Program 3. divisjon avd. 14 Trio mot Vadmyra 14. serierunde Laurdag 6. august 2005
Vi presenterer: Vadmyra Vadmyra hadde ein habil sesong i fjor, men hamna midt på tabellen, slik dei gjorde i avdelinga til Trio for 2 år sidan. Også i år har dei starta bra og ligg i skrivande stund på 4.plass, 2 poeng framom Trio. Dei har scora relativt mykje mål, men også sluppe inn ein del. I helga slo dei Halsnøy 4-2. HIL leia 1-2 til pause, men sprakk etter eit raudkort. I vår tapte vi 2-0 for Vadmyra, i ein kamp der Inge vart utvist på slutten og Trond Inge fekk prøvd seg som målmann. Drakter: Blåkvite trøyer, kvite bukser. Trenar: Gunnar Eiken og Espen Eriksen (kom frå Brann før sesongen). Spelartilgang: Klubben har ein stall på 25 spelarar etter at ex-triospelar Sindre Fjelberg er kome frå Halsnøy. Spissen Andre Gullord kom frå Fyllingen før fjorårssesongen, som for hans del gjekk opp i røyk med beinbrot. Elles har dei mange unge spelarar. Spelaravgang: Eirik Stafseth (Fyllingen), Trond Sandvik (lagt opp, i trenarteamet), Stig Tore Vangen og Håkon Fedde-Larsson (også lagt opp). Klubben: Vadmyra er lokalisert i Loddefjord eller der omkring og spelar heimekampane sine på kunstgras (i Lyngfaret). I tillegg er Vadmyrahallen senter for mykje av aktiviteten. Klubben er utvilsamt i sin beste alder (stifta i 1972). Dei ser på seg sjølve som ein breiddeklubb og syslar med handball og turn, i tillegg til fotballen. Klubbens største historiske augneblink var i august 1996, då juniorlaget deira gjekk til topps i Norway Cup. Følg med på heimesida vår: www.il-trio.no Mest kvar dag blir det lagt ut nytt Trio-stoff på heimesida vår. Ofte kan det vera fleire saker same dagen. Du blir best oppdatert på Trio-stoff på heimesida vår. Har du eit gamalt bilete, ein god Trio-historie, så send den til : post@il-trio.no
Gustis corner Kjære fotballvenner, vel møtt til kamp. Med 7-0 seier i siste hjemmekamp er det stor optimisme i Trioleiren. Jeg som trener må allikevel minne dere alle om at hver kamp har sin egen sjel og at vi ikke må hvile på de siste gode resultatene. Det er nåtiden som gjelder. Dagens motstander heter Vadmyra. Ungt lag, men godt spillende. Tidligere Trio-spiller Sindre Fjelberg ønsker vi spesielt velkommen. Jeg har sagt tidligere at vi legger grunnlaget på trening. Kamp om plassene er der og sunn konkurranse hjelper enormt til å sette opp tempoet på trening og i kamp. Ikke alltid like lett for de som ikke starter kampen. Et råd til de: Tren mer og gi alltid støtte til de som starter. Din tid vil komme. Da er det viktig å være i form både mentalt og fysisk. I dag er vi en spillerstall spekket med selvtillit. Dette gir trygghet og balanse i spillergruppen. Klart at tapet vil komme en gang men vi er flinke i dag til å hente fram det beste hver gang. Poenget er at vi må fortsette med å være uforutsigbare og giftige. I dag må vi være topp skjerpet og unngå baklengsmål. Gjør vi det vinner vi kampen. Jeg vil benytte anledningen til å takke alle som bidrar til en proff hjemmeside for Trio. Raske oppdateringer og mye bra lesestoff. På gjenhør! Trener Agust Hauksson Kva bør idrettssenteret innehalda?! Arbeide med å utvilka husnes som idrettssenter går jamt på fram. Neste steg er å halda idè-grilling i området søndag 28. august. Det er fint om du tek deg tid til å delta på idè-grillinga siste søndagen i august. Det er viktig for utviklinga av idrettssenteret at det er mange som kjem med innspell til kva senteret skal innehalda av idrettstilbod og kva anlegg som er ønskjeleg å plassera inn. Møt opp 28. august!!
Serierunden: 03.08. Follese Os 2-2 Øygard - Solid 1-1 05.08. Trott - Halsnøy 06.08. Bremnes - Askøy Os Nest-Sotra Trio Vadmyra 07.08. Stord/Moster 2 - Øygard 10.08. Solid Follese Tabell 3. divisjon avd. 14: Askøy 13 10 2 1 52-7 32 Nest-Sotra 13 9 1 3 36-17 28 Follese 13 8 4 1 34-19 28 Vadmyra 13 7 3 3 37-23 24 Os 13 6 4 3 34-25 22 Trio 13 7 1 5 32-30 22 Stord/Moster 2 13 5 1 7 26-37 16 Solid 13 3 4 6 19-24 13 Trott 13 4 1 8 14-37 13 Øygard 13 2 6 5 21-26 12 Bremnes 13 0 5 8 12-35 5 Halsnøy 13 0 2 11 16-53 2 Neste serierunde: 12.08. Halsnøy Bremnes 13.08. Askøy Os Follese Stord/Moster 2 Nest-Sotra Solid Vadmyra Trott Øygard - Trio Trio kjøper aksjar Fotballgruppa i Trio går inn med kr 50.000,- i aksjekapital i As Anlegg. Vedtaket skal opp i hovudstyret. I tillegg går Kvh. Handballklubb inn med kr 50.000,-. Desse to aksjekjøpa vil utløysa kr 50.000,- i kommunal deltaking. Grunnen for å gå inn med denne kapitalen i As Anlegg, er at vi har møtt ein lunken haldning frå kommuneadministrasjonen. Særleg eit brev, truleg ført i pennen av kommunalsjef Kjell Odd Nygård, var negativt lada overfor prosjektet. Ja, det var faktisk så negativt at rådmannen personleg ringde interimstyremedlemane og bad om årsaking.
1. divisjon junior avd. 01: Trio/Halsnøy sine kampar: 1) Trio/Halsnøy Ny-Krohnborg 4-3 2) Bremnes Trio/Halsnøy 0-5 3) Vadmyra 2 Trio/Halsnøy 0-7 4) Trio-Halsnøy Trott 2-0 5) Trio/Halsnøy Løv-Ham 4-4 6) Solid Trio/Halsnøy 2-1 7) Øygard Trio/Halsnøy 0-0 NB! Sjå kommentar. 8) Trio/Halsnøy Bønes/Årstad 7-2 Tabell junior 1. divisjon, avd. 01: Solid 9 6 2 1 28-9 20 Øygard 8 5 2 1 24-11 17 Trio/Halsnøy 8 5 1 2 30-11 16 Løv-Ham 9 4 3 2 33-29 15 Trott 9 4 2 3 18-19 14 Vadmyra 2 9 3 2 4 19-26 11 Bønes/Årstad 9 3 1 5 19-25 10 Ny-Krohnborg 8 1 4 3 17-17 7 Bremnes 9 1 3 5 19-31 6 Djerv 8 1 0 7 5-34 3 Neste serierunde: 07.08. Løv-Ham Vadmyra 2 Ny-Krohnborg Trio/Halsnøy 09.08. Bremnes Øygard Djerv Bønes/Årstad Trott - Solid ------------ 16.08. Trio/Halsnøy - Bremnes Tapte poeng? Det er ikkje noko nytt frå krinsen når det gjeld ønskjet vårt om å få handsama domen om 0-0 og 3 tapte poeng i Øygard-kampen for Trio/Halsnøy-juniorane. Så lenge vi ikkje høyrer noko, er det håp! Hugs! Idè-grilling Husnes Idrettssenter 28. august!
Serierunden, den fjortande Trio-Vadmyra Klarar vi å revansjere eit litt surt 2-0-tap i Bergen i vår, så går vi forbi Vadmyra på tabellen. Vadmyra strevde overraskande mykje med Halsnøy sist. Trott-Halsnøy (fredag) Botnoppgjer, trudde vi før sesongen, men Trott samla overraskande poeng i vår. Likevel kan hausten bli tung for det unge laget og Halsnøy kan vera litt på gong. Dei har fleire folk å rutte med i haust og var nære ein skrell mot sterke Vadmyra. Dei leia til pause, men eit raudkort på Svein Helge Eide øydela sensasjonen. Kjem endeleg første sigeren no...? Resultattips: 2-3. Bremnes-Askøy (laurdag) Askøy virkar ustoppelege, men heimekampen mot Bremnes i vår er faktisk eitt av deira få feiltrinn. Det endte med poengdeling, etter at Askøy utlikna på slutten. Bremnes hadde Nest-Sotra i kne i helga, men sotringane utlikna 4 minutt før slutt og avgjorde med 2-1 på overtid. Likevel vil alt anna enn klår bortesiger her vera eit sjokk. Tips: 0-5. Os-Nest-Sotra (laurdag) Kva er det med Nest-Sotra? Dei har framstått som eit framifrå topplag, solid og homogent som få. På bortebane, that is. For heime på Ågotnes får dei det rett og slett ikkje til. Der har dei tapt 3 kampar og vunne 3. Men dei 3 sigrane er alle med berre eitt mål og mot høgst ordinær motstand. Borte er dei betre og her får dei høve til å hemne 2-3-tapet for Os i vår, avgjort på sjølvmål. Os er a poeng med Trio før denne kampen, men no skal vi forbi! Tips: 1-4. Stord/Moster 2-Øygard (søndag) S/M måtte tåle 1-13 på 2 kampar med sine lag i helga og både A-lag og reservar virkar å vera i bedrøveleg forfatning. Det kan fort ende med nedrykk for begge lag. Øygard starta hausten med jamn kamp og 1-1 mot Solid onsdag og får altså berre 4 kviledagar. Tips: 2-2. Solid-Follese (onsdag) Solid har fått det tungt etter ein fin seriestart. Follese tok ferie på ein fantastisk sølvplass. Dei får nok slite meir i haust, men virkar å ha litt å fare med også. Dette er dog eit lag Trio kan nå igjen på tabellen. I ferien var vi 8 poeng bak, no er det 6. Kanskje er det enda mindre om ei veke. Tips: 1-1.
Lagpresentasjon: Småjentene Desse unge jentene spelar i 13/14-årsklassen og er Trio si lovande fotballframtid på damesida. Dei både trenar og spelar kampar på Valen. På biletet, framme frå venstre: Karianne R. Mikkelsen, Marte Lie Børve, Sigrid Tjeldflåt, Lise Marie Olsen, Maria Bringedal. Bak frå venstre: Mona Naustvik, Nathalie Sandal, Nina Mari Kaldestad, Maylinn Ekeland, Silja Pal Holm, Ellen Teigen, Lill Iren Lofstad og trenar Daniel Røyrvik. Malene B. Rusten spelar og på laget. Trio spelar i serie med Halsnøy, Fitjar og 3 lag frå Bømlo. Totalt er det 6 lag i avdelinga, og særleg har Rubbestadneset utmerka seg som veldig gode. Men Triojentene hevdar seg også bra, i allefall på heimebane på Valen. Så langt har dei vunne 1 kamp, spelt 2 uavgjort og tapt 4. Biletet under er teke før heimekampen mot Bømlo. Den endte diverre med tap 1-3, men elles har jentene vore gode på heimebane. Jentene har trening 2 gonger i veka på grusbanen på Valen. Daniel Røyrvik er trenar for gjengen. Gunnar Holm er lagleiar, og han har sendt inn lagbilete og informasjon til oss. Både Daniel, Gunnar og jentene blir elles veldig glade viss fleire foreldre og andre kjem og ser på kampane (og heiar litt)!
Sco r i n g s k l u b b e n 2 0 0 5 Erling Løseth Per Magne Vik Arild Røyrvik Agust Hauksson Agnar Melkersen Agust Magnusson Aksel Kloster Alf Helge Hermansen Alf Johan Sandaker Andreas Vågen Anita Opsanger Anne Marie Pedersen Anton Sjursen Are Ulseth Arne Alsaker Arne Ersland Arne Røyrvik Asbjørn Skår Atle Sætveit Aud Lillian Rusten Bernt Martin Nesse Birte Røyrvik Bjørn Samland Bjørn Heimvik Brede Grønningen Britt Helen Hauan Brynhild Rusten Edvard Hamre Evin Teigen Egil Holte Einar Musland Einar Oppedal Evind Nissestad Elisabeth Kaldestad Erling Pedersen Even Teigen Finn Are Berntzen Frode Røyrvik Geir Inge Kldestad Geir Rusten Geir Sigm. Saghaug Geir Øystein Heggøy Gerd Røstbø Gunvor Skarveland Halvard Enes Harald Larsen Helge Saghaug Helge Vassvik Henning Haga Håkon Ekeland Håkon Holmedal Inga Bremerthun Inge Audun Røssland Ingvar Jordanger Irene Røssland Jan B. Ingvaldsen Jan Helge Opsanger Jan Helge Røssland Jens P. Sivertsen Johannes Røssland John Kambe John Morten Saghaug Jon Saugestad Karl Ludvik Pedersen Kjell Gunnar Almås Kjell Inge Ersland Kjell Magnar Eide Kjetil Brix Knut Gunnar Vik Knut Prestnes Knut Røyrvik Kristian Hus Kristinn Atlason Kristine Røyrvik Kurt Haugland Lars Helge Prestnes Lars Johan Ekeland Lars Jostein Rørvik Lars Magnar Bjelland Lars Røyrvik Lars Åsvang Linda Fredheim Liv Santiago Lonabråtet Eiendom As Ølver Haveland Magda Rørvik Magne Haga Maren J. Pedersen Marita Rusten Øyvind Røyrvik Mette Fredlund Morten Vevatne Oddbjørn Kloster Oddgeir Søllesvik Oddmund Røssland Ola Lillesand Olav Johan Medhaug Olav Per Kaldestad Otto Blokhus Ove Jan Ersland Per Einar Gjerding Per Rørvik Reidar Pedersen Reidun Musland Rikard Pedersen Ørjan Bakke Roald Hestebeit Ronny Røssland Rune Haugland Rune Røyrvik Rune Vik Silje U. Røyrvik Sissel Lunde Svein Arne Vårdal Svein Henrik Røssland Svein Jarle Mo Svein Rusten Svein Røyrvik Svein Tharaldsen Sylve Rusten Synnøve Eik Terje Johansen Terje Kolaas Tjerand Lunde Tor Johnny Agledal Tronn Urdshals Trygve Hansen Veronica Thorkildsen Vidar Teigen Åge Vik Kjenner du nokon som har lyst å stø Trio-fotballen med å vera medlem i scoringsklubben, sjå gje beskjed til Oddmund Røssland, Roger Røssland, Frode Røyrvik, Svein Røyrvik eller andre du kjenner i Trio-miljøet. Du som er medlem i scoringsklubben i Trio, hjelper oss med å driva meiningsfylte aktivitetar for born og unge! Du betaler kr. 10,- for kvart mål Trio scorar i seriekampane. Takk for hjelpa!