SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato: 01.10.2015 Møtetid: 11:00-12:30 Møtestad: Kommunehuset Av 6 medlemmer møtte 6, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Brigt Olav Gåsdal (Ap) I staden møtte: Eva Hellevang (H) Andre som var til stades på møtet: Jan Erik Boge, sektorleiar organisasjon Knut Kjeilen, personalsjef Borgny Gjøn, Bedriftshelse1 Møteleiar: Møtesekretær: Orienteringar/meldingar: Åse Waage Tveit Jan Erik Boge Presentasjon av ny personalsjef Den nye personalsjefen, Knut Kjeilen, vart presentert. Innkomne avviksmeldingar Jan Erik Boge orienterte om at det berre har kome inn ei avviksmelding knytt til HMT sidan førre AMU-møte. Denne avviksmeldinga vart referert i møtet. Organiseringa av pleie og omsorg Tone Ramsli orienterte om status for arbeidet med framtidig organisering av pleie og omsorg. Orientering om AMU Marit Aase orienterte om at ho har bedt den påtroppande ordføraren om ei evaluering av kven som skal vera politiske representantar i AMU i den komande valperioden. Borgny Gjøn orienterte i samband med dette om at ikkje alle kommunar har politiske representantar i AMU. Orientering om sak i formannskapet Jan Erik Boge og Marit Aase orienterte kort om ei sak som var oppe i formannskapet 15.09.2015. Gjeld
avslutning av varslingssak i samband med striden om barneverntenesta i 2013 og 2014. Orientering frå bedriftshelsetenesta Borgny Gjøn orienterte om arbeidet bedriftshelsetenesta har utført for kommunen etter førre møte i AMU, mellom anna: Kontrollar for barnehagetilsette Informasjon/opplæring knytt til AKAN Eitt arbeidsplassbesøk Kartlegging av støyforhold og moglege støydempande tiltak i kantina på kommunehuset Gjøn orienterte til slutt om at det kan verta nødvendig å prioritera mellom nokre av tiltaka i årsplanen/ handlingsplanen mellom kommunen og bedriftshelsetenesta for 2015, for å halda seg innanfor den samla timeramma. AKAN Åse Waage Tveit orienterte kort om informasjonsmøte om AKAN som vart halde 15.09.2015. AMU må arbeida vidare med denne saka, mellom anna for å få på plass organisering og rutinar.
Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 24.11.2015 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 010/15 15/767 Faste saker 011/15 15/26 Reglar og prosedyre for val av verneombod i Samnanger kommune 012/15 15/26 Reglar for val av hovudverneombod 013/15 15/26 Retningslinjer og rutinar for handtering av konfliktar, trakassering/mobbing og utilbørleg åtferd 014/15 15/26 Statistikk over sjukefråvær i perioden jauar - august 2015
SAKNR. 010/15 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Det vert vist til side 1 i møteprotokollen for oversikt over kva orienteringar/meldingar som vart tekne opp i møtet. Samrøystes vedtak. AMU-010/15 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 011/15 REGLAR OG PROSEDYRE FOR VAL AV VERNEOMBOD I SAMNANGER KOMMUNE Rådmannen sitt forslag til nytt avsnitt om val av verneombod i kapittel 5 i internkontrollhandboka og forslag til prosedyre for val av verneombod, vert vedteke. Vedtaket gjeld frå og med oktober 2015. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. AMU-011/15 VEDTAK: Rådmannen sitt forslag til nytt avsnitt om val av verneombod i kapittel 5 i internkontrollhandboka og forslag til prosedyre for val av verneombod, vert vedteke. Vedtaket gjeld frå og med oktober 2015.
SAKNR. 012/15 REGLAR FOR VAL AV HOVUDVERNEOMBOD Rådmannen sitt forslag til nytt avsnitt om hovudverneombod i kapittel 5 i internkontrollhandboka vert vedteke. Vedtaket gjeld frå og med oktober 2015. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. AMU-012/15 VEDTAK: Rådmannen sitt forslag til nytt avsnitt om hovudverneombod i kapittel 5 i internkontrollhandboka vert vedteke. Vedtaket gjeld frå og med oktober 2015. SAKNR. 013/15 RETNINGSLINJER OG RUTINAR FOR HANDTERING AV KONFLIKTAR, TRAKASSERING/MOBBING OG UTILBØRLEG ÅTFERD Forslaget til retningslinjer og rutinar for handtering av konfliktar, trakassering/mobbing og utilbørleg åtferd, vert vedteke. Åse Waage Tveit stilte spørsmål om punkt 6.2.1.2 i forslaget. Ho etterlyste litt nærmare presisering om rutinar/prosedyrar når det oppstår saker/problemstillingar og forholda er på grønt. Borgny Gjøn viste til at forslaget til retningslinjer/rutinar har mest fokus på konflikt og konflikthandtering, og mindre fokus på normalsituasjonar og samarbeid. Det vart diskutert om retningslinjene måtte vedtakast av AMU 01.10.2015, eller om det kan vera aktuelt å arbeida vidare med forslaget og gjera vedtak på neste AMU-møte. Jf. innspela frå Åse Waage Tveit og Borgny Gjøn som er referert i avsnitta ovanfor. Evaluering og rullering av retningslinjene vart òg diskutert. Det vart understreka at det er viktig at administrasjonen sørgjer for at retningslinjene / rutinane vert gjort kjent i organisasjonen (for leiarar og andre tilsette, verneombod, tillitsvalde m.m.).
Marit Aase sette fram følgjande framlegg til vedtak: Forslaget til retningslinjer og rutinar for handtering av konfliktar, trakassering/mobbing og utilbørleg åtferd, vert vedteke. Det vert arbeidd vidare med ein rettleiarar og skjema. Marit Aase sitt framlegg vart samrøystes vedteke. AMU-013/15 VEDTAK: Forslaget til retningslinjer og rutinar for handtering av konfliktar, trakassering/mobbing og utilbørleg åtferd, vert vedteke. Det vert arbeidd vidare med ein rettleiarar og skjema. SAKNR. 014/15 STATISTIKK OVER SJUKEFRÅVÆR I PERIODEN JANUAR - AUGUST 2015 Arbeidsmiljøutvalet tek statistikk over sjukefråvær for perioden januar august 2015 til orientering. Sjukefråværsstatistikken vart diskutert i møtet. Knut Kjeilen orienterte kort om korleis rapportering av sjukefråvær har vore gjort på andre arbeidsstader han har erfaring frå. Han vil saman med rådmannskontoret vurdera kva endringar som bør gjerast knytt til sjukefråværsrapporteringa. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. AMU-014/15 VEDTAK: Arbeidsmiljøutvalet tek statistikk over sjukefråvær for perioden januar august 2015 til orientering.
8