE OG UTSTYR: Gode uteklede er nødvendige. Likeeins er det nødvendig at borna har ekstra skift liggjande i hylla. Dette i tillegg til skift i skuletida. I leiken kan ein fort bli skiten eller våt, då er det godt å ha reine og tørre klede å skifta med. Og så er det dette med kven som eig kva det er til stor hjelp om klede og støvlar er merka med namn. Husk! Innesko på SFO!! Borna er ein del i gongane og der er det skite og vått!! Er og flott om barnet kan ha gymsko liggande på skulen! LEVERING: Om morgonen kommer barnet inn sjølv, eller bli følgt av ein vaksen. Me har ikkje anledning til å gå ut å sjå etter barn som skulle vært her. HENTING: Når borna vert henta i SFO, ber me om at den som hentar barnet har kontakt med ein av oss vaksne i SFO før dei tar barnet med seg. Me ynskjer og at når ein kjem og hentar så tar ein barnet med seg heim med ein gang. Kjem du med bil, ber me om at du parkerer på parkeringsplassen fordi køyring bort til døra kan skape farlege situasjonar. Elles så ynskjer me å ha ei mobilfri sone her på SFO når de hentar barnet, slik at barnet føler seg sett av foreldra når dei blir henta heim etter ein lang dag på skule/sfo. Vær obs! på den tida barnet er innmeldt på SFO. Ved for sein henting, blir det registrert på faktura og du må betale 245,- per. Påbegynt halvtime. 7
Ring oss viss du blir forsein, det er tillatt. Tlf nr. til SFO er 907 84 059. Ved skriftlig avtale med foreldre/foresatte så kan ein avtale at barnet kan vente aleine ved hovudinngangen etter stengetid. Me treng og melding om barnet skal gå heim sjølv. SFO-koordinator har kontortid: Mandag:12.35-13.20 Tirsdag: 12.35-14.05 Torsdag: 10.40-14.05 Tlf 53 65 57 72 (kontor) Mvh Torunn H. Susort SFO-koordinator 8
9