VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATTETAKST - ØYGARDEN KOMMUNE Takstvedtekter gjeldande frå 1. januar 2013

Like dokumenter
Takstnemnda skal ha tre medlemar med ein leiar, ein nestleiar og eit medlem. I tillegg vert det valt tre varamedlemar.

Masfjorden kommune - ein kommune me er stolt av. Takstvedtekter for sakkunning nemnd og sakkunning klagenemnd. Vedteke i kommunestyret

Vedtekter for eigedomsskattetakst

Den sakkunnige nemnda skal ha tre medlemer der éin er leiar, éin nestleiar og éin medlem. I tillegg skal det veljast tre varamedlemer i rekkefylgje.

Takstvedtekter for sakkunnig takstnemnd og sakkunnig ankenemnd gjeld frå

EIGEDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR VESTRE SLIDRE KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER. for Balestrand kommune. Balestrand kommunestyre. xx.xx.xxxx sak 13/xxx

VIK KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR KVINNHERAD KOMMUNE. Vedtekter for sakkunnig nemnd og felles sakkunnig klagenemnd gjeld frå 1.

Vedtekter for eigedomsskattetakst

EIGEDOMSSKATTE- VEDTEKTER

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Vedtekter for skattetakstnemnda i Ulstein kommune

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Til å handsama klagar på utskrivinga av eigedomsskatten kan kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 20 anten

INNHALD: 1. Sakkunnig nemnd og ankenemnd. 2. Eigedomskattekontoret. 3. Synfarar og andre sakkyndige i takseringsarbeidet. 4. Takseringsarbeidet

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NAUSTDAL KOMMUNE

12/1303-2/K1-232//AEM EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT FOR STRYN KOMMUNE

Takstvedtekter gjeld frå 1. januar 2013, vedteke i heradsstyret 12. desember 2012.

Den sakkunnige nemnda skal ha fem medlemmer med ein leiar, ein nestleiar og tre medlemmer. I tillegg blir det valt fem varamedlemmer.

TAKSTVEDTEKTER FOR LUSTER KOMMUNE

Eigedomskattevedtekter for Sogndal kommune

Over faste eiendommer I NES KOMMUNE. Vedtatt i kommunestyret , saksnr. 80/13

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VOLDA KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HYLLESTAD KOMMUNE

1 SAKKYNDIG NEMND OG KLAGENEMND FOR EIENDOMSSKATT

Eigedomsskattevedtekter vedteke av kommunestyret i sak 048/14 med presisering i sak 059/14

EIENDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR FOLLDAL KOMMUNE. Takstvedtekter for sakkyndig nemnd og sakkyndig ankenemnd gjeldende fra 1.

Eigedomsskatt. Hjelmeland kommune. Vedtekter for. i Hjelmeland kommune. Innhald KAP. I - SAKKUNNIG TAKSTNEMND KAP.II - FØREBUING AV TAKSERINGA

Den sakkyndige nemnd skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg vel kommunestyret tre varamedlemmar.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

1 SAKKYNDIG TAKSTNEMND OG FELLES SAKKYNDIG KLAGENEMND

FAUSKE KOMMUNE. 12/9865 I I Arkiv JoumalpostID: sakid.: 12/2313 I Saksbehandler: Jonny Riise VEDTEKTER FOR EIENDOMSSKATT - FAUSKE KOMMUE

TYSNES KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

1 SAKKYNDIG NEMND OG KLAGENEMND FOR EIENDOMSSKATT

EIENDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR TRØGSTAD KOMMUNE Takstvedtekter for sakkyndig 1 nemnd og sakkyndig klagenemnd gjeldende fra

Innkalling av Valnemnd

SOGNDAL KOMMUNE VEDTEKTER EIGEDOMSSKATT Vedtekne av kommunestyret i sak 50/05 Kap.

Takstvedtekter for Åmli kommune. Gjelder fra 30. mars 2012 Endret av kommunestyret , sak K 13/172

Vedtekter for Eiendomsskatt i Hurdal kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SANDE KOMMUNE

Eiendomsskattevedtekter for Jevnaker kommune

Vedtekter. for eiendomsskatt. Gjelder fra skatteåret 2018.

Innhold. Takstvedtektene gjelder fra

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR MODUM KOMMUNE Takstvedtekter gjeldende fra 1. juli 2013

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER STRAND KOMMUNE

Vedtekter for skattetakster over faste eiendommer i Balsfjord kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HAMMERFEST KOMMUNE VEDTATT AV KOMMUNSTYRET SAK 14/16

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HVALER KOMMUNEvedtatt

VEDTEKTER FOR EIENDOMSSKATTETAKSTER FOR VERDAL KOMMUNE (rev. gjeldende fra )

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SNÅSA KOMMUNE Vedtatt i kommunestyrets møte 4. april 2013 sak K. 22/13.

Eiendomsskattevedtekter for sakkyndig nemnd i Hol kommune Vedtatt av Hol kommunestyre i sak 9/19. Gjeldende fra

KSEs FORSLAG TIL EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - ALTERNATIV 1: SKATTETAKSTNEMND 1

Eigedomsskatteliste for 2017 til offentleg gjennomsyn.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER NOTODDEN KOMMUNE GJELDER FRA

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/659- Sigrun Hafsten, /2014

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG NEMND MARKER KOMMUNE

Vedtekter for eiendomsskatt i Eidsberg kommune. Rådmannens forslag

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Siljan kommunes eiendomsskattevedtekter. Vedtatt i K-sak 59/ desember 2013

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR KONGSBERG KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND vedtatt 21. mai 2014

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER BERGEN KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER I KONGSBERG KOMMUNE SKATTETAKSTNEMND

Skattetakstnemnda skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg velges tre varamedlemmer.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER SAKKYNDIG NEMND

Eiendomsskattevedtekter for Meråker kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SARPSBORG KOMMUNE

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SAKKYNDIG NEMND OG SAKKYNDIG ANKENEMND I GAUSDAL KOMMUNE.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SIGDAL KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER RINDAL KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/1197- Gerard Kort, EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

Eiendomsskattevedtekter for Sør-Varanger kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - HARSTAD KOMMUNE

Nesset kommune EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER. Vedtatt i Nesset kommunestyre, , sak 102/14.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER I GRAN KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND 1

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

GAMVIK KOMMUNE Eiendomsskattevedtekter

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NES KOMMUNE (Vedtatt av kommunestyret )

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

Eiendomsskattevedtekter

BØ KOMMUNES EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG NEMND

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR FET KOMMUNE Vedtatt k-sak 83/13 Revidert k-sak 12/14

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER ROLLAG KOMMUNE - Versjon 2013.

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Vågsøy kommune EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT. Vedteken av Vågsøy kommunestyre K-sak 08/13

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

Den sakkyndige takstnemnd skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg velges tre varamedlemmer.

Møteinnkalling for Kommunestyret

Transkript:

ØYGARDEN KOMMUNE 12/2496-4 VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATTETAKST - ØYGARDEN KOMMUNE Takstvedtekter gjeldande frå 1. januar 2013 1 TAKSTNEMND OG FELLES KLAGENEMND 1.1 Takstnemnd Til å føreta taksering av alle eigedomsskattepliktige eigedomar i kommunen med unnatak av vasskraftanlegg (jf. skattelova (sktl.) 18-1 (2) a), oppnemner kommunestyret ei eller fleire takstnemnder, jf. eigedomsskattelova (esktl.) 8A-2 og 8A-3. Takstnemnda skal ha tre medlemar med ein leiar, ein nestleiar og eit medlem. I tillegg vert det valt tre personlege varamedlemar. Takstnemnda fattar sine vedtak i fellesskap. Dersom det er usemje om eit særskilt spørsmål, kan nemnda avgjera usemja ved avrøysting. Nemndleiaren har til oppgåve å planlegga og å leia takseringsarbeidet, samt å syta for at framdrifta i takseringa går etter planen. Dersom nemndleiaren har forfall, overtek nestleiaren i nemnda leiaren sine oppgåver. 1.2 Klagenemnd Kommunestyret oppnemner ei felles klagenemnd til å handsama både klager over takstnemnda(ene) sine takstvedtak (overtakst) og klager over eigedomsskattekontoret sine utskrivingsvedtak, jf. esktl. 19 og 20. Klagenemnda skal vera samansett av seks medlemar, der det er ein leiar, ein nestleiar og fire medlemar. Klagenemnda sine medlemar skal ha personlege varamedlemmar. Klagenemnda fatter sine avgjerder i fellesskap. Usemje vert avgjort ved avrøysting. Ved likt antal røyster, har klagenemndsleiaren dobbeltrøyst. Klagenemndsleiaren har til oppgåve å planlegga og å leia klagehandsaminga, samt å syta for ei forsvarleg framdrift i sakshandsaminga. Dersom leiaren i klagenemnda har meldt forfall, overtek nestleiaren i klagenemnda oppgåvene til leiaren.

Side 2 av 9 1.3 Valbarheit, oppnemning av nye nemndsmedlemar og fråtreding Takstnemnda og klagenemnda sine medlemar vert oppnemnd av kommunestyret. Dei som er pliktige til å motta val til kommunestyret, er valbare og pliktige til å motta val til takstnemndene. Dette gjeld ikkje faste medlemmer av formannskapet, jf. esktl. 21 1. Valperioden følger kommunevalperioden, men slik at halvparten av medlemane og varamedlemane i takstnemnda og klagenemnda trer ut og vert erstatta anna kvart år. Samstundes vert leiarar og nestleiarar oppnemnd for den neste toårsperioden. Kommunestyret kan ved behov oppnemna fleire takstnemnder som får ansvar for kvart sitt geografiske område i kommunen. Det skal berre vera éi klagenemnd. 1.4 Inhabilitet Reglene om habilitet i forvaltningslova (fvl.) 6 gjeld for nemndene. Nemnda avgjer sjølv om eit medlem er inhabilt utan at medlemet deltek. 1.5 Møteplikt Medlemane i takstnemnda og klagenemnda har plikt til å møta i alle møte, med mindre vedkomande har gyldig forfall. Ved forfall skal medlemet snarast råd varsla eigedomsskattekontoret, som kallar inn varamedlemet. Når eit medlem ikkje møter, har varamedlemet møteplikt. 2 EIGEDOMSSKATTEKONTORET 2.1 Eigedomsskattekontoret Eigedomsskattekontor er lagt til økonomikontoret. 2.2 Eigedomsskattekontoret sine oppgåver Eigedomsskattekontoret si oppgåve er å skriva ut eigedomsskatten på grunnlag av takstnemnda(ene) sine takstar og kommunestyret sine vedtekne satsar. Eigedomsskattekontoret skal vidare fungera som sekretariat for takstnemnda og klagenemnda. Det er kontoret sitt ansvar å legga til rette for takstnemndene sitt arbeid, mellom anna å syta for alt administrativt og kontormessig arbeid for takstnemndene. Dersom kommunestyret i staden for ny alminneleg taksering har vedteke kontorjustering etter bestemmingane i esktl. 8A-4, skal eigedomsskattekontoret stå føre justeringa. Takstauken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vera meir enn 10 prosent av det 1 Spørsmålet om varamedlemar til formannskapet kan verta oppnemnd i takstnemnd og klagenemnd er munnleg førelagt Finansdepartementet, som opplyste at spørsmålet ikkje er vurdert.

Side 3 av 9 opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste alminnelege takseringa. 2.3 Deltaking på møte i takstnemnda Eigedomsskattekontoret skal så langt det er ønskjeleg delta på nemndmøte for å legga til rette for og hjelpa nemndene i deira arbeid. Eigedomsskattekontoret sin representant har ikkje røysterett på møta, skal ikkje delta i sjølve takseringsarbeidet og kan ikkje instruera nemnda. 2.4 Førebuing av takseringsarbeidet Eigedomsskattekontoret utarbeider liste over eigedomane i kommunen. Lista skal også innehalda eigedomar som skal eller kan fritakast for eigedomsskatt, jf. esktl. 5 og 7. Det bør utarbeidast ei eiga liste over antakelege verk og bruk. 2.5 Innhenting av opplysningar frå skattytar og/eller brukarar av eigedomen Eigedomsskattekontoret førebur takseringa ved å innhenta tilgjengeleg informasjon om kvar einskild eigedom. Eigedomsskattekontoret kan pålegga eigaren (skattytar) å utlevera opplysningar som har mykje å seie for taksten, og både eigar (skattytar) og brukar av eigedomen har plikt til å gje opplysningar som er nødvendige for utskriving av eigedomsskatten, jf. esktl. 31. Eigedomsskattekontoret kan setta frist for å gje opplysninger, jf. esktl. 31 (3). Fristen skal ikkje vera kortare enn fire veker. Eigedomsskattekontoret kan samstundes varsla om at brot på opplysningsplikta gjev grunnlag for ei forsenkingsavgift, som vert sett på grunnlag av eigedomen sitt skattegrunnlag i tråd med bestemmingane i esktl. 31 (4). 2.6 Engasjement av sakkunnige for takstnemnda og klagenemnda Takstnemndene kan be eigedomsskattekontoret tilkalla sakkunnig hjelp til å gje rettleiande takstar samt rettleiande uttalar om særskilde tekniske eller juridiske spørsmål når dette vert sett på som nødvendig. Ved taksering av større verk og bruk bør det engasjerast sakunnig taksator med særskilt kompetanse på den type verk og bruk som det er aktuelt å taksera. Dei sakkunnige deltek ikke i sjølve takseringa og har ingen røysterett. Dei same reglar for habilitet gjeld som for medlemane i takstnemndene. 3 TAKSERINGSARBEIDET 3.1 Oppgåvene til leiar i takstnemnda Det ligg til takstnemnda sin leiar, i samarbeid med eigedomsskattekontoret, å planlegga, leia arbeidet og tilysa takstene.

Side 4 av 9 Nemndleiar kallar inn til møta. Leiar av eigedomsskattekontoret vert kalla inn til alle møta i takstnemndene. Nemnda er røystefør og kan ta avgjerder sjølv om eigedomsskattekontoret sin representant ikkje er til stades. Nemnda vert kalla inn til så mange møte som er nødvendig for å gjennomføra takseringa. 3.2 Informasjon til dei andre nemndmedlemane På det første møtet for nyutnemnd nemnd eller klagenemnd, informerer nemndleiar og eigedomsskattekontoret om nemnda sine oppgåver, dei relevante lovreglane og kommunen sine skattetakstvedtekter. Til det første møtet vert også alle varamedlemane kalla inn. Er det fleire takstnemnder i kommunen, kan det konstituerande møtet gjennomførast i fellesskap. 3.3 Møteprotokoll frå møte i nemndene Det skal førast protokoll frå alle møte i takstnemndene. Takstprotokollen bør skrivast under av medlemane i nemndene ved slutten av kvart møte. I protokollen skal alle avgjerder nedteiknast. Protokollen skal innhalda opplysningar om kvar einskild eigedom som vert taksert, herunder kva som inngår i taksten, kva for verdsettingsprinsipp som er lagt til grunn, kva taksten er og korleis ein har kome fram til verdien av eigedomen. 3.4 Generelle prinsipp for takseringsarbeidet Takstnemnda skal verdsetta dei skattepliktige eigedomane etter reglene i esktl. 8A-2, slik regelen er tolka i rettspraksis. Takstnemndene fastset taksten etter skjønn og kan ikkje instruerast av eigedomsskattekontoret, kommunestyret eller formannskapet i kommunen. Verdsettinga skal skje med utgangspunkt i det generelle likehandsamingsprinsippet som gjeld for eigedomsskatt. Takstnemnda skal utøva sitt skjønn etter beste evne. Alle eigedomar som ikkje er unnateke frå eigedomsskatteplikt skal verdsetjast, og like tilfelle skal handsamast likt. Nemnda kan ikkje gjera andre frådrag eller reduksjonar i taksten enn kva lova heimlar. Alle takstar vert avrunda til næraste heile 1000 kroner. Dersom det er ulik eigar for grunn og bygningar på ein fast eigedom, skal grunnen og bygningane normalt verta taksert kvar for seg.

Side 5 av 9 3.5 Vedtak av retningsliner og sjablongar, verdsettingsprinsipp Før den alminnelege takseringa tek til, drøftar nemnda eller nemndene i fellesskap alminnelege retningsliner for takseringa for å sikra størst mogeleg samsvar i vurderingane. Ved behov kan prøvetaksering finna stad. Takstnemndene kan vedta sjablongar til bruk i takseringa. Sjablongane er eit hjelpemiddel for å koma fram til eigedomen sin takstverdi, og skal ta høgd for at eigedomen sin naturlege tilstand (innretning), nytteverdi (brukseigenskap) og plassering (lokalisering) kan verka inn på verdien, jf. esktl. 8A-2 (1). Verk og bruk skal som hovedregel verdsettast til anlegget sin substansverdi. 3.6 Synfaring Takstnemnda skal synfara alle eigedomar som skal verdsettast for utskriving av eigedomsskatt, med mindre anna er avtalt med skattytar. Det følgjer av langvarig praksis at det normalt ikkje er synfaring ved taksering av kraftliner og nettanlegg. Eigaren (skattytar) skal i god tid på førehand varslast om at nemnda kjem på synfaring. Eigedomsskattekontoret føretek varslinga, og peikar på at eigaren og brukaren av eigedomen er pliktig til å medvirka til synfaring ved taksering etter esktl. 8A-3, jf. esktl. 31 (2). Eigedomsskattekontoret kan setta frist for eigaren og brukaren sin medverknad til at synfaring kan la seg gjennomføra, jf. esktl. 31 (3). Ved brot på plikta, kan eigedomsskattekontoret pålegga eigaren (skattytar) ei forsenkingsavgift, jf. esktl. 31 (4). Avgifta vert sett på grunnlag av eigedomen sitt skattegrunnlag. Avgift skal ikkje påleggast når fristen er overtrådt på grunn av sjukdom, alderdom, eller anna orsakeleg grunn. 3.7 Fotografering Eigedomsskattekontoret, sakkunnig taksator og takstnemnda sine medlemar har rett til å ta fotografi av eigedomen til bruk for takseringa. 3.8 Fastsetting av takst I samband med takseringa skal takstnemnda blant anna ta stilling til - Kva for eigedomer som er skattepliktige innanfor det verkeområdet kommunestyret har definert, jf. esktl. 3. - Kva for eigedomar som er verk og bruk, jf. esktl. 4 andre ledd andre setning. - Kva for bygningar og driftsmidlar som er ein del av eit verk og bruk, jf. esktl. 4 andre ledd, tredje og fjerde setning, samt esktl. 8A-2 (2). - Grensesnittet mellom kraftanlegg og overføringsanlegg, jf. sktl. 18-1 (2) a.

Side 6 av 9 - Kva for eigedomar som er unnateke frå eigedomsskatt, jf. esktl. 5, og kva for eigedomar som er fritekne, jf. esktl. 7. 3.9 Teieplikt Takstnemnda og klagenemnda sine medlemar har teieplikt om informasjon dei får tilgang til gjennom sine verv, jf. esktl. 29, jf. Ligningslova 3-13. Takstnemnda og klagenemnda sine medlemar skal i samband med tiltredinga gje skriftleg erklæring om teieplikta. 4 OMTAKSERING, SÆRSKILT TAKSERING OG KONTORJUSTERING 4.1 Kommunestyret kan vedta omtaksering Den alminnelege takseringa i kommunen vert utført normalt kvart 10. år. I perioden mellom den alminnelege takseringa i kommunen kan kommunestyret vedta at omtaksering skal føretakast etter dei retningsliner og vilkår som går fram av esktl. 8A-3 (2) og (5). Kommunen dekker kostnadene ved takseringa. 4.2 Skattytar sitt krav om omtaksering Skattytar kan kreva omtaksering i tida mellom dei alminnelege takseringar dersom eigedomen er delt, bygningar på eigedomen er rivne eller øydelagt av brann eller liknande, eller det er ført opp nye bygningar eller gjort vesentlege endringar på eigedomen, jf. esktl. 8A-3 (5). Skattytar må i tilfelle sjølv dekka utgiftene ved takseringa. Takstnemndene avgjer om vilkåra for å kreva omtaksering er til stades. 4.3 Formannskapet og skattytar sitt krav om særskilt taksering Dersom verdien av ein eigendom er vesentleg endra i høve til andre eigendomar i kommunen, kan både formannskapet og skattytar kreva særskilt taksering i tida mellom dei alminnelege takseringene. Skattytar må sjølv dekka kostnadene med takseringa som vert gjennomført etter krav frå skattytar. Krav om omtaksering må vera sett fram innan 1. november i året før skatteåret. Takstnemndene avgjer om vilkåra for å kreva omtaksering er til stades.

Side 7 av 9 4.4 Kontorjustering Kommunestyret kan i staden for ny alminneleg taksering gjera vedtak om å auka taksten som vart sett for eigedomen ved den siste alminnelege takseringa for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret kan dessutan gjera vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigedomar som er verdsett særskilt før eit tidspunkt som kommunestyret fastset. Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vera meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste alminnelege takseringa. Det er eigedomsskattekontoret som står for og gjennomfører kommunestyret sitt vedtak om kontorjustering etter reglane i esktl. 8A-4. 5 KLAGE PÅ TAKSTEN OG UTSKRIVINGA 5.1 Klage på taksten - Klagefrist og overtreding av klagefrist Overtakst kan krevast av vedkomande skattytar eller formannskapet, jf. esktl. 8A-3 (3). Klage over taksten må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at eigedomsskattelista vart lagt ut, eller dagen skattesetelen vart sendt det året takseringa finn stad. Klage over taksten kan seinare setjast fram i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, berre om det ikkje er klaga på taksten tidlegare, jf. esktl. 19, første ledd tredje setning. Takstnemnda/klagenemnda kan ta ei klage frå skattytaren til handsaming sjølv om klagefristen er overtrådt når vedkomande ikkje kan lastast for å ha overtrådt fristen, eller at det er svært viktig for skattyteren at klaga blir handsama. Tilsvarende kan ei klage frå formannskapet verta teken til følgje etter klagefristen dersom ho er til skattyteren sin gunst. Eigedomsskattekontoret eller takstnemnda kan innvilga utsett klagefrist i einskildhøve dersom det vert oppmoda om det og det er rimelege grunnar for å innvilga utsett klagefrist. 5.2 Handsaming av klage på taksten Eigedomsskattekontoret skal senda klage over takseringa til takstnemnda, som gjer dei undersøkingar som klaga gir grunn til. Takstnemnda kan oppheva eller endra vedtaket dersom ho finn at klaga er grunngjeve. Dersom takstnemnda ikkje gjev klagar medhald, vert dokumenta i saka oversendt til klagenemnda utan opphald.

Side 8 av 9 Dersom klagenemnda ser det som nødvendig, kan det hentast inn uttalar frå sakkunnige. Klagenemnda må gjennomføra synfaring. Klagenemnda kan prøva alle sider av taksten, og kan også endra taksten til skattytaren sin ugunst. Dersom klaga ikke vert handsama innan ein måned, skal klagaren gjevast eit mellombels svar, jf. fvl. 11 a. 5.3 Omgjering Klagenemnda sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast 2. Skattytaren kan be klagenemnda om å gjera om sitt eige vedtak. Klagenemnda har i slike høve inga plikt til å vurdera vedtaket på nytt, men har høve til det dersom ho finn det rimeleg. I tilfelle klagenemnda finn å avvisa ei oppmoding om omgjering, bør det presiserast at vedtaket ikkje er eit nytt realitetsvedtak som gjev grunnlag for ny frist for søksmål. 5.4 Klage på utskrivinga - Klagefrist og overtreding av klagefrist Klage over utskrivninga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at egedomsskattelista vart lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt, jf. esktl. 19. Eigedomsskattekontoret/klagenemnda kan ta ei klage frå skattytaren til handsaming sjølv om klagefristen er overtrådt når vedkomande ikkje kan lastast for å ha overtrådt fristen, eller at det er svært viktig for skattyteren at klaga vert handsama. Eigedomsskattekontoret eller takstnemnda kan innvilga utsett klagefrist i einskildhøve dersom det vert oppmoda om det og det er rimelege grunnar for å innvilga utsett klagefrist. 5.5 Handsaming av klage over utskrivninga Gjeld klaga utskrivninga, gjer eigedomsskattekontoret sjølv dei undersøkingar som klaga gjev grunn til. Eigedomsskattekontoret kan oppheva eller endra vedtaket dersom det finn klaga grunngjeve. Dersom eigedomsskattekontoret ikkje finn grunn til å gje klagar medhald, vert dokumenta i saka oversendt til klagenemnda utan opphald. 5.6 Protokoll frå klagenemnda Klagenemnda skal føra protokoll frå møta i klagenemnda. 2 Dette gjeld også dersom klage vert sett fram i samband med utskrivinga i seinare år, jf. esktl. 19.

Side 9 av 9 I protokollen skal det gå fram grunngjeving for at vedtaket er oppretthalde eller endra. Protokollen skal opplysa kva for faktum og rettsgrunnlag klagenemnda bygger på, og kva for verdsettingsprinsipp som er lagt til grunn for den einskilde eigedom. I protokollen må det takast stilling til eigaren eller formannskapet sine klagegrunnar. 6 ULIKE BESTEMMINGAR 6.1 Godtgjersle til takstnemndene og sakkunnige Kommunestyret/formannskapet fastset godtgjersla til nemndmedlemane. Eigedomsskattekontoret fastset godtgjersla til sakkunnige. Eigedomsskattekontoret syt for utbetalinga av godtgjersla. 6.2 Frist for utskriving av eigedomsskatt Eigedomsskatten skal vera skrive ut og skattelistene offentliggjorte innan 1. mars i skatteåret. Ved første gongs utskriving skal den alminnelege takseringa vera avslutta innan utgangen av juni i skatteåret. Ved utviding av skatteområdet og/eller innføring av botnfrådrag gjeld eigne overgongsordningar, sjå fotnotar i eigedomsskattelova. 6.3 Eigedomsskattelistene Eigedomsskattelista skal liggja ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagt ut, jf. esktl. 15. I kunngjeringa skal det opplysast om fristen for klage og kor klaga skal sendast. Samstundes med at eigedomsskattelista vert lagt ut ut, vert skattesetel sendt til skattytar. 6.4 Skatteterminar Eigedomsskatten forfell til betaling etter dei terminar som kommunestyret fastset. 6.5 Klage eller søksmål på takst eller utskriving har ikkje oppsetjande verknad Eigedomsskatten skal betalast til fastsatt tid og med dei beløp som først er fastsette, sjølv om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står til prøving for ein klageinstans eller domstolane, jf. esktl. 25 (3). Vedteke av Øygarden kommunestyre 12.12.12