VELKOMEN. Skuleåret 2014/15 vil me ha 51 born på SFO fordelt på dei 4 årskulla.

Like dokumenter
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Bjørnehiet SFO - informasjon

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ÅRSPLAN GARNES SFO

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Definisjon og formål. Målsetjing

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Informasjon og kvalitetsplan

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Handlingsplan Lye SFO

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Plan for Liabygda SFO

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Informasjonshefte Tuv barnehage

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN FJELL

Barnehagebruksplan

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

10/60-14/N-211//AMS

Årsplan for

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Informasjon til foreldre

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

HØLE SFO 2019/2020 1

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Revidert Oppvekst og omsorg,

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

ÅRSPLAN GARNES SFO 2010/2011

Transkript:

Velkomen til nytt SFO-år på Manger skule. VELKOMEN Skuleåret 2014/15 vil me ha 51 born på SFO fordelt på dei 4 årskulla. Me har 7 assistentar inkl lærling og SFO-leiaren. Denne bemanninga er utrekna etter gjeldande, kommunale reglar. SFO-leiar Oddbjørg Dalland er langtidssjukemeld, og fungerande SFO-leiar er Monica Larsen. Me har hatt ein hektisk start på SFO denne hausten. 15-16 born fleire enn i fjor har utfordra oss bl.a. med omsyn til plass, innhald og matsituasjonen. Å læra å verta kjende med heile 23 nye ansikt i 1.klasse har også krevd ekstra innsats. Fungerande SFO leiar kom først på plass fredag før skulestart. Me jobbar kontinuerleg med å få ting på plass, og vonar det meste skal gå seg til etter kvart så snart som råd er. SFO på Manger skule skal vera ein læringsstøttande arena som tilbyr aktivitetar for å støtte skulen sitt arbeid både innan fagleg og sosial utvikling. Elevane skal verta sett, høyrde og verta behandla med respekt. Dei skal oppleva at dei vaksne er forutsigbare i reaksjonar og i handheving av reglar. Me vil arbeida for at elevane skal få utløp for kreativiteten sin gjennom eit tilbod av aktivitetar, både frileik og organiserte aktivitetar. Med ynskje om eit godt og gjevande samarbeid mellom SFO og heimane! Inger Morken Ellingsen (rektor) Monica Larsen (fungerande SFO-leiar)

Radøy kommunestyre vedtok 20. mai 2010 «Vedtekter for SFO frå 01.08.2010». Under 5 står det følgjande: Kvar einskild skule skal lage lokale vedtekter for den einskilde SFO. Desse skal innehalda bestemmelsar om: Foreldresamarbeid, samarbeid skule/sfo, lokale mål, satsingsområde, kompetanseheving av personalet, vurdering av tilbodet, bruk av utstyr, inventar og hjelpemiddel, kjøp av «lause» timar for særlege høve, lokal organisering, mat og turpengar, lokale tilhøve mm. Dei lokale vedtektene er regulert av: * Opplæringslova 13-7 * Vedtekter for skulefritidsordninga i Radøy kommune * Kunnskapsløftet Vedtekene skal vera: * eit styringsreiskap for rektor og SFO-leiar * eit grunnlag for informasjon til føresette * eit grunnlag for satsingsområde og vurdering av kvalitet i SFO 1. Formål: Skulefritidsordninga er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod før og etter skuletid for alle elevar på 1.-4. trinn og for elevar med særlege behov på 1.-7. trinn. Tilbodet skal tilretteleggjast og integrerast som ein del av skulen si verksemd. Organisering og innhald i SFO skal ta utgangspunkt i borna sitt behov for omsorg, leik, barnekultur og sosial læring. Plattform: «Saman i leik og læring» I tillegg til skulen si plattform ynskjer vi at: SFO skal vera prega av glede, kreativitet, fellesskap og mangfald. SFO skal: - vere ein trygg stad for alle born i ordninga - gje borna høve til allsidig leik og varierte aktivitetsformer og vektleggja borna sin trong til leik og frie aktivitetar - stimulera til sosialt samspel samstundes som det skal vere høve til å vera åleine - betre borna sitt oppvekstmiljø og styrkje det sosiale nettverket

- vere eit positivt tillegg til og ein integrert del av skulekvardagen slik at ein får til ein heilskap i skuledagen for dei minste elevane SFO er ein del av skulen si verksemd. Borna skal få oppleve samanhang og heilskap i kvardagen. Skulen og SFO skal møta borna med det same verdi- og menneskesyn, men og med det same læringssynet. Dette vil gje heilheit og samanhang for borna, og det sikrar at personalet finn meining i sitt samarbeid og sine felles utfordringar i skulen. Dei tilsette i SFO har til vanleg også arbeidet sitt innanfor skuledagen. SFO-tida skal gje høve til medverknad frå born og foreldre. 2. Innhald: Opplæringslova 13-7, 2. ledd skildrar kva som skal vektleggjast av innhald i skulefritidsordninga. Det skal leggjast til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa alder, funksjonsnivå og interesser. SFO skal gje omsorg og tilsyn. 3 Opningstider SFO er open frå 07.30-16.30 og følgjer skuleruta. For dei som melder barnet på den 11. mnd, er SFO open frå 1. august til og med 30. juni med unnatak av skulen sine 5 planleggingsdagar, helligdagar, mellom jul og nyttår og i påskeveka. 4 Plass og betaling SFO tilbyr 3 plassar: inntil 10 t/v kr 1567,- inntil 15 t/v kr 2010,- over 15 t/v kr 2405,- Det er høve til kjøp av einskildtimar i særlege høve. Dette kostar kr 50,- pr time. 5 Oppseiing og endring av plass Påmelding vert å sende til skulen a.) Alle som søkjer skal ha plass b.) Tildeling av plass gjeld for eitt skuleår c.) Det er tre 3 månaders oppseiingstid d.) Ved særlege grunnar kan det søkjast fritak for betaling. Rektor tek avgjerd. e.) Dersom det av spesielle grunnar skulle vere trong for å slutte i SFO, eller redusere timetalet, må skriftleg søknad sendast skulen. Rektor tek avgjerd i samråd med SFO-leiar. f.) Rektor kan i samråd med SFO-leiar innvilge utvida timetal for eit barn g.) Foreldra skal ha melding frå skulen om plass innan 31. mai. Foreldra skal orienterast om retningslinjer og vedtekter for SFO. Orienteringa skal også omfatte betalingssatsar.

6 Lokale SFO har hovudbasen på Gamleskulen i sambruk med 1.klasse. I tillegg kan SFO disponera gymsalen, skulekjøkkenet, tekstilrommet, sløydsalen, datarommet og musikkrommet/biblioteket. SFO og skulen disponerer også det same uteområdet samt dei same uteleikane. 7 Tilstades, heimsending og henting Ved start på SFO dagen (ettermiddagen) vert det registrert at alle borna som skal vere der har kome. Det er svært viktig med faste avtalar. De har motteke eit avtaleskjema som skal returnerast SFO med opplysningar om kven som kan henta barnet dykkar, om han/ho skal går heim sjølv eller saman med andre elevar. Det må gjevast beskjed til ein vaksen når barnet vert henta. Elevar som skal gå heim sjølve, vert ropt opp på klokkeslettet kvar heile eller halve time, og elevane vert kryssa ut i skjemaet. Den tida elevane er på SFO, er ei hektisk tid for personalet. Vi ynskjer difor ikkje at de ringjer inn beskjedar om gåtider og liknande i dette tidsrommet, med mindre det skulle dukke opp noko heilt spesielt. Dersom det er endringar i den daglege rutinen, ber me om at skriv dette skriftleg i meldingsboka til kontaktlærarar som vidareformidlar infoen, eller om morgonen for dei som evt leverer barnet på SFO. Avtalar om å vera med andre heim, må gjerast dagen i førevegen. Elevane får ikkje lov til å avtala seg i mellom og ringja heim for å spørja same dag. For sein henting Ved for sein henting må foreldre signere på «Skjema for registrering for sein henting». Dette vert å rekna som advarsel på misleghald av opningstider og fører til ekstra betaling. I tillegg vert det å rekna som grunnlag for oppseiing av plass ved gjentatte gongar med brot på opningstidene. Uforutsatte hendingar kan førekomme. Prøv då å få gjev melding til SFO. 8 Personalet/bemanning Rektor har det overordna faglege og administrative ansvaret for SFO. SFO leiar har ansvaret for den daglege drifta og har handlefridom som samsvarer med dei rammer og føringar som gjeld for planlegging og gjennomføring. SFO leiar har 20% /7,5 time/pr veke til dette arbeidet). Rektor og SFO-leiar har jamnlege møter. Assistentar vert tilsette ut frå tal born og behov. Bemanninga følgjer den kommunale standarden med i snitt 12 born pr vaksen. Born med særskilde behov har ekstra bemanning. Rektor er ansvarleg for at bemanninga er forsvarleg slik at tilsynet og tryggleiken til borna er ivareteken.

Desse arbeider på SFO på Manger skule: Oddbjørg Dalland - SFOleiar Monica Larsen - Assistent Hilde Osa - Barne- og ungdomsarbeidar Målfrid Marøy - Assistent Britt Silvia Marøy - Vernepleiar Reidun Sundsøy - Assistent Lærling Lena Floen Grindheim (til 15. okt 2014) og Marte Myksvoll (frå 15. okt 2014) Kvar onsdag har me 2 jenter utplasserte frå 9.kl Radøy Ungdomsskulen; Aurora Skjelvik og Mariell Sanden. Dei har valfaget «Innsats for andre». Dei skal vera her halve skuleåret, deretter kjem 2 andre. Tirsdagar frå og med etter haustferien skal Tiril Thomassen vera i praksis hjå oss; utplassert frå Knarvik Vidaregåande Helse og Omsorg. 9 Allergiar, sjukdom og medisinering SFO har eige utfyllingsskjema som skal leverast på SFO. Ved fast medisinering skal eit eige skjema utfyllast. Når born er sjuke, skal dei ikkje vera på SFO. 10 Foreldregruppa FAU skal velja ein foreldrerepresentant med vara som skal representera SFO-foreldra i SFO-saker i skulen sitt Skulemiljøutval. SFO-leiar er også medlem av skulen sitt Skulemiljøutval. 11 Kommunikasjon Informasjon frå SFO: Vekeplan for innhaldet på SFO vert lagt ut på heimesida til Manger skule kvar helg. Det vil også hengja ei papirutgåve på oppslagstavla på SFO. Målet i haust er å koma i gong med å leggja ut litt meir info på heimesida med tekst og bilete t.d. frå ulike aktivitetar på SFO. Vonaleg kjem det også månadsplanar etter kvart! SFO vedtekene finn de også på heimesida. Det er viktig for oss å ha god kontakt med heimane. Ta kontakt med SFO-leiar eller rektor dersom du har ting du ynskjer å ta opp.

DIVERSE PRAKTISK INFO Medbrakte leikar Det er ikkje tillate å ha med leikar frå heimen Fødselsdagsfeiring: Elevane har rutinar for fødselsdagsfeiring i klassen sin. SFO har difor ingen markering ved slike dagar. Gladmeldingar På SFO fører me «gladmeldingsbok». Gladmelding får ein om ein er hjelpsam, seier noko fint til andre eller tek med seg i leiken ein som kanskje er åleine. Etter 10 gladmeldingar får dei gladmelding med heim Mat på SFO Det er høve til å eta medbrakt frukost og drikke for dei som kjem tidleg om morgonen. Ca kl 14.30 er det fellesmåltid. Menyen varierer frå veke til veke. Vekeoversikt heng på oppslagstavla i den vesle gangen på Gamleskulen. Mat vert kjøpt inn i høve foreldreinnbetalinga som er som følgjer: 90,-/mnd for 3 dagar, 110,-/månad for 4 dagar og 130,-/månad for 5 dagar. Det er dei lokale vedtektene som seier noko om matpengane, og desse kan endrast. Aktivitetar i SFO Gjennom komande skuleår ynskjer me å få til å byggja opp aktivitetar kring følgjande målområde: * Natur, teknikk og miljø * Fysisk aktivitet og leik * Kunst, kultur og aktivitet * Mat og helse Målet vårt på sikt er å laga halvårsplanar med oversikt over læringsstøttande aktivitetar og temaer i samarbeid med skulen for å sikra heilskap i tilbodet. Elevane skal få velja sjølve kva aktivitet dei ynskjer å delta på. AV OSS KAN DU FORVENTA AT: - barnet ditt skal bli sett og høyrt - barnet ditt skal få trøyst og omsorg - me tek kontakt med deg dersom me har bekymringar - me tek kontakt med deg dersom barnet ditt skadar seg - våre tilsette møter deg med eit blikk og eit smil når du er innom, sjølv om me ikkje alltid har tid til ein prat - alle tilsette viser deg respekt og godtek løysingane dine knytta til oppsedinga av barnet ditt - me informerar om kva som skjer på SFO (via vekeplanar, nyhendebrev, oppdatert nettside, oppslagstavler og ranselpost)