FORSKRIFT OM ORDENSREGLAR VED SVILAND SKULE OG SFO Gjeldande frå 01.08.2016 Forskrifta er vedteken av samarbeidsutvalet ved Sviland skule i møte 21.06 2016. Reglane gjeld i skuletida og i arrangement i skulen sin regi. Innleiing: Ordensreglementet har til hensikt å fremje samarbeid, trivsel og medansvar for alle i skulesamfunnet. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (jf. Opplæringslova 9-a) Reglar som fremjar eit godt og trygt psykososialt miljø: - Elevar og vaksne skal syne respekt for og ta vare på kvarandre, både i skuletida og på skulevegen - Mobbing og plaging av andre er ikkje tillate (Jf. Opplæringslova kap. 9A) - Negativ eller grov munnbruk mot medelevar og vaksne er ikkje tillate - Bruk av vald mot medelevar og vaksne er ikkje tillate - Elevane skal ikkje ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen - Tobakk, snus og rusmiddel er forbode på skulen og i skulen sine lokale (jf. Opplæringslova 9-5) Reglar som fremjar god orden både inne og ute: - Ta godt vare på alt som høyrer til skulen, både ute og inne. Stell pent med skulebøker og anna undervisningsmateriell - Elevane bidrar med å rydde og halde orden på skulen sitt område, både ute og inne - Snop og brus kan berre tas med etter avtale med skulen sine tilsette Reglar som fremjar læring: - Halde arbeidsro i timane og vise respekt for undervisninga - Møte presis til timar og avtalar og ha med riktig utstyr og læremiddel - Delta på aktivitetane som går føre seg på skulen - Lekser og skulearbeid skal gjerast til avtalt tid - Datamaskinar og anna utstyr skal berre brukast til det som dei tilsette på skulen har bestemt - Mobiltelefonar og anna kommuniserbart utstyr (til dømes musikkspelarar og kamera) skal ikkje brukast i skuletida. Disse skal vere avslått i sekken og kan berre brukast etter avtale mellom føresette og skulen Reglar som fremjar trivsel og tryggleik i skuletida: - Alle har ansvar for å ta vare på kvarandre
- Elevane skal vere på skulen sitt uteområde i friminutta. Det er berre lov å forlate området etter avtale med vaksen. Det same gjeld opphald i klasseromma - I matpausen et elevane i klasserommet saman med ein av skulen sine tilsette, som regel mellom 10.15-11.00 - I uteleik (både ballspel og anna leik) må det synast omsut for medelevar, vaksne og skulebygg. Det er ikkje høve til å sparka ball på skulen sine veggar. - Fotballspeling skal berre vere på fotballbanane og i ballbingen. Fordeling av banar må respekterast - Snøballkasting er berre tillate når dei tilsette på skulen har gitt klarsignal, og då berre i ballbingen - Elevane skal ikkje leike med/ved sykkelstativa eller syklane - Skulen bestemmer kva leikar elevane har lov å ta med seg Respekt Sviland skule er ein respektskule. Dette inneber og at vi i tillegg til ordensreglementet har nokre levereglar som inngår her: Vi seier JA når nokon spør om å få bli med Vi er høflege og greie mot kvarandre på skulen, på skulevegen og i bussen Vi respekterer kvarandre og kvarandre sine eigedelar Vi held det fint og ryddig rundt oss Reglar for bruk av sykkel, sparkesykkel, rulleskøyter og rullebrett: - Skulen viser til anbefalingane frå Trygg Trafikk angåande sykling til skulen: Trygg Trafikk anbefaler at barn er 10-12 år før dei bør få sykle åleine i blanda trafikk. Nøyaktig når vil vere avhengig av barnet og trafikktilhøva, og må vurderast av foreldra sjølve. - Dei som syklar til skulen må bruke hjelm, og sykkelen må vere i føreskriftsmessig stand. Når sykkel blir brukt ved skulen sine arrangement, skal elevane bruke hjelm - Syklane skal parkerast i/ ved sykkelstativa, og ein skal ikkje sykle på skulen sitt område så lenge skulen og SFO har ope. Dette gjeld og sparkesykkel og rullebrett. - Elevar i SFO kan i nokre tilfelle få løyve til å sykle på skulen sitt område. Det er i så fall dei tilsette på SFO som gjer dette løyvet. SANKSJONAR Ved brot på ordensreglementet blir desse reaksjonane brukt: - Vanlegvis løyser vi opp i ting på lågast mogeleg nivå ved å snakke samen; elevar, føresette og lærarar. Vi nyttar då denne trappa for løysing: o Den vaksne i situasjonen samtalar med eleven det gjeld, og gir kort skriftleg informasjon til kontaktlærar/sfo leiar o Kontaktlærar/ SFO leiar samtalar med eleven o Elev eller kontaktlærar/sfo leiar informerer føresette
o Kontaktlærar/ SOF leiar, elev og føresette samtalar o Samtale med føresette, sosiallærar og kontaktlærar/ SFO leiar o Rektor blir kopla inn i saka. - Skriftlege meldingar til heimen blir brukt ved behov I tillegg kan desse reaksjonane bli brukt: - Inndraging av ting som vi ikkje ynskjer på skulen, føresette blir kontakta i spesielle situasjonar - Ved ulovleg bruk av datamaskin, kan eleven bli utestengd for bruk av datamaskin i ein periode - Kommuniserbart utstyr og kamera som blir brukt utan avtale, blir inndratt, og kan bli henta etter skuletid etter avtale med føresette - Bortvisning frå klassen resten av timen/ arbeidsperioden etter avgjerd frå faglærar, eller resten av dagen etter avgjerd frå rektor (jf. Opplæringslova 2-10) - Midlertidig byte av klasse myndighet til vedtak er rektor - Midlertidig eller permanent byte av skule (jf. Opplæringslova 8-1, 3. ledd) myndighet til vedtak er kommunaldirektør - Bruk av vald, tjuveri, grovt hærverk med meir kan bli politimeldt - Ved mistanke om bruk eller eige av rusmiddel, kan eleven, etter kontakt med føresette, bli sendt heim/ henta heim av føresette for resten av dagen. Rektor blir informert på førehand - Erstatning for øydelagde ting: o Elevar kan bli pålagde å rette opp skaden dei eventuelt har påført skulen sin eigedom eller eigedelar (til dømes fjerne tagging, vaske golv), dersom det blir sett på som hensiktsmessig o Elevar kan blir erstatningsansvarlege etter erstatningsrettslege reglar. Føresette er erstatningspliktige etter skadeerstatningslova 1-2 for inntil 5000 kroner. Sakshandsaming: Før sanksjonar blir sette i verk, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg, og føresette skal vere informert. Alvorlege refsingstiltak, mellom anna bortvisning, byte av klasse/skule, vil vere fatta i eit enkeltvedtak (Forvaltningslova 2) og kan bli klaga på (Forvaltningslova 28) Fråvær: - Permisjon for fleire dagar må bli søkt om skriftleg, helst innan 14 dagar før fråværet - Skulen kan gje løyve til permisjon for inntil 14 dagar samanhengande 10 skuledagar - Kontaktlærar kan gje løyve for inntil 2 skuledagar - Når ein elev har gyldig fråvær (til dømes ved sjukdom), skal skulen/sfo få beskjed om dette same dag, gjerne via telefon/e-post til kontaktlærar/sfo.
- Ved fråvær ut over 3 dagar samanhengande, kan skulen be om legeattest - Ved gjenteke forseintkomming, vil kontaktlærar ta kontakt med eleven sine føresette Retningslinjer for bruk av One Drive for elevar Microsoft One Drive er en skybasert lagringsteneste som blir tilbyde til alle tilsette og elevar i Sandnesskolen som et supplerande lagringsområde man kan bruka for å få tilgang til dokumenter og filer utanfor Sandnes kommune sitt nettverk. Det er viktig å være klar over at Microsoft One Drive ikkje erstattar ditt lagringsområde på skolen. Kvar bruker kan lagre inntil 1 terrabyte med data på sin One Drive. Det er også avgrensa til maks 20 000 filer og maks filstørrelse er 10 gigabyte. Det er også en 30 dagars papirkurv som bruker sjølv kan bruka for å gjenopprette filer man har sletta. Man har tilgang til nettbaserte versjonar (ikkje lokalt installerte versjonar eller apper) av Office 365, inkludert Word, Excel, PowerPoint med meir. One Drive som man blir tilbyde gjennom Sandnes kommune er ikkje å rekne som ein privat One Drive konto og elevane er pålagt å følge gjeldande ordens og oppførselsregler på skolen med omsyn til bruk av IT-utstyr i Sandnes kommune. Retningslinjer Det er ikkje tillate å lagre personsensitiv informasjon i One Drive. Informasjon som lagras i One Drive skal være skulerelatert. Det skal ikkje lagras private dokumenter, filmar, videosnutter, bildar, musikk og liknande så fremt dette ikkje skal brukas i skulesamanheng. Fil-innhald som bryter med skolens ordensregler og norsk lov er ikkje tillate å lagre i One Drive. Det blir ikkje tatt backup av filer på One Drive utover at kvar enkelt bruker kan gjenopprette filer inntil 30 dagar etter at disse er slettet. Sletta filer eldre enn 30 dagar må man anse som tapt. Logger man på One Drive frå stader utanfor kommunen sitt nettverk er det viktig å passe på at utanforståande ikkje får tilgang til passord/brukarnamn til din One Drive konto. Husk å logge av når man er ferdig å bruke One Drive. Når elev slutter i Sandnes kommune blir One Drive kontoen deaktivert og eventuelt innhald blir sletta. Innhald som eleven ønsker å behalde må overføras til andre lagringsmediar privat før dette.
Iverksetjing og kunngjering Forskriftene blir kunngjorde via ranselpost og ved publisering på skulen si heimeside. Reglementet er utarbeida på grunnlag av Opplæringslova 2-9, 2-10, 9-5 og 9A, samt rundskriv Udir-8-2014 «Om ordensreglement i grunnskoler og videregående skoler» BEKREFTING Ber om at denne svarslippen blir sendt i retur til skulen. Namn på elev: Klasse: Eg/vi bekreftar å ha lest ordensreglementet for Sviland skule: Dato: Føresette si underskrift: Eleven si underskrift: