Hatlestrand og Ølve skyttarlag (3806). Årsberetning 2014 Årsberetning 2014_rev1.docx Side 1 av 10
Generelt Laget har forutan interne stemner og lagsmeisterskap arrangert ope miniatyrstemne, Hatlestrand og Ølve felten. Styret har i år hatt 4 styremøte. Ungdomsutvalet I løpet av året har det vore arrangert skyteskule, treningar og konkurransar på innandørsbanen og treningar på 100 m banen i Åsen. Vi har bra oppslutning på skyteskulen og i 2014 hatt 16 kveldar med skyteskule innandørs og 4 organiserte treningar på skytebanen i Åsen. Totalt 31 ungdommar har deltatt. Skyteskule våren 2014 var tirsdag kveld frå 7. januar - 25. februar. Skyteskule hausten 2014 var torsdag kveld frå 16. oktober - 4. desember. Jegerutvalet Jegerutvalet har gjennomført 4 treningar og 3 Jaktprøve oppskytingar på banen i Åsen i tillegg til at dei har arrangert den tradisjonelle jaktfelten på Tufta og deltatt som vakter på HØ-felten. Dugnad Pubkveld I år vart årets påskepub avlyst. Vi kom for seint i gang med planlegging og interessa for både å arrangera og å møte fram er jamt dalande. Baneanlegga På baneanlegget i Åsen har det vore gjennomført dugnad i forbindelse med tilrigging og nedrigging av skytebanen for sesongen. Aktiviteter gjennom året : Ei lita oppsummering av nokre av årets stemner og resultat: Knut Dalland vart samlagsmeister V55 miniatyr med 337 og bane med 340. Øyvind Lønning seier på Vossastemna miniatyr (kl 3-5) med 247. Christian Måge vart samlagsmeister (kl.2) bane med 337 Atle Presthus krinsmeister miniatyr i V55 med 329 Kristian Djuvsland krinsmeister miniatyr V73 med 344 Lagsmeisterskap 15M, Ølve 18.-20. februar - 2014. Heine Nes vart lagsmeister i miniatyr med 343 poeng. Lagsmeisterskap Felt, Tufta 12. april 2014. Kristian Djuvsland vart året lagsmeister i feltskyting med 37/2 etter finaleskyting. Årsberetning 2014_rev1.docx Side 2 av 10
HØ felten 2014 Liv Sollesnes vart årets vinnar med solide 30/20 på ein våt HØ felt på Tufta i år. Av våre lokale heltar fann Mathias Skarvatun, R godformen og prikka inn 27/9, Atle Presthus,V55 avslutta med imponerande 6/6 på langholdet og totalt 28/18. Kristian Djuvsland, V73 prikka og inn gode 30/23 med solide samlingar. Tor Meidell, 3 viste nok ein gong at han er ein racer på feltskyting med 26/15 og seier i klasse 3. Eit regnvått stemne med litt lite deltakarar i år, men det må vi snu til neste år. Skytingens dag 18.5.2014 Skytingens dag på 18. mai samla 23 stk i Åsen. God stemning og alle fekk skyte 3x5 skudd seriar med kaliber 22. Lagsmeisterskap bane, Ølve 1. juni 2014 Øyvind Lønning slo til med gode 337 poeng etter finaleomgangen og vart årets lagsmeister. Landskyttarstemne Sandnes 31.-9. august 2014 I Sandnes stilte vi med 30 skyttarar og ved Lutsi vatnet var det i overkant av 50 stk frå skyttarlaget innlosjert på campingen. Bra vær stort sett gjorde at ein kunne ta vaskeprosedyrane i vatnet. Øyvind Lønning enda på 338 poeng og Ingebjørn Lønning på 334 poeng etter finaleskyting. Ole Kristian Stølen kom også i finalen med 30/12 på finfelten. Kristian Djuvsland tok utfordringa og vann like godt sin klasse (V73) i stangskyting med 16 treff. Av våre skyttarar var det kun Jan Gunnar som var raskare med 19 treff i klasse 4! Utskrift av alle sine resultat er vist i vedlegg. Jaktfelten 16.8.2013. Jan Gunnar Tufta 30/28 i klasse PRO og Morten Tysnes 29/15 i klasse jeger. Ope miniatyrstemne Hatlestrand og Ølve 15.-16.11.2014. I år var det heile 150 stk på stemnet. Det er ny rekord. Stemnet er vorte ein del av Westcon Cup og det bidrar utvilsomt til den gode deltakinga. Stemnet gjekk knirkefritt med omkleding, påmelding/resultat oppe på ungdomshuset. Årest vinnar vart Harald Brekke frå Strandebarm med 346 poeng. Av lokale klassevinnarar bør det nemnast 349 poeng av Kristian Djuvsland i klasse V73 og 342 poeng av Kjell Måge i klasse 2. Årsberetning 2014_rev1.docx Side 3 av 10
Landsskytterstemnet Bane Årsberetning 2014_rev1.docx Side 4 av 10
Felt Årsberetning 2014_rev1.docx Side 5 av 10
Stangskyting Årsberetning 2014_rev1.docx Side 6 av 10
Felthurtig Årsberetning 2014_rev1.docx Side 7 av 10
Årsrapport 2014 Årsberetning 2014_rev1.docx Side 8 av 10
Hatlestrand og Ølve skyttarlag har i 2014 hatt fylgjande tillitsvalde: Årsberetning 2014_rev1.docx Side 9 av 10
Årsberetning 2014_rev1.docx Side 10 av 10