FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE Ordensreglementet er ei forskrift fastsett med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61: Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) samt ny Forskrift til Opplæringslova 3-5 (1. august 2009). Forskrift til ordensreglement er fastsett av Samarbeidsutval/Skuleutval ved Austebygd skule og barnehage 23.03.10 og trer i kraft frå 01.04.10 Ordensreglementet er ei forskrift etter Forvaltningslova 2 og har vore på høyring i elevrådet, personalet, FAU og SU/SKU. Ordensreglementet gjeld for Austebygd skule og erstattar tidlegare reglement vedteke av Samarbeidsutvalet 25.09.02 og godkjent i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg 12.11.02 DEL 1 FORMÅL OG VIRKEOMRÅDE 1.1 Formål Alle elevar har krav på eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjer helse, trivsel og læring (jf Opplæringslova 9a-1). Formålet med ordensreglementet er å bidra til godt samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremja god orden og gode arbeidsvanar slik at læringsmiljøet blir best mulig. Reglementet er retningsgivande for vurdering i orden og åtferd. Formålet med denne vurderinga er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skapa eit godt psykososialt arbeidsmiljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd. 1.2 Virkeområde Ordensreglementet gjeld for elevar ved Austebygd skule i Radøy kommune, og reglementet omfattar også skulefritidsordninga ved skulen. Reglementet gjeld ved all opplæring og aktivitetar som føregår i skulen sin regi. Dette inneber at ordensreglementet gjeld i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal, og når elevane har opplæring og aktivitetar andre stadar enn på skulen sitt område, til dømes på uteskule, ekskursjonar, turar, leirskule m.m. Reglementet gjeld også på skulevegen. Ordensreglementet inneheld reglar om - orden og åtferd - tiltak som skal nyttast om elevar bryt reglementet (sanksjonar) - framgangsmåten når slike saker vert handsama (sakshandsamingssreglar) Reglar og sanksjonar som framgår av opplæringslova og forskrift til opplæringslova er normalt ikkje gjentatt i ordensreglementet. Kontaktlærararne har ansvar for å gå gjennom skulen sitt ordensreglement med elevane ved skulestart om hausten. I tillegg skal kvar kontaktlærar, i samarbeid med elevane, utarbeida klasseromsreglar for si gruppe ved skulestart. Desse reglane skal ha ei positiv vinkling i høve til aktivt arbeid for å skapa eit best mogeleg skulemiljø. Klasseromsreglane skal leggjast fram for rektor.
DEL 2 ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE Skulen sitt ordensreglement er retningsgivande for vurdering i orden og åtferd (Jfr. 3-5 i Ny forskrift til Opplæringslova) som seier: Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen. ORDEN: Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr. ÅTFERD: Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. Me vil hjelpa til for å få ein skule med medansvar, orden, høfleg framferd og positive haldningar. Hovudregel: Ver mot andre slik du vil at andre skal vera mot deg. 1. RESPEKT OG TRIVSEL På Austebygd skule vil me at alle skal trivast! - helsar me på kvarandre og svarar kvarandre høfleg - held me god orden i klasserommet, på gangen og på uteområdet - oppfører me oss slik at me ikkje øydelegg skulen eller skulen sine bøker og utstyr. eller andre sine eigendelar - er det ikkje lov til å ha grov munnbruk, banna eller snakka nedsetjande om eller til andre - oppfører me oss slik at ingen kjenner seg plaga eller mobba, eller vert halden utanfor (skulen har null-toleranse for mobbing og eigen Handlingsplan for å sikra eit GODT PSYKOSOSIALT SKULEMILJØ - (jfr. Oppl.lova Kap. 9a) - melder me frå til ein vaksen om nokon vert plaga - rettar me oss etter beskjedar eller korreksjonar frå dei vaksne 2. SAMARBEID OG MEDANSVAR På Austebygd skule er me saman om innhaldet i skuledagen! - førebur me oss alltid godt til timane, har underskrifter og innleveringar klare til avtalt tid, og fuskar ikkje i skulearbeidet - har me med oss det me treng til skuledagen, slik som bøker, skrivesaker og klede - møter me presis til timar og aktivitetar, både om morgonen og etter friminutt/pausar - kjem me raskt i gang med oppgåver og aktivitetar i timane - tek kvar enkelt ansvar for å halda arbeidsro og visa respekt, både i timane og ved ulike fellesaktivitetar (t.d. i gymsalen) - har me alltid meldingsboka med på skulen, og leverer melding i den ved fråvær, lekser som ikkje er gjort, o.l. Ordensreglane er retningsgjevande for individuell vurdering i : orden)
3. OMSYN OG OMTANKE For at alle skal bli synt omtanke og ha det trygt på Austebygd skule, har me også ein del andre reglar. - held me oss på skulen sitt område i skuletida (slik at dei som har ansvar for tilsyn med elevane kan ha god oversikt) - unngår me leik som er øydeleggjande, eller farleg for oss sjølve eller andre (slik som skubbing, sparking, slosting/leikeslosting m.m.) - er det ikkje tillatt å sykla på skulen sitt område i skule-/barnehagetida - er det ikkje lov å kasta ting som kan skada andre (t.d. snøball, sand, stein eller andre gjenstandar ) - er det ikkje tillatt å ha med farlege gjenstandar på skulen (slik som knivar, stikkreiskap, våpen av ulike slag e.l.) - skal ikkje elevane bruka mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida...(har elevar med seg mobiltelefon, leverer dei den inn når dei kjem på skulen. Mob.tlf. vert oppbevart på kontoret til eleven går heim.) 4. PÅ SKULEVEGEN (på skulebussen, når me går eller syklar) - viser me omsyn og omtanke for å få ein trygg og god skuleveg for alle - følgjer me trafikkreglane - bør berre elever frå 5.årstrinn og oppover kunna sykla til skulen, og må då bruka hjelm - går me rett opp på skulen om morgonen - ventar me på bussvakta ved porten når skuledagen er ferdig - 5. HELSE På Austebygd skule tar me vare på helsa vår! - møter me utkvilte på skulen - kler me oss etter vêret, og heng yttertøy av oss i gangen/garderoben - er me ute i alle friminutta (om ikkje særskilde høve gjer at noko anna er avtalt) - tar me ikkje med snop på skulen (unnateke etter avtale med lærar ved særskilde høve) - er det ikkje tillatt å ha med seg eller nytta rusmidlar eller tobakk på skulen sitt område 6. NETTVETT OG BRUK AV DIGITALT UTSTYR - me har ansvar for å bruka internett og digitalt utstyr slik tilsette på skulen har instruert oss
SAKSGANG VED BROT PÅ ORDENSREGLANE Eleven skal alltid få forklara seg før det vert tatt avgjerd om straff/sanksjonar. Denne uttaleretten gjeld ved alle typar refsingstiltak, og eleven har rett til å uttala seg direkte til den som fattar vedtak om sanksjonar (Opplæringslova 3-7). Eleven pliktar å overhalda pålagde sanksjonar, og manglande overhalding kan føra til nye sanksjonar. Elevar kan gjennom tilrettelagd samtale få løysa konfliktar i forhold til medelevar. Elevar skal få høve til, eller kunna bli pålagt, å gjera opp for seg. Føresette skal raskt informerast ved gjentatte, eller alvorlege brot på reglementet. Alle sanksjonar må stå i rimeleg forhold til brotet på ordensreglane. Alvorlege brot, eller gjentatte brot på reglane, vil medføra strengare sanksjonar. Den mest alvorlege sanksjonen er bortvising for timar eller for resten av dagen, og kan kun vedtakast av rektor sjølv. Når særskilde tiltak, som t.d. bortvising vert vurdert iverksett, skal rektor - rådføra seg med eleven sine lærarar - vurdera å bruka andre hjelpe- eller refsingstiltak (jfr. Opplæringslova 3-8) - varsla eleven sine føresette før det vert sett i verk bortvising for resten av dagen Bortvising for resten av dagen inneber at det blir fatta enkeltvedtak etter Forvaltningslova 2. Vedtaket skal vera skriftleg, med begrunning og med opplysning om klagerett. Vedtak om tvunge skulebyte kan vera aktuelt i alvorlege mobbesaker. Eit slikt vedtak må gjerast av rådmannen. (Sjå også skulen sin Handlingsplan mot mobbing.) Det kan berre ileggjast sanksjonar som følgjer av lov, forskrift og reglement. Det same gjeld ved brot på reglar som følgjer det lokale ordensreglementet. KONSEKVENSAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE Brot på reglane kan få desse konsekvensane: - Påtale / irettesetjing frå ein av skulen sine tilsette - Melding til føresette, skriftleg eller munnleg - Møte til samtale saman med dei føresette - Eleven kan bli halden inne i friminutt (m/tilsyn) - Pålegg om ekstra leksearbeid heime, dersom eleven let vera å gjera det arbeidet som vert avtalt i skuletimane eller ikkje har gjort avtalte heimelekser - Utestenging frå bruk at PC for kortare eller lengre tid (timar / dagar) - Eleven kan bli gitt alternativt opplegg på skulen når gruppa/klassen skal på symjing, ekskursjon, uteskule o.l. - Eleven kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar til anna tilsyn og aktivitet, eller bli bortvist for resten av dagen. - Gjenstandar kan bli tatt frå eleven og levert tilbake ved skuledagens slutt. For farlege gjenstandar eller ved gjentatte brot på reglementet, vert gjenstanden beslaglagt og må hentast av føresette. - Eleven kan bli pålagt å gjera opp for seg gjennom praktisk arbeid (t.d. etter hærverk) - Ved skade på bygningar, lærebøker og skulemateriell, kan skadevaldaren gjerast erstatnings-pliktig innafor dei rammene som lova set (Jfr. Skade-erstatningslova 1.2) - Vedtak om midlertidig eller permanent gruppe- eller skulebyte - Kontakta politiet ved svært alvorlege situasjonar og anmelda straffbare forhold Følgjande sanksjonar / straff skal ikkje nyttast: - Fysisk refsing eller anna krenkande behandling - Kollektiv avstraffing