Innkalling Formannskapet



Like dokumenter
Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Vedtekter for kommunale barnehagar

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Barnehagebruksplan

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Transkript:

AUSTRHEIM KOMMUNE Innkalling Formannskapet Møtedato: 30.04.2014 Møtested: Kaland barnehage Møtetid: 09:00 Forfall skal meldast til Servicekontoret t. 56162000/post@austrheim.kommune.no Varamedlem møter berre etter nærare innkalling Saksliste Saksnr Tittel 079/14 Godkjenning av innkalling og saksliste 080/14 Godkjenning av møteprotokoll 081/14 Meldingar 082/14 Delegerte saker 083/14 Orienteringssak 084/14 Plan for interkommunal samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland, 2014-2017 085/14 Endring i bemanningskabal for barnehagane 086/14 Endring av vedtektene for barnehagane i Austrheim 2014 087/14 Budsjettoppfølging mars 2014 Austrheim, 23.04.2014 Per Lerøy ordførar 32T rådmann

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 079/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Emma Hjelmtveit 14/714 Godkjenning av innkalling og saksliste Framlegg til vedtak: Innkalling og sakliste vert godkjent Saksopplysninger: Innkalling og sakliste vert godkjent

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 080/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Jan Olav Osen 14/714 Godkjenning av møteprotokoll Vedlegg: Protokoll - Formannskapet - 09.04.2014 Framlegg til vedtak: Møteprotokoll frå forrige møte vert godkjent Saksopplysninger:

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 081/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Emma Hjelmtveit 14/714 Meldingar Framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til orientering Saksopplysninger:

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 082/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Emma Hjelmtveit 14/714 Delegerte saker Underliggende saker: Saksnummer Tittel 064/14 Byggesak - gbnr 156/62 - Austrheim - tilbygg - løyve Framlegg til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering Saksopplysninger:

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 083/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Emma Hjelmtveit 14/714 Orienteringssak Framlegg til vedtak: Saksopplysninger:

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 084/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Kommunestyret PS Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Jan Olav Osen FA - G00 14/705 Plan for interkommunal samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland, 2014-2017 Vedlegg: Plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i region Nordhordland 2014-2017 Framlegg til vedtak: Austrheim kommune sluttar seg til innhald og føringar i «Plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland», og forpliktar seg til å ta del i felles dialog og prosess om dei tema som planen omhandlar. Austrheim kommune sluttar seg til at Nordhordland Utviklingsselskap IKS får i oppdrag å koordinera og organisera oppfølging av innsatsområda i planen. Austrheim kommune sluttar seg til at det vert utarbeidd handlingsplan for konkretisering av innsatsområda, og at rådmannsutvalet får mandat til å godkjenna tiltak i handlingsplan. Austrheim kommune legg til grunn at konkrete tiltak som forpliktar må forankrast i kommunen, og kommunen kan reservera seg mot å gå inn i konkret samarbeid sjølv om ein har slutta seg til planen. Saksopplysninger: Bakgrunn Med bakgrunn i vedtak i kommunestyra november 2011 er det utarbeidd «Plan for interkommunalt

samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland». Planen har som mål å bidra til ei felles forståing for framtidige utfordringar og leggja til rette for interkommunalt samarbeid om oppgåveløysinga der dette er tenleg for kommunane og innbyggjarane. Gjennom planen vil me styrka det gode fundamentet kommunane i Nordhordland har etablert når det gjeld samarbeid på tvers av kommunegrenser. Nytt lovverk med sentrale føringar, samt kartlegging og vurdering av utfordringsbilete og utviklingstrekk i Region Nordhordland har danna grunnlag for å peika ut fire innsatsområde som det må rettast særleg fokus på dei kommande åra. Planen gir ei kort framstilling av innsatsområda som er definert, med mulige samarbeidstiltak som er tilrådd for interkommunalt samarbeid. Tiltak vert konkretisert i eigen handlingsplan. Forankring Gjennom kommunestyret si tilslutting til planen forpliktar den enkelte kommune seg til å ta del i felles dialog og prosess om dei tema som planen omhandlar. Når det kjem til konkrete tiltak må likevel desse forankrast i den enkelte kommune. Dette inneber at kvar kommune kan reservera seg mot å gå inn i konkret samarbeid på eit seinare tidspunkt sjølv om ein har slutta seg til planen. Viktige vedtakspunkt i arbeidet: Våren 2011 - Regionrådet fatta vedtak om å starta arbeidet med ein overordna plan for interkommunalt samarbeid om helse- og omsorgstenester i Nordhordland. Helseutvalet fekk i oppdrag å leia arbeidet. November 2011 - Kommunestyra i alle samarbeidskommunane handsama sak og slutta seg til planarbeidet. Februar 2012 - Helseutvalet handsama utkast til fekk til plan. Planutkast vart forkasta, og vedtok at planen skulle arbeidast vidare med på rådgjevar/kommunalsjef nivå for ny gjennomgang og vurdering. Arbeidsgruppe samansett av kommunalsjefar og rådgjevarar innan helse- og omsorg fekk i oppdrag å konkretisera og komprimera innhaldet i planen. Mars 2014 - Regionrådet sluttar seg til innhald og føringar i framlegg til «Plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland», og at planen vert lagt fram for politisk handsaming i kommunane. Revidert utgåve av «Plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Region Nordhordland» er drøfta i Rådmannsutvalet og godkjent av Helseutvalet. Planen har vore i kommunane på administrativ og fagleg høyring, og innspel er implementert i planen. Vurderingsgrunnlag Det er utarbeidd eit vurderingsgrunnlag som del av planprosessen. Dette er å sjå som eit vedlegg til planen som gir meir utfyllande opplysningar og vurderingar innan dei ulike innsatsområda. Innanfor området Folkehelse er det gjort eit særskild vurderingsarbeid. Rapport frå dette arbeidet er også å sjå som vedlegg til planen. Vurderingsgrunnlag med rapport om folkehelse er å finna på www.saman.no/nordhordland Handlingsplan Det skal utarbeidast ein handlingsplan som er basert på og delt inn etter dei fire innsatsområda som er omtala i planen. Handlingsplanen skal godkjennast av rådmannsutvalet, og rullering og evaluering skjer årlig i regi av Nordhordland Utviklingsselskap IKS. Dersom handlingsplanen inneheld tiltak av prinsipiell og/eller økonomisk betyding skal det fortløpande vurderast om det er behov for politisk handsamingnn i kommunane før i verksetjing.

Vedlegg til saka: Plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Nordhordland 2014-201

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 078/14 Formannskapet PS 09.04.2014 085/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Kommunestyret PS Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Torleiv Frotjold FA - A10, TI - &00 14/577 Endring i bemanningskabal for barnehagane Vedlegg: Samarbeidsutvalet Austrhein kbh uttale 22.04.14 Samarbeidsutvalet Kaland barnehage uttale Framlegg til vedtak: Austrheim kommune vil frå hausten 2014 auke tida pedagogane i barnehagane er til stades på avdelinga med 1,5 time pr. dag. For å få dette til, må ein justere slik: Utjevne tilgjengelege ressursar mellom barnehagane innafor 2014 budsjettet. Dette inneber å overføre ein stillingsressurs på 60% frå Kaland barnehage til Austrheim kystbarnehage (AKB). Tilføre kr. 42.000 til AKB sitt lønsbudsjett for 2014. Tilføre ein permanent auke på lønsbudsjetta f.o.m. 2015, som tilsvarar fast ordning av dei justeringane som blir gjort i punkta ovanfor. Dette utgjer ei ekstra løyving på 2015 budsjettet for barnehagane i høve til 2014 på kr. 101.000. Formannskapet - 078/14 FS - behandling: Framlegg frå Krf v/ Helge Dyrkolbotn: Saka vert utsett.

Framlegget frå Krf v/ Helge Dyrkolbotn vart samrøystes vedteke FS - vedtak: Saka vert utsett. Saksopplysninger: I marsmøtet med styrarane i barnehagane vart det tatt opp at kommunen har auka kapasiteten i barnehagane, samtidig som opningstida pr. dag har auka. Dette har ikkje medført endring i bemanningskabalen. Styrarane skriv følgjande: «Dagsplan i barnehagane: Måndag - torsdag Kl Tal born/plassar Tal personale Kva skjer 07.15 8-10 1 Berre ei avdeling opnar 07.30 24 2 Tidlegvakter kjem 09.00 24 3 Fagarbeidar som har seinvakt kjem 09.45 24 4 Pedagog som har seinvakt kjem 12.00 24 2 Tidlegvakter går på pause + «vaktskifte» 12.40 24 2 Seinvakter går på pause 13.15 24 4 Pausane er ferdige og personale er tilbake på avdeling 14.15 24 3 Pedleiar på tidlegvakt går heim 15.00 24 2 Fagarbeidar på tidlegvakt går heim 16.30 24 2 Barnehagen stengjer Timar der alle er på jobb: 09.45 12.00 = 2, 25 t + 13.15 14.15 = 1 t - Totalt: 3,25 t Fredag Kl Tal born/plassar Tal personale Kva skjer 07.15 8 1 Berre ei avdeling opnar 07.30 24 2 Tidlegvakter kjem

09.00 24 3 Fagarbeidar som har seinvakt kjem 10.00 24 4 Pedagog som har seinvakt kjem 12.00 24 2 Tidlegvakter går på pause + «vaktskifte» 12.40 24 2 Seinvakter går på pause 13.15 24 4 Pausane er ferdige og personale er tilbake på avdeling 14.00 24 3 Pedleiar på tidlegvakt går heim 15.00 24 2 Fagarbeidar på tidlegvakt går heim 16.30 24 2 Barnehagen stengjer Timar der alle er på jobb: 10.00 12.00 = 2, 0 t + 13.15 14.00 = 0,75 t - Totalt: 2,75 t Heile personalet på avdeling pr veke: 15,75 timar av totalt 46,25 timar Vi har den same bemanninga i dag som vi hadde då Årås barnehage hadde då han opna i august 1978. Då den første barnehagen i Austrheim opna i 1978 hadde vi 16, og seinare 18 barn pr avdeling. Av desse var det 6 som hadde 6-timarsdag. Opningstida var 08.00 til 16.00, altså 8 timar pr dag. Bemanninga var 3 heile stillingar pr. 18 barn. Det var ikkje tilbod til born under 3 år. Pedagogane hadde 4 timar pr. veke til planleggingsarbeid. Det var ikkje krav om å lage årsplan eller krav til pedagogisk dokumentasjon, og det var ingen born med anna morsmål enn norsk. Det fanst ikkje ein Rammeplan for barnehagen som sette krav eller gav samfunnsmandat. Det var ikkje aktuelt å ta inn fleire born enn det var plassar til og heller ikkje aktuelt å ha fleire enn 12 barn på full tid. I 2014 har vi og 3 heile stillingar pr. 18 barn/plassar. Opningstida er 9,25 timar pr dag. Alle borna har 9-timarstilbod. Vi gjev tilbod til born frå 1 år, og har hatt eit mål om at alle som søkjer skal få plass. Pedagogane har 4 timar pr. veke til planleggingsarbeid. Det er lovfesta krav om å lage årsplan. Vi har fått ein rammeplan som har gjeve oss samfunnsmandat og som seier svært mykje om oppgåvene våre. Det er krav til rapportering og til pedagogisk dokumentasjon, og vi skal ha kunnskap om kvart enkelt barn si utvikling på alle felt. Vi skal og tilby minimum 2 foreldresamtalar pr år til alle foreldre. Og sist, men ikkje minst, vi har fått ganske mange born og foreldre med anna morsmål enn norsk. Skjemaet syner at barnehagen er fullt bemanna vel 3 timar av den totale opningstida pr. dag i snitt. I løpet av ei veke må det og gjennomførast ein del arbeidsoppgåver og møter som reduserer denne tida ytterlegare: Det er møte for pedagogane 1 time pr veke. For å unngå for mykje overtid er det ynskjeleg å gjennomføre ein del foreldresamtalar i arbeidstida Vi har matvarelevering ein gong pr veke. Då går det minimum 1 time for ein av dei tilsette å få alle varene på plass.

Vi serverer 3 måltid pr dag. Det tek ein del tid både med tillaging og opprydding Kaland barnehage går i basseng med borna. Då går ein vaksen med 1-2 barn 1 time pr veke Kystbarnehagen tek borna med i båt, men talet barn pr vaksen er då mindre enn 6. Rydding av garderobar og stellerom + feiing av alle golv tek tida kvar dag Samarbeidsmøter med PPT og ander instansar må og gjennomførast i arbeidstida» Vidare skriv dei: «Vi ynskjer å auke bemanninga i begge barnehagane slik at pedagogane kan ta planleggingstida si samla ein gong pr veke. For å få dette til må/bør vi ha ein person som går inn på avdelinga i denne tida. Dette vil bety at pedagogane jobbar 7,5 timar på avdeling dei dagane dei ikkje har planlegging, og vi vil ha full bemanning større deler av dagen. Dette vil gje auka kvalitet på tilbodet til born og foreldre, og det vil gjere dagen lettare for assistentar og fagarbeidarar, då dei slepp å ha så mange timar åleine på avdeling. På sikt vil ein kunne redusere sjukefråværet og få auka trivsel i arbeidet. Kaland barnehage har dette året klart å organisere tiltaket som ei prøveordning for eit par av pedagogane, og tilbakemeldingane er udelt positive frå alle partar. Då satsinga på kvalitet står svært høgt hjå sentrale styresmakter, vil dette vere eit godt steg i riktig retning. Dette er og eit viktig tiltak for å få folk til å stå lengre i jobb; ein slepp planlegging på helger og kveldar og får ei meir ordna arbeidstid.» Vurdering Vi har til saman 18 pedagogar i barnehagane Austrheim. 6 i Kaland bhg og 12 i AKB. Detter er viktig kompetanse med tanke på tidleg innsats og det å foredle «startpakken» som barna skal ha med seg til skulestart. Det synest fornuftig å gjere nokre grep for å auka den tida pedagogane faktisk er til stades i barnehagen. Noko av tida kan dekkjast inn gjennom eksisterande styrkingstiltak. Det er snakk om følgjande auke: Kaland: 6 pedagogar permanent auke på 40% AKB: 12 pedagogar permanent auke på 80% Dette kan finansierast slik: Hausten 2014: Reduksjon i bemanninga på Kaland vert ikkje gjennomført fullt ut; reduserer med 160% stilling i staden for 200%. Kaland kan finansiere dette innafor dei ressursane dei rår over. I tillegg kan Kaland overføre 60% stilling til AKB. Då gjenstår det å tilføre AKB 20 % stilling. Det vil medføre ein auke i lønsbudsjettet f.o.m. august 2012 på kr. 42.000. For 2015 utgjer auken i høve til dagens budsjett kr. 101.000. Dette vil rette opp noko av den utviklinga vi har hatt i barnehagane i åra 1978 fram til i dag, og gi rom for å handtere dei meiroppgåvene som moderne barnehagedrift krev.

Konklusjon Barnehagane treng å auke bemanninga noko for å kunne utnytte pedagogressursane i samsvar med stillingsstorleikane og føremåla med stillingane. Målet er å auke tida pedagogane er til stades på avdelinga med 1,5 time pr. dag. For å få dette til, må ein justere slik: Utjevne tilgjengelege ressursar mellom barnehagane innafor 2014 budsjettet Tilføre kr. 42.000 til AKB sitt lønsbudsjett for 2014 tilsvarer 20% stilling. Tilføre ein permanent auke på lønsbudsjetta f.o.m. 2015, som tilsvarar fast ordning av dei justeringane som blir gjort i punkta ovanfor. Dette utgjer ei ekstra løyving på 2015 budsjettet for barnehagane i høve til 2014 på kr. 101.000. Dette vil føre til at alle tilsette i Asustrheim kommune sine barnehagar er på jobb mellom kl. 09.00 om morgonen og kl. 15.00. Ei klart betre arbeidsfordeling, mindre stress og lågare sjukefråvær vil vere resultatet av dette. Eit anna viktig resultat av ei slik justering vil vere at kvaliteten på tilbodet som barna får blir betre gjennom betre plassering av pedagogane si arbeidstid. Særleg vil dette gjelde tidlleg innsats m.o.t. å meistre/utvikle språk, og å utvikle gode sosiale ferdigheiter.

Samarbeidsutvalet Austrheim Kystbarnehage Setenesvegen 22 Austrheim formannskap Austrheim, 22.04.14 Uttale saksnr 077/14 Endring av vedtekter for barnehagane i Austrheim 2014. Saka vart drøfta i Su 22.04.14. SU Austrheim kystbarnehage støtter dei endringar som er gjort i nye vedtekter. Det er viktig at vedtektene er endra i forhold til lovendringar og endringar i drift dei siste åra. Uttale saksnr 078/14 Endring bemanningskabal for barnehagane. Saka vart drøfta i Su 22.04.14. Su Austrheim kystbarnehage støttar framlegg til vedtak om auka bemanning slik at pedagogane vil kunne samla planleggingstida. Samstundes vil vere meir personale tilstades store delar av dagen, dette gjev ein betre arbeidssituasjon. Ein bør tilstrebe at det kjem inn fagpersonale i ein slik stilling. Su leiar Hege Bergsvik Sætre

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 077/14 Formannskapet PS 09.04.2014 086/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Torleiv Frotjold FA - A10, TI - &00 14/577 Endring av vedtektene for barnehagane i Austrheim 2014 Vedlegg: Vedtekter pr april 2014 Vedtekter pr. 21. april 2013 Samarbeidsutvalet Austrh. kbh uttale 22.04.14 Samarbeidsutvalet Kaland bh uttale Framlegg til vedtak: Vedtektene er harmoniserte i høve gjeldande lovverk og gjeldande kommunale vedtak. Vidare er det gjort nokre tekstendringar for å gjere vedtektene tydelegare og enklare. Rådmannen gjer framllegg om å vedta vedtektene for barnahagen med dei revisjonane som er vist til her. Dei reviderte vedtektene vert å gjelde straks dei er vedtekne i kommunestyret. Formannskapet - 077/14 FS - behandling: Framlegg frå Krf v/ Helge Dyrkolbotn: Saka vert utsett. Framlegget frå Krf v/ Helge Dyrkolbotn vart samrøystes vedteke.

FS - vedtak: Saka vert utsett. Saksopplysninger: Det er behov for å harmonisere vedtektene med endringar som har kome i lovar og kommunale vedtak: Justere formuleringa om føremål i vedtektene til å vere i samsvar med gjeldande Føremålsparagraf i barnehageloven. Endre vedtektene til å samsvare med kommunestyret sitt vedtak om to barnehageopptak pr. år, jf. Kommunestyresak 144/13 av 04.12.2013 Oppdatere paragraftilvisingar. Forenkle formuleringar. Vurdering Vedlagt er vedtektene i to versjonar: Vedtektene slik dei står i dag, og vedtektene slik dei må bli etter endringane. Det er gjort følgjande endringar: Under «Føremål» - siste avsnitt: Frå: «Barnehagen skal hjelpe til med å gje barna oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar. (jfr. 1 LOB).» Til: «Barnehagen skal hjelpe til med å gje barna oppseding i samsvar med grunnleggende verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. (jf. 1 LOB).» 3. Opningstider/barnehageruter Opningstid er endra frå 07.30 16.30 til 07.15 16.30. 4. Ferieavvikling for barn Setningane «Ferie må meldast / avtalast med styrar i god tid på førehand. Dette for å få ei fornuftig

ferieavvikling for personalet.» Blir erstatta med «Frist for melding om sommarferie er 01. mai.» 5. Areal Første setning «Netto leikeareal inne er minimum 4 m2 pr. barn over 3 år, og om lag 1/3 meir pr. barn under 3 år.» Blir erstatta med «Netto leikeareal inne er minimum 4 m2 pr. barn over 3 år, minimum 5,33 m2 pr. barn under 3 år.»» 7. Opptak Gjeldande paragraf: Austrheim kommune gjennomfører samordna opptak. Hovudopptak vert gjort om våren og søknadsfrist til dette er 1.mars. Opptak av nye søkjarar i barnehageåret vert gjort fortløpande. Det er utarbeidd eit felles søknadsskjema for barnehagane i Austrheim. Ei opptaksnemnda samansett av styrar i barnehagane og to representantar frå Familiekontoret føretek opptaket under leiing av rådmannen. Til ei småbarnsavdeling bør det ikkje takast opp meir enn to barn under 1 år. Kriterier for opptak Barn busette i Austrheim kommune vert prioriterte ved opptaket. Born frå Åsheim krins vert prioriterte til eventuelt ledige plassar. 1. Barn med nedsett funksjonsevne 13 LOB 2. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjeneste 4-12.. 3. Fagleg skjønnsvurdering etter alder, kjønn, søsken, gruppesamansetjing, barn av einsleg forsørgjar, barn til tilsette, barn frå familiar der ein eller begge foreldra er framandspråklege, med unnatak av svensk og dansk. Opptakskriterie gjeld under føresetnad av at tilfredsstillande dokumentasjon ligg ved søknad. Punkta a og b står i prioritert rekkefølgje, dei andre gjer det ikkje. Ny 7 Opptak fjr. kommunestyrevedtak 144/13: Austrheim kommune gjennomfører samordna opptak. Det er to hovudopptak med søknadsfrist: 1. mars for dei som ønskjer plass frå 16. august til 31. desember. 1. september for dei som ønskjer plass frå 01. januar og ut barnehageåret. Det er utarbeidd eit felles elektronisk søknadsskjema for barnehagane i Austrheim. Dette finn ein på kommunen si heimeside. Opptaksnemnda er samansett av styrarane i barnehagane og to representantar frå Familiekontoret, og vert leia av rådmannen v/kommunalsjef for oppvekst. Dersom det er ledige plassar, og det er nok personale, kan ein ta inn born utanom hovudopptaka. Dette gjeld berre for born som har lovfesta rett til barnehageplass.

Kriterier for opptak 8. Klage på opptak. Her er prargraftilvising retta. 9. Opptakssystemet. Teksten «Barn frå andre kommunar får behalde plassen eitt barnehageår om gangen, med unnatak av born som kjem inn under Statoilavtalen.» Vert erstatta med: «Barn frå andre kommunar får behalde plassen eitt barnehageår om gangen (gjeld ikkje Åsheim krins).» 10. Oppseiing/endring av plass Siste setning «Dersom eit barn sluttar etter 1. mai kan det krevjast betaling for resten av barnehageåret.» er tatt bort. 11. Permisjon Denne paragrafen er fjerna. 12. Frammøte ved sjukdom Endra til 11. Frammøte ved sjukdom, og Teksten «Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje bør vere i barnehagen. Dette av omsyn til barnet det gjeld, og barnegruppa. Går det lenger tid enn ei veke, må slik avgjerd takast av lege.» Blir endra til «Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje bør vere i barnehagen. Ein legg til grunn reglar tilrådde av Folkehelseinstituttet og den kommunale helsetenesta.» Konklusjon Med desse endringane har ein harmonisert vedtektene i høve gjeldande lovverk og gjeldande kommunale vedtak. Vidare er det gjort nokre tekstendringar for å gjere vedtektene tydelegare og enklare. Rådmannen gjer framllegg om å vedta vedtektene for barnahagen 2014 med dei revisjonane som er vist til her.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014

Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak 5 8. Klage på opptak 6 9. Opptakssystemet 6 10. Oppseiing/endring av plass 6 11. Frammøte ved sjukdom 6 12. Erklæring om helsetilstand 6 13. Opplysningsplikt 7 14. Born med funksjonshemming 7 15. Personale 7 16. Teieplikt 7 17. Internkontrollsystem 7 18. Utleige 8 19. Vedtektsendringar 8 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak 5 8. Klage på opptak 6 9. Opptakssystemet 6 10. Oppseiing/endring av plass 6 11. Frammøte ved sjukdom 6 12. Erklæring om helsetilstand 6 13. Opplysningsplikt 7 14. Born med funksjonshemming 7 15. Personale 7 Side 2 av 8

16. Teieplikt 7 17. Internkontrollsystem 7 18. Utleige 8 19. Vedtektsendringar 8 Side 3 av 8

1. Føremål 1. Barnehagar som Austrheim kommune eig, skal drivast i samsvar med gjeldande lov og retningsliner fastsett av departementet, kommunale vedtak og plan for den einskilde barnehage 2. Barnehagen skal gje barn under skulealder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og i samarbeid med barna sin heim. Barnehagen skal hjelpe til med å gje barna oppseding i samsvar med grunnleggende verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane - jfr. Lov om barnehage (LOB) 1. 2. Forvaltning a) Kommunen fører det lokale tilsynet med barnehagane (jf. LOB, 8 og 16) b) Kvar barnehage er ei sjølvstendig eining som er direkte underlagt rådmannen. c) Barnehagen skal ha eitt samarbeidsutval og eitt foreldreråd jf. LOB 4. SU er samansett av to foreldre, to av dei tilsette og ein representant vald av kommunestyret. Styrar har møte- og uttalerett, og er sekretær. 3. Opningstider/barnehagerute Barnehagane er heildagsbarnehagar med opningstid frå 07.15 til 16.30. Rådmannen kan utvide desse tidene etter høring i Samarbeidsutvalet. Maksimal opphaldstid for borna skal vere 9 timar pr dag Barna har tilbod om plass i 12 månader, medan det pedagogiske barnehageåret går frå medio august til medio juni. Barnehageåret startar medio august. Barnehagen følgjer barnehageruta, og er stengd for barn på julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske er barnehagen open til kl.12.00. Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året til kurs og kompetanseheving, og 1 dag til klargjering for nytt barnehageår. Desse dagane er barnehagen stengt. Det vert utarbeidd barnehagerute i god tid før starten av barnehageåret. Side 4 av 8

4. Ferieavvikling for barn Barnehagen er open 12 mnd. i året, men barna skal sikrast 4 veker ferie kvart år. Minst tre av ferievekene skal vera samanhengande, og takast ut mellom 15. juni og 15.august. Frist for melding om sommarferie er 1. mai. 5. Areal Netto leikeareal inne er minimum 4 m2 pr. barn over 3 år, og minimum 5,33 m2 pr. barn under 3 år. Utearealet skal vera godt eigna for variert og skapande leik under trygge tilhøve. Arealet skal vera om lag 6 gonger innearealet. 6. Betalingssatsar Kommunestyret fastset foreldrebetalinga. Austrheim kommune føl statlege pålegg om makspris. Foreldra betalar for 11 mnd. i året og betalinga gjeld frå den 01. i kvar månad. Betalingsfri månad går frå 16.07 til 15.08. Manglande betaling kan føre til at barnet misser plassen. Dersom barnet ikkje vert henta innanfor opningstida, fører dette til ein ekstrakostnad. Rådmannen kan etter søknad vurdere tilbakebetaling av foreldrebetaling ved samanhengande sjukdom hjå barnet i meir enn 1 ein månad, eller ved stenging av barnehagen i meir enn 14 dagar utan at kommunen set inn alternativt barnehagetilbod. 7. Opptak Austrheim kommune gjennomfører samordna opptak. Det er to hovudopptak med søknadsfrist: 1. mars for dei som ønskjer plass frå 16. august til 31. desember. 1. september for dei som ønskjer plass frå 01. januar og ut barnehageåret. Det er utarbeidd eit felles elektronisk søknadsskjema for barnehagane i Austrheim. Dette finn ein på kommunen si heimeside. Opptaksnemnda er samansett av styrarane i barnehagane og to representantar frå Familiekontoret, og vert leia av rådmannen v/ kommunalsjef for oppvekst. Dersom det er ledige plassar, og det er nok personale, kan ein ta inn born utanom hovudopptaka. Dette gjeld berre for born som har lovfesta rett til barnehageplass. Side 5 av 8

Kriterie for opptak Prioritet etter LOB 13 Prioritet etter vedtak i Lov om barnevernteneste 4-12 Born busette i Austrheim Born busette i Åsheim krins Søsken 8. Klage på opptak Tildeling av barnehageplass skal skje i samsvar med fastsette opptakskriterie. Når det gjeld retten til å klage over avslag på søknad om barnehageplass viser ein til 6-12 i Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage. Formannskapet er klageinstans. 9. Opptakssystemet Barn som er tildelt plass i kommunal barnehage får behalde plassen fram til barnet tek til på skulen, eller til foreldre / føresette skriftleg seier opp plassen. Barn frå andre kommunar får behalde plassen eitt barnehageår om gangen (gjeld ikkje Åsheim krins). 10. Oppseiing/endring av plass Skal eit barn slutta i barnehagen i løpet av barnehageåret må skriftleg oppseiing av plassen sendast barnehagen minst 3 mnd. før barnet vert teke ut. 11. Frammøte ved sjukdom Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje bør vere i barnehagen. Ein legg til grunn regelar tilrådde av Folkehelseinstituttet og den kommunale helsetenesta. 12. Erklæring om helsetilstand Når eit barn får plass i barnehage skal føresette leggje fram fråsegn om barnet si helse. Ein føreset at barn i barnehage møter til vanleg undersøking ved helsestasjon. Side 6 av 8

13. Opplysningsplikt I tråd med LOB 21 og 22 skal dei tilsette vere merksame på tilhøve som kan føra til tiltak frå sosialtenesta og barneverntenesta si side. Utan hinder av teieplikta skal ein av eige tiltak gje opplysningar til barneverntenesta ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt eller mishandling i heimen. Opplysningar skal normalt gjevast av styrar. Dei tilsette skal gje sosialtenesta bistand i klientsaker. 14. Born med funksjonshemming Når det gjeld barn som er funksjonshemma eller står i fare for å utvikle funksjonshemming, skal styraren i barnehagen i samråd med foreldre syta for at barnet får hjelp ved at dei rette faginstansane ver kontakta. 15. Personale I tråd med LOB skal barnehagane i Austrheim ha minimum 100% pedagogisk og administrativ leiing. Den pedagogiske bemanninga skal utgjere minimum 50% av det øvrige personale. Eigar tilset personale, og det vert utarbeidd arbeidsavtale for alle tilsette. Kommunen kan gje dispensasjon frå utdanningskravet. Slik dispensasjon kan berre gjevast for eit år om gongen. Alle som vert tilsett pliktar å levere politiattest (LOB 19) 16. Teieplikt I tråd med LOB 20 har alle tilsette i barnehagane teieplikt: For virksomheter etter denne lov gjelder reglene om taushetsplikt i forvaltningsloven 13 til 13 f tilsvarende 17. Internkontrollsystem Kvar barnehage skal ha eit internkontrollsystem som dokumenterer at helse, miljø og tryggleik er ivareteken jfr. Austrheim kommune sitt HMT- system. Side 7 av 8

18. Utleige Barnehagen sine lokale kan leigast av foreiningar og lag i lokalmiljøet. Ved utleige må ein særleg ha i tankane verksemd som har verdi for barn og foreldre i lokalmiljøet. Det er styrar eller som leiger ut lokalet. Tvilstilfelle vert avgjort av rådmannen. Utleige må ikkje føra til ulempe for barnehagen si drift. Leigar må stå for vask og lufting etter bruk. Samarbeidsutvalet vedtek retningsliner og pris ved utleige. 19. Vedtektsendringar Endringar i vedtektene skal godkjennast av kommunestyret. Side 8 av 8

Revidert 24.01.2013 Vedtekter for barnehagane i Austrheim

1 Føremål 1. Barnehagar som Austrheim kommune eig, skal drivast i samsvar med gjeldande lov og retningsliner fastsett av departementet, kommunale vedtak og plan for den einskilde barnehage 2. Barnehagen skal gje barn under skulealder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og i samarbeid med barna sin heim. Barnehagen skal hjelpe til med å gje barna oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar. (jf. 1 LOB). 2.Forvaltning a) Kommunen fører det lokale tilsynet med barnehagane (jf. LOB, 8 og 16) b) Kvar barnehage er ei sjølvstendig eining som er direkte underlagt rådmannen. c) Barnehagen skal ha eitt samarbeidsutval og eitt foreldreråd jf. LOB 4. SU er samansett av to foreldre, to av dei tilsette og ein representant vald av kommunestyret. Styrar har møte- og uttalerett, og er sekretær. 3. Opningstider / barnehagerute Barnehagane er heildagsbarnehagar med opningstid frå 07.30 til 16.30. Rådmannen kan utvide desse tidene etter høring i Samarbeidsutvalet. Maksimal opphaldstid for borna skal vere 9 timar pr dag Barna har tilbod om plass i 12 månader, medan det pedagogiske barnehageåret går frå medio august til medio juni. Barnehageåret startar medio august. Barnehagen følgjer barnehageruta, og er stengd for barn på julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske er barnehagen open til kl.12.00. Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året til kurs og kompetanseheving, og 1 dag til klargjering for nytt barnehageår. Desse dagane er barnehagen stengt. Det vert utarbeidd barnehagerute i god tid før starten av barnehageåret. Side 2 av 6

4.Ferieavvikling for barn Barnehagen er open 12 mnd. i året, men barna skal sikrast 4 veker ferie kvart år. Tre av ferievekene skal vera samanhengande, og takast ut mellom 15. juni og 15.august. Ferie må meldast / avtalast med styrar i god tid på førehand. Dette for å få ei fornuftig ferieavvikling for personalet. 5Areal Netto leikeareal inne er minimum 4 m2 pr. barn over 3 år, og om lag 1/3 meir pr. barn under 3 år. Utearealet skal vera godt eigna for variert og skapande leik under trygge tilhøve. Arealet skal vera om lag 6 gonger innearealet. 6.Betalingssatsar Kommunestyret fastset foreldrebetalinga. Austrheim kommune føl statlege pålegg om makspris. Foreldra betalar for 11 mnd. i året og betalinga gjeld frå den 15. i kvar månad. Betalingsfri månad går frå 15.07 til 14.08. Manglande betaling kan føre til at barnet misser plassen. Dersom barnet ikkje vert henta innanfor opningstida, fører dette til ein ekstrakostnad. Rådmannen kan etter søknad vurdere tilbake-betaling av foreldrebetaling ved samanhengande sjukdom hjå barnet i meir enn 1 ein månad, eller ved stenging av barnehagen i meir enn 14 dagar utan at kommunen set inn alternativt barnehagetilbod. 7. Opptak Austrheim kommune gjennomfører samordna opptak. Hovudopptak vert gjort om våren og søknadsfrist til dette er 1.mars. Opptak av nye søkjarar i barnehageåret vert gjort fortløpande. Det er utarbeidd eit felles søknadsskjema for barnehagane i Austrheim. Ei opptaksnemnda samansett av styrar i barnehagane og to Side 3 av 6

representantar frå Familiekontoret føretek opptaket under leiing av rådmannen. Til ei småbarnsavdeling bør det ikkje takast opp meir enn to barn under 1 år. Kriterier for opptak Barn busette i Austrheim kommune vert prioriterte ved opptaket. Born frå Åsheim krins vert prioriterte til eventuelt ledige plassar. 1. Barn med nedsett funksjonsevne 13 LOB 2. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjeneste 4-12.. 3. Fagleg skjønnsvurdering etter alder, kjønn, søsken, gruppesamansetjing, barn av einsleg forsørgjar, barn til tilsette, barn frå familiar der ein eller begge foreldra er framandspråklege, med unnatak av svensk og dansk. Opptakskriterie gjeld under føresetnad av at tilfredsstillande dokumentasjon ligg ved søknad. Punkta a og b står i prioritert rekkefølgje, dei andre gjer det ikkje. 8.Klage på opptak Tildeling av barnehageplass skal skje i samsvar med fastsette opptakskriterie. Når det gjeld retten til å klage over avslag på søknad om barnehageplass viser ein til 6-13 i forskrift til LOB. Formannskapet er klageinstans. 9.Opptakssystemet Barn som er tildelt plass i kommunal barnehage får behalde plassen fram til barnet tek til på skulen, eller til foreldre / føresette skriftleg seier opp plassen. Barn frå andre kommunar får behalde plassen eitt barnehageår om gangen, med unnatak av born som kjem inn under Statoilavtalen. 10.Oppseiing/endring av plass Skal eit barn slutta i barnehagen i løpet av barnehageåret må skriftleg oppseiing av plassen sendast barnehagen minst 3 mnd. før barnet vert teke ut. Dersom eit barn sluttar etter 1. mai kan det krevjast betaling for resten av barnehageåret. Side 4 av 6

11. Permisjon Ved barselpermisjon, mellombels flytting og liknande kan det søkjast om permisjon frå barnehageplassen. Permisjon kan innvilgast for heile eller halve barnehageår. Søknad om permisjon skal vere skriftleg og sendast til styrar minst ein månad før han skal gjelde. 12.Frammøte ved sjukdom Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje bør vere i barnehagen. Dette av omsyn til barnet det gjeld, og barnegruppa. Går det lenger tid enn ei veke, må slik avgjerd takast av lege. 13. Erklæring om helsetilstand Når eit barn får plass i barnehage skal føresette leggje fram fråsegn om barnet si helse. Ein føreset at barn i barnehage møter til vanleg undersøking ved helsestasjon. 14 Opplysningsplikt I tråd med 21 og 22 i LOB skal dei tilsette vere merksame på tilhøve som kan føra til tiltak frå sosialtenesta og barneverntenesta si side. Utan hinder av teieplikta skal ein av eige tiltak gje opplysningar til barneverntenesta ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt eller mishandling i heimen. Opplysningar skal normalt gjevast av styrar. Dei tilsette skal gje sosialtenesta bistand i klientsaker. 15. Born med funksjonshemming Når det gjeld barn som er funksjonshemma eller står i fare for å utvikle funksjonshemming, skal styraren i barnehagen i samråd med foreldre syta for at barnet får hjelp ved at dei rette faginstansane ver kontakta. 16. Personale I tråd med LOB skal barnehagane i Austrheim ha minimum 100% pedagogisk og administrativ leiing. Den pedagogiske bemanninga skal utgjere minimum 50% av det øvrige personale. Eigar tilset personale, og det vert utarbeidd arbeidsavtale for alle tilsette. Side 5 av 6

Kommunen kan gje dispensasjon frå utdanningskravet. Slik dispensasjon kan berre gjevast for eit år om gongen. Alle som vert tilsett pliktar å levere politiattest ( 19 LOB) 17. Teieplikt I tråd med 20 i LOB har alle tilsette i barnehagane teieplikt: For virksomheter etter denne lov gjelder reglene om taushetsplikt i forvaltningsloven 13 til 13 f tilsvarende 18. Internkontrollsystem Kvar barnehage skal ha eit internkontrollsystem som dokumenterer at helse, miljø og tryggleik er ivareteken jfr. Austrheim kommune sitt HMT- system. 19. Utleige Barnehagen sine lokale kan leigast av foreiningar og lag i lokalmiljøet. Ved utleige må ein særleg ha i tankane verksemd som har verdi for barn og foreldre i lokalmiljøet. Det er styrar eller som leiger ut lokalet. Tvilstilfelle vert avgjort av rådmannen. Utleige må ikkje føra til ulempe for barnehagen si drift. Leigar må stå for vask og lufting etter bruk. Samarbeidsutvalet vedtek retningsliner og pris ved utleige. 20. Vedtektsendringar Endringar i vedtektene skal godkjennast av kommunestyret. Side 6 av 6

Samarbeidsutvalet Austrheim Kystbarnehage Setenesvegen 22 Austrheim formannskap Austrheim, 22.04.14 Uttale saksnr 077/14 Endring av vedtekter for barnehagane i Austrheim 2014. Saka vart drøfta i Su 22.04.14. SU Austrheim kystbarnehage støtter dei endringar som er gjort i nye vedtekter. Det er viktig at vedtektene er endra i forhold til lovendringar og endringar i drift dei siste åra. Uttale saksnr 078/14 Endring bemanningskabal for barnehagane. Saka vart drøfta i Su 22.04.14. Su Austrheim kystbarnehage støttar framlegg til vedtak om auka bemanning slik at pedagogane vil kunne samla planleggingstida. Samstundes vil vere meir personale tilstades store delar av dagen, dette gjev ein betre arbeidssituasjon. Ein bør tilstrebe at det kjem inn fagpersonale i ein slik stilling. Su leiar Hege Bergsvik Sætre

Sakspapir Saksnr Utvalg Type Dato 087/14 Formannskapet PS 30.04.2014 Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Jan Olav Osen 14/721 Budsjettoppfølging mars 2014 Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til handsaming i møte. Saksopplysninger: Bakgrunn Vurdering Konklusjon