Smilets land - Thailand 9. - 24. januar 2010, 16 dagar. Bli med og opplev smilets land, forførande, vennleg, overraskande og som ein thailendar sjølv ville sagt: sanuk - moro! Denne turen bringer oss først til Bangkok og etterkvart nordover til områda rundt Det gyldne triangel. Her får vi oppleve mangfaldet i den thailandske kultur; ein smeltedigel av ulike etniske folkegrupper, vakker natur og gamle tradisjonar. Bak smilet finn ein tradisjonar og normer som stammar frå den over 2500 års gamle buddhistiske religionen og filosofien. Bangkok er ein by som er prega av kontrastar mellom det moderne og det tradisjonelle, mellom yrande liv og orientalsk mystikk. Byen søv aldri, aktiviteten er stor, turistane er mange, men byen kan og tilby gode opplevingar i fredfylte tempel. Vi beveger oss nordover til byen Kanchanaburi, og får med oss attraksjonar som Broen over Kwai og minnesmerke frå siste verdskrigen. Vi skal i nærkontakt med elefantar, nasjonaldyret i Thailand. Byen Ayutthaya er no under UNESCO sine venger og vi skal oppleve byen som tidlegare var hovudstad i Thailand. Vidare nordover besøker vi nok ein historisk by; Sukhothai. Her finn vi restane av den tidlege thaikulturen og kongedømet som vart etablert alt på 1200-talet. Det gyldne triangel blir av dei fleste assosiert med opiumsproduksjon, men området har mykje meir å by på. Med utgangpunkt i den nordlege byen Chiang Rai, skal vi konsentrere oss om natur og kultur, sjå på lokale handverkstradisjonar, nyte vakre orkidear og ikkje minst oppleve det thailandske kjøkken. Thailand er samansett av mange etniske folkegrupper; thai, mon, khmer, karen, kinesarar m. fl. Vi får oppleve noko av dette når vi besøker kulturhistoriske minnesmerke og møter menneske som lever av det dei sjølv produserer med utgangpunkt i sine eigne handverkstradisjonar. Den frodige naturen får vi oppleve m.a. når vi dreg på båttur på Kok-elva og under utflukt til Mae-Sa dalen Kongen og kongehuset i Thailand er samlande og høgt respektert av alle folkegrupper i landet. Kongen er og landet sin religiøse leiar. Buddhismen oppstod med utgangspunkt i Siddhara Gautama si lære for over 2500 år sidan. Denne læra som er like mykje ein livsfilosofi som ein religion, gjennomsyrer den thailandske kulturen. Asketiske munkar med sine karakteristiske kapper er synlege i bybiletet. Dei fleste thailandske gutar og menn har i ein periode eit opphald i eit tempel. Denne gamle kulturen skal vi oppleve litt av når vi besøker nokre av heilagdomane m.a. i Chiang Mai, ein by med 300.000 innbyggarar. Siste del av reisa skal vi tilbringe sørvest for Bangkok. Her kan vi nyte på flotte sandstrender, behageleg klima og god mat, før vi igjen set kursen heimover til norsk vinter. Chok Dii! God reise! Møre Folkehøgskule Kulturreiser Postboks 14 6151 Ørsta Websted: www.kulturreiser.com Telefon: 70 04 19 99 Mobil: 971 22 111 Telefaks: 70 04 19 98 Epost: kurs@more.fhs.no
Program dag for dag. 09. januar. Reisedag Avreise frå Gardermoen kl. 13.30 med Thai Airways. Flyet går direkte frå Gardermoen til Bangkok. Vi møtast på flyplassen to timar før avreise. Dag 1-10. januar. Ankomst til Bangkok. Vi får servert frukost på flyet, og landar i Bangkok kl. 06.20. Vi blir ynskt velkomen på flyplassen frakta til hotell Royal River Hotel. Etter at vi har installer oss på hotellet, blir det båttur på the Klongs of Thonburi ; sightseeing på kanalsystemet i byen. Eit av landemerka i Bangkok er det kjende buddhisttempelet; Wat Arun Morgengryets Tempel. Dette skal vi besøke før vi drar vidare og får eit glimt inn i dei kongelege si sfære gjennom eit besøk på museet der dei kongeleg båtane er utstilt; The Royal Barges Muesum. Lunsj blir servert ein gong i løpet av utflukta. Dagen blir avslutta på terrassen ved hotellet, med sjømat frå grillen. Broen over Kwai, kjend frå filmen med det same namnet. Dette er filmen med den karakteristiske plystrande kjenningsmelodien. Alex Guiness hadde hovudrolla filmen som i si tid fekk 7 Oscar-prisar. Ein togtur tar oss gjennom den mest spanande strekninga av Dødens jernbane, som vart bygd av krigsfangar under andre verdskrig. Vi får servert lunsj på Pheung Waan Resort. Om ettermiddagen skal vi til ein Elefant-leir og der vi får prøve oss på elefantryggen. Vidare går ferda med dei lokale long-tail båtane til elva Kwai. Det blir båttur på elva gjennom eit frodig og levande jungellandskap. Etter middag på ein lokal restaurant, får vi eit glimt av Mon-folket sin kultur gjennom ei 45 min. danseoppvisning. Mon-folket grunnla Dvaravati-riket rundt år 500 nord i Thailand. Kulturen er opprinneleg tufta på indiske / buddhistiske tankar. Dag 2-11. januar. Besøk i Bangkok med båt Etter frukost blir vi henta med båt frå kaia ved hotellet. Vi besøker det vakre Grand Palace tidlegare bustad for dei kongelege, og tempelet Wat Phra Keo, der vi m.a. får sjå alteret der Smaragdbuddhaen er plassert. Vi tar ei pause og får servert lunsj på restauranten Supratra River House Om ettermiddagen blir det besøk på Jim Thompson s House. Thompson etablerte seg i Thailand etter andre verdskrigen og vart ein pioner i Thai-silke bransjen, og han har fått mykje av æra for at thai-silke har blitt utbreidd over heile verda. I Bangkok har han og etablert ei unik samling av trehus, som no er gjort om til museum. Middag blir servert om kvelden. Dag 3-12. januar. Bangkok Kanchanaburi. Frukost på hotellet. Vi køyrer først til Danoeun Saduak og besøker den berømte flytande marknaden. Vi set så kursen vestover og køyrer ein times tid til Kanchanaburi, provinshovudstaden i provinsen med det same namnet. Her skal vi besøke ein krigsgravlund, og sjå den kjende Dag 4-13. januar. Kanchanaburi Ayouthaya. Frukost på hotellet. Vi reiser med long-tail -båt til Pak Seng Pier, og vidare med buss til Muang Singh og besøker eit gamalt Khmer-tempel. Khmer-riket omfatta rundt tusenårrskiftet område som i dag er Thailand, Malaysia, Laos og Vietnam. Khmer-folket hadde i denne perioden betydelig makt i regionen. Folket har etterlate seg mange og tydelige spor, og dei har m.a. sitt eige språk. På veg tilbake til Kanchanaburi blir tar vi ei pause for å innta lunsj ved Kwai-elva. På
ettermiddagen reiser vi vidare med buss til den gamle hovudstaden Ayuthaya, ca 80 km nord for Bangkok. Det blir middag og overnatting ved Krungsri River Hotel. vert nemninga brukt om eit større område i desse traktene, som er kjende for omfattande opiumsproduksjon. Chiang Rai er en by med ca. 66.000 innbyggarar. Vi får servert middag og skal overnatte på Wiang Inn Hotel Dag 7-16. januar. Chiang Rai. (frukost, lunsj) Frukost på hotellet. Vi startar dagen med båttur på Kok-elva. Kok-elva bind saman dei vestlege delane av området med Chiang Rai. Vi skal besøke lokale landsbyar og vi skal på elefanttur rundt ein Karen Village. Dette er ein landsby busett av Karen-folket. Denne etniske minoriteten i Thailand kom opprinneleg kom frå Burma og Tibet, og lever no i ein flyktningliknande tilstand i Thailand. Konflikten med burmesiske myndigheiter er knytt til sjølvstende og rettar, og er dagsaktuell. I løpet av dagen gjer vi ein stopp for å ete lunsj. Ettermiddagen går med til besøk på ein marknad i Mae Sai, ein liten by med livleg handel, tett ved grensa til Burma. Vi reiser tilbake Chiang Rai, et middag på eigen hand, og overnattar på Wiang Inn Hotel. Dag 5-14. januar. Ayuthaya Sukhothai. Frukost på hotellet. På føremiddag blir det omvisning i den gamle bydelen. Før vi reiser vidare blir det servert lunsj på ein lokal restaurant. Ferda går så vidare med buss, nordover til Sukhothai. Thaifolket har i uminnelege tider budd i det sørlege Kina. Derifrå spreidde dei seg gradvis aust- og sørover fram mot ca. år 1250, då dei første thaidominerte kongedøma oppstår i det nordlege Thailand. Den største grupperinga vart etablert rundt Sukhothai. Dette var staden der thai-kulturen og den thailandske identiteten først vart etablert. Vi får middag og skal innlosjerast på Pailyn hotel. Dag 6-15. januar. Sukhothai Chiang Rai. Etter frukost på hotellet skal vi på føremiddag til den gamle bydelen i Sukhothai. Sukhothaiperioden i Thailands historie er rekna frå 1200-1400. Perioden var prega av stor kunstnarisk og religiøs aktivitet, og tempelruinane i den historiske bydelen fortel om ein høgt utvikla kongedøme. Lunsj blir servert i løpet av reisa. Om ettermiddag reiser vi vidare nordover med buss til Chiang Rai. Dette er hovudstaden i den nordlegaste provinsen i Thailand. Vi har no kome inn i det gylne triangel, der grensene mellom Laos, Burma og Thailand møtest. I daglegtale Dag 8-17. januar. Chiang Rai. (frukost, lunsj) Frukost på hotellet. Vi reiser med buss til ein landsby i fjella. Det blir servert lunsj på ein lokal restaurant. Ettermiddagen nyttar vi til å besøke hjertet av det gyldne triangel. Om lag 60 km nordaust for Chiang Rai langs breidda av Mekong-elva, ligg byen Chiang Saen. Denne byen har vore eit sentralt handelspunkt for grenseområde mellom Laos, Kina, Burma og Thailand sidan det sjuande århundre. Middag på
eigen hand. Vi reiser tilbake for overnatting på Wiang Inn Hotel i Chiang Rai. Dag 9-18. januar.. Chiang Rai Chiang Mai. (frukost, middag) Frukost på hotellet. Denne dagen går turen til Chiang Mai, som er Nord-Thailands sentrum både utdanningsmessig, økonomisk og for turismen. Etter at ein har inntatt lunsj på eiga hand, skal vi sjå på lokale handverkstradisjonar. Handverkstradisjonane er varierte og står sterkt her i nord. Vi skal besøke fleire landsbyar der vi får sjå og kan kjøpe ulike varer. Om kvelden får vi servert Khantoke-middag, - eit tradisjonsrikt Thailands måltid. Under middagen får vi og servert ei fargesprakande folkedans-framsyning. Overnatting på The Empress Hotel. Dag 12-21. januar Bangkok Cha Am Vi kjem til Hua Lamphong stasjon i Bangkok om morgonen kl. 0700. Vi får frukost og forfriskingar før vi køyrer til Cha-Am, ein 3,5 t. køyretur mot sørvest. Her sjekkar vi inn på hotell Grand Pacific, tett ved stranda. Ettermiddagen og kvelden kan nyttast til å utforske området og kanskje er det freistande med eit bad på ei av Thailands lengste sandstrender! Lunsj og middag på eigen hand. Dag 10-19. januar. Chiang Mai. Frukost på hotellet. Denne dagen skal vi til Mae- Sa dalen. Vi kjem her inn i eit vakker og kupert landskap der vi skal besøke ein orkidé -farm. Thailand er kjend for stort utval av orkidéar med mange fargekombinasjonar og langt holbarheit. Elefanten er nasjonaldyret i Thailand. Vi får vere med på eit elefant-show, der vi får demonstret korleis elefantar blir nytta til ulikt typar arbeid. Etter at ein har hatt lunsj på eiga hand, dreg vi til Doi Suthep - tempelet. Dette tempelet vart oppført i 1383 og inneheld relikvier frå Buddha og bilete/teikningar som fortel om Buddha sitt liv. Tempelet ligg litt utanfor byen på høgde 1073 moh., og ein får her og flott utsikt over Chiang Mai. Middag på eigen hand. Overnatting på The Empress Hotel. Dag 11-20. januar. Chiang Mai Bangkok med tog. Frukost på hotellet. I Chiang Mai og omegn finns meir enn 300 tempel. Det eldste vart bygd i 1296 og stammar frå perioden byen vart grunnlagt. Før vi reiser sørover igjen skal vi på føremiddag oppleve freden i nokre av Chian Mai sine heilagdomar, i sterk kontrast til tempoet elles i byen. Etter at ein har inntatt lunsj på eigen hand, reiser vi til jernbanestasjonen i Chiang Mai, og reiser derifrå kl. 17.50 med tog. Vi tilbringer natta på toget, der det og er høve til å kjøpe middag på toget. Dag 13-22. januar. Cha Am. Frukost på hotellet. Cha-Am har ei roleg, uformell og triveleg atmosfære. Staden blir mykje nytta som rekreasjonsplass for Thailandske turistar. Her kan ein nyte freden, strandlivet og ikkje minst den gode thailandske maten; pirrande for smaksløkane og behagelig for lommeboka. Ein har og høve til å leige syklar for dei som ynskjer å sjå seg litt vidare omkring. Denne dagen blir det lunsj og middag på eigen hand. Dag 14-23. januar (frukost, middag) Frukost på hotellet. Lunsj på eigen hand. Denne dagen blir avslutta med avskjedsmiddag på ein lokal restaurant. Vi drøyer utsjekk frå hotellet til kl. 18, og set så kursen for Bangkok flyplass. Avreise frå hotellet kl. 19.30. Køyreturen tar ca. 3 timar. Dag 15-24. januar. Bangkok Oslo Avreise frå Bangkok kl. 0035. Vi landar på Gardermoen kl. 0645 (hugs å justere klokka!)
Pris: NOK 21.900,- pr. person i del av dobbelrom. Tillegg for einerom NOK. 4.000,-. Inkludert i prisen er: Overnatting i dobbelt- / enkeltrom med frukost. Måltid som skissert i programmet; 8 lunsjar, 7 middagar (inkludert 2 middagar med show.) Velkomsdrinkar på kvar hotell. Alle utflukter og all transport som det er skissert i programmet. Elefant-, båt- og togbillettar Engelsktalande guide Folkedans-show ved elva Kwai og Chiang Mai Reiseleiar frå Møre Folkehøgskule / Kulturreiser. Første klasse kupear på toget frå Chiang Mai til Bangkok. (to personar pr. kupe) Dette er ikkje inkludert i prisen: Enkeltromstillegg NOK 4.000,- Flyskattar ca. NOK 1.500,- (dette kan endre seg fram til avreise.) Tips til guidar og sjåførar. Personlege utgifter. Måltid som ikkje er tatt med i programmet. Drikke til måltida. Andre ting som ikkje er tatt med ovanfor. Websider for hotella: - Royal River Hotel (Bangkok) = www.royalrivergroup.com - Jungle Rafts (River Kwai) = www.riverkwaijunglerafts.com - Krungsri River (Ayutthaya = www.krungsririver.com - Pallyn (sukhothai) = www.hotelsthailand.name/thai/pailyn-sukhothai - Wiang Inn (Chiang Rai) = www.wianginn.com - The Empress (Chiang Mai) = www.empresshotels.com - Grand Pacific Resort (Cha Am) = www.sovereignresortandspa.com NB! Vi tar atterhald om program- og prisendringar og ynskjer alle ein god tur!