Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august!



Like dokumenter
Velkomen sundag 21. august! - til eit nytt og annleis skuleår

Til deg som skal gå på

Velkomen sundag 27. august - til eit nytt og annleis skuleår!

Velkomen torsdag 22. august - til eit nytt og annleis skuleår!

Kort elevinformasjon skoleåret

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Elevinformasjon

Elevinformasjon

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plan for Liabygda SFO

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Kort elevinformasjon skoleåret

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing E-post lesar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Internasjonal vidaregåande skule

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Plan for overgangar. for barn og unge

Rådgjevarkonferanse 2009

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Bruk av reiserekning i Agresso

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Elevinformasjon

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

mmm...med SMAK på timeplanen

Nytt HFK Intranett

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

10/60-14/N-211//AMS

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Velkommen til songarstemne i Florø!

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Handbok for Bømlo Folkehøgskule

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Velkommen til Skiringssal folkehøyskole!

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Årsplan mat og helse 7. trinn

Praktiske opplysingar for internatbuarar ved Gjermundnes vgs OPPLYSINGAR FOR INTERNATBUARAR. ved Gjermundnes vgs. Skuleåret

Informasjon til elevane

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Rådgjevarkonferanse 2010

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Søking til skuleåret

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Respekt på Rommetveit skule

1. Partar i leigeavtalen

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Stemnehandboka for NKSF

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Elevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

6. trinn. Veke 24 Navn:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Brukarrettleiing. epolitiker

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjon til foreldre/føresette for elevar ved Sygna vidaregåande skule

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Finansiering av søknaden

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Transkript:

Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august! Vi opnar skulen og tek imot deg frå kl 1000. Kom i god tid, gjerne tidleg på dagen, for å installere deg på internatet. Vi ynskjer å møte foreldre / føresette til ei orientering kl 1600. Opninga er kl 1800. Vi gler oss til å treffa deg Vi er spente på kven du er, kva du har med av gleder, interesser og historier. Vi vil skapa ein skule for livet ein skule der du står i sentrum. Vi vil at du får oppleva glede og læring, respekt og toleranse mellom medelevar og tilsette på skulen. Linjer og valgfag nytt valfag: luftsport! Du har vald linje; her finn du eit eige brev frå linjelærar. Valfaga vel du etter at du har kome til skulen. Valfaga skiftar kvart år, men du kan sjå på nettet kva som er utgangspunktet i år. Luftsport er eit heilt nytt fag i år. Luftsport gjer deg mogelegheit for å få sertifikat for fallskjerm, paragliding og speedriding. Valfaga går i periodar, nokre går gjennom heile året, som Luftsport, til dømes. Faget går ein dag i veka, det kostar ekstra, kr 17.000 (ca 50% av full pris!). Fellesskap og aktivitet Aktiv livsstil og fellesskap står i fokus. Vi har mange aktivitetar der vi er fysisk aktive, i bevegelse og leik. Du må ha utstyr for trening, for tur i sol og regn, og gode tursko/terrengsko. Sjå utstyrsliste. På Voss Folkehøgskule får du prøve nye ting. Kom med eit opent sinn! Du vil bli utfordra på kva du liker og ikkje liker. Kanskje oppdagar du ein ny lidenskap? Det er berre fantasien som set grensar for kva du kan fylla året ditt med, så vi håpar du er klar for eit aktivt skuleår På Voss kan du laga dine eigne prosjekt, filmproduksjonar, elevkveldar, bingo, volleyball, bading i Vangsvatnet, trening i treningsstudio, dans, LAN, rollespel, pysjamasparty, karaokekveldar... Fellesskapet er viktig; at alle deltek! Her får du undervisning i linjefag og valfag, du får masse sosialt samvær på linja, i valfag, på turar, i peisetova, på internatet Vær aktiv så får du energi! Vær en ven så får du vener! Beste helsing frå alle oss på Voss Folkehøgskule!

Viktig informasjon Reiser linjetur pass - forsikring Gyldig pass og eigen reise- og helseforsikring MÅ du ha før linjeturen. Vi har kollektiv ulykkesforsikring på elevane våre, men du må ha innbuforsikring for dine eigne ting. Sjekk pass og forsikring i dag! Internat Internata heiter Jomsborg, Oppigard og Midtgard. Vi har mest dobbeltrom, enkeltrom kostar ekstra. Fordeling av internatrom blir gjort i august. Fyll ut skjema og kryss av for ditt ynskje! Dei som av viktige grunnar ynskjer seg einerom vil bli prioritert. Kryss også av for om du røykjer/røykjer ikkje; vi vil ikkje leggja røykjarar og ikkje-røykarar på same rom. Klesvask Du ordnar med eigen klesvask på internatet. Du må merke kleda dine med namn. 100 ungdommar driv vaskeriet saman. Sjekk nettstader der du kan kjøpe lappar/stempel. Internett Vi har trådlaust internett i alle undervisningsrom og fellesrom. Elevromma har ikkje trådlaust nett. Mat diett Våre måltider er: Kvardagar: frukost kl 0745 lunsj kl 1130 middag kl 1600 kveldsmat kl 2000 Laurdagar: frukost kl 0830 middag kl 1300 kveldsmat kl 1800 Sundagar: frukost kl 0900 middag kl 1600 kveldsmat kl 2000 Har du matintoleranse, eller treng spesialdiett, må du gje beskjed om dette på førehand. Send ein epost til kjøkkenleiar Osmine seinast ei veke før du kjem: osmine@voss.fhs.no Dersom du har spesialdiett som vil koste ekstra for oss, vil det vera ein eigendel for deg. Lege - fastlege Du kan gå inn på www.nav.no/minfastlege og velje deg ein lege for året du er på Voss. Dei som ikkje har fastlege her, må bruka legevakta. Kva skal du ta med deg? Dette MÅ du ha med: Dette BØR du ha med: Sengetøy: dyne, pute, laken, trekk Sykkel med god lås! Sengeteppe/pledd 5 min m sykkel til sentrum; 20 min å gå Håndklær, store og små Undertøy i ull/ullblanding evt kunstfiber Toalettsaker Ullsokkar Treningstøy og treningssko Vindtett bukse Regntøy og støvlar Allværsjakke Gode tursko for terreng Tursekk Sovepose Lue og vottar Badetøy Tykk genser Klede og undertøy for ute og inne Solbriller og solkrem Innesko Termos/drikkeflaske Vaskemidlar til klede, helst flytande Musikkinstrument (viss du har)

Økonomi kostnader betalingsplan Skulepengar dekker kost, losji og felleskostnader. Tilleggskostnader betalast i november. Kostnader 1. innmeldingspengar: kr 2 000 2. studietur: 11 000 19 500 (avhengig av linje/reisemål): betaling 15. august, faktura vedlagt. 3. skulepangar: 89 000 i dobbeltrom / 94 500 i enkeltrom: betaling kvar månad, sjå under. 4. tillegg: ca 4 000 5 000: heiskort, instrumentundervisning og anna, avhengig av linje Skulen brukar AvtaleGiro. Betalingsforfall er den 15. i kvar månad. Dei fylgjer utbetalingane frå Lånekassen den 15. i kvar månad. Beløpsgrense er sett likt for alle (maks beløp for enkeltrom er kr 26 150, sjå septembersatsen). Trekket frå din konto er sjølvsagt berre på det du skal betala. Send tilbake vedlagt AvtaleGiro-skjema til oss snarast! Søk om lån snarast! Gå til nettsida http://www.lanekassen.no/ for søknad og info. Her finn du oversikt over Lånekassen sine utbetalingar for maks lån 2015. NB! Utbetaling frå lånekassen skjer først etter at skulen har bekrefta at du har møtt * Betaling dobbeltrom Betaling enkeltrom Du får frå Lånekassen 1 Betaling 15 august studietur studietur * 20 184 2 Betaling 15 september 22 150 26 150 7 569 3 Betaling 15 oktober 7 150 7 150 7 569 4 Betaling 15 november 7 150 7 150 7 569 5 Betaling 15 desember 7 150 7 150 7 569 6 Betaling 15 januar 16 800 18 300 20 184 7 Betaling 15 februar 7 150 7 150 7 569 8 Betaling 15 mars 7 150 7 150 7 569 9 Betaling 15 april 7 150 7 150 7 569 10 Betaling 15 mai 7 150 7 150 7 569 Totalt 89 000 94 500 100 920 Ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8 % pr mnd. Eleven er sjølv ansvarleg for betaling til Voss Folkehøgskule om ikkje anna er avtala. Vi brukar AvtaleGiro. Fakturabeløpet vil alltid vera mindre enn utbetalinga du har fått frå Lånekassen. Du betalar til skulens bankkonto: 9581 05 00639. Studieturen betalar du innan 15. august; faktura er vedlagt her. NB! Dersom du sluttar i skuleåret, uansett årsak, må du betala skulepengar 10 veker frå sluttdato. Skulebevis og identitetskort Skulebevis: gjer moderasjon på reiser for studentar og vert ordna på skulen når du er komen hit. Identitetskort: Du må ha godkjend legitimasjon t.d. bankkort/pass/førarkort. Skulebeviset er ikkje godkjent som legitimasjon.

Skulerute haust vår 2015-2016 August 23 laurdag skulestart Oktober 3 laurdag haustfest for elever og foreldre/familie 4-12 sundag-måndag haustferie November 6-8 laurdag-sundag elevstemne for alle noverande og tidlegare elevar 14-29 uke 47-48 reiseveker Desember 17 torsdag juleavslutning heimreise, skulen stengjer kl 12 Januar 5 tysdag skulestart skulen opnar 4 jan kl 17 Februar 20-28 laurdag-sundag vinterferie skulen opnar 29 febr kl 17 Mars 17-30 fredag-onsdag påskeferie skulen opnar 30 mars kl 17 April Mai 12 torsdag avslutningsfest for elever og foreldre/familie 13 fredag avreise skulen stengjer kl 12 NB! atterhald om endringar - Datoane viser fridagar frå og med til og med. Skulen er stengt i alle feriar: haust- jul- vinter- og påskeferie. Reglement Rus & rusmidlar Voss Folkehøgskule er eit aktivt miljø utan rus. Du kan ikkje vere rusa, bruka eller oppbevara alkohol, narkotika eller nokon andre rusmidlar på skulen eller skulen sitt nærområde. Dette omfattar og skulen sine arrangement/besøk/turar og liknande. Bryt du reglane for narkotika blir du utvist for resten av skuleåret og må reise innan 24 timar. Bryt du reglane for alkohol vil du bli bortvist frå skulen ein periode, -ved gjentaking vil du bli utvist frå skulen for resten av skuleåret og må reise innan 24 timar. Brot på norsk lov Brot på norsk lov kan meldast til politiet og kan også medføre disiplinærsak. Oppmøte, fråvær og permisjon Det er frammøteplikt til alle timar, arrangement og turar i skulens sin regi. Fråværet ditt vil stå i vitnemålet. Elevar som har meir enn 10 % fråvær må rekne med å miste skuleplassen. Alt fråvær skal dokumenterast. Sjukdom meldes med ein gong til lærar/kontor og du leverer eigenmelding når du er frisk att. Alt planlagt fråvær og permisjonar skal avtalast med skulen på førehand. Rektor kan i spesielle tilfelle godkjenne dokumentert fråvær. Sjå eige skriv. Skjema får du på kontoret og leverast lærar. Konsekvensar ved avbrote år Blir du utvist for resten av skuleåret, eller du sluttar frivillig, må du betale skulepengar i 10 veker frå sluttdato/heimreisedato. Viss du mister skuleplassen eller avsluttar før skuleslutt mister du dei to konkurransepoenga, og Lånekassen vil ikkje konvertere låna til stipend. Disiplinærutval og anke Skulen har eit eige disiplinærutval i hht Lov om folkehøgskolar 5. Disiplinærutvalet består av lærarråd og rektor. Vedtak gjort i Disiplinærutvalet kan ankes. Anke på vedtak i disiplinærutvalet sendes styret for skulen v/rektor innan 3 veker. Din underskrift Du må underskriva på at du kjenner desse reglane, og vil samarbeida på desse premissane.

Svarskjema dette er ditt eksemplar; det gule må du sende tilbake til oss snarast! Ønske om rom på internatet: Set X framfor ønske ditt: (totalprisane finner du over) Vi prøver så godt vi kan å imøtekoma romynskje ditt, men kan ikkje lova at du får det. Har du spesielle grunnar for ynskje om einerom kan du skriva det under. Dobbeltrom Enkeltrom tillegg kr 5 500 for heile skuleåret Røykjer ikkje Røykjer Eg har matallergi og sender Har du andre opplysningar som du bør informera skulen om? Skriv her, evt send oss epost! Reglement / trivselsreglar (se reglement over) All undervisning er obligatorisk, også fellesaktivitetar, øvingar og turar Alkohol er forbode, både bruk, oppbevaring på skulen og å vera påverka av alkohol Narkotika er forbode, i det heile, frå skulestart og gjennom heile skuleåret Som elev må du vera einig i skulen sine rammer. Dersom du sluttar i skuleåret uansett årsak, må du betala skulepengar for 10 veker ekstra. Eg underteiknar på at eg er kjent med skulen sitt reglement og vil samarbeida på desse premissane. Eg samtykker i at skulen, i samarbeid med helsepersonell, kan ta medisinsk prøve dersom det er mistanke om bruk av narkotika. Eg samtykker i at rektor får vita resultatet av ein medisinsk prøve. Namn:... Linje... Adresse:. Epost... Telefon.. Din underskrift Underskrift føresette: (underskrift av føresette for deg som er under 18 år) Returner svarskjema - med din, og evt føresette sine underskriftar - saman med AvtaleGiro snarast! Send til Voss Folkehøgskule, Eskelandsvegen 28, 5704 Voss, eller scan og send til post@voss.fhs.no