2 av 13 Spørsmål/interpellasjonar: Tilkopling til offentleg vatn og avlaup Martin Haugen (Bl) las opp interpellasjon med forslag om at det skulle utar

Like dokumenter
MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 18:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Aadland, Nils A Boge, Harald A

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato Møtetid: Kl. 16:00-17:45 Møtestad: Kommunehuset

Utvalet sitt kvarter: 2 av 5 status og val av løysing var sendt ut til medlemmane i forkant av møtet. Dette viser at det også er rom for å få oppgrade

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 19:00-20:15 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 09:00-09:20 Møtestad: Kommunehuset/Telefonmøte

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato Møtetid: Kl. 08:30-09:50 Møtestad: Kommunehuset

2 av 6 grunnlag for kommunestyret sitt vedtak om ein gjennomgang av barnevernet i kommunen. I saka skal ulike modellar for gjennomgangen vurderast for

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse Frøland, Knut Harald ordførar Soleng, Marianne einingsleiar sørvissenteret Side 2 av 7

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

drøfta då. 2 av 7 Utvalet sitt kvarter: Mellombels drift i pleie- og omsorgstenestene Rådmann Tone Ramsli orienterte om planane for mellombels drift i

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 16:00-20:45 Møtestad: Kommunehuset

2 av 7 legga til rette for det i neste kommunestyremøte. Brigt Olav Gåsdal (Ap) stilte spørsmål om trafikktryggleiken på Liavegen og skogrydding mello

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 5 MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:10 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

MØTEPROTOKOLL. Øyvind Strømmen (Bl) Tone Ramsli

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-16:05 Møtestad: Kommunehuset

2 av 9 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL. Møtenotater: Jon Magne Bogevik (Uvh) leia møtet fram til kl og fram til handsaminga av sak 23/2017.

MØTEPROTOKOLL. Marit Aase (Krf) Jan Erik Boge. Merknader: Birthe Skar-Moum møtte kl. 15:30. Ho deltok derfor ikkje under handsaminga av sak 001/14.

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 10 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00-13:55 Møtestad: Kommunehuset

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 7 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset Av 9 medlemmer møtte 9, in

Dokument utlevert i møtet: 2 av 12 gjort noko for å halde skadedyr borte frå kyrkjegarden. Ass.rådmann orienterte om at teknisk drift har sett opp ele

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Dokument utlevert i møtet: 2 av 9 Øyvind Røen (Sp) Etterlyser vurdering av beredskapen etter stormen i haust. Saka kjem opp den 14 september. Brigt Ol

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 12:00-13:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Marit Aase (Krf) Hilde-Lill Våge

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Aadland, Nils A Urås, Roger Gjerde A

2 av 9 Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: dette låg til grunn for valstyret sitt vedtak om å redusera talet på røystekrinsar. Jan Erik B

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 08: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato: Møtetid: 11:00-12:30 Møtestad: Kommunehuset

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

2 av 8

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Vidar Tveiterås A Ingen

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 17 MØTEINNKALLING Utval: Valstyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærar

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Viltnemnda Møtedato: Møtetid: 19:00-20:30 Møtestad: Kommunehuset

2 av 6 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

2 av 10 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Møtenotater: Andre møtande: Rådmann Hageberg, Sektorleiar organisasjon Boge og ass.rådmann Våge

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Marken, Anja

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, in

MØTEPROTOKOLL. Jon Magne Bogevik (Frp) Tone Ramsli

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

2 av 5 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/477 Faste saker 013/13 13/244

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær 2

2 av 10

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Viltnemnda Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-18:15 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 6, i

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 13: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-15:00 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Vidar Tveiterås (Ap) Tone Ramsli. Merknader: Nestleiar Vidar Tveiterås leia møtet sidan leiaren hadde sjukefråvær.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtedato Møtetid: Kl. 12:30-13:45 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

MØTEPROTOKOLL. Bjarne Hauge Krf Anja Marken Bl. Janne Drevsjø Bl Birthe Skar Moum Ap. Odd Lønnebakken Ap Jens Harald Abotnes Krf

2 av 7 næringsområdet på Gaupholm. Det vert heller ikkje gått vidare med andre alternative plasseringar, men kommunen vil arbeida tett mot vegvesenet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Stolpane skulehus

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 15:00-18:05 Møtestad: Kommunestyresalen

Side 2 av 16 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 006/16 13/783 Rådgjevande folkerøysting Godkjenni

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-14:20 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland (Bl) Hilde-Lill Våge

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

Samnanger kommune Møteprotokoll

2 av 8 Beredskap Skriv frå fylkesmannen om avslutning av tilsyn på beredskap var sendt ut. Det vart ikkje funne avvik, og sjølve tilsynsrapporten vil

2 av 8 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 14:00-17:10 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Liv Berit Kvernes Khadoor

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 15:00-17:45 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Samnanger kommune Møteprotokoll

2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/185 Faste saker 013/13 12/654

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato Møtetid: Kl. 16:00-20:15 Møtestad: Biblioteket på Bjørkheim

MØTEPROTOKOLL. Ordførar Marit Aase Ass.rådmann Våge/rådmann Ramsli

2 av 6 ei eiga avdeling/tilsvarande, med ein eigen reinhaldsleiar. Margot Hisdal bad i samband med dette at kommunen set i verk tiltak for å kunne til

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 16: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Utval: Kommunestyret Møtestad: kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-18:40 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 025/12 12/640 Faste saker 026/12 11/175

MØTEPROTOKOLL. Utval: Kommunestyret Møtestad: Gjerde skule Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 14:30-17:00 Møtestad: Kommunehuset

Dokument utlevert i møtet: 2 av 12 vert ringt opp. Landbrukssjefen skal syte for å rette dette med rett informasjon og telefonnummer. -Når vert den me

MØTEPROTOKOLL. Kvinnherad kommune

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Transkript:

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 13 MØTEPROTOKOLL Utval: Kommunestyret Møtedato: 26.01.2017 Møtetid: 16:00-18:10 Møtestad: Kommunehuset Av 21 medlemmer møtte 21, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Karl B. Kollbotn (Frp) I staden møtte: Ingvild R. Bogevik (Frp) Andre som var til stades på møtet: Tone Ramsli (Rådmann) under heile møte. Hilde Lill Våge (assisterande rådmann) under heile møte. Marianne Soleng (einingsleiar sørvissenter) under heile møte. Grete Lill Hjartnes (sektorleiar helse og omsorg) under utvalet sitt kvarter. Møteleiar: Møtesekretær: Ordførar Knut Harald Frøland (Bl) Marianne Soleng Merknader: Orienteringar/meldingar: Ordførar Knut Harald Frøland (Bl) orienterte om følgjande: Bibliotek Driftsbudsjett og tilskot nytt bibliotek. FV 48 - Omklassifisering av vegen Ekstraordinære utgifter til barnevern Informasjon om krav frå Bufetat. (unnateke offentlegheit 13- sendt ut pr. post til møtedeltakarane før møtet) Vest politidistrikt - Avgjer om endringar i lokal struktur. Sals- og skjenkekontroll - samla oversikt 2016. Assisterande rådmann Hilde- Lill Våge orienterte (på vegne av einingsleiar teknisk drift) om følgjande: Status kunstgrasbane i Hagabotnane. VVA-anlegg Bjørkheim.

2 av 13 Spørsmål/interpellasjonar: Tilkopling til offentleg vatn og avlaup Martin Haugen (Bl) las opp interpellasjon med forslag om at det skulle utarbeidast ein strategiplan for arbeidet med tilkopling til offentleg vatn og avlaup Saker som allereie var starta opp skulle setjast i bero til ein slik plan var vedteken. Denne interpellasjonen vart fyrste gong v teken opp i kommunestyremøtet 17.11.2016. Martin Haugen (Bl) sette med dette fram følgjande framlegg til vedtak: «Det skal utarbeidast ein strategiplan med retningslinjer for Samnanger kommune sitt arbeid med å pålegga private om tilknytning til offentleg vatn og avlaup. Strategiplanen skal blant anna innehalde eit makstak, pålydande kr. 50.000, for kva ein kan forvente at innbyggjarane skal betale utanom påkoblingsavgift og abonnementsavgift ved pålegg om tilknytning. Strategiplanen skal og innhalde ei prioriteringsrekkjefølgje på kva for områder som skal påleggast tilknytning. Saker der husstandar allereie har fått pålegg om tilkopling vert stilt til bero inntil strategiplanen er vedteken.» Øyvind Røen (Sp) stilte spørsmål om sin gildskap då han er ein av dei som har motteke brev om tilkopling frå kommunen. Han har også sendt inn klage på pålegget. Representanten Røen gjekk ifrå medan kommunestyre behandla gildskapen hans. Anne Gerd Tandstad (Sp) tok plass i salen som vararepresentant. Øyvind Røen (Sp) vart samrøystes funnen ugild og deltok difor ikkje i den vidare handsaminga av interpellasjonen. Gunnar Bruvik (Frp) stilte også spørsmål om sin gildskap då dotter hans er ein av dei som har fått brev om tilkopling frå kommunen. Representanten Bruvik gjekk ifrå medan kommunestyre behandla gildskapen hans. Gunnar Bruvik (Frp) vart samrøystes funne ugild og deltok ikkje i den vidare handsaminga av interpellasjonen. Gunn Totland Moss (KrF) stilte også spørsmål og sin gildskap då dotter hennar, busett på Tysseland, er ein av dei som har fått brev frå kommunen. Representanten Moss gjekk ifrå medan kommunestyre behandla gildskapen hennar. Rådmann informerte om at oppsitjarane på Tysseland har sjølv bedt om å få kopla seg på det kommunale anlegget. Gunn Totland Moss (KrF) vart samrøystes funnen gild og tok plass i salen att.

3 av 13 Olaug Øystese (A) stilte spørsmålet om sin gildskap då ho i dag får vatn frå brønn. Ho reknar med at også ho vil,på eit tidspunkt, få pålegg frå kommunen om å kopla seg til det kommunale anlegget. Ho har ikkje pr. dags dato motteke noko brev frå kommunen om dette.. Representanten Øystese gjekk ifrå medan kommunestyre behandla gildskapen hennar. Olaug Øystese (A) vart samrøystes funnen gild og tok plass i salen att. Ordførar Knut Harald Frøland (Bl) las opp svar frå assisterande rådmann på grunngjeve spørsmål (datert 29.09.2016) samt interpellasjonen. (Notatet ligg som vedlegg til protokollen) Det vart røysta over Martin Haugen (Bl) sitt framlegg til vedtak. Resultatet av røystinga vart som følgjer: For framlegget: Knut Harald Frøland (Bl) Lena Tveit (Bl) Anja Elisabeth Gjerde Markhus (Bl) Martin Haugen (Bl) Solveig Vassenden (Bl) Anne Gerd Tandstad (Sp) Monica Tjønna (Sp) Totalt: 7 røyster Imot framlegget: Nils Aadland (A) Brigt Olav Gåsdal (A) Vidar Tveiterås (A) Olaug Øystese (A) Harald Boge (A) Øyvind Strømmen (MDG) Inge Aasgaard (KrF) Gunn Totland Moss (KrF) Arild Røen (H) Sture Tveit (H) Jon Magne Bogevik (politisk uavhengig) Ingvild R. Bogevik (Frp) Odd Arne Haga (Frp) Totalt: 13 røyster Interpellasjonen frå Martin Haugen (Bl) vart ikkje vedteken. Utvalet sitt kvarter: Monica Tjønna (Sp) stilte følgjande spørsmål: Rentekompensasjon: Me er blitt kjent med, og dette vart stadfesta av statsråd Høie i stortinget 15. januar 2017, at regjeringa avviklar ordninga med rentekompensasjon til fornying av kommunale skuler og symjehallar. Skulevedlikehald er ei viktig sak også i Samnanger. Ordninga for både skular og symjeanlegg har nok vore viktige for kommunen

4 av 13 med tanke på å prøve å halda orden på vedlikehald og forfalne bygg. Høie sa i Stortinget: "Det aller viktigste kommunene kan gjøre for å ivareta de bygningene som de har investert i, er å ha et jevnt vedlikehold. Det er også viktig at ikke staten bidrar med ulike ordninger som belønner kommuner som ikke driver med et jevnt vedlikehold. Det vil trolig bare føre til at vi fortsatt er i en situasjon der kommunene lar viktige samfunnsinvesteringer forfalle over tid uten å holde dem ved like." Det er neppe kun Samnanger som har ei slik historie, men avviklinga av rentekompensasjonen hjelper neppe kommunen til å ta att etterslepet. Spørsmålet vart då: Kva blir konsekvensen for Samnanger av at denne ordninga vart avvikla? Både med tanke på økonomi og tidsplan for å ta inn att etterslepet. Rådmannen svara på dette spørsmålet. Samnanger kommune har fått litt i overkant av 6,4 mill. i rentekompensasjon for perioden 2009-2016. Desse midlane vart brukt opp i 2013. Med konsesjonspengar utgjer dette totalt om lag 11,8 mill. kroner. Husbanken har opplyst om at denne tilskotspotten no er tom. Flyktningtenesta i Samnanger kommune. Kva konkret gjer flyktningkonsulenten for å integrera flyktningane i kommunen? Korleis er kommunikasjonen mellom flyktningane og flyktningkonsulenten? Har han "ope" dør og er lett tilgjengeleg om nokon av flyktningane ynskjer å snakka med han? Har flyktningkonsulenten oversikt over kva aktivitetar og kva type arbeid/utdanning flyktningane dreiv med før dei kom til Samnanger, og er det mogleg å finna liknande aktivitetar og arbeide til dei her eller i nabokommunar? Grete Lill Hjartnes (sektorleiar for helse og omsorg) fortel om planar og om korleis flyktningtenesta i kommune arbeider samt om dei ulike utfordringane flyktningkonsulenten står ovanfor. Samnanger kommune har til no teke imot i alt 16 flyktningar, men planen er å busetja 20 stk. slik kommunestyret har

vedteke. 5 av 13 Internkontroll Har kommunen internkontroll? Korleis blir dette gjennomført? Rådmannen orienterte om korleis ein gjennomfører internkontroll i Samnanger kommune og om dei ulike verktøya administrasjonen bruker i dette arbeidet. Brigt Olav Gåsdal (A) stilte spørsmål om ordføraren sitt innlegg på Facebook der ideen om «Samningadrift» - eit AS som skulle drifta dei kommunale vegane vart omtalt. Gåsdal meinte innlegget har skapt noko usikkerheit hos tilsette i kommunen, noko som er uheldig. Korleis vil dei tilsette verta involverte dersom desse tankane skal vidareførast? Kortid skal kommunestyret få uttala seg om saka? Ordførar Knut Harald Frøland (Bl) orienterte om ideane bak innlegget. Han forsikra om at dei tilsette vil spela ei aktiv rolle dersom dagens ordning skal sjåast på. Ordføraren meinte at bl.a. Facebook er eit forum der ein kan få fram lokaldemokratisk engasjement hos innbyggjarane våre. Dokument utlevert i møtet: Ingen.

6 av 13 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 07.02.2017 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

7 av 13 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/17 17/111 Faste saker 002/17 11/175 Bufellesskap for funksjonshemma - vurdering av tomtealternativ 003/17 15/860 Kommunale avgifter og gebyr - foreldrebetaling i Sfo i 2017 004/17 16/929 Søknad frå Hardanger AKS a.s om kjøp av eigardelar i selskapet 005/17 16/759 Låneopptak 2017

8 av 13 SAKNR. 001/17 FASTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering 26.01.2017 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. KS-001/17 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 002/17 BUFELLESSKAP FOR FUNKSJONSHEMMA - VURDERING AV TOMTEALTERNATIV Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Bufellesskap for funksjonshemma vert bygd på Skottabakken. Det vert sett ned ein byggekomitè der medlemmane i rådet for personar med nedsett funksjonsevne saman med ein representant frå brukarane, verneombod på Skottabakken, einingsleiar for funksjonshemma, ein representant frå teknisk drift og sektorleiar for helse og omsorg vert deltakarar. Komitèen konstituerer seg sjølv og rapporterer til formannskapet. 26.01.2017 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Odd Arne Haga (Frp) sette frå følgjande framlegg til vedtak: «Bufellesskap for funksjonshemma vert bygd på Erikajordet og Skottebakken blir solgt til boligformål etter at dei funksjonshemma er flytta inn u nye bustader på Erikajordet. Fem millionar av salgsgevinsten skal brukast til tiltak for å etablera arbeidsplasser for dei funksjonshemma i nærområdet samt ymse sosiale tiltak som sydenferiar etc. Det vert sett ned ein byggekomité der medlemmane i rådet for personar med nedsett funksjonsevne saman med ein representant frå brukarane, verneombod på Skottebakken, einingsleiar for funksjonshema, ein representant frå teknisk drift og sektorleiar for helse og omsorg vert deltakarar. Komiteen konstituerer seg og rapporterer til formannskapet.»

9 av 13 Etter at kommunestyrerepresentantane hadde diskutert saka ei god stund, vart det semje om å setja strek for vidare drøfting. Kommunestyrerepresentantane røysta så over rådmannen sitt framlegg til vedtak og framlegget frå Odd Arne Haga (Frp). Resultatet av røystinga vart som følgjer: For rådmannen sitt framlegg: Nils Aadland (A) Brigt Olav Gåsdal (A) Vidar Tveiterås (A) Olaug K. Øystese (A) Harald Boge (A) Øyvind Strømmen (MDG) Inge Aasgaard (KrF) Gunn Totland Moss (KrF) Arild Røen (H) Sture Tveit (H) Jon Magne Bogevik (politisk uavhengig) Knut Harald Frøland (Bl) Lena Tveit (Bl) Anja Elisabeth Gjerde Markhus (Bl) Martin Haugen (Bl) Solveig Vassenden (Bl) Øyvind Røen (Sp) Monica Tjønna (Sp) Totalt: 18 røyster For Odd Arne Haga (Frp) sitt framlegg: Ingvild R. Bogevik (Frp) Gunnar Bruvik (Frp) Odd Arne Haga (Frp) Totalt: 3 røyster Rådmannen sitt framlegg til vedlegg vart vedteke med 18 mot 3 røyster. KS-002/17 VEDTAK: Bufellesskap for funksjonshemma vert bygd på Skottabakken. Det vert sett ned ein byggekomité der medlemmane i rådet for personar med nedsett funksjonsevne saman med ein representant frå brukarane, verneombod på Skottabakken, einingsleiar for funksjonshemma, ein representant frå teknisk drift og sektorleiar for helse og omsorg vert deltakarar. Komitèen konstituerer seg sjølv og rapporterer til formannskapet. SAKNR. 003/17 KOMMUNALE AVGIFTER OG GEBYR - FORELDREBETALING I SFO I 2017 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Satsane for foreldrebetaling i SFO for perioden mars desember 2017 er sett til: Plasstype 2017 100 % plass kl. 07.00 16.30 5 dagar i veka 2 380 Kvar ettermiddag, dvs. kl. 14.00 16.30 4 dagar i veka og kl. 1 666 12.00 16.30 ein dag i veka Kombinasjonsplass 3-dagarsplass morgon og ettermiddag 1 666 Morgon kl 07.00 08.30 alle dagar 955 Kombinasjonsplass 2-dagarsplass morgon og ettermiddag 955

10 av 13 Ettermiddag 3 dagar i veka 1 025 Kjøp av enkeltdag 250 Kjøp av enkelttimar 110 Gebyr ved for sein henting (etter kl. 16.30) 495 Søskenmoderasjon : 30 % for 1. søsken og 50% for 2. søsken. Kan ikkje kombinerast med kjøp av enkeltdagar/-timar 26.01.2017 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Sture Tveit (H) bad,alt før handsaminga av saka hadde starta, om eit gruppemøte. Etter gruppemøte sette Arild Røen (H) fram følgjande framlegg til vedtak: «Som rådmannens forslag men auken vert 4% i staden for 8%» Framlegget til vedtak frå Arild Røen (H) vart samrøystes vedteke. KS-003/17 VEDTAK: Som rådmannens forslag men auken vert 4% i staden for 8%. Satsane for foreldrebetaling i SFO for perioden mars desember 2017 er sett til: Plasstype 2017 100 % plass kl. 07.00 16.30 5 dagar i veka Kr. 2295,- Kvar ettermiddag, dvs. kl. 14.00 16.30 4 dagar i veka og kl. Kr. 1610,- 12.00 16.30 ein dag i veka Kombinasjonsplass 3-dagarsplass morgon og ettermiddag Kr. 1610,- Morgon kl 07.00 08.30 alle dagar Kr. 920,- Kombinasjonsplass 2-dagarsplass morgon og ettermiddag Kr. 920,- Ettermiddag 3 dagar i veka Kr. 990,- Kjøp av enkeltdag Kr. 238,- Kjøp av enkelttimar Kr. 107,- Gebyr ved for sein henting (etter kl. 16.30) Kr. 476,- Søskenmoderasjon : 30 % for 1. søsken og 50% for 2. søsken. Kan ikkje kombinerast med kjøp av enkeltdagar/-timar SAKNR. 004/17 SØKNAD FRÅ HARDANGER AKS A.S OM KJØP AV EIGARDELAR I SELSKAPET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Tidlegare vedtak knytt til kapitalutviding i Storeholmen VTA a.s vert omgjort til kjøp av eigardelar i Hardanger AKS as. Det er ein føresetnad av at Kvam herad og Hordaland fylkeskommune kjøpar eigardelar i samsvar med førespurnad frå selskapet.

26.01.2017 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: 11 av 13 Øyvind Strømmen (MDG) stilte spørsmål om sin gildskap då han set som nestformann i styre i aksjeselskapet Hardanger AKS. Kommunestyret røysta over representanten Strømmen sin ugildskap. Strømmen vart samrøystes funnen ugild i saka, og gjekk ifrå medan kommunestyre handsama saka. Det vart røysta over rådmanne sitt framlegg til vedtak. Framlegget vart samrøystes vedteke. KS-004/17 VEDTAK: Tidlegare vedtak knytt til kapitalutviding i Storeholmen VTA a.s vert omgjort til kjøp av eigardelar i Hardanger AKS as. Det er ein føresetnad av at Kvam herad og Hordaland fylkeskommune kjøpar eigardelar i samsvar med førespurnad frå selskapet. SAKNR. 005/17 LÅNEOPPTAK 2017 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Det vert tatt opp eit lån på kr 10 mill. kroner i 2017. Lånet skal delfinansiere kjøp av nytt bibliotek. Lånet skal betalast ned over 40 år. 26.01.2017 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Kommunestyrerepresentantane diskuterte saka og det vart røysta over rådmannen sitt framlegg til vedtak. Resultatet av røystinga vart som følgjer: For rådmannen sitt framlegg til vedtak: Nils Aadland (A) Brigt Olav Gåsdal (A) Vidar Tveiterås (A) Olaug Øystese (A) Harald Boge (A) Øyvind Strømmen (MDG) Inge Aasgaard (KrF) Gunn Totland Moss (KrF) Arild Røen (H) Sture Tveit (H) Jon Magne Bogevik (politisk uavhengig) Ingvild R. Bogevik (Frp) Knut Harald Frøland (Bl) Lena Tveit (Bl) Anja Elisabeth Gjerde Markhus (Bl) Martin Haugen (Bl) Solveig Vassenden (Bl) Imot rådmannen sitt framlegg til vedtak: Gunnar Bruvik (Frp) Odd Arne Haga (Frp)

Øyvind Røen (Sp) Monica Tjønna (Sp) Totalt: 19 røyster 12 av 13 Totalt: 2 røyster Rådmanne sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 19 mot 2 røyster. KS-005/17 VEDTAK: Det vert tatt opp eit lån på kr 10 mill. kroner i 2017. Lånet skal delfinansiere kjøp av nytt bibliotek. Lånet skal betalast ned over 40 år.

13 av 13 13