Velkomen til Lærdalsturneringen 2017
Til lagleiar/trenar Viktig informasjon og program
OPPMØTE VED MOTORIKKPARKEN LAURDAG KL 1000.(Kan bli endring, muligens kampstart fredag avh påmeldte lag) Der blir det felles opptog for alle påmeldte lag, søsken, foreldre, besteforeldre. Opptoget startar kl 1015.. Det er med glede me i Lærdal Idrettslag tek imot laga til turnering. Me er stolte av fotballanlegget vårt, og me vonar de vil nytte det på ein rett og god måte. I dette skrivet vil de finne naudsynt informasjon om programmet for helga, og viktige påminningar. Mottak; Mottak skjer på Lærdalsøyri skule,storstova, utover fredagskvelden og på laurdag føremiddag til 1130. Her vil de få utlevert dette informasjons-skrivet, samt deltakarprov(armbånd), deltakarminne og anna informasjon. Her vil de og få tilvist overnattingsstad om de skal ha det. Betaling for ekstra kort kan gjerast i samband med mottaket. Overnatting; Overnattinga vil skje på skulen i tilvist rom. Skulen vår er nyrenovert, og me set pris på om de held det ryddig, og tek med dykk medbrakt utstyr når de forlet Lærdal på søndagen. Likeeins ventar me at utstyr i klasseroma får vere i fred. Me vil ha ambulerande vakt på skulen, men fast nattevakt. Klasseromma skal forlatast søndag i den stand det var i på ankomstdag. Eventuell skade/hærverk blir fakturert den romansvarlege klubb. Fotballsko skal takast av ute! Fritidssko tek me av i gangar og tek dei ikkje med inn i klasseroma/soveromma.ynskjer De at romma skal låsast, avtalar De dette med ansvarleg vakt. Vakter: namn og telefonnr, oppslag på dører og sekreteriat. Det skal vere ro fredag kveld seinast kl.23.30, laurdag kveld 00.30. Lagleiarane vert oppmoda om å passe på dette. Me gjer merksam på at skulen og fotballanlegget er røykfritt område. Måltider; KIOSK; Open fredagskvelden på bana. Kioskvarer, pølser, baguettar, brus/saft Laurdag: Frukost: 08.00-09.30 Middag: 13.30-15.00 Kveldsmat: 18.00-19.30 Søndag: Frukost: 08.00-09.30 Middag:1330-1500
All matservering vert i Storstova på skulen. Me krev at lagleiar følgjer spelarane SAMLA til måltida og forventar at det vert rydda etterpå. Fotballsko er ikkje tillatt i Storstova. Matsalen er heller ikkje staden for å fylle drikkeflaskene. Parkering; All parkering bør skje på tilvist område, primært på skuleområdet og rundt barnehagen. Ver venleg å ikkje parker langs vegen! Følg skilting!! Skilt for avkøyring ved E16 Kiosk; I kiosk/grillområdet vert det sal av mat og drikke. Her vil det finnast både varm og kald mat, i tillegg frukt til fornuftige prisar. Sekretæriat; Under heile turneringa vil det finnast eit sekretæriat på bana. Alle beskjedar eller ynskje skal rettast dit. Dette vil finnast ved servicebygget/kiosken, 2. etg. Kamp-programmet; Kampane vert avvikla etter vedlagde program. Lagleiar har ansvar for at laget stiller til rett tid. Alle kampane vert starta og stoppa på felles signal. Både på og utanfor bana minner me om NFF si FairPlay satsing. Det handlar om både trivsel og tryggleik. Berre laga i G/J 15/16 og G/J 13/14 vert premiert. Fritid og aktivitetar; KINO Om kvelden laurdag blir det DISCOTEK i STORSTOVA. Dette byrjar ca. kl 20.00 og varer til 2300. Aldersgrense 9-14 år. Ta hensyn og vis omtanke til dei minste!! Her vil og lokale jenter og gutar bli inviterte. MOTORIKkPARK, Leik og moro for store og små. www.motorikkpark-laerdal.no Prisar for parken: Kr 50,- pr.pers.pr.dag. www.laerdalferiepark.com Tryggleik; Alle laga vert oppfordra til å følgje FAIR PLAY både på og utanfor bana. Diverre er det ikkje alltid at alle som finst på eit slikt arrangements-område har fotball og trivsel som mål. Leiarane våre vil difor ha synlege vestar merka VERTSKAP. Om de ser eller opplever ting de ikkje likar, tek de kontakt med næraste VERT eller sekretæriatet. Me vil også ha ikkje synlege observatørar i området. Tlf. nattevakt NBNBNB!!!!
Ved eventuell brannalarm skal ALLE møte LAGVIS på kunstgrasbana med ansvarleg leiar i front.antal buande skal kvar dag meldast inn til vakthavande brannbefal i kommunen!!! Alle må ta ansvar for verdisakene sine. Normalt ligg det att både fotballutstyr og mobiltelefonar etter ei slik helg. Det lettar arbeidet vårt om de sikrar at alt medbrakt utstyr blir med heim på søndag. Lukke til med turneringa! I år har me desse klassane: Jenter/Gutar 9 år (5ar) Jenter/Gutar 10år Jenter/Gutar 11år Jenter/Gutar 12 år Jenter 13/14.Pokal Gutar 13/14 år.11ar Pokal Regelverk UMBRO Lærdalsturneringen 2017 Turneringen vert avvikla etter NFF sine reglar. Turneringa tillet følgjande unntak; - Laga har høve til å ha med 2 overårige i troppen, men berre 1 kan nyttast på bana til same tid
- Namn og draktnummer på overårige, forstått som eitt år over klassegrensa, skal leverast sekretæriatet snarast mogleg etter ankomst - Generelt oppmodar me til å stille aldersreine lag, eller å nytte underårige, forstått som eitt år under klassegrensa. - Reglar for 7ar fotball er gjeldande. Alle kampane vert spela over 1 x 20 min. Seriespel i klassane A og B. Ein jury samansett av turneringsleiar, dommarsjef og ein tilfeldig vald lagleiar frå dei gjestande lag vil løyse evntuelle protestar. Desse må vere skriftlege og leverast sekretæriatet snarast. Matallergi må meldast snarast til underteikna pr mail. Dei som kjem fredag melder ogso dette snarast råd til underteikna pr mail ole.petter.holmen@alb.no Spørsmål, saknar De noko?? Ta kontakt Hugs FAIR PLAY reglane! Ha ei FANTASTISK FLOTT FOTBALLHELG I LÆRDAL, den grøne kommunen Mvh Fungerande Turneringsleiar Håvard Bolstad m/stab. habol@online.no 976 01 461
Støtte:Jan Tore Stølen yjanto@hotmail.com 455 13 167