ÅRSPLAN GARNES SFO 2010/2011
Pr. 1/9 10 er det innmeldt 124 born. Årsplan for skuleåret 2010/11 Trinnvis er borna fordelt slik: 1 trinn: 38 born 2 trinn: 35 born 3 trinn: 44 born 4-6 trinn: 7 born Det kan velgast mellom heil og redusert plass på SFO: Heil plass er: Frå kl. 7.30 til kl. 16.30. Redusert plass kan væra: * kl. 7.30 til kl. 14.30 * frå skulestart, altså frå kl. 8.15 til kl. 15.30. * 3 heile dagar i veka, frå kl.7.30 til kl.16.30 eller * anna kvar veke frå kl. 7.30 til kl. 16.30. Morgonplass, berre før skulestart. Kan ikkje nyttast på skulefridagane. Dagplass, skulen kan tildela einskildelevar dagsopphald på SFO, for å hjelpa familien i særskilde høve. Alle som har redusert plass vil få kontrakt på det alternativet som er vald. Dei kan nytta SFO til same tider på skulefridagar. Priser for SFO : Kr. 1755.00 for heil plass Kr. 1340.00 for redusert plass Kr. 705.00 for morgonplass Kr. 220.00 for dagplass. Oppseiingstida er ein månad, frå den 1. i kvar månad. For endring av plasstype gjeld det same. Søknad -endring og oppseiing må skje elektronisk på //bergen.ist-asp.com/bergenpub Skulens samarbeidsutval er styret for SFO, og til SU blir det valt 2 foreldrerepresentantar frå SFO. SFO har 5 planleggingsdagar i året. Dei stengde dagane blir: 2.aug.,23.24,og 31. des.-10.20. april og 3. juni - 11. Siste dag før ferien 11, blir 1. juli. Alle betalar kr.150.00 pr. mnd. i mat/turpengar, kr. 50.00 pr. mnd. i søskenmoderasjon. Det blir sendt rekning på desse pengane anna kvar månad, og ein innbetaling gjeld 3 mnd. på egen giro. Desse pengane skal dekka 1 måltid + drikke kvar dag, 2 måltid på skulefridagane, samt aktivitetar på skulefridagane.
PRAKTISKE TING PÅ SFO. Før skulestart er det leik som er hovudaktiviteten. Vi prøver i denne tida å holde ein roleg leik og aktivitet. Når borna er ferdig på skulen krysses dei inn på ei liste, samt dei set seg inn på ei veggtavle. Borna blir strokne når dei går for dagen. Det er viktig at det alltid blir gjeven beskjed til ein vaksen at barnet går. Skal barnet ha fri, er sjuk, hentas av andre enn vanleg eller skal gå heim sjølv, skal me ha beskjed om dette på SFO. Enten skriftleg eller pr. telefon. Det vil bli heldt eit foreldremøte kvar haust. Litt informasjon blir gitt til nye 1. klassingar i samband med prøvedagen før sumarferien. Er det ynskjeleg med konferansetid for den enkelte er det berre å avtala tid. Borna har same garderobeplass på SFO som på skulen. Alle må ha ekstra tøy liggande på plassen sin. Det er viktig å merke klede og sko. MÅL. Hovudmålet vårt på Garnes SFO er å gje borna ein trygg og god kvardag. Ein stad der dei kan leika og utfolda seg, saman med andre born og vaksne. Me prøver å læra borna å visa omsyn og ta vare på kvarandre. Det er viktig for oss på SFO at de som foreldre gjev oss tilbakemelding dersom det er konfliktar barnet har opplevd i løpet av dagen, som vi vaksne ikkje har registrert. Det blir starta eindel grupper som borna kan delta i, nokre av gruppene treng me føresettes underskrift for eksempel bassenggruppa. Andre grupper melder borna seg på etter kvart. GRUPPENE DETTE ÅRET BLIR: Dyreskulen på 4 H garden for born frå 2.trinn, der borna lærer om eit nytt dyr kvar gong, 6 gongar. Frimerkegruppe for 3. og 4. klasse. Bakegruppe, for alle, me startar med 1. klassen. Leksegruppe, for 2.,3. og 4. klassen Bassenggruppe, for alle, startar med dei eldste. Alle får ein gong i veka i 2 mnd Gym. gruppe i gym.salen på ungdomskulen, 1.trinn tirsdager, 2.trinn onsdager og 3.-4..trinn fredager. Formingsgrupper. Sløydgruppe. Meir mot jul og me legger ting til rette for litt hobbyaktivitet i vekedagar.
LITT OM GRUPPENE. *Bakegruppa. Her blir det tatt påmelding trinnvis, dei får væra med 3 gonger kvar. Bakverket får dei med heim. *Frimerkegruppa. Her er det både teori og praksis rundt det å samle og interessere seg for frimerke. *Bassenggruppa. Her blir det trinnvis, der 4 og 3 trinn begynner. Her blir lagt vekt på leik og vasstilvenning, det er ikkje nødvendig å kunna symja for å delta i gruppa. *Gym. gruppe, vi har gymsalen på ungdomsskulen kvar tysdag og onsdag og fredag frå kl. 14.00 til kl. 16.00, så da er dei borna som vil vera med, fordelt i grupper. *Formingsgruppa. Her får dei lage ting av dei materiala som blir lagt fram. Dette er ei gruppe for alle som har lyst kan være med på.. *Leksegruppa. Alle lekser utan leseleksa kan gjerast her. Men det er foreldras ansvar å kontrollera at leksene er gjort. PLANLAGDE AKTIVITETAR FOR SKULEÅRET. Haustferien. *Me planlegg å ta turar og utflukter. Jul. *Adventskalender. *Nissemarsj *Hobbybord med julegavelaging. Vinterferien. *Felles skidag med andre SFO i Arna. *Dagsturar, opplegg etter været. JUNI. * Invitera nye 1. klassingane med foreldre til bli kjent dag * Sommartur til Sætervika.
* Ulike aktivitetar /turar i siste vekene før sommarferien. På langdagane må borna melde seg på, og ut frå påmeldingane planlegg me bemanning og aktivitetar. Derfor er det viktig å levera påmeldinga til rett tid. Er det berre ein skulefri dag, møter berre barnet opp innan kl. 10.00. Etter den tid er me kanskje gått på tur og det er låst dør. Aktivitetsplan over aktivitetar som skal væra for eksempel vinter og haustferie, blir lagt ut på heimesida til skulen under SFO, ca. ei veke på førehand Adressa er: http:/www.bergensskolen.no/garnes/ Eller de kan henta planen på SFO. På skulefridagar er det 2 måltid, formiddagsmat ca. kl. 9.30 og lunsj kl. 13.00. På vanlege dagar er matøkta frå kl. 13.00, når det er så mange born kan matøkta vare over 1 time. PERSONALET SKULEÅRET 2009/10 BLIR SOM FØLGER: Britt Kari Bjørke Silje Nordås Åse Davidsen Beth Wally Hammersland Elisabeth Hatlem Grethe Haugen Elin Kolbeinsen Ellen Ryland Lise Anette Færevåg Ingunn Seilen Siv Kristin Evensen Benedikte Hauge Anne Karin Eikefet Fagarbeidar Barne og ungdomsarbeidar Barne og ungdomsarbeider Lærling Dagleg leiar TELEFONNUMMER. SFO BASEN:55532021/22/23/24 KONTOR DAGLEG LEIAR: 55532031 frå kl.8.30 - kl.12.30. ANNE KARIN PRIVAT: 55248001/47884268 SENTRAL SKULE: 55532010