MØTEINNKALLING Utval: Valstyret Møtedato: 19.04.2016 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, 2. etg Møtetid: Kl. 12:45 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 70 20 75 32 (00), slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er utsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemmene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Haram kommune 14.04.16 Vebjørn Krogsæter Ordførar Elin Moen Sekretær
Sakliste Sak nr. Sakstittel Gradering 007/16 Godkjenning av møtebok 008/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Endeleg utforming av røystesetel
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 19.04.2016 007/16 Saksbehandlar: Elin A. Moen Godkjenning av møtebok Arkiv: FE - 033 ArkivsakID: 16/326-16/3198 Møtebok frå forrige møte vert godkjent. 32T Protokoll - Valstyret - 31.03.2016 Rådmann Elin A. Moen seksjonsansvarleg
MØTEPROTOKOLL VALSTYRET Møtedato: 31.03.2016 Møtetid: Kl. 17:05-17:20 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, 2. etg Saksnr.: 001/16 006/16 Følgjande medlem møtte Emil Korsnes Siv Katrin Ulla Svein Harsjøen Ewa Hildre Randi W. Frisvoll Vebjørn Krogsæter Parti AP AP FRP H KRF SP Forfall meldt frå følgjande Parti Følgjande varamedlem Parti medl. møtte Cine Finstad Austnes FRP Ingen FRP Møteleiar: Frå adm. møtte: Ordførar Vebjørn Krogsæter Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen, stabsleiar Per Langnes. Utlevert i møtet: To tilleggssaker 5/16 og 6/16 Orientering: Sp.mål/interpell.: Diverse: Innkallinga har vore kunngjort, og medlemmene har fått innkalling pr e-post for nedlastning til lesebrett. Det kom ikkje fram merknader til innkallinga. Det vart samrøystes vedteke å føre opp sakene 5/16 og 6/16 på saklista som tilleggssaker.
Sakliste Sak nr. Sakstittel 001/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Røystelokale og røystetider 002/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Organisering og delegasjon 003/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Val av røystestyre 004/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Utlegging av manntal til offentleg gjennomsyn 005/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Førehandsrøysting 006/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Førehandsrøysting - institusjonar Side 2
001/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Røystelokale og røystetider Valstyret vedtek at den ordinære røystegjevinga under folkerøystinga 19.05.16 vert å halde i desse røystelokale i dei seks røystekrinsane i kommunen: 1. Fjørtoft skule for veljarane i Fjørtoft krins 2. Haramsøy skule for veljarane i Haramsøy/Longva krins 3. Lepsøy skule for veljarane i Lepsøy krins 4. Ingebrigt Davik-huset for veljarane i Brattvåg/Helland/Hildre krins 5. Eidet kulturhall for veljarane i Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins 6. Søvik skule for veljarane i Søvik/Grytastranda krins Røystetida skal vere frå kl.12.00 til kl. 20.00 med unntak av Fjørtoft krins der røystetida vert frå kl. 15.00 20.00. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. VS- 001/16 Vedtak: Valstyret vedtek at den ordinære røystegjevinga under folkerøystinga 19.05.16 vert å halde i desse røystelokale i dei seks røystekrinsane i kommunen: 1. Fjørtoft skule for veljarane i Fjørtoft krins 2. Haramsøy skule for veljarane i Haramsøy/Longva krins 3. Lepsøy skule for veljarane i Lepsøy krins 4. Ingebrigt Davik-huset for veljarane i Brattvåg/Helland/Hildre krins 5. Eidet kulturhall for veljarane i Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins 6. Søvik skule for veljarane i Søvik/Grytastranda krins Røystetida skal vere frå kl.12.00 til kl. 20.00 med unntak av Fjørtoft krins der røystetida vert frå kl. 15.00 20.00. 002/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Organisering og delegasjon Valstyret vedtek at den førebelse oppteljinga av valtingsrøystene i samband med den rådgjevande folkerøystinga 19.mai 2016 skal skje ute på røystestadane. Kontrollteljinga skal skje på kommunehuset i Brattvåg under leiing av valstyret. Haram valstyre vedtek med heimel i kommunelova sin 10 nr. 4 å delegere til leiar og sekretær for valstyret å ta avgjerd i saker i samband med folkerøystinga dersom Side 3
saka ikkje er av prinsipiell karakter. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. VS- 002/16 Vedtak: Valstyret vedtek at den førebelse oppteljinga av valtingsrøystene i samband med den rådgjevande folkerøystinga 19.mai 2016 skal skje ute på røystestadane. Kontrollteljinga skal skje på kommunehuset i Brattvåg under leiing av valstyret. Haram valstyre vedtek med heimel i kommunelova sin 10 nr. 4 å delegere til leiar og sekretær for valstyret å ta avgjerd i saker i samband med folkerøystinga dersom saka ikkje er av prinsipiell karakter. 003/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Val av røystestyre Til røystestyre i dei ulike krinsane vert valde: Fjørtoft krins: Haramsøy/Longva krins: 1. Gudmund Fjørtoft - leiar 1. Lars Ulla leiar 2. Svein Nilsen - nestleiar 2. Torhild R. Haram nestleiar 3. Astrid M. Fjørtoft 3... 1. Jonny Sylte varamedlem 2. Jens Aksnes varamedlem 3. - varamedlem Lepsøy krins: Brattvåg/Helland/Hildre krins: 1 - leiar 1. Reidar Ervik- leiar 2. Magne Kjerstad - nestleiar 2. Lisbeth Otterlei nestleiar 3. Evy Sæth Davik 3 1. Jostein Gunnar Farstad - varamedlem 1. Gabriel Ølstørn varamedlem 2. - varamedlem 2. Frank Mehring varamedlem 3.. varamedlem 3. Gunhild Bjørkhaug - varamedlem Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: 1.Randulf Bakken- leiar 2.Sigrid Eidsvik - nestleiar 3.Noralf Aarnes 1.Kåre Vatneødegård - varamedlem 2.Bente Åkre Rogne - varamedlem 3.Oddmar Hauge - varamedlem Søvik/Grytestranda krins: 1.Jan Ove Hurlen leiar 2.Reidun Søvik - nestleiar 3.Ingunn Gamlemshaug 1... - varamedlem 2.Britt Stokke varamedlem 3.Nina E. Aarseth varamedlem Leiaren i valstyret vert gitt fullmakt til å oppnemne nye medlemmer/varamedlemmer ved ev. søknadar om fritak, sjukdom el.l. Leiaren i valstyret vert også gitt fullmakt til Side 4
ved behov å oppnemne ytterlegare røystemottakarar som kan hjelpe til med valavviklinga i krinsane utover dei som er valde til røystestyra. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Ordførar Vebjørn Krogsæter,SP kom med framlegg om følgjande suppleringar: Ny medlem i Haramsøy/Longva krins: Jonny Sylte. Nye varamedlemmer: Elias Rogne og May Britt Flem. Ny leiar i Lepsøy krins: Evy Sæth Davik, ny medlem Jostein Grunnar Farstad, nye varamedlemmer: Einar Bakke og Vigdis Opsahl Farstad. Ny medlem i Brattvåg/Helland/Hildre krins: Inger Synnøve Remme. Ny varamedlem i Søvik/Grytastranda krins: Per Ove Urkedal. Ved røysting vart rådmannen sitt framlegg med suppleringar frå ordføraren samrøystes vedteke. VS- 003/16 Vedtak: Til røystestyre i dei ulike krinsane vert valde: Fjørtoft krins: Haramsøy/Longva krins: 1. Gudmund Fjørtoft - leiar 1. Lars Ulla leiar 2. Svein Nilsen - nestleiar 2. Torhild R. Haram nestleiar 3. Astrid M. Fjørtoft 3. Jonny Sylte 1. Jens Aksnes varamedlem 2. Elias Rogne varamedlem 3. May Britt Flem - varamedlem Lepsøy krins: Brattvåg/Helland/Hildre krins: 1. Evy Sæth Davik - leiar 1. Reidar Ervik- leiar 2. Magne Kjerstad - nestleiar 2. Lisbeth Otterlei nestleiar 3. Jostein Gunnar Farstad 3. Inger Synnøve Remme 1. Einar Bakke - varamedlem 1. Gabriel Ølstørn varamedlem 2. Vigdis Opsahl Farstad - varamedlem 2. Frank Mehring varamedlem 3. Gunhild Bjørkhaug - varamedlem Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: 1.Randulf Bakken- leiar 2.Sigrid Eidsvik - nestleiar 3.Noralf Aarnes 1.Kåre Vatneødegård - varamedlem 2.Bente Åkre Rogne - varamedlem 3.Oddmar Hauge - varamedlem Søvik/Grytestranda krins: 1.Jan Ove Hurlen leiar 2.Reidun Søvik - nestleiar 3.Ingunn Gamlemshaug 1 Britt Stokke - varamedlem 2. Nina E. Aarseth varamedlem 3. Per Ove Urkedal varamedlem Leiaren i valstyret vert gitt fullmakt til å oppnemne nye medlemmer/varamedlemmer ved ev. søknadar om fritak, sjukdom el.l. Leiaren i valstyret vert også gitt fullmakt til ved behov å oppnemne ytterlegare røystemottakarar som kan hjelpe til med valavviklinga i krinsane utover dei som er valde til røystestyra. Side 5
004/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Utlegging av manntal til offentleg gjennomsyn Utkast til manntal i samband med rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016 vert å leggje ut til offentleg gjennomsyn på kommunehuset i Brattvåg, servicetorget så snart det ligg føre, og fram til og med valdagen. Manntalet kan oppdaterast så lenge det er praktisk mogleg. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. VS- 004/16 Vedtak: Utkast til manntal i samband med rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016 vert å leggje ut til offentleg gjennomsyn på kommunehuset i Brattvåg, servicetorget så snart det ligg føre, og fram til og med valdagen. Manntalet kan oppdaterast så lenge det er praktisk mogleg. 005/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Førehandsrøysting Førehandsrøysting i samband med folkerøystinga 19. mai 2016 kan gjerast i tida frå og med måndag 25. april til og med fredag 13. mai 2016 i servicetorget på kommunehuset i Brattvåg. Røystetida vert fastsett til kl. 08.00 16.00 alle kvardagar. Siste veka 09.05 13.05 vert røystetida utvida til kl. 18.00, med unntak av torsdag 12.05. som har røystetid til kl. 20.00. Som røystemottakarar vert oppnemnt: Nina Nordang, Ragnhild Nordang, Reidunn Søvik, Marit Sæter, Helen Glomset, Vidar Tolås, Oddny K. Løvik og Elin A. Moen. Leiaren i valstyret får fullmakt til å ev. oppnemne fleire dersom det skulle bli behov for det. Det vert høve til røysting pr post i same periode som førehandsrøystinga for veljarar som ikkje oppheld seg i Haram. Leiar for valstyret får fullmakt til å utarbeide retningsliner for brevrøystinga. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Side 6
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. VS- 005/16 Vedtak: Førehandsrøysting i samband med folkerøystinga 19. mai 2016 kan gjerast i tida frå og med måndag 25. april til og med fredag 13. mai 2016 i servicetorget på kommunehuset i Brattvåg. Røystetida vert fastsett til kl. 08.00 16.00 alle kvardagar. Siste veka 09.05 13.05 vert røystetida utvida til kl. 18.00, med unntak av torsdag 12.05. som har røystetid til kl. 20.00. Som røystemottakarar vert oppnemnt: Nina Nordang, Ragnhild Nordang, Reidunn Søvik, Marit Sæter, Helen Glomset, Vidar Tolås, Oddny K. Løvik og Elin A. Moen. Leiaren i valstyret får fullmakt til å ev. oppnemne fleire dersom det skulle bli behov for det. Det vert høve til røysting pr post i same periode som førehandsrøystinga for veljarar som ikkje oppheld seg i Haram. Leiar for valstyret får fullmakt til å utarbeide retningsliner for brevrøystinga. 006/16: Kommunereform - folkerøysting i Haram. Førehandsrøysting - institusjonar Valstyret vedtek at det i samband med folkerøystinga 19. mai 2016 skal vere høve til å førehandsrøyste hos oppnemnte røystemottakarar på følgjande institusjonar: Haram omsorgssenter, Haram kvileheim, og Vatne sjukeheim. I tillegg skal det gjennomførast førehandsrøysting på Haram vidaregåande skule, og ved Brattvåg ungdomsskule, Vatne ungdomsskule og Haramsøy ungdomsskule. Frist for søknad til valstyre om å få førehandsrøyste der dei oppheld seg vert sett til onsdag før valdagen, slik at søknaden må vere valstyret i hende innan onsdag 11. mai 2016. Behandling i Valstyret 31.03.2016 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. VS- 006/16 Vedtak: Valstyret vedtek at det i samband med folkerøystinga 19. mai 2016 skal vere høve til å førehandsrøyste hos oppnemnte røystemottakarar på følgjande institusjonar: Haram omsorgssenter, Haram kvileheim, og Vatne sjukeheim. Side 7
I tillegg skal det gjennomførast førehandsrøysting på Haram vidaregåande skule, og ved Brattvåg ungdomsskule, Vatne ungdomsskule og Haramsøy ungdomsskule. Frist for søknad til valstyre om å få førehandsrøyste der dei oppheld seg vert sett til onsdag før valdagen, slik at søknaden må vere valstyret i hende innan onsdag 11. mai 2016. Side 8
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 19.04.2016 008/16 Saksbehandlar: Elin A. Moen Arkiv: FE - 016 ArkivsakID: 16/165-16/3134 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Endeleg utforming av røystesetel Haram valstyre vedtek at utforming av røystesetel i samband med folkerøystinga i Haram 19.mai vert i samsvar med vedlagte: - alternativ A eller - alternativ B 32T Alternativ A - eitt kryss Alternativ B - prioritering Saksutgreiing: Kommunestyret vedtok i k.sak 24/16 den 07.04.16 følgjande: Haram kommunestyre godkjenner intensjonsavtalane for Haram Sandøy alternativet og Regionkommune Ålesund alternativet slik dei er vedlagt saka som grunnlag for innbyggjarhøyringa i Haram. Innbyggjarane skal høyrast gjennom folkerøysting i spørsmåla; Bør Haram gå saman i ei ny kommune med Ålesund og dei øvrige kommunane i «Regionkommune Ålesund» Bør Haram gå saman i ei ny kommune med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt Bør Haram halde fram som eiga kommune Valstyret har i k.sak 14/16 fått mynde til å godkjenne den endelege utforminga av røystesetlane i samband med folkerøystinga 19.05.16. Vurdering: Saman med ordføraren har det vore drøfta to ulike tilnærminger, ein framgangsmåte A der veljaren kan setje kryss ved det alternativet som ein meiner er best for Haram, og ein framgangsmåte B der veljaren kan prioritere kva alternativ ein meiner er beste, nestbest og dårlegaste alternativ for Haram. Ved alternativ B vil ein få fram opplysningar om kva for nest beste alternativ veljarane hadde for sin første prioritet. Det er også tenkt at det skal godkjennast at veljaren berre set eit kryss eller eit 1 tal
dersom veljaren ikkje ønskjer å prioritere (kun eit alternativ er aktuelt). Dei fleste kommunane som har folkerøysting har valt å kun nytte kryss som alternativ, medan andre har lagt opp til at veljaren kan prioritere, m.a Averøy kommune. Dersom valstyret ønskjer alternativ B er tanken at dei ulike røystestyra tek grovtelling for sin krins med resultata for kvar av dei tre alternativa som har fått flest 1 prioritet + blanke. Resultat vert kunngjort samla for kommunen og krinsvis. Kontrollteljing skjer på kommunehuset, herunder vidare sortering av røystesetlane på prioriteringane veljarane har gjort. Denne teljinga kan også måtte halde fram dagen etter folkerøystinga. Fordelen med alternativ B er at ein får fram eit meir nyansert resultat, som vil kunne vere nyttig for kommunestyret i samband med behandlinga 22. juni 2016. Ulempen er at ein kan få fleire forkasta røystesetlar pga fleire val på setelen og dermed større moglegheit for at veljaren kan gjere feil. Rådmann Elin A. Moen seksjonsansvarleg
FOLKERØYSTING I HARAM KOMMUNE 19. MAI 2016 1. Setlar utan kryss tel som blank røyst/veit ikkje 2. Om det er kryssa for fleire alternativ vert røystesetelen forkasta Set kun eitt kryss Haram held fram som eigen kommune Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar (Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund) i Regionkommune Ålesund
FOLKERØYSTING I HARAM KOMMUNE 19. MAI 2016 1. Setlar utan kryss tel som blank røyst/veit ikkje 2. Setlar med fleire like tal vert forkasta 3. Berre eit alternativ som er aktuelt? Set eit 1 tal i ei av rutene Prioriter alternativa under Best = 1 Middels = 2 Dårlegast = 3 Haram held fram som eigen kommune Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar (Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund) i Regionkommune Ålesund