Nr. 54/346 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 15.11.2007 EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 2422/2001 2007/EØS/54/13 av 6. november 2001 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr* EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR 3) Det er viktig å fremje tiltak som sikrar at den indre marknaden verkar tilfredsstillande. med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1, med tilvising til framlegget frå Kommisjonen( 1 ), 4) Det er ønskjeleg å samordne dei nasjonale initiativa for energimerking, slik at den negative innverknaden på industri og handel vert så liten som råd. med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet( 2 ), etter samråd med Regionutvalet, etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten( 3 ), og 5) I framlegg til tilnærming av lover og forskrifter i medlemsstatane om helse, tryggleik, miljøvern og forbrukarvern bør utgangspunktet vere eit høgt vernenivå. Denne forordninga medverkar til å sikre eit høgt vernenivå for både miljøet og forbrukaren, ettersom siktemålet er å betre energieffektiviteten til denne typen utstyr monaleg. ut frå desse synsmåtane: 1) Kontorutstyr utgjer ein stor del av det samla elektrisitetsforbruket. Det mest effektive tiltaket for å redusere elektrisitetsforbruket til kontorutstyr er å redusere forbruket i kviletilstand, i samsvar med konklusjonane til Rådet av mai 1999 om energitap hjå elektronisk forbrukarutstyr i kviletilstand. Dei ulike modellane som finst tilgjengelege på fellesskapsmarknaden, har svært ulikt forbruk i kviletilstand. 6) Ettersom måla for det framlagde tiltaket ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla. 2) Det kan òg gjerast andre tiltak for å redusere elektrisitetsforbruket til slikt utstyr, t.d. å slå det av når det ikkje er i bruk og når dette ikkje går ut over funksjonaliteten til utstyret. For å kunne utnytte dette potensialet for energisparing bør Kommisjonen avgjere kva tiltak som er føremålstenlege. (*) Denne fellesskapsrettsakten, kunngjort i EFT L 332 av 15.12.2001, s. 1, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 167/2004 av 3. desember 2004 om endring av EØS-avtalens vedlegg IV (Energi), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 26 av 26.5.2005, s. 13. ( 1 ) TEF C 150 E av 30.5.2000, s. 73, og TEF C 180 E av 26.6.2001, s. 262. ( 2 ) TEF C 204 av 18.7.2000, s. 18. ( 3 ) Europaparlamentsfråsegn av 1. februar 2001 (TEF C 267 av 21.9.2001, s. 49), felles haldning frå Rådet av 31. mai 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF) og europaparlamentsavgjerd av 3. oktober 2001. 7) I artikkel 174 i traktaten er det vidare fastsett at måla for fellesskapspolitikken på miljøområdet m.a. skal omfatte vern og betring av miljøet og ei varsam og fornuftig utnytting av naturressursane. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft står for 30 % av dei utsleppa av karbondioksid (CO 2 ) som er valda av menneske, og svarar til om lag 35 % av det primære energiforbruket i Fellesskapet. Desse prosentdelane er aukande, og tap som er valda av utstyr i kviletilstand, står for om lag 10 % av forbruket til utstyret.
15.11.2007 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 54/347 8) Rådsvedtak 89/364/EØF av 5. juni 1989 om Fellesskapets handlingsprogram for bedre elektrisitetsutnyttelse( 1 ) har eit dobbelt mål: å oppmuntre forbrukarane til å velje apparat og utstyr med høg elektrisitetseffektivitet, og å betre effektiviteten til apparata og utstyret. Det er naudsynt med ytterlegare tiltak for å betre forbrukarinformasjonen. 15) For å kunne påverke krava til Energy Star-merket, som vert nytta over heile verda, bør Fellesskapet ta del i denne merkingsordninga og i utarbeidinga av dei naudsynte tekniske spesifikasjonane. Kommisjonen må likevel gjere jamlege vurderingar for å sikre at dei tekniske kriteria er ambisiøse nok, og ta tilstrekkeleg omsyn til interessene til Fellesskapet. 9) I protokollen til rammekonvensjonen til Dei sameinte nasjonane om klimaendring, som vart underteikna i Kyoto 10. desember 1997, vert det oppmoda til at Fellesskapet seinast i tidsrommet 2008 2012 reduserer utsleppa av klimagassar med 8 %. For å nå dette målet trengst det strengare tiltak for å redusere CO 2 -utsleppa i Fellesskapet. 16) Ei effektiv ordning for handheving er naudsynt for å sikre at programmet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr vert gjennomført på ein korrekt måte, samstundes som ho garanterer rettvise konkurransevilkår for produsentar og vernar rettane til forbrukarane. 10) I europaparlaments- og rådsbeslutning 2179/98 av 24. september 1998 om revisjon av Det europeiske fellesskaps program for politikk og tiltak på området miljø og bærekraftig utvikling, «Mot en bærekraftig utvikling»( 2 ) er ei av hovudprioriteringane for integrering av miljøkrav at det på energiområdet skal innførast energieffektivitetsmerking av apparat. 11) I resolusjonen sin av 7. desember 1998 om energieffektivitet i Det europeiske fellesskapet( 3 ) oppmoda Rådet til meir bruk av merking av apparat og utstyr. 12) Det er ønskjeleg at krava til, merkinga av og prøvingsmetodane for energieffektivitet vert samordna når dette er føremålstenleg. 17) Denne forordninga omfattar berre kontorutstyr. 18) Rådsdirektiv 92/75/EØF av 22. september 1992 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger( 4 ) er ikkje det mest høvelege verkemiddelet når det gjeld kontorutstyr. Det mest kostnadseffektive tiltaket for å fremje energieffektiviteten til kontorutstyr, er eit frivillig program for merking. 19) For at ordninga skal kunne gjennomførast på ein effektiv og nøytral måte, må eit høveleg organ, Rådet for Energy Star i Det europeiske fellesskapet (ECESB), få til oppgåve å medverke i utarbeidinga og revisjonen av dei tekniske spesifikasjonane. ECESB bør vere samansett av nasjonale representantar. 13) Det meste av energieffektivt kontorutstyr finst tilgjengeleg til same eller til ein litt høgare pris, og eventuelle tilleggskostnader kan difor ofte tenast inn på heller kort tid gjennom lågare forbruk av elektrisitet. På dette området kan difor målet om å spare energi og redusere utsleppa av CO 2 nåast på ein kostnadseffektiv måte, utan at det er til ulempe for forbrukarane eller industrien. 14) Handelen med kontorutstyr er verdsomfattande. Avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet om samordning av programma for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr vil lette den internasjonale handelen og miljøvernet når det gjeld slikt utstyr. Denne forordninga har som mål å gjennomføre den førnemnde avtala i Fellesskapet. ( 4 ) TEF L 157 av 9.6.1989, s. 32. ( 5 ) TEF L 275 av 10.10.1998, s. 1. ( 6 ) TEF C 394 av 17.12.1998, s. 1. 20) Det må sikrast at det er samsvar og samanheng mellom programmet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr og prioriteringane innanfor fellesskapspolitikken og med andre fellesskapsordningar for merking eller sertifisering, t.d. dei som er fastsette ved direktiv 92/75/EØF og ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke( 5 ). 21) For å hindre forvirring for forbrukarane og skiplingar i marknaden er det er ønskjeleg at fellesskapsprogrammet for Energy Star vert samordna med andre frivillige ordningar for energimerking av kontorutstyr i Fellesskapet. ( 4 ) TEF L 297 av 13.10.1992, s. 16. ( 5 ) TEF L 237 av 21.9.2000, s. 1.
Nr. 54/348 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 15.11.2007 22) For å lette tilgangen til og deltakinga i ordninga for produsentar og eksportørar frå tredjestatar er det naudsynt å sikre at det er klarleik i gjennomføringa av ordninga, og at det er samsvar med relevante internasjonale standardar kvalitetssertifisering og med andre ordningar, særleg ordninga for tildeling av fellesskapsmiljømerket, som er fastsett ved forordning (EØF) nr. 880/92, og ordninga for merking av og standardiserte vareopplysningar for energi- og ressursbruken til hushaldsapparat, som er fastsett ved direktiv 92/75/EØF. VEDTEKE DENNE FORORDNINGA: Artikkel 1 2. Programdeltakarar og andre organ kan merkje sine eigne kontorutstyrsprodukt med den felles logoen og nytte han til marknadsføring av desse produkta. Mål I denne forordninga vert det fastsett reglar for fellesskapsprogrammet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr (heretter kalla «Energy Star-programmet») slik det er definert i avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet om samordning av programma for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr (heretter kalla «avtala»). Deltakinga i Energy Star-programmet er frivillig. Artikkel 2 Verkeområde Denne forordninga skal nyttast på dei produktgruppene av kontorutstyr som er definerte i vedlegg C til avtala, med atterhald for eventuelle endringar i samsvar med artikkel X i avtala. 3. Kontorutstyrsprodukt som den felles logoen kan nyttast på etter at dei har fått godkjenning av miljøvernbyrået i Sambandsstatane (USEPA) til slik bruk, skal reknast for å vere i samsvar med denne forordninga, med mindre det ligg føre prov på det motsette. 4. Utan at det rører ved fellesskapsreglane for samsvarsvurdering og samsvarsmerking og/eller ved eventuelle internasjonale avtaler som er gjorde mellom Fellesskapet og tredjestatar med omsyn til tilgang til fellesskapsmarknaden, kan Kommisjonen eller medlemsstatane utføre prøvingar for produkt som er omfatta av denne forordninga og vert marknadsførde i Felleskapet, for såleis å kontrollere at dei stettar krava i denne forordninga. Artikkel 5 Artikkel 3 Definisjonar Registrering av programdeltakarar I denne forordninga tyder a) «felles logo» det merket som er oppført i vedlegget, b) «programdeltakarar» produsentar, monteringsføretak, eksportørar, importørar, detaljistar og andre organ som pliktar seg til å fremje utvalde energieffektive kontorutstyrsprodukt som stettar spesifikasjonane i Energy Star-programmet, og som har valt å ta del i Energy Starprogrammet ved å late seg registrere hjå Kommisjonen, 1. Søknadar om å verte programdeltakar skal sendast over til Kommisjonen. 2. Kommisjonen skal ta avgjerd om å godkjenne ein søkjar som programdeltakar etter å ha kontrollert at søkjaren har gjeve samtykke til å rette seg etter dei retningslinjene for bruk av logoen som er førde opp i vedlegg B til avtala. Kommisjonen skal offentleggjere ei ajourførd liste over programdeltakarar og jamleg sende denne over til medlemsstatane. c) «spesifikasjonar» dei krava til energieffektivitet og yting, medrekna prøvingsmetodar, som vert nytta til å fastsetje om energieffektive kontorutstyrsprodukt kan godkjennast for merking med den felles logoen. Artikkel 4 Allmenne prinsipp 1. Der det er føremålstenleg, skal Energy Star-programmet samordnast med andre fellesskapssystem for merking eller Artikkel 6 Marknadsføring og informasjon 1. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane og medlemmene i ECESB, gjere sitt beste for å oppmuntre til bruk av den felles logoen gjennom medvitsaukande tiltak og informasjonskampanjar for forbrukarar, leverandørar, forhandlarar og ålmenta.
15.11.2007 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 54/349 2. Kvar medlemsstat skal, ved hjelp av alle tilgjengelege verktøy i Fellesskapet, leggje vinn på å sikre at forbrukarar og andre organ som det kjem ved, skal gjerast medvitne om eller få tilgang til detaljerte opplysningar om Energy Starprogrammet. 3. For å oppmuntre til kjøp av kontorutstyrsprodukt som ber den felles logoen, skal Kommisjonen og andre fellesskapsorgan, saman med andre offentlege styresmakter på nasjonalt plan og utan at det rører ved fellesskapsregelverket, nasjonal lovgjeving og økonomiske kriterium, oppmuntre til at det vert nytta energieffektivitetskrav som er minst like strenge som spesifikasjonane i Energy Star-programmet når krava til kontorutstyrsprodukt skal definerast. Artikkel 7 Andre frivillige ordningar for energimerking 1. Eksisterande og nye frivillige ordningar for energimerking av kontorutstyrsprodukt i medlemsstatane kan nyttast parallelt med Energy Star-programmet. 2. Kommisjonen og medlemsstatane skal syte for å sikre den samordninga som er naudsynt mellom Energy Starprogrammet og nasjonale ordningar og andre merkingsordningar i Fellesskapet eller i medlemsstatane. Artikkel 8 Rådet for Energy Star i Det europeiske fellesskapet 1. Kommisjonen skal skipe eit råd for Energy Star i Det europeiske fellesskapet (ECESB), som er samansett av nasjonale representantar slik det er nemnt i artikkel 9, og av andre partar som det kjem ved. ECESB skal overvake gjennomføringa av Energy Star-programmet i Fellesskapet og når det er føremålstenleg, gje råd og støtte til Kommisjonen slik at han kan utføre oppgåva si som forvaltingsorgan. 2. Eitt år etter at denne forordninga tek til å gjelde og kvart påfølgjande år skal ECESB utarbeide ein rapport om korleis produkt som ber den felles logoen, har trengt gjennom i marknaden, og om den teknologien som finst tilgjengeleg for å redusere energiforbruket. 3. Kommisjonen skal syte for at ECESB, i den grad det er mogleg og for kvar gruppe av kontorutstyrsprodukt, sikrar ei balansert deltaking frå alle dei partane som den aktuelle produktgruppa kjem ved, t.d. produsentar, detaljistar, importørar, miljøverngrupper og forbrukarorganisasjonar. 4. Kommisjonen skal fastsetje møteføresegnene til ECESB, samstundes som det vert teke omsyn til synspunkta til medlemsstatane sine representantar i ECESB. 5. Kommisjonen skal jamleg melde frå til Europaparlamentet og Rådet om verksemda til ECESB. Artikkel 9 Nasjonale representantar Kvar medlemsstat skal, slik det er føremålstenleg, peike ut nasjonale sakkunnige, styresmakter eller personar på området energipolitikk (heretter kalla «nasjonale representantar») som har ansvaret for å utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga. I tilfelle der fleire enn éin nasjonal representant vert utpeikt, skal medlemsstaten avgjere kva fullmakter desse representantane skal ha og kva samordningskrav som skal gjelde for dei. Artikkel 10 Arbeidsplan Etter å ha rådspurt ECESB skal Kommisjonen, i samsvar med dei måla som er fastsette i artikkel 1 og innan seks månader frå denne forordninga tek til å gjelde, utarbeide ein arbeidsplan og leggje han fram for Europaparlamentet og Rådet. Arbeidsplanen skal omfatte ein strategi for utviklinga av Energy Star-programmet som for dei tre etterfølgjande åra bør innehalde: måla for betringar av energieffektiviteten, samstundes som det vert teke omsyn til trongen for høge krav til forbrukarog miljøvern, og måla for den gjennomtrenginga av marknaden som Energy Star-programmet bør ta sikte på å verkeleggjere på fellesskapsplan, ei ikkje-utfyllande liste over kontorutstyrsprodukt som i første rekkje bør omfattast av Energy Star-programmet, utkast til framlegg til opplærings- og marknadsføringskampanjar og andre tiltak som er naudsynte, framlegg til samordning og samarbeid mellom Energy Starprogrammet og andre frivillige ordningar for energimerking i medlemsstatane. Arbeidsplanen skal reviderast jamleg. Han skal reviderast første gongen seinast tolv månader etter at han er send over til Europaparlamentet og Rådet, og deretter kvar tolvte månad. Artikkel 11 Førebuande framgangsmåtar for revisjon av tekniske kriterium For å førebu revisjonen av spesifikasjonane og dei produktgruppene av kontorutstyr som er omfatta av vedlegg C til avtala, og før eit utkast til framlegg eller eit svar vert sendt over til USEPA i samsvar med framgangsmåtane i avtala
Nr. 54/350 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 15.11.2007 og i rådsavgjerd 2001/469/EF av 14. mai 2001 om inngåing på vegner av Det europeiske fellesskapet av avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet om samordning av programma for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr( 1 ), må det gjerast følgjande tiltak: 1. Kommisjonen kan be ECESB om å gjere framlegg til revisjon av avtala. ECESB kan òg gjere framlegg for Kommisjonen på eige initiativ. 2. Kommisjonen skal rådspørje ECESB kvar gong han mottek eit framlegg til revisjon frå USEPA. 3. Når ECESB gjev fråsegna si til Kommisjonen, skal det ta omsyn til resultata frå føregranskingar og marknadsgranskingar, og til den teknologien som finst tilgjengeleg for å redusere energiforbruket. Kommisjonen skal ta særleg omsyn til målet om å fastsetje tekniske spesifikasjonar på høgt nivå, samstundes som det vert teke omsyn til den tilgjengelege teknologien og dei kostnadene som er knytte til slik teknologi, for å redusere energiforbruket slik det er gjort greie for i den rapporten frå ECESB som er nemnd i artikkel 8 nr. 2. Artikkel 12 Overvaking av marknaden og kontroll med misbruk 1. Den felles logoen skal berre nyttast i samband med produkt som er omfatta av avtala og er i samsvar med retningslinjene for bruk av logoen i vedlegg B til avtala. 2. All falsk eller villeiande reklame eller bruk av eit merke eller ein logo som kan forvekslast med den felles logoen som vert innførd ved denne forordninga, er forboden. 3. Kommisjonen skal sikre at den felles logoen vert nytta på rett måte ved å setje i verk eller samordne dei tiltaka som det er gjort greie for i artikkel VIII nr. 2, 3 og 4 i avtala. Medlemsstatane skal gjere høvelege tiltak for å sikre at føresegnene i denne forordninga vert etterlevde på territoriet deira, og melde frå til Kommisjonen om dette. Dersom programdeltakar og andre organ ikkje stettar føresegnene, kan medlemsstatane sende over til Kommisjonen prov på dette, slik at Kommisjonen kan gjere innleiande tiltak. Artikkel 13 Gjennomføring Medlemsstatane skal, innan tolv månader etter at denne forordninga tek til å gjelde, melde frå til Kommisjonen om dei tiltaka som er gjorde for å sikre at føresegnene i forordninga vert stetta. Artikkel 14 Revisjon Før partane i avtala drøftar ei lenging av avtala i samsvar med artikkel XII i avtala, skal Kommisjonen vurdere Energy Star-programmet i lys av dei røynslene som er gjorde i det tidsrommet programmet har vore verksamt. Kommisjonen skal innan 15. januar 2005 utarbeide og sende over til Europaparlamentet og Rådet ein rapport om overvaking av energieffektiviteten på marknaden for kontorutstyr i Fellesskapet, som inneheld ei vurdering av korleis Energy Star-programmet verkar og dersom det er naudsynt, framlegg til tiltak som utfyller programmet. Rapporten skal innehalde ei gransking av resultata frå dialogen mellom Den europeiske unionen og Sambandsstatane, og særleg vurdere om Energy Star-spesifikasjonane er tilstrekkeleg effektive. Artikkel 15 Sluttføresegner Denne forordninga tek til å gjelde 30. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane. Utferda i Brussel, 6. november 2001. For Europaparlamentet For Rådet N. FONTAINE D. REYNDERS President Formann ( 1 ) TEF L 172 av 26.6.2001, s. 1
15.11.2007 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 54/351 VEDLEGG ENERGY STAR-LOGOEN I svart/kvitt: I fargar: