Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Fiskåbygd Møtedato: 19.03.01 Tid: 13.00-14.40 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 7. mars 2001 med tilleggsakliste utsendt 15. mars 2001. Desse medlemene møtte: Det norske arbeiderparti Jon Aasen Sissel Stokke Hoddevik Lasse Rindal Odd Westerås Janne Brit Aasen Kystpartiet Einar Ebbesen Bjørn Fiskaa Geir Jan Storeide Jostein Rusten Kristeleg Folkeparti Elin Nordvik Gisle Rolandsen Hallstein Ljoså Målfrid Lade Sommerset Senterpartiet Tormod Hvattum Geir Nordal Åge Sørdal Anne Mundal Aarskog Høgre Jostein Holsvik Helge Svarstad Idar Brekke Venstre Magni Helen Vik Forfall: Elin Nordvik Geir Nordal Janne Brit Aasen Postadresse: Besøksadresse: Postboks C Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6139 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Varamedlemer: For Elin Nordvik møtte Dagrun Almklov For Geir Nordal møtte Randulf Lillebø og for Janne Brit Aasen møtte Jermund Rekkedal Frå administrasjonen møtte: Rådmann Gunar P. Strand og ass. rådmann Arnstein Nupen Merknader: Helge Svarstad ba om at det måtte bli lagt vekt på at fullstendig sakliste vert utsendt til møta, og at tilleggssakliste vart nytta i minst mogleg grad. Saker som vart handsama: 12, 13, 14, 15 og 16/2001 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Geir Jan Storeide Idar Brekke Side 2 av 9
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0012/01 01/00065 GRENSEREGULERING MELLOM SANDE OG VANYLVEN KOMMUNER -UTTALE FRÅ VANYLVEN 0013/01 01/00351 SYVDSNES FERGEKAI - OMKLASSIFISERING TIL KOMMUNAL VEG 0014/01 01/00352 SELSTAD AS - OVERTAKING AV SYVDSNES FERGEKAI 0015/01 00/02216 VANYLVEN VASSVERK: PRAKTISERING AV TILKNYTNINGSKRAVET I PBL 65 0016/01 01/00390 STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR MØRE OG ROMSDAL 2001-2004 HØYRING Side 3 av 9
Side 4 av 9
0012/01 GRENSEREGULERING MELLOM SANDE OG VANYLVEN KOMMUNER UTTALE FRÅ VANYLVEN Framlegg til vedtak: Vanylven kommunestyre seier seg glade for at konsekvensutgreiinga frå SEFOS så heilt eintydig klart støttar opp om at Åram krins burde vere ein del av Vanylven kommune. Kommunestyret ber om at ein no skjer i gjennom og overfører Åram til Vanylven med verknad frå 1.1.2002. Kommunestyret ynskjer folket i Åram velkomne som innbyggarar i Vanylven Rådmannen gjorde framlegg om nytt punkt 2 som vart samrøystes vedteke. Tormod Hvattum ba om gruppemøte. Ordføraren gjorde framlegg til endring i punkt 1 som vart samrøystes vedteke. Det vart halde prøverøysting over framlegg til nytt punkt 2. 16 røysta for og 5 røysta mot. Ved endeleg røysting vart framlegget samrøystes vedteke. SAMRØYSTES VEDTAK SOM FRAMLEGGET MED PUNKT 1 ENDRA SOM FRAMLEGGET TIL ORDFØRAREN OG TILLEGG AV PUNKT 2 FRAMSETT AV RÅDMANNEN PÅ MØTET: 1. Vanylven kommunestyre seier seg glade for at konsekvensutgreiinga frå SEFOS så heilt eintydig klart støttar opp om at Åram krins ynskjer å vere ein del av Vanylven kommune. Kommunestyret ber om at ein no skjer i gjennom og overfører Åram til Vanylven med verknad frå 1.1.2002. 2. Med visning til punkt i vedtak frå Sande kommunestyre vil Vanylven kommunestyre syne til at Vanylven kommune er medeigar i Sande fastlandssamband og at Vanylven arbeider for å realisere eit fastlandssamband mellom øyane i Vanylven og Åram. 3. Kommunestyret ynskjer folket i Åram velkomne som innbyggarar i Vanylven Side 5 av 9
0013/01 SYVDSNES FERGEKAI - OMKLASSIFISERING TIL KOMMUNAL VEG Ingen merknader. SAMRØYSTES VEDTAK SOM FRAMLEGGET: Syvdsnes ferjekai med haldeplass og tilførsleveg, strekninga A-B (110 m) blir lagt ned som riksveg og omklassifisert til kommunal veg. 0014/01 SELSTAD AS - OVERTAKING AV SYVDSNES FERGEKAI Framlegg til vedtak: 1. Vanylven kommune legg ned ferjeleiet på Syvdsneset som kommunalt veganlegg 2. Selstad AS får overta anlegget for det det kostar å overføre heimelen til seg. Kommunen forbeheld seg retten til å nytte ferjekaia når beredskapsomsyn gjer det turvande. Tormod Hvattum gjorde framlegg som vart samrøystes vedteke som punkt 3. Vanylven kommune forbeheld seg forkjøpsrett til anlegget i forbindelse med eventuelt framtidig sal av anlegget. Kommunen skal då kun betale kostnadene med overføring av heimel.. SAMRØYSTES VEDTAK: 1. Vanylven kommune legg ned ferjeleiet på Syvdsneset som kommunalt veganlegg 2. Selstad AS får overta anlegget for det det kostar å overføre heimelen til seg. Vidare at dei utsleppa vert godkjende også med omsyn til avstanden til anlegget på Koparneset 3. Vanylven kommune forbeheld seg forkjøpsrett til anlegget i forbindelse med eventuelt framtidig sal av anlegget. Kommunen skal då kun betale kostnadene med overføring av heimel.. Side 6 av 9
0015/01 VANYLVEN VASSVERK: PRAKTISERING AV TILKNYTNINGSKRAVET I PBL 65 Framlegg til vedtak: Teknisk styre tilrår: Ved handsaming saker vedrørande frådeling- og byggesøknader, samt i samband med utviding og rehabilitering av leidningsnettet for offentlege vassverk, skal desse retningslinene leggast til grunn: 1. Alle bygningar som vert nytta til opphald for menneske og dyr, skal vere tilknytt offentleg vassverk dersom dette etter kommunen si meining er praktisk/økonomisk mogleg. I fall det ikkje lêt seg gjere å få dette til, må ein forsikre seg om at eigedomen på anna vis kan forsynast med hygienisk betryggande og nok drikkevatn. (jfr. elles ordlyden i plan- og bygningslova 65). Der det ikkje kan dokumenterast tilfredsstillande vassforsyningstilhøve basert på medisinskfagleg grunnlag, skal løyve til frådeling og/eller bygging ikkje gjevast. 2. Ved avstand til offentleg vassleidning større enn 300 m, skal huseigar sjølv kunne avgjere om eigedomen skal tilknytast. Kommunen kan i eit slikt tilfelle etter nærare avtale kunne medverke økonomisk til at eigedomen vert tilknytt for den delen av leidningsnettet som er over maksimumsavstanden. 3. Der det statiske trykket på kjøkken eller det mest brukte tappepunkt er mindre enn 1 bar, skal huseigar sjølv kunne avgjere om eigedomen skal tilknytast. Kommunen kan i eit slikt tilfelle etter nærare avtale kunne medverke økonomisk til at eigedomen vert tilknytt ved å montere trykkforsterkningsanlegg. 4. Utviding av det offentlege vassverket krev at samtlege eigedomar på strekninga knyter seg til anlegget. Før kommunen set i gang utbyggingsarbeidet, skal det innhentast skriftleg aksept frå grunneigarane om at dei knyter seg på frivillig etter gjeldande retningsliner. 5. I samband med rehabilitering av eksisterande vassforsyningsnett, skal alle eigedomar når at arbeidet er gjennomført vere tilknytt vassverket. Før kommunen set i gang utbyggingsarbeidet, skal det innhentast skriftleg aksept frå grunneigarane om at dei knyter seg på frivillig etter gjeldande retningsliner. Gisle Rolandsen gjorde framlegg til endring i punkt 5 i framlegget. 5. I samband med rehabilitering av eksisterande vassforsyningsnett, skal alle eigedomar vere tilknytt vassverket når arbeidet er ferdig. Før kommunen set i gang utbyggingsarbeidet, skal det innhentast skriftleg aksept frå grunneigarane om at dei knyter seg på frivillig etter gjeldande retningsliner. Side 7 av 9
SAMRØYSTES VEDTAK SOM FRAMLEGGET MED ENDRING I PUNKT 5 SOM FRAMLEGGET TIL GISLE ROLANDSEN: Ved handsaming saker vedrørande frådeling- og byggesøknader, samt i samband med utviding og rehabilitering av leidningsnettet for offentlege vassverk, skal desse retningslinene leggast til grunn: 1. Alle bygningar som vert nytta til opphald for menneske og dyr, skal vere tilknytt offentleg vassverk dersom dette etter kommunen si meining er praktisk/økonomisk mogleg. I fall det ikkje lêt seg gjere å få dette til, må ein forsikre seg om at eigedomen på anna vis kan forsynast med hygienisk betryggande og nok drikkevatn. (jfr. elles ordlyden i plan- og bygningslova 65). Der det ikkje kan dokumenterast tilfredsstillande vassforsyningstilhøve basert på medisinskfagleg grunnlag, skal løyve til frådeling og/eller bygging ikkje gjevast. 2. Ved avstand til offentleg vassleidning større enn 300 m, skal huseigar sjølv kunne avgjere om eigedomen skal tilknytast. Kommunen kan i eit slikt tilfelle etter nærare avtale kunne medverke økonomisk til at eigedomen vert tilknytt for den delen av leidningsnettet som er over maksimumsavstanden. 3. Der det statiske trykket på kjøkken eller det mest brukte tappepunkt er mindre enn 1 bar, skal huseigar sjølv kunne avgjere om eigedomen skal tilknytast. Kommunen kan i eit slikt tilfelle etter nærare avtale kunne medverke økonomisk til at eigedomen vert tilknytt ved å montere trykkforsterkningsanlegg. 4. Utviding av det offentlege vassverket krev at samtlege eigedomar på strekninga knyter seg til anlegget. Før kommunen set i gang utbyggingsarbeidet, skal det innhentast skriftleg aksept frå grunneigarane om at dei knyter seg på frivillig etter gjeldande retningsliner. 5. I samband med rehabilitering av eksisterande vassforsyningsnett, skal alle eigedomar vere tilknytt vassverket når arbeidet er ferdig. Før kommunen set i gang utbyggingsarbeidet, skal det innhentast skriftleg aksept frå grunneigarane om at dei knyter seg på frivillig etter gjeldande retningsliner. 0016/01 STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR MØRE OG ROMSDAL 2001-2004 HØYRING Ingen merknader. SAMRØYSTES VEDTAK SOM FRAMLEGG TIL VEDTAK: Kommunestyret sluttar seg til saksutgreiinga som fråsegn til Strategisk næringsplan for Møre og Romsdal 2001 2004. Side 8 av 9
Under skriv og meldingar vart dette referert: Melding frå kulturstyret om vedtak i sak 7/2001 om rullering av kommunedelplan for idrett og friluftsliv, vedtak 20/2001 frå Søre Sunnmøre regionråd om dei vidaregåande skulane på Ytre Søre Sunnmøre og vedtak frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal om grenseregulering av kommunegrensa mellom Sande og Vanylven kommuner. Under eventuelt tok Jostein Holsvik opp at Vanylven var kome på liste over kommuner som må ha godkjenning frå Fylkesmannen på låneopptak m.v., Einar Ebesen tok opp at admnistrasjonen måtte bli flinkare å gje tilbakemelding på vedtak og tema som vert tatt opp i politiske organ, han etterlyste vidare kva som skjer med sak om hamnedistrikt og MS Hinlopen, Ebbesen ba vidare om at det må setjast i verk tiltak mot båtar som slep ut ballastvatn i Vanylvsfjorden. Ebbesen ba vidare om at administrasjonen må få klargjort at politisk valde representantar har høve til å ta opp saker til drøfting. Jostein Holsvik stilte spørsmål om det ved kjøp av Fredsvoll vart tatt atterhald i forhold til grunneigarane om kommunen t.d. ikkje fekk bygge ut eigedomen. Det vart opplyst at det ikkje var tatt slikt atterhald. Målfrid Sommerset fekk permisjon no. Lasse Rindal ba om at komunen tok opp aksjonæravtalen til Tussa Kraft ut frå omsynet til arbeidsplasser i Vanylven og at stadanalyse Fiskå vart tatt fram for politisk organ. Til å skrive under møteboka vart valde Geir Jan Storeide og Idar Brekke. Møtet slutt kl. 14.40 Arnstein Nupen Rett utskrift 21.03.01 Kirsti Hoel Sekretær Side 9 av 9