Ordførar/Utvalsleiar MØTEINNKALLING Formannskapet Møtestad: HAREID RÅDHUS Dato: onsdag, 04.01.2012 Tid:17:00 Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan verte kalla inn. Jfr. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt på telefon 70 09 50 00. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Møtesekretariatet kallar inn varamedlemar. Politiske saker som vert handsama i lukka møte er unnatekne offentleg innsyn og innhaldet er underlagt teieplikt. Møtet er ope for publikum, med unnatak av saker som vert handsama i lukka møte. Etter at sak 1 og 2 er behandla blir det ein gjennomgang av uveret Dagmar sine herjingar i kommuna. Deretter vert det opplæring av lesebrett. Side 1
OFFENTLEG SAKSLISTE MED SAKSDOKUMENT Saksnr Tittel Arkivkode PS 1/12 GODKJENNING AV PROTOKOLL FORRIGE MØTE PS 2/12 Tilsetjing av kommunalsjefar 2012/25 Off.lova 25 - Unntak for tilsetjingssaker Side 2
PS 1/12 GODKJENNING AV PROTOKOLL FORRIGE MØTE / Side 3
Løns og personalavdelinga MELDING OM VEDTAK frå formannskapsmøte 8.12.2011 Saksnr Løpenr. Klassering Avd / sakshandsamar Dato 2011/967 11031/2011 034 LLP/ TRK 12.12.2011 PS 181/11 PROSESS I HØVE VEDTEKEN NY ADMINISTRATIV ORGANISERING I HAREID KOMMUNE 2011/967 Formannskapet si handsaming: Rådmannen la fram ny tilråding: 1. Rådmannen får mynde til å avgjere, i kvart einskild tilfelle, om dei nyoppretta kommunalsjefstillingane i tilstrekkeleg grad samsvarar med den samanliknbare eksisterande områdeleiarstillinga. I fall den einskilde stillinga gjer det, får rådmannen mynde til å nytte seg av styringsretten ved tilsetting. Dersom ei eller fleire av dei nyoppretta stillingane ikkje samsvarer i tilstrekkeleg grad med ei eksisterande områdeleiarstilling, skal den eller desse stillingane lysast ut. 2. Ein skal nytte fast tilsetting som tilsettingsform for dei aktuelle stillingane. 3. Lønsnivået for kommunalsjefstillingane skal vere 4. Rådmannen får mynde til å nytte styringsretten i høve dei overtallige områdeleiarane. Dersom det viser seg at dette ikkje kan gjerast, i eitt eller fleire høve, skal formannskapet avgjere korleis dette skal handterast. Anders Riise ved H kom med forslag om endring i pk. 3: Lønsnivået for kommunalsjefstillingane vert fastsett etter forhandlingar og godkjent av formannskapet Dag Audun Eliassen ved FL kom med forslag om endring i pkt. 1: Formannskapet avgjer, i kvart einskild tilfelle, om dei nyoppretta kommunalsjefstillingane i tilstrekkeleg grad samsvarar med den samanliknbare eksisterande områdeleiarstillinga. I fall den einskilde stillinga gjer det, nyttar formannskapet seg av styringsretten ved tilsetting. Dersom ei eller fleire av dei nyoppretta stillingane ikkje samsvarer i tilstrekkeleg grad med ei eksisterande områdeleiarstilling, skal den eller desse stillingane lysast ut. Perny Ann Nilsen ved FRP kom med følgjande endring i pkt 2: Ein skal nytte åremål som tilsettingsform for dei aktuelle stillingane. Rådhusplassen 5 Hareid rådhus Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6060 HAREID Rådhuset 70095000 700 95 107 964979278 Side 4
Løns og personalavdelinga Røysting: 1. Det vert røysta alternativt på tilrådinga frå rådmannen og Dag Audun Eliassen sitt forslag Dag Audun Eliassen sitt forslag samrøystes vedteke 2. Det vert røysta alternativt på tilrådinga frå rådmannen og Perny Ann Nilsen sitt forslag Tilråding frå rådmannen vedteke med 5 mot 2 røyst 3. Det vert røysta alternativt på tilrådinga frå rådmannen og Anders Riise sitt forslag Anders Riise sitt forslag samrøystes vedteke 4. Samrøystes vedteke Vedtak: 1. Formannskapet avgjer, i kvart einskild tilfelle, om dei nyoppretta kommunalsjefstillingane i tilstrekkeleg grad samsvarar med den samanliknbare eksisterande områdeleiarstillinga. I fall den einskilde stillinga gjer det, nyttar formannskapet seg av styringsretten ved tilsetting. Dersom ei eller fleire av dei nyoppretta stillingane ikkje samsvarer i tilstrekkeleg grad med ei eksisterande områdeleiarstilling, skal den eller desse stillingane lysast ut. 2. Ein skal nytte fast tilsetting som tilsettingsform for dei aktuelle stillingane. 3. Lønsnivået for kommunalsjefstillingane vert fastsett etter forhandlingar og godkjent av formannskapet 4. Rådmannen får mynde til å nytte styringsretten i høve dei overtallige områdeleiarane. Dersom det viser seg at dette ikkje kan gjerast, i eitt eller fleire høve, skal formannskapet avgjere korleis dette skal handterast. Hareid, 12.12.2011. Rett utskrift: Elsa Gjerde Utvalsekretær Utskrift sendt: sakshandsamar for ekspedering Rådhusplassen 5 Hareid rådhus Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6060 HAREID Rådhuset 70095000 700 95 107 964979278 Side 5
Rådmannen MELDING OM VEDTAK frå kommunestyremøtet 17.11.2011 Saksnr Løpenr. Klassering Avd / sakshandsamar Dato 2011/967 10331/2011 034 RÅD/ BAG 21.11.2011 PS 84/11 FRAMLEGG OM NY ADMINISTRATIV ORGANISERING I HAREID KOMMUNE Kommunestyret si handsaming: Ordførar kom med framlegg om å utsette handsaming av denne saka til etter pause. Vedteke med 19 mot 2 røyster. FRP ved Truls Håbakk kom med følgjande forslag: Viser til org.kart og sakna rein kommunalsjef for næring. For meg og oss i FRP er det viktig at næringslivet i kommuna kan ha ein fast kontaktperson, som og kan knytte næringslivet opp mot andre viktige områder i kommuna. Derfor foreslår eg at stillinga kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling vert omgjort til kommunalsjef for næring, kultur og samf.utvikling. KRF ved Marit Øien Sæverud kom med utsetjingsforslag vart trekt Gruppemøte kl 21.45. 21.55 møte satt igjen KRF ved Marit Øien Sæverud kom med utsetjingsforslag FL ved Dag Audun Eliassen kom med følgjande forslag: Byggesak og geodata vert liggande under kommunaltekniske tenester Ressurssenteret, musikkskulen, bibliotek vert liggande under rådmannen Kulturkonsulent/næringskonsulent vert liggande under rådmannen Røysting: Det vart røysta over utsetjingsforslaget. Forslaget fall med 14 mot 7 røyster Det vart røysta punktvis Punkt 1 samrøystes vedteke Punkt 2 samrøystes vedteke Punkt 3 samrøystes vedteke Nytt punkt 4 Truls Røyset Håbakk sitt framlegg vedteke med 17 mot 4 røyster Nytt punkt 5 Dag Audun Eliassen sitt framlegg - fall med 5 mot 16 røyster Rådhusplassen 5 Rådhusplassen 5 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6060 HAREID Rådhusplassen 5 70095000 700 95 107 964979278 Side 6
Rådmannen Vedtak: 1. Kommunestyret vedtar å gjere endringar i den administrative organiseringa, i tråd med organisasjonskartet, som ligg ved i saka. 2. Budsjettet og handlingsplan skal vedtas på sentraladministrasjonen og på kvar einskild resultateining, i tråd med organisasjonskartet, som ligg ved i saka. 3. Rådmannen skal utarbeide framlegg til rådmannen sitt delegasjonsreglement og legge det fram for kommunestyret. 4. Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling vert omgjort til kommunalsjef for næring, kultur og samfunnsutvikling. Hareid, 21.11.2011 Rett utskrift: Elsa Gjerde Utvalsekretær Utskrift sendt: sakshandsamar for ekspedering Rådhusplassen 5 Rådhusplassen 5 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6060 HAREID Rådhusplassen 5 70095000 700 95 107 964979278 Side 7