Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun Det var 16 medlemmar og 1 støttemedlem tilstades Sak 1 Konstituering a) Godkjenning av innkalling og saksliste Det var ein merknad til innkallinga. Det mangler plakater rundt og dermed har ikkje støttemedlemmene fått innkalling. Neste årsmøte passer vi på å henge opp plakater slik at alle kan få med seg når det er årsmøtet - Samrøystes b) ordstyrar vart Sissel c) skrivar vart Beathe Sak 2 Årsmelding 2006/2007 Årsmeldinga vart lest opp av Beathe Ein feil i lista over speleoppdrag, jonsok 21/6-08 skal ikkje vere med i lista. Vi hadde eit minutt stillheit for Einar Rapport frå programnemnda vart lest opp av Anders. Det mangler ein låt i lista: You ll never walk alone som vi spelte på aksjon for Lærdal Sjukehus Ingvar gjekk gjennom frammøte. To medlem har ikkje fråver. Samrøystes godkjent Sak 3 Rekneskap 2006/2007 Kjell gjekk gjennom rekneskapen Rekneskapen bør synleggjere kven som gir gåver. Dette står også i årsmeldinga. Samrøystes godkjent Sak 4 Budsjett 2007/2008 Kjell gjekk gjennom framlegg til budsjett Forslag: auke post 6030 notar til 12.000,- Diskusjon på dette. Det kostar mykje å supplere hefter og notar. Neste år lagar programnemnda rapport over kva som er nykjøp og supplement. Avstemning: 13 stemmer for å auke summen til 12.000,- Budsjettet vert sett opp med kr. 2000,- i underskot Samrøystes godkjent. Sak 5 Årsplan 2007/2008 Sissel gjekk gjennom framlegg til årsplan Kommentar: Vi har problem med bemanning i helgene. Bør difor prøve å unngå disse dagane. Sjå om vi kan flytte nokre arrangement vekk frå helger. Forslag: Årsmøtet godkjenner aktivitetane og nye styret ser på datoar. Det vart diskusjon ang. Jonsok: Skal vi gjennomføre arrangement på Jonsok? Vi er få medlem tilstades denne helga. Dette er ein tradisjon i bygda.
Det vart bestemt å gjennomføre ein enklare variant av arrangementet og å fordele ansvar no til dei som er tilstades. Årsplanen er samrøystes godkjent med fullmakt til nye styret på justering. Sak 6 Val Kommentar frå valnemnda: Det er ikkje dokumentert at nemnda var valt etter lovene for laget. Vi gjorde likevel jobben av omsyn til årsmøtet. Nemnda er ikkje samd i praksisen at "den som ikkje har meldt ifrå, automatisk tek attval". Vi har derfor kontakta alle som no er føreslegne, og meiner dette bør bli praksis for framtidige valnemnder. Dette bør òg vera praksis når valnemnda skal veljast. Til sist: Det bør diskuterast om attval av valnemnd er ei demokratisk løysing. Me meiner at "attval" ikkje bør skje. Valnemnda skal veljast etter framlegg i det einskilde årsmøtet, og såleis vera heilt uavhengig av utgåande valnemnd. Anders M. leia valet. Framlegg frå valnemnda. Formann Reidun Borlaug 1 år Ny Varaformann Erling Oppheim 2 år Ikkje på val Kasserar Venke Sjursen 2 år Ny Skrivar Beathe Ekhall Stentvedt 2 år Ikkje på val Styremedlem Beate Bjørnestad 2 år Attval Varamedlem Margunn Tokvam 1 år Attval Varamedlem Siw Helen Hagan 1 år Attval Revisor 1 Geir Lasse Almenningen 2 år Ikkje på val Revisor 2 Anders Aasen 2 år Ny Noteansvarleg Hans Bakketun 2 år Ikkje på val Korpsleiar Ingvar Vikesland 2 år Attval Festnemnd L Halfdan Moss 1 år Ny Festnemnd M Marit Bjørnestad 1 år Attval Festnemnd M Marit Berge 1 år Attval Medl. FSH-styret Erling Wangen 1 år Attval Valnemnda fekk ros for å ha gjort ein god jobb Framlegg til valnemnd på årsmøtet: Jens Roti leiar og kallar inn 1 år Bjarne Nygård 1 år Torild Mo 1 år
Sak 7 Innkomne saker 7-1 Innkomen sak frå Jan Flåm Æresmedlemskap Etter paragraf 4c. i lovene for Musikklaget er det berre årsmøte etter forslag frå styret som kan utnemna æresmedlemmer. Eg vil med dette foreslå at Sjur Heimdal blir utnemnd til æresmedlem. Då den som var dirigent for laget fall ifrå, var det Martin og Sjur i fellesskap som tok på seg instruktøransvaret frå 1948 til 1953. Sjur har og vore aktiv i lagsarbeidet både i skulemusikken og musikklaget. Etter alt arbeid han har lagt ned i korpsarbeidet, er han ein verdig kandidat. Framlegget vart delt ut på møtet. Styret har behandla framlegget på styremøte. Styret ynskjer å gå gjennom rutinar for diverse utmerkingar og legg dermed ikkje saka fram for vidare handsaming på årsmøtet. 7-2 Innkomen sak frå Jan Flåm Endring i 8 Programnemnda Gjer med dette forslag om at programnemnda vert utvida til tre aktive musikarar og at dirigenten ikkje blir medlem av nemnda, men blir tilknytta nemnda som den som gir råd og veiledning. Framlegget vart delt ut på møtet. Styret har behandla framlegget på styremøte og kom med følgjande framlegg: Endring i 8: På korpsmøte i mars kvart år, skal det veljast eitt medlem til Programnemnda for ein periode på 3 år. Då har denne nemnda alltid 3 aktive musikarar samt dirigenten som faste medlemer. Valnemnda skal gjera framlegg. Framlegget vart delt ut på møtet. Avstemning på årsmøtet. Framlegg frå styret vart samrøystes vedteke. Sak 7-3 Sak frå styret Styret tok på førehand utnemning av Oline og Jens Roti som æresmedlem. Paragraf 4c seier at dette skal handsamast på årsmøte etter framlegg frå styret. Styret hadde framlegg om dette no. Samrøystes vedteke Sak 7-4 Sak frå korpsmøte i mars - Kontingent Framlegg frå styret: Kontingenten vert ikkje endra. Framlegg frå styret vart samrøystes vedteke.