ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtestad: Kantina, Rådhuset Dato: 28.01.2016 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 15:30 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Toril Langlo Leiar Pensjonistlaget Eldbjørg Tvergrov Nestleiar SP Anbjørn Steinholm Frislid Medlem FRP Einar Flø Medlem V Brit Anning Aarseth Medlem H Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Einar Øyehaug Medlem Uavhengig Amalie Hovdenakk Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Ingen varamedlem møtte Frå administrasjonen møtte: Namn Ingeborg M. Bjørneset Politisk sekretær Brit Anning Aarseth og Anbjørn Frislid vart valde til å skrive under protokollen saman med leiar
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 1/16 PS 2/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 1/16 Vedtak - Endring av reglement for Ørsta eldreråd 2015/8 RS 2/16 Møte med "særskilde grupper" - arbeid med reguleringsplan for DETALJPLAN FOR SÆTRE, DELAR AV GNR. 141, BNR.1 2016/2 RS 3/16 Forskningsrapport - Morgendagens aktivitetssentre 2016/2 RS 4/16 Høyringssvar likestillings- og diskrimineringslov 2016/2 RS 5/16 RS 6/16 Privat planarbeid - detaljreguleringsplan for Kolåsbakkane hyttefelt i Follestaddalen Intern høyring Kommunene begår lovbrudd (framlagt i møtet) 2015/1975 PS 3/16 Fagakademiet inviterer til kurs - Eldrerådet i arbeid 2015/8 PS 4/16 Årsmelding 2015 - eldrerådet i Ørsta 2016/2 PS 5/16 Eldredagen 2016/2 Møtet starta med synfaring på BakkOla-Marka kl.13.00 Seksjonsleiar bu og habilitering, Kristin Vik, var med på synfaringa og orienterte om organiseringa og tilboda ved BakkOla-Marka. Årsmelding, organisasjonsplan (etterspurt i møtet) og kort referat frå synfaringa vert sendt politisk sekretær for utsending til eldrerådet. Spørsmål stilt i slutten av møtet: Einar Flø: Er det mogleg å få eit organisasjonskart over korleis BakkOla-marka er organisert, og kva tenester som er der? Anbjørn S. Frislid: Kva finnest av velferdsteknologi i Ørsta, og er det mogleg å reise på synfaring til ein demonstrasjonsbustad utstyrt med slik teknologi? Politisk sekretær undersøkjer dette til neste møte.
PS 1/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaminga (6 r.f.) Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent med tilleggssak delt ut i møtet: Utklipp frå Møre Nytt 21.01.16: Innlegget Kommunene begår lovbrudd, signert Styret i pensjonistforbundet Møre & Romsdal. Tilleggssaka får saksnummer RS 6/16 PS 2/16 Referat og meldingar Referat og meldingar vart refererte med merknad RS 1/16 Vedtak - Endring av reglement for Ørsta eldreråd 2015/8 RS 2/16 Møte med "særskilde grupper" - arbeid med reguleringsplan for DETALJPLAN FOR SÆTRE, DELAR AV GNR. 141, BNR.1 2016/2 RS 3/16 Forskningsrapport: Morgendagens aktivitetssentre 2016/2 RS 4/16 Høyringssvar likestillings- og diskrimineringslov 2016/2 RS 5/16 RS 6/16 Privat planarbeid - detaljreguleringsplan for Kolåsbakkane hyttefelt i Follestaddalen Intern høyring Kommunene begår lovbrudd 2015/1975 RS 2/16: Eldbjørg Tvergrov orienterte frå møtet, og vil ettersende skriv som vart utdelt der.
PS 3/16 Fagakademiet inviterer til kurs - Eldrerådet i arbeid VEDTAK: Eldrerådet vel to stk til å delta på kurset "Eldrerådet i arbeid", 16.03.16 i Ålesund. Leiar Toril Langlo og nestleiar Eldbjørg Tvergrov, med Einar Øyehaug og Amalie Hovdenakk som vara. Framlegg: Leiar Toril Langlo og nestleiar Eldbjørg Tvergrov, med Einar Øyehaug og Amalie Hovdenakk som vara. Framlegget vart vedteke med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Eldrerådet vel to stk til å delta på dette kurset:
PS 4/16 Årsmelding 2015 - eldrerådet i Ørsta VEDTAK: Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2015 slik den ligg føre Tilrådinga vart vedteken med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2015 slik den ligg føre
PS 5/16 Eldredagen VEDTAK: Saka vart utsett Leiar Toril Langlo fremja utsettingsforslag på følgjande grunnlag: Alle medlema i eldrerådet bør vere til stades når denne saka vert handsama. Leiar oppmodar medlemane til å tenkje over kva som kan vere aktuelle programpostar på eldredagen 1. oktober, til neste møte i eldrerådet. Saka vart vedteken utsett, med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: