Forslag til alkoholpolitiske retningslinjer for Odda kommune 2016-2020 Saka gjeld: Jmf. alkohollova 1-7d skal kommunen utarbeida ein alkoholpolitisk handlingsplan. Denne skal rullerast kvart fjerde år. Alkohollova set rammene for korleis alkoholpolitikken skal forvaltas. Innanfor desse rammene er kommunen tillagt eit betydeleg ansvar og ein stor fridom til å utforma sin eigen lokale alkoholpolitikk. I løpet av 2016 vert denne planen innlemma i ein meir omfattande plan: Ruspolitisk handlingsplan. Kommunestyret står ovanfor ein ny løyveperiode. Noverande løyve går ut 30. juni 2016, og alkoholpolitisk plan må behandlast før ein tek stilling til søknader for ein ny 4-års periode. Denne saka skal fastsetja kva sals- og skjenketider som skal gjelda for kommunen, kva krav ein skal stilla til dei som har sals- og skjenkeløyve og forvaltning av det nye obligatoriske systemet med prikkbelastning ved brot på alkohollova. Det er kommunestyret som er delegert ansvaret for å gje løyve for sal og skjenking av brennevin (gruppe 3), vin (gruppe 2) og øl (gruppe 1). Kommunestyret kan delegera mynde til å tildela løyve, fastsetja tid for sal og skjenking og å inndra løyve til formannskapet. Salsog skjenkeløyve skal knytast til eigarskapet, og om det er ein juridisk person. Løyvet vert gjeve til den som har det økonomiske og juridiske ansvaret for bedrifta. Ein løyvehavar kan ha fleire løyve. Politiet og helse- og sosialmyndigheitene skal uttala seg om løyvesøknaden før den vert avgjort. Det kan og innhentast uttale frå skatte- og avgiftsmyndigheitene. Dette for å ta stilling til vandel, og om søkar tilfredsstiller dei krav som stilles i lova. Dette gjeld for løyvehavar, personar som eig ein vesentleg del av verksemda eller selskapet, og / eller driv selskapet, samt styrar og stedfortredar for løyvet. Vandelskravet gjeld ikkje for A/S Vinmonopolet. Vert det avdekka forhold som kan ha vesentlig tyding for løyvespørsmålet, pliktar politi, skatte- og avgiftsmyndigheiter, utan hinder av teieplikta, å informera løyvemyndighetene. Kommunen kan til ein viss grad fastsetje anna sals- og skjenketid enn det som går fram av lova. Kommunen kan utvida eller innskrenka den generelle sals- og skjenketida som er gitt i alkohollova 3-7 og 4-4. Dette kan delegerast formannskapet. Skjenking av brennevin mellom kl. 03.00 og 13.00 og skjenking av øl og vin mellom kl. 03.00 og 06.00 er likevel forbode etter 4-4 i alkohollova. Sal av drikk gruppe 1 er forbode etter kl. 20.00 på kvardagar og kl. 18.00 på søn- og helligdagar unnateke dagen før Kristi Himmelfartsdag etter 3-7 i alkohollova. Kommunen er gitt stor fridom til å fastsetja kommunale retningslinjer for å gje sals- og skjenkeløyve. Det er opp til kommunen sitt frie skjønn å vurdera om det skal gjevast sals- og skjenkeløyve, men avgjerdsla i den enkelte sak må treffast på eit sakleg grunnlag, og vedtaket må grunngjevast. I lova er det teke inn ei rekke døme på omsyn kommunen må vektlegga ved skjønnsutøvinga døma er ikkje uttømande. Desse omsyna kan brukast som grunngjeving for å imøtekoma ein søknad, og til å avslå. Eksempel kan vera avgrensingar i talet på skjenkestader, plassering og størrelsen på desse, type verksemd, krav til vakthald og næringspolitiske omsyn. Kommunen står altså fritt, ut frå eit sakleg omsyn, å fastsetja eit bestemt tal løyve og kven som får løyve.
Nytt om lengda på kommunale løyve Kommunale løyve har hittil vore gjevne for inntil 4 år om gongen, med opphøyr 30. juni året etter at nytt kommunestyre er konstituert. Endring i alkohollova 1-6 som vart gjeldane frå 1. januar 2016 inneber at gjeven løyveperiode er utvida til 30. september året etter at nytt kommunestyre er konstituert. Kommunale sals- og skjenkeløyve må ikkje lengre gå ut etter 4 år. Det er innført ein unntaksregel som gjev kommunen høve til, etter eit kommuneval, å vedta at alle eller nokre løyver kan vidareføras i inntil 4 nye år utan krav om å søkje på nytt. Føresetnaden for å fatte eit slikt vedtak, er at kommunen har hatt ein gjennomgang av alkoholpolitikken etter kommunevalet. Odda kommunestyre vert i denne saka bedne om å ta stilling til om denne unntaksregelen skal gjelda i Odda kommune. Alternativa for handsaming av løyva for 2016-2020: Alle løyve skal fornyast Alle løyve skal vidareførast Nokre løyvehavarar må søkja om fornying Nytt om normerte reglar for inndraging av løyve - prikktildeling Endring i alkoholforskrifta, 10-1 til 10-6 gjeldande frå 1. januar 2016, inneber innføring av prikktildelingssystem, med sakshandsamingsreglar og standardiserte reaksjonar for ulike former for avvik/brot i høve til lov/forskrift. Reglane inneber at ulike typar brot vert tildelt eit visst tal prikkar, og der 12 tildelte prikkar i løpet av to år vil føre til inndraging i ei veke. Eit enkelt brot kan gje maks 8 prikkar. Kor alvorleg brotet er avgjer talet på prikkar. Ordninga er obligatorisk, og kommunen er forplikta til å følgje anvisingane som føl denne forskrifta. Hovudmålet med innføring av prikktildelingssystemet er å sikre at brot på regelverket vert følgt opp. Vidare er systemet meint å føre til ei forenkling av sakshandsaminga av inndragingssaker i kommunane. Prikktildelingssystemet gjev klare retningslinjer for når eit løyve skal inndragast, og kva reaksjon som skal gjevast. Det skal ikkje utøvast skjøn i same grad som tidlegare, men unntak kan gjerast i særlege høve. Dette prikktildelingssystemet gjer konsekvensane ved brot meir tydelege og føreseielege for løyvehavaren. Dette vil vera til hjelp for løyvehavarane når dei utarbeider rutiner og internkontroll for å sikra at drifta er i samsvar med alkohollov og forskrifter. Avgjerdsmynde ved inndraging av løyve og andre reaksjonar: Odda formannskap fattar vedtak om inndraging av løyve. Oversikt over prikkfordeling 8 prikkar Sal og skjenking til mindreårige Brot på bistandsplikta (døme er hjelp å ta vare på folk som ikkje klarar det sjølv) Brot på krav om forsvarleg drift Hindring av kontroll 4 prikkar Sal og skjenking til openbart rusa person Brot på sals- og skjenketidsbestemmelsane Skjenking av gruppe 3 (brennevin) til person mellom 18 og 20 år Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol 2 prikkar Openbart rusa person i lokalet
Manglar ved internkontroll Manglande levering av omsettingsoppgåve Manglande betaling av gebyr Brot på reglar om styrar og stedfortredar Diskriminering Narkotikaomsetjing 1 prikk Brot på reglar for tilbod av alkoholfrie varer Brot på reglar om plassering av alkoholhaldig drikk på salsplassen Brot på reglar om skjenkemengd av brennevin Brot på vilkår i løyvevedtaket Konsumering av medbrakt alkohol Gjester tek med alkohol ut skjenkelokalet Brot på reklameforbodet Nytt om krav til kontrollørar Frå 1. januar 2016 vert det stilt krav til at kontrollørar som skal kontrollere stader med salsog skjenkeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova og bestemmelsar gjeve i medhald av denne (alkoholforskrifta 9-3). Dette inneber at kontrollørar må ha bestått ei kunnskapsprøve som Helsedirektoratet har utarbeidd for kontrollørar. Alkoholforskrifta 9-5 er endra slik at det no er krav om to kontrollørar ved kontroll av skjenkestader. Bakgrunnen for kravet er å sikre gode observasjonar og vurderingar. Ein rapport frå to kontrollørar har ein større bevismessig verdi enn om berre ein kontrollør sine observasjonar ligg til grunn for vurderingane. Vidare vil det å bruke minst to kontrollørar gje betre rettssikkerheit for løyvehavar, samstundes som det aukar sjansen for at ein kontroll avdekker eventuelle brot. Som følgje av kravet til kommunane om to kontrollørar, er satsane for løyvegebyr noko justert, jmfr. alkoholforskrifta 6-2. Ved salskontrollar kan kommunen sjølv vurdere trongen for to kontrollørar. Det kan gis følgande sals- og skjekeløyver i kommunen: Faste sals- og skjenkeløyver Løyve for ein bestemt del av året Løyve for einskildhøve Ambulerande skjenkeløyve Løyveperiode: Faste sals- og skjenkeløyver vert gjevne for inntil 4 år, men opphøyrer seinast 30. september året etter at nytt kommunestyre har konstituert seg. Løyve for einskildhøve kan gjevast til arrangement som varer inntil 10 dagar. Definisjonar på alkoholhaldig drikk: Alkoholfri drikk inneheld under 0.7 volumprosent alkohol Alkoholsvak drikk inneheld 0.7 til 2.5 volumprosent alkohol Alkoholhaldig drikk gruppe 1 2.5 til 4.7 volumprosent alkohol Alkoholhaldig drikk gruppe 2 4.7 til 22 volumprosent alkohol Alkoholhaldig drikk gruppe 3 22 til 60 volumprosent alkohol
Definisjonar på sal, skjenking og engrossal: Sal er overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag for konsumering utanfor salsplassen. Skjenking er sal for konsumering på skjenkeplassen. Engrossal er overdraging av alkoholhaldig drikk mot vederlag som ikkje omfattas av fyrste og andre punkt. Salsløyve: Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 skal føregå som sjølvbetjeningssal i daglegvareforretningar og enkelte spesialforretningar. Sal av gruppe 1 skal vera i samsvar med maksimaltid i alkohollova: måndag til fredag frå kl. 08.00 20.00 kl. 08.00 18.00 på dagar før sundag og helligdagar, unnateke Kristi Himmelfartsdag. Frå 1.1.15 er det ikkje lenger forbud mot å sal av alkohol på stemmedagene for stortingsvalg, fylkestingsval, kommunestyrevalg og folkeavstemming vedtatt ved lov. Skjenkeløyve: Hotell, bar og restaurantar kan tildelast skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3. Skjenketider: I dag er det ulik skjenketid på helg og kvardag (ein kan skjenka ein time lengre fredagar og laurdagar enn resten av veka). I følgje skjenkekontrollen der 11 kommunar er tilslutta, er Odda ein av få som har ulik sluttid på skjenking i helg og kvardag. Dette fører til meirarbeid for skjenkekontrollen, Odda kommune og løyvehavarane. Rådmann vil derfor foreslå at skjenketida vert lik for kvardag og helg: kl. 11.00 til 02.00 for gr. 1 og gr. 2 kl. 13.00 til 01.00 for gr. 3. Det er ikkje høve til å søkja om utvida skjenketid. Sals- og skjenkekontroll Kommunen har ansvar for kontroll med utøvinga av dei kommunale sals- og skjenkeløyva, jfr. alkohollova 1-9 og alkoholforskrifta kap. 9. Forskrifta seier at sals- og skjenkestadene skal kontrollerast så ofte som behovet tilseier, men minst ein gong kvart år. Det skal kontrolleras tre gonger meir enn summen av sals- og skjenkeløyve i kommunen. Odda kommune er tilslutta interkommunal skjenkekontroll saman med 10 andre kommunar. Dei tek seg av kontrollane. Vaktkrav: Alle vakter som skal nyttast på skjenkestadene må vandelsvurderast av politi. I tillegg vil rådmann stilla krav om at tilsette på skjenkestadene må ha godkjent kunnskapsprøv (alkohollova) eller delteke på ansvarleg vertskapskurs i regi av Odda kommune / skjenkekontrollen seinast 6 mnd etter ein har byrja å jobba på skjenkestaden. Dette er ein innskjerping av dagens krav og i tråd med signal frå lensmannen i Hardanger.
Skjenking på arrangement med mindreårige/ungdom? Odda kommune er ein av få kommunar som framleis tillet ei aldersgrense på 15 år på arrangement med alkoholservering, til dømes på bygdafestar, samstundes som det vert gjeve skjenkeløyve. Dette er ei uheldig kombinasjon. Det er svært vanskeleg å ha forsvarleg skjenking når ungdom frå 15 år får tilgang til skjenkelokalet. Skjenking på idrettsarrangement? I ruspolitisk handlingsplan frå 2012-2016 er det vedteke å ikkje tillata skjenking på idrettsarrangement, rådmann ynskjer å halda fram med dette. Å bruka same arena for å fremje folkehelsa og til å tillata skjenking gjer uheldige signal. Skjenkeløyve for einskildhøve etter 1-6 i alkohollova: Det kan innvilgast skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 for einskilde arrangement. Dagens retningslinjer stiller ikkje krav til arrangør for dei som får skjenkeløyve for einskilhøve. Det er mellom anna ikkje krav til kunnskap om alkohollova eller krav til opplæring av vakter og servitørar. Arrangør ved store og inntektsbringande einskildarrangement tek liten risiko ved brot på alkohollova i forhold til dei med faste løyve. Merknad: I Odda kommune vert einskildhøve sjeldan brukt. Rådmann vil stilla krav om at skjenkestyrar og stedfortredar og minst 1/3 av vaktene må ha gjennomført kurs i ansvarleg vertskapskurs eller ha bestått kunnskapsprøven (alkohollova) på større opne arrangement (til dømes dans/bygdafest), og at talet på vaktar er i samsvar med krav frå politiet. Det er eit vilkår om 18 års aldersgrense for tilgang til lokalet. Brot på skjenkevilkåra kan medføra karantene for både huseigar og arrangør. Ambulerande skjenkeløyve etter 4-5 i alkohollova skal gjevast slik: Til arrangement for lukka lag med inviterte gjester, der alkoholservering skjer som sal eller spleising. Vilkåra for lukka lag må vera tilfredsstilt. Søknad om utviding av skjenkeareal, einskildløyve og ambulerande løyve skal vera levert kommunen seinast to veker før løyvet skal takast i bruk. Kommunen skal avvisa søknader som kjem inn etter fristen. Løyvehavarar for einskildhøve skal betala gebyr etter fylgjande retningslinjer: For tilskipingar der forventa tal deltakarar er frå 0-100 personar kr. 600.- For tilskipingar der forventa tal deltakarar er frå 100-200 personar kr. 1 500.- For tilskipingar der forventa tal deltakarar er meir enn 200 personar kr. 3 000.- Ved søknad om dette løyve skal det gjevast opp kor mange personar tilskipinga forventar. Rekning for gebyr vert sendt ut på bakgrunn av tal personar gjeven opp i søknad. Dersom det ved kontroll av tilskipinga syner seg at det er fleire personar enn gjeve opp i søknad, vert det sendt restkrav etter maksimalsats. Løyvehavarar for ambulerande løyve skal betala kr. 340.- Dette beløpet vert regulert frå departementet kvart år. Samarbeid med bransjen og politi Odda kommune ynskjer å ha eit godt samarbeid med bransjen og politiet, og arrangerte difor eit dialogmøte med sals- og skjenkenæringa i oktober 2015. Her møtte over 50
representantar frå bransjen i tillegg til interkommunal skjenkekontroll og politi. Denne gongen var det særleg fokus på vakthald i tillegg til ei gjennomgang av alkohollova. Dette er noko rådmann skal gjennomføra årleg. Samandrag/ konklusjon: Eksisterande forskrift om skjenketid i Odda kommune vert oppheva. Alle sals- og skjenkeløyve vert vidareført til 30. september 2020 utan krav om ny søknadsrunde. Rådmann vil i løpet av 2016 ha vandelskontroll på styrar, stedfortredar og personar med vesentleg innverknad på verksemda på sals- og skjenkestaden opp mot politiet og Skatteetaten. Kontrollen er i forhold til alkohollova og bestemmelsar i anna lovgivning som har samanheng med formål i alkohollova og skatte- og avgiftslova. Skjenketider vert dei same for kvardag og helg: o Kl. 11.00 til kl. 02.00 for gr. 1 og gr. 2 o Kl. 13.00 til 01.00 for gr. 3 På hotell med «nattklubb-løyve» kan skjenking av gruppe 1 og gruppe 2 skje frå kl. 22.00-03-00 i dei lokaler som nemnde løyve gjeld for. Salstider: o Kl. 08.00 til kl. 20.00 måndag til fredag o Kl. 08.00 til kl. 18.00 på dagar før sundag og helligdagar, unnateke Kristi Himmelfartsdag. Krav til vakter som skal nyttast på skjenkestaden: o Må vandelsvurderast av politi. Krav til tilsette på skjenkestaden: o Bestått kunnskapsprøven etter alkohollova eller deleteke på ansvarleg vertskapskurs i regi av Odda kommune/skjenkekontrollen innan 6 mnd etter ein har byrja å jobba på skjenkestaden. Det vert 18 års aldersgrense på såkalla bygdafestar og andre «fest-arrangement» der alkoholservering er tillatt. Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve på idrettsarrangement Det kan gjevast skjenkeløyve gr. 1 og gr. 2 for einskildhøve. Kravet er at på større opne arrangement (til dømes dans/bygdafest) må 1/3 av vaktene ha gjennomført kunnskapsprøven eller delteke på kurs i ansvarleg vertskapskurs, og at talet på vaktar er i samsvar med krav frå politiet. Delegering til rådmannen Gje løyve til skjenking i slutta lag (ambulerande skjenkeløyve) Gje løyve til skjenking for ein enkelt anledning Godkjenna utvida skjenkeareal for ein enkelt anledning Godkjenne endring av styrar og stedfortredar for eksisterande løyve
Gjennomføra reaksjonar og gjere einskildvedtak ved brot på lov og forskrifter. Løyvehavar skal i samband med vedtaket orienterast om konsekvensar ved ytterlegare prikktildelingar.