PROTOKOLL Fast utval for plansaker Møtedato: 19.06.2014 Møtetid: Kl. 14:45 15:05 Møtestad: Helland grendahus, Saksnr.: 023/14-028/14 Helland Medlemmer: H - Bjørn Sandnes FRP - Svein Harsjøen H - Ewa Hildre H - Rolf Longva AP - Trond Seth -- - Bente Åkre Rogne SP - Vebjørn Krogsæter UAVH - Astrid Ahrens Varamedlemmer: KRF - Andreas Peter Hellevik Forfall: KRF - Åge Vikestrand Av 9 medlemmer møtte: 8. Totalt frammøtte: 9 Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Vebjørn Krogsæter 28/14 Ingen Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Diverse: Ordførar Bjørn Sandnes Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen, stabsleiar Per Langnes. Elles møtte konstituert einingsleiar Kjetil Grytten, Hege Gjøsund og May Iren L. Flem frå byggesak, landbruk og arealforvaltning. Brev av 18.06.14 m/vedlegg frå Haram jeger- og fiskeforening. Innkallinga har vore kunngjort i avisa, og medlemmene har fått innkalling pr. e-post for nedlastning til lesebrett. Det kom ikkje fram merknader til innkallinga. Det vart samrøystes vedteke å føre opp sak 28/14 på saklista som tilleggssak.
Sakliste Sak nr. Saktittel 023/14 Godkjenning av møtebok 03.06.14 024/14 Detaljregulering felt B24 Søvik Aust gbnr 175/13 - godkjenning 025/14 Jegeropplæringssenter gbn 97/11, Vatnedalen 026/14 Gbn72/16 - Privat regulering av naustområde i Verpingsvika, Tennfjord- Offentleg ettersyn 027/14 Offentleg ettersyn- Gbn 19/4 - Regulering for 3 hytter på Rønstad, Lepsøy 028/14 Reguleringsendring Eidsvik BB-2-BB-4 - Varsel om oppstart/ offentleg ettersyn
023/14: Godkjenning av møtebok 03.06.14 Møtebok frå møtet 03.06.14 vert godkjent. UPL-023/14 Vedtak: Møtebok frå møtet 03.06.14 vert godkjent. 024/14: Detaljregulering felt B24 Søvik Aust gbnr 175/13 - godkjenning Fast utval for plansaker rår kommunestyret til å gjere fylgjande vedtak: Haram kommunestyre godkjenner med heimel i plan og bygningslova 12-12 forslag til detaljplan for B24 Søvik Aust, med føresegner og planomtale. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. UPL-024/14 Tilråding: Haram kommunestyre godkjenner med heimel i plan og bygningslova 12-12 forslag til detaljplan for B24 Søvik Aust, med føresegner og planomtale. 025/14: Jegeropplæringssenter gbn 97/11, Vatnedalen Det faste utval for plansaker frarår at det vert starta opp regulering av Jegeropplæringssenter i Vatnedalen på gnr 97/11 etter Plan- og bygningslova 12-12, grunna fleire miljø- og samfunnsmessige aspekt som kan verte konfliktfylt ved plassering av skytebane over Storelva. Ein bør vurdere alternative plasseringar for eit slikt senter for å eventuelt avgrense konsekvensar for miljø- og samfunn. Ei alternativ løysing for kommunen kan vere å vurdere dette i ein overordna plan (kommuneplan). Det omsøkte tiltaket er vurdert til å ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, det vert derfor sett krav om planprogram og konsekvensutgreiing Jf. plan- og bygningslova 4-1 ved ein eventuell planoppstart. Planomtalen bør spesielt ta føre seg utfordringar i forbindelse med skyting over elva, støybelastning i området og at det fins registerte artar som har leveområde, hekkeområde og trekkområde langs vassdraget og i skogsområdet. Den bør også ta føre seg utfordringar i forbindelse med tryggingstiltak (fareområde/avbøtande tiltak), problematikk kring friluftsliv og kryssing av elv/ tiltak i elv, samt forureining på grunn. Brev av 18.06.14 med vedlegg frå Haram jeger- og fiskeforening vart utdelt på møtet.
Ved røysting vart rådmannen sitt framlegg vedteke med 8 mot 1 røyst. UPL-025/14 Vedtak: Det faste utval for plansaker frarår at det vert starta opp regulering av Jegeropplæringssenter i Vatnedalen på gnr 97/11 etter Plan- og bygningslova 12-12, grunna fleire miljø- og samfunnsmessige aspekt som kan verte konfliktfylt ved plassering av skytebane over Storelva. Ein bør vurdere alternative plasseringar for eit slikt senter for å eventuelt avgrense konsekvensar for miljø- og samfunn. Ei alternativ løysing for kommunen kan vere å vurdere dette i ein overordna plan (kommuneplan). Det omsøkte tiltaket er vurdert til å ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, det vert derfor sett krav om planprogram og konsekvensutgreiing Jf. plan- og bygningslova 4-1 ved ein eventuell planoppstart. Planomtalen bør spesielt ta føre seg utfordringar i forbindelse med skyting over elva, støybelastning i området og at det fins registerte artar som har leveområde, hekkeområde og trekkområde langs vassdraget og i skogsområdet. Den bør også ta føre seg utfordringar i forbindelse med tryggingstiltak (fareområde/avbøtande tiltak), problematikk kring friluftsliv og kryssing av elv/ tiltak i elv, samt forureining på grunn. 026/14: Gbn72/16 - Privat regulering av naustområde i Verpingsvika, Tennfjord- Offentleg ettersyn Fast utval for plansaker godkjenner at detaljplan for naustområde Verpingsvika, Tennfjord gbn 72/16 vert lagt til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova 12-10. UPL-026/14 Vedtak: Fast utval for plansaker godkjenner at detaljplan for naustområde Verpingsvika, Tennfjord gbn 72/16 vert lagt til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova 12-10. 027/14: Offentleg ettersyn- Gbn 19/4 - Regulering for 3 hytter på Rønstad, Lepsøy Det faste utval for plansaker godkjenner at forslag til detaljplan for del av gbnr 19/4 på Rønstad, Lepsøy, vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova 12-10. Før offentleg ettersyn skal fylgjande punkt i føresegnene endrast: 3, 3.1 E. Formingskrav: Hyttene skal tilpassast terrenget og underordne seg naturpreget i området når det gjeld fargeval og ytre kledning. Hyttene skal ha ein ytre fasade i tre og med naturfargar. Taktekking skal ha ein mørk og matt verknad (mørk takstein, naturskifer eller takpapp).
UPL-027/14 Vedtak: Det faste utval for plansaker godkjenner at forslag til detaljplan for del av gbnr 19/4 på Rønstad, Lepsøy, vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova 12-10. Før offentleg ettersyn skal fylgjande punkt i føresegnene endrast: 3, 3.1 E. Formingskrav: Hyttene skal tilpassast terrenget og underordne seg naturpreget i området når det gjeld fargeval og ytre kledning. Hyttene skal ha ein ytre fasade i tre og med naturfargar. Taktekking skal ha ein mørk og matt verknad (mørk takstein, naturskifer eller takpapp). 028/14: Reguleringsendring Eidsvik BB-2-BB-4 - Varsel om oppstart/ offentleg ettersyn Det faste utval for plansaker godkjenner oppstart av arbeid med reguleringsendring og offentleg ettersyn av forslag om reguleringsendring i samsvar med henholdsvis plan og bygningslovas 12-8 og 12-10. Vebjørn Krogsæter gjekk frå som ugild. Han er styremedlem i Mørehus AS som har eigarinteresser i Møre Bustadutvikling AS. UPL-028/14 Vedtak: Det faste utval for plansaker godkjenner oppstart av arbeid med reguleringsendring og offentleg ettersyn av forslag om reguleringsendring i samsvar med henholdsvis plan og bygningslovas 12-8 og 12-10.