Sortert avfall gir verdi Bidra for miljøet og vår felles framtid!
Sortert avfall gir verdi Vi ønskjer at alle skal bidra meir enn i dag til materialgjenvinning, fordi det er bra for miljøet og vår felles framtid. EU sitt mål er 50 % materialgjenvinning av alt avfall frå hushaldningane innan år 2020. Målet for år 2030 kan bli 70 %. Desse krava gjeld også oss. Vi håper at denne brosjyra inspirerer nettopp deg til å sortere endå meir. Avfallsreduksjon Lage mindre avfall Ombruk Bruke ting om igjen Materialgjenvinning Lage nytt av brukt Energiutnytting Gir straum og varme Deponere Legge på fylling Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta kommunar og held til i Hovdebygda. Selskapet har ansvar for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå husstandane, samt innsamling av kloakkslam frå separate slamavskiljarar. VØR omsette i 2013 for 21 mill. kr og har 14 fast tilsette. Dotterselskapet Retura Søre Sunnmøre AS driv med utleige av konteinarar, innsamling og sortering av avfall frå næringslivet.
Eit bidrag til notatblokka Papp og papir Kva gjer du når du er ferdig å lese avisa eller pakke ut dei nye møblane du fekk levert på døra? Jau, du leverer det i papirbehaldaren! Papir og papp blir til nytt avispapir, pappemballasje og skrivepapir. Papp som du ikkje får plass til i papirbehaldaren, kan leverast på miljøstasjonen.
Ein dråpe i havet, seier du? Plastemballasje Vi set alle pris på ei god og varm fleecejakke. Men har du nokon gong tenkt på at den er laga av resirkulert plast? Når eg og du sorterer, kan vi vere sikre på at denne viktige ressursen blir utnytta. Saman er vi mykje meir enn ein dråpe i havet!
God smak - både før og etter Glas og metall Det er godt med syltety på skiva eller ananas i salaten. Men kva gjer du med syltetyglaset eller hermetikkboksen etterpå? Visste du at glas- og metallemballasje gir råstoff til produksjon av nye varer? Returpunkt for levering av glas- og metallemballasje finn du ved butikkar i Volda og Ørsta. Vindauge, drikkeglas, eldfaste former og spikar leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda.
Resirkulerte tekstilar kan bli til naudhjelpsdyner! Det kler deg! Kle og tekstilar Kle, gardiner, tepper, sko eller andre tekstilar? Fretex og UFF seier JA TAKK, gjerne! Tekstilane går til ombruk i fleire land i tillegg til produksjon av til dømes naudhjelpsdyner. Våte eller skitne produkt skal leverast som restavfall. Visste du at du også kan levere dyner, puter, belter og mjuke leiker i UFF og Fretex sine innsamlingskonteinarar?
Skyll, brett & stapp Drikkekartongar Kubbane skal leverast i papirbehaldaren Mjølkekartongen er tom og du må ta ei avgjersle. Heldigvis skyl du kartongen, let den tørke, brettar den før du legg den saman med dei andre. For ein innsats! Du har gjenvunne materiale som blir til nye råvarer. For å delta i Returkartonglotteriet, må det vere minst seks drikkekartongar i den sjuande. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Hugs å merke kubben med namn og telefonnummer. Foto på denne sida: Grønt Punkt Norge
Leik er kjekt! Elektrisk og elektronisk avfall Likevel er det viktig at vi gjer dei rette vala når leikene blir øydelagde. Elektrisk/elektronisk avfall inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Elektrisk og elektronisk avfall kan leverast gratis på miljøstasjonen eller hjå nærmaste butikk som sel slike artiklar.
JA til helse og miljø Farleg avfall Har du måla huset eller er hårsprayen din tom? Leverer du det farlege avfallet på miljøstasjonen, kan du vere trygg på at det blir teke hand om slik det skal. Vi er alle opptekne av å verne om det vi har rundt oss. Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er til dømes måling, spillolje, løysemiddel, spraybokser og bilbatteri.
Hageavfall: Lauv, kvist og planter Vektbuda: Registrere avfallet Velkomen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS Følg køyreretning for å levere på miljøstasjonen
Miljøstasjonen: Levere avfall Administrasjon & kontor
Velkomen til miljøstasjonen! Dette kan du levere hjå oss: Papir og papp Isopor Drikkekartongar Restavfall Tekstilar Hushaldningsavfall Gips og isolasjon Kvitevarer Reint trevirke Emballasjeplast Kreosotstolpar Impregnert trevirke Metall Asbest Hageavfall
Elektrisk og elektronisk avfall Glas- og metallemballasje PCB og klorparafin vindauge Dekk med / utan felg Farleg avfall Uorganisk materiale (t.d. porselen, fliser og lecablokker)
sorteringsguiden Lag hol og heng opp denne der du sorterer avfallet ditt! Avfall: Type: Levering: Avfall: Type: Levering: A Aluminiumsfolie metall glas- og metallkonteinar Asfaltplater restavfall miljøstasjonen Aviser papir papirbehaldar B Badekar metall miljøstasjonen Barnesete restavfall miljøstasjonen Batteri EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Bein og knokar restavfall avfallsbehaldar Beis farleg avfall miljøstasjonen Belte tekstilar UFF/Fretex Bilbatteri farleg avfall miljøstasjonen Bildekk restavfall miljøstasjonen Bildelar metall miljøstasjonen Bilpleiemiddel farleg avfall miljøstasjonen Bilsete metall miljøstasjonen Bleier restavfall avfallsbehaldar Blomsterpotte i plast plast sekk, plastemballasje Bøker (mjuk perm) papir papirbehaldar Bøker (stiv perm) restavfall avfallsbehaldar Bølgepapp papp papirbehaldar C CD/DVD restavfall avfallsbehaldar CD-spelar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar D Datautstyr EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Drikkeglas restavfall miljøstasjonen Drikkekartong (mjølk/juice) papp papirbehaldar Dukar tekstilar UFF/Fretex Dører u/ glas (m/handtak & hengsler) trevirke miljøstasjonen E Eingongsgrillar restavfall avfallsbehaldar Eldfaste former restavfall miljøstasjonen Eternitt (asbest må pakkast i plast) farleg avfall miljøstasjonen F Felg frå dekk metall miljøstasjonen Fjøler (kan vere måla/ med spikar) trevirke miljøstasjonen M Matrestar restavfall avfallsbehaldar Medisin farleg avfall apotek Mikrobølgeomn EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Mobiltelefon EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Mose hageavfall miljøstasjonen Motorolje farleg avfall miljøstasjonen Møblar restavfall miljøstasjonen Måling farleg avfall miljøstasjonen Målingsspann (u/innhald, plast) restavfall miljøstasjonen Målingsspann (u/innhald, metall) metall miljøstasjonen N Nedfallsfrukt hageavfall miljøstasjonen O Oppvaskmaskin EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar P Pallar trevirke miljøstasjonen Papirark papir papirbehaldar Pappøskjer papp papirbehaldar Parkett/tarkett trevirke miljøstasjonen Plastemballasje plast sekk, plastemballasje Plastfilm/folie plast sekk, plastemballasje Plastflasker plast sekk, plastemballasje Plastposar plast sekk, plastemballasje Potetgullposar plast sekk, plastemballasje Puter tekstilar UFF/Fretex R Radio EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Refill til kopimaskin farleg avfall miljøstasjonen Reklametrykksaker papir papirbehaldar Røtter (små) hageavfall miljøstasjonen Røykvarslar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar S Sagflis hageavfall miljøstasjonen Sement restavfall miljøstasjonen Sengety tekstilar UFF/Fretex Sikring EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Sko tekstilar UFF/Fretex Sparepære farleg avfall miljøstasjonen
Fliser restavfall miljøstasjonen Frysar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar G Gardiner tekstilar UFF/Fretex Garn og tauverk restavfall avfallsbehaldar/miljøst. Gips restavfall miljøstasjonen Glasflasker glas glas- og metallkonteinar Golvbelegg restavfall miljøstasjonen Golvbelegg m/ftalatar farleg avfall miljøstasjonen Gras hageavfall miljøstasjonen Gåvepapir restavfall avfallsbehaldar H Hagemøblar (plast) restavfall miljøstasjonen Handkle tekstilar UFF/Fretex Hard plast (u/ flytande veske) restavfall miljøstasjonen Hermetikkboksar metall glas- og metallkonteinar Hårfønar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar i Isolasjon restavfall miljøstasjonen Isopor restavfall miljøstasjonen J Julepapir restavfall avfallsbehaldar K Kaffepose plast sekk, plastemballasje Kartongar (t.d. pizzaøskje) papp papirbehaldar Kaviar/majonestubar metall glas- og metallkonteinar Keramikk restavfall miljøstasjonen Kjemikalier farleg avfall miljøstasjonen Kjøleskap EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Kjøkkenmaskin EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Kle tekstilar UFF/Fretex Klokke EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Kosmetikkglas glas glas- og metallkonteinar L Ladar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Lakkrestar farleg avfall miljøstasjonen Lamper EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Lauv hageavfall miljøstasjonen Lecablokker restavfall miljøstasjonen Leidningar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Leiker (harde) restavfall miljøstasjonen Leiker (mjuke) tekstilar UFF/Fretex Lok og korker (metall) glas- og metall glas- og metallkonteinar Lyspære/lysrør farleg avfall miljøstasjonen/forhandlar Løysemiddel farleg avfall miljøstasjonen * EE-avfall = Elektrisk/Elektronisk avfall Spikar metall miljøstasjonen Spillolje farleg avfall miljøstasjonen Sprayflaske (måling/hårspray) farleg avfall miljøstasjonen Sprøyte- og ugrasmiddel farleg avfall miljøstasjonen Steikeomn EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Suppeposar plast sekk, plastemballasje Sykkel metall miljøstasjonen Syltetyglas glas glas- og metallkonteinar T Takstein/takpapp restavfall miljøstasjonen Tannkremtubar plast sekk, plastemballasje Tapet restavfall miljøstasjonen Telys (plast) restavfall avfallsbehaldar Telys (metall) metall glas- og metallkonteinar Tepper tekstilar UFF/Fretex Termometer EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Termometer (kvikksølv) farleg avfall miljøstasjonen Toalett restavfall miljøstasjonen Trykkimpregnerte trevirke farleg avfall miljøstasjonen TV/videospelar EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Tørketrommel EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar V Varmepumpe EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Varmtvasstank metall miljøstasjonen/forhandlar Vask porselen restavfall miljøstasjonen Vask metall metall miljøstasjonen Vaskemaskin EE-avfall miljøstasjonen/forhandlar Vaskemiddel farleg avfall miljøstasjonen Vekeblad papir papirbehaldar Videokasettar restavfall avfallsbehaldar Vin- og spritflasker glas glas- og metallkonteinar Vindauge (PCB, 1960-1975) farleg avfall miljøstasjonen Vindauge (Klorparafin, 1975 1990) farleg avfall miljøstasjonen Vindauge/dør med farga glas, (Bly) farleg avfall miljøstasjonen Y Yoghurtbeger plast sekk, plastemballasje Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda Telefon: 70 04 86 00 firmapost@vor.no Er det noko meir du lurer på? Sjå fleire døme på www.sortere.no
Les meir om sortering, henting og levering av avfall på www.vor.no Foto: VØR, Shutterstock, istock, Grønt Punkt. Design: Ingvild Mork Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda Telefon: 70 04 86 00 firmapost@vor.no For information in English, please contact us! OFFENTLEG INFORMASJON