LOVNORM IL SOLID 1 FØREMÅL Solid er sjølveigande og frittståande idrettslag med utelukkande personlege medlemer. Solid sitt føremål er å driva idrett organisert i Norges Idrettsforbund (NIF) og gjennom kameratskap og samarbeid fremja idrett på alle nivå. Arbeidet skal pregast av frivillighet, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggja på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet. Solid sitt slagord er: IL SOLID Rein glede! Fargane er raud og kvit. IL Solid sitt merke er to norske flagg som omkranser ein blå stolpe, med tekst 1945, og nedanfor den SOLID. 2 ORGANISATORISK TILKNYTING Solid er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Hordaland Idrettskrets. Solid er medlem av dei særforbund som generalforsamlinga bestemmer. Solid høyrer heime i Stord kommune. Generalforsamlinga kan vedta at avgrensa aktivitetar i Solid vert organisert som eigne aksjeselskap. Eit slikt vedtak krev 2/3 fleirtal. 3 MEDLEMER Alle som lovar å overhalda Solid og overorda idrettsmyndigheter sine lover og vedtekter, kan takast opp som medlem. Elles pliktar kvart medlem å følgja Norges Idrettsforbunds, organisasjonsledda og Solid sine lover og vedtekter. Ein utøvar kan ikkje takast opp som medlem i Solid uten at økonomiske forpliktelsar til andre organisasjonsledd og medlemer i NIF er gjort opp. 4 KONTINGENT Medlemskontingent vert fastsett av generalforsamlinga foregåande år og vert kravd inn saman med treningsavgifta. Gruppene fastset treningsavgifta. Ved betalt medlemskontingent vert det akseptert at all aktivitet skjer på eige ansvar. Medlemane aksepterer at dei må vera psykisk og fysisk skikka til å nyta godt av dei aktivitetane som Solid tilbyr. Solid fråskriv seg alt ansvar for tap og skadar på person eller gjenstand som oppstår under eller som fylgje av medlemane sin aktivitet i Solid sin regi. I tillegg fråskriv Solid seg også ansvar for tap og skade på klede og personlege eigendelar, med mindre Solid har utvist grov aktløyse. Medlemer som er skuldig kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettighetar, og kan av hovudstyre strykast som medlem av Solid. Vert eit medlem stroken av Solid, kan det ikke takast opp igjen før skuldig kontingent er betalt. Hovudstyre har høve til å redusera eller fråfalla kontingent ved arbeidsløyse, sjukdom, militærteneste eller når andre rimelige grunnar føreligg. Æresmedlemskap gjev fri kontingent.
5 STEMMERETT OG VALGBARHET For å ha stemmerett på Solid sine møter må eit medlem ha fylt 15 år, vore medlem i minst ein månad og ikkje skulda Solid kontingent. Ingen har meir enn ei stemme, og stemmegjeving kan ikkje utøvast ved fullmakt. Alle medlemer som har stemmerett og som ikkje er arbeidstakar i Solid, er valgbare til tillitsverv i Solid og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. Revisor kan ikkje ha andre valgte tillitsverv i Solid. Ved val/oppnevning av representantar til ting, samt medlemar til styre, komitear og utval i Solid, skal det vera kandidatar/representantar av begge kjønn. Kjønnsfordelinga skal vera retningsgjevande for samansetjinga, men slik at det er minst to representantar av kvart kjønn. Komitear og utval som består av to eller tre medlemer, skal ha kandidatar/representantar av begge kjønn. 6 INHABILITET For Solid sine tillitsvalde, oppnemnte tillitspersonar og tilsette gjeld NIFs reglar om inhabilitet (jfr. NIFs lov 2-7). 7 STRAFFESAKER For alle straffesaker gjeld NIFs lov kapittel 11 og 12 (NIFs straffebestemmelsar). 8 GENERALFORSAMLINGA Solid sin høgaste myndighet er generalforsamlinga som vert halden kvart år innan utgangen av april månad. Generalforsamlinga vert innkalla av hovudstyre med minst ein månad varsel. Rekneskap vert avslutta pr. 31. desember. Forslag som skal handsamast på generalforsamlinga, må vera hovudstyre i hende seinast 14 dagar før generalforsamling. Alle Solid sine medlemer har tilgang til generalforsamlinga. Generalforsamlinga kan invitera andre personar eller media til å vera til stades. Generalforsamlinga er vedtaksfør med talet på frammøtte medlemer med stemmerett. Generalforsamlinga kan ikkje handsama forslag om lovendring som ikkje er oppført på saklista seinast to veker før generalforsamlinga. 9 LEIING AV GENERALFORSAMLINGA Generalforsamlinga vert leia av valgt(e) dirigent(ar). Dirigenten(ane) treng ikkje vera medlem av Solid. 10 GENERALFORSAMLINGA SINE OPPGÅVER 10-1 Generalforsamlinga skal:
1. Godkjenna eventuelle inviterte personar/media til generalforsamlinga. 2. Velgja dirigent(ar) og referent(ar). 3. Velgja to medlemer til å underskriva protokoll. 4. Godkjenna sakliste og forretningsorden. 5. Handsama årsmeldingar, herunder gruppene sine årsmeldingar. 6. Handsama rekneskap i revidert stand, herunder gruppene sine rekneskap. 7. Handsama innkomne forslag. 8. Fastsetja kontingent for neste kalenderår. 9. Velja følgjande: a) Arbeidsutval som er: Leiar, nestleiar, skrivar, kasserar, to styremedlemer og tiltaksleiar. Valperiode er 2 år. Det eine året vert det valgt leiar, kasserar og eitt styremedlem. Det andre året vert det valgt nestleiar, skrivar, eitt styremedlem og tiltaksleiar. Vert nestleiar valt til leiar, vert det valt ny nestleiar for eitt år. b) To valte revisorar for hovedkasse og gruppene. c) Komité for hedersmerke med 5 medlemer. Funksjonstid 5 år. d) Valkomité som er. Leiar og eitt medlem frå kvar av gruppene. e) Representanter til ting og møter i dei organisasjonar Solid er tilslutta. Generalforsamlinga kan vedta å gje hovudstyre fullmakt til å oppnevna desse representantane. 10. Godkjenne dei valte gruppeleiarane. Gruppeleiarane er medlemer hovudstyre når Solid si generalforsamling har godkjent vala. 11 STEMMEGJEVING PÅ GENERALFORSAMLINGA Med mindre anna er vedteke, er eit vedtak gjeldande med alminneleg fleirtal. Blanke stemmer skal vurderast som ikkje avgjevne stemmer. Val føregår skriftleg dersom det føreligg meir enn eitt forslag, eller det vert fremja krav om dette. Berre føreslegne kandidatar kan førast opp på stemmesetelen. Skal fleire velgjast ved same avstemming, må stemmesetelen innehalda det tal kandidatar som skal velgjast ved avstemminga. Stemmestlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller anna tal kandidatar enn det som skal velgjast, vert forkasta. Når eit val føregår enkeltvis og ein kandidat ikkje får meir enn halvparten av dei avgjevne stemmer, vert det halde tvunge omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Er det ved omval likt tal stemmer, vert valet avgjort ved loddtrekking. Når det ved eit val skal velgjast fleire ved ei avsteming, må alle, for å sjåast som valde, ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmer. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom ikkje tilstrekkeleg mange kandidatar har fått dette i første omgang, er dei valt som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert halde tvunge omval mellom dei øvrige kandidatane, og etter denne avstemminga vert dei valt som har fått flest stemmer. Er det ved omval likt tal stemmer, vert valet avgjort ved loddtrekking.
12 EKSTRAORDINÆR GENERALFORSAMLING Ekstraordinær generalforsamling vert halde når hovudstyre eller overordna idrettsmyndighet krev det, eller når minst ein tredjedel av medlemer med røysterett krev det. Hovudstyre kallar inn med minst 14 dagar varsel. Innkallinga skjer ved annonsering i lokalpressa. Ekstraordinær generalforsamling kan berre handsama og gjera vedtak i dei sakene som er kunngjort i innkallinga. 13 HOVUDSTYRE/ARBEIDSUTVAL 13-1 LEIING Solid vert leia av hovudstyre som er Solid sin høgaste myndighet mellom to generalforsamlingar. Hovudstyre er: Arbeidsutvalet og leiarane i gruppestyra. Ved forfall frå gruppeleiar møter nestleiar. Hovudstyre skal: 1. Iverksetja generalforsamlinga og overordna idrettsmyndigheter sine vedtak. 2. Oppnemna komitear/utval/enkeltpersonar for spesielle oppgåver etter behov, og utarbeida instruks for desse. Deira oppgåver og personsamansetting skal koma fram i Solid si årsmelding. Tilsette kan ha plass i oppnemnde komitear. 3. Administrera og føra nødvendig kontroll med Solid sin økonomi i samsvar med dei for idretten til ei kvar tid gjeldande instruksar. 4. Representera Solid utad. Hovudstyre kan tilsetta løna personell på dei vilkår Hovudstyre finn forsvarleg. Hovudstyre har møte når leiar kallar inn, eller når eit fleirtal av styret sine medlemer krev det. Leiaren er normalt møteleiar. Hovudstyre er vedtaksfør når eit fleirtal av hovudstyre sine medlemer er til stades. Vedtak vert fatta med eit fleirtal av dei avgjevne stemmer. Ved likt antal stemmer tel møteleiaren si stemme dobbelt. 13-2 HEIDERSMERKE Heidersmerkekomiteen fremjar si innstilling til hovudstyre. Endringar av statuttar vert gjort av hovudstyre. Følgjande heidersmerke kan tildelast: - Æresmedlemskap
13-3 ARBEIDSUTVAL Arbeidsutvalet er eit saksførebuande organ for hovudstyre og held møter når leiar eller eit fleirtal av utvalet sine medlemer krev det. Arbeidsutvalet sine plikter: 1. Leiaren er ansvarleg for aktivitetane i Solid og er dei tilsette sin arbeidsleiar. Leiar skal sjå til at det er utarbeida dekkande arbeidsinstruks og fullmakter for dei tilsette. 2. Nestleiar fungerer som leiar i denne sitt fråver. 3. Skrivar skal føra protokoll over alle møta i arbeidsutvalet og hovudstyre. 4. Arbeidsutvalet er styre i Solidhuset Drift. 5. Tiltaksleiar har hovudansvar for drift av bingo, basaraktivitet og andre tiltak arbeidsutvalet til ei kvar tid finn formålstenleg. 14 GRUPPENE Solid er organisert i grupper. Gruppene vert leia av valte gruppestyre. Generalforsamlinga rår over oppretting av nye grupper eller nedlegging av grupper, og korleis gruppene skal organiserast og leiast. For gruppene sine økonomiske plikter heftar heile Solid. 14-1 LEIING Gruppestyra har minst: Leiar, nestleiar, styremedlem økonomi, skrivar og materialforvaltar. Valperiode er 2 år. Gruppeleiarar er medlem av Solid sitt hovudstyre med respektive nestleiar som personleg varamedlem. 14-2 GRUPPEÅRSMØTE Gruppene held årsmøte med same sakliste og innkallingsprosedyre som for generalforsamlinga. Gruppeårsmøte skal haldast innan 1. april. Rekneskap og årsmelding vert avslutta pr. 31. desember. Forslag ein ønskjer handsama på gruppeårsmøte, må vera gruppestyret ved leiar i hende seinast 14 dagar før årsmøte. Forslagsfrist skal takast med i innkallinga til årsmøte. Gruppeårsmøta kan berre fatta vedtak som gjeld drift av eiga gruppe og som ikkje er i strid med Solid sine lover. Ekstraordinære gruppeårsmøte vert innkalla av hovudstyre etter dei same retningslinjer som for ekstraordinær generalforsamling. 14-3 GRUPPENE SI DRIFT Gruppestyret er vedtaksfør når eit fleirtal av styret sine medlemer er til stades. Gruppestyret er ansvarleg ovanfor gruppeårsmøtet og hovudstyre for gruppa sin økonomi. Gruppene sine årsmøte vedtek treningsavgift, men årsmøtet kan gje gruppestyret fullmakt til å korrigera treningsavgifta. Desse midlane vert disponert av gruppestyret. Gruppestyret skal handsama alle faglege saker som gjeld gruppa si idrettsgrein.
I idrettstekniske saker som berre vedkjem gruppa, handlar gruppa sjølvstendig. Gruppestyra fører særskilt oversikt over klubbrekordar, og tek vare på opplysningar som kan ha interesse i framtida. Det skal førast protokoll frå årsmøte og referat frå styremøte i gruppene. Desse skal arkiverast sentralt i Solid. 15 LOVENDRING Endringar i denne lova kan berre vedtakast på ordinær eller ekstraordinær generalforsamling, etter å ha vore ført opp på saklista. Det vert kravd 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmer. Lovendringar må godkjennast av idrettsstyret og er ikkje gjeldande før dei er godkjent. 16 kan ikkje endrast. 16 OPPLØYSING Oppløysing av Solid kan berre behandlast på ordinær generalforsamling. Vert oppløysing vedteken med minst 2/3 fleirtal, vert det innkalla til ekstraordinær generalforsamling tre månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket her og vera med minst 2/3 fleirtal. Samanslåing med andre klubbar/lag vert ikkje rekna som oppløysing av Solid. Vedtak om samanslåing og naudsynte lovendringar i samband med dette skal vedtakast i samsvar med reglane for lovendring, jfr. 15. I tilfelle oppløysing eller anna opphøyr av Solid tilfell Solid sine eiendeler Norges Idrettsforbund eller formål godkjent av styret i idrettskretsen. Ved konkurs vert organisasjonsleddet sett på som oppløyst og har då ikkje medlemskap i NIF. Ved konkurs gjeld reglane i konkurslova og dekningslova.