VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

Like dokumenter
Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Vedtekter for kommunale barnehagar

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Revidert Oppvekst og omsorg,

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Kvinnherad kommune - Rutinar

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Selje kommune har desse barnehagane(2007): NAMN ADRESSE OPEN AVD. ALDER PLAS- SAR. og barnehage Stadlandet. Stadlandet t/v ÅR

VEDTEKTER FOR SANDE BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Transkript:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.. barnehage 1. LOV OG RETNINGSLINJER. Alle barnehagar skal ha vedtekter fastsett av eigaren ( 15 i bhl.). For private barnehagar, som ikkje har utarbeidd eigne vedtekter, gjeld dei kommunale vedtektene. Vedtektene skal vera i samsvar med barnehagelova (bhl.), og innehalda retningslinjer som barnehagen skal arbeida etter. Vedtektene skal etter lova omhandla a) eigarforhold b) føremål, dersom eigar ynskjer særskilde føresegner om livssynsføremål etter 1 fjerde ledd i bhl. c) evt. reservasjon frå 1 andre ledd i bhl. d) opptaksinstans e) opptakskriterier f) opptaksperiode og oppseiingsfrist g) kven som fastset foreldrebetalinga h) leike- og opphaldsareal pr. barn i) opningstida i barnehagen. I kommunale barnehagar er det Formannskapet som fremjar forslag til vedtekter overfor kommunestyret. Formannskapet skal sjå til at vedtektene til ei kvar tid er i samsvar med lov og føresegner, og kommunale vedtak. 2. FØREMÅL. Barnehagen skal leggja tilhøva til rette for gode utviklings- og aktivitetstilbod for førskuleborn, og hjelpa heimen med å gje borna gode oppvekstvilkår. Verksemda skal vera i samsvar med gjeldande rammeplan, og kommunen sin pedagogiske plan, med høve til lokale tilpassingar. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane barnehagelova 1. 3. EIGARFORHOLD OG TILSYN. barnehage er eit. tilbod som vert drive i samsvar med lov om barnehagar (bhl) og godkjende føresegner, og i samsvar med kommunale vedtak. Formannskapet har ansvaret for forvaltninga av barnehagane i kommunen, herunder tilsynet med barnehage. Formannskapet har administrasjon og sekretariat knytt til OKO etaten når det gjeld barnehagar. 4. SAMARBEIDSUTVAL OG FORELDRERÅD. Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd ( 4 og 5 i bhl.). a) Samarbeidsutvalet (SU). I vanlege kommunale barnehagar skal samarbeidsutvalet ha 3 medlemer; 1 frå foreldrerådet, 1 frå dei tilsette og 1 frå eigaren. Private barnehagar som får kommunalt tilskot, skal i tillegg ha 1 medlem frå kommunen i SU, vald for kommunestyreperioden. Eigarrepresentanten vert vald for kommunestyreperioden, medan foreldrerepresentanten og dei tilsette sin representant skal veljast skriftleg på allmannamøte for eitt år om gongen. Det skal og veljast varamedlemer til SU. I oppvekstsenter, der skule og barnehage er samla under felles leiing, skal SU vera felles for dei to institusjonane. SU skal då ha 9 medlemer; 1 repr. for lærarane, 1 repr. for andre tilsette i skulen, 2 repr. for dei tilsette i barnehagen, 2 repr. for foreldrerådet i skulen, 2 repr. for foreldrerådet i barnehagen, og rektor for oppvekstsenteret. Bhg.vedtekter 27.12.16 side 1

SU skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet skal stimulera til eit godt samarbeid mellom heimane og barnehagen, og sjå til at tilbodet vert drive innafor ramma av lover, vedtekter og budsjett. Det er særleg viktig at barnehagen, saman med heimen, hjelper borna i overgangen heim barnehage, og barnehage skule. SU skal fastsetja ein årsplan for den pedagogiske verksemda i barnehagen. b) Foreldrerådet. Alle foreldre som har born i barnehagen, utgjer foreldrerådet for dette tilbodet. Foreldrerådet kan kvart år velja eit arbeidsutval, med leiar og medlemer, alle med varamedlemer. Det skal haldast foreldremøte minst to gonger i året. I tillegg kan foreldra avtala møte med personalet. Elles er foreldra alltid velkomne innom i barnehagen. 5. OPNINGS- OG OPPHALDSTID.. barnehage er heiltidsbarnehage, og har ei opningstid på t/v. Minste opphaldstid/betalingstid i barnehagen er t/v. Maks opphaldstid/betalingstid i barnehagen er. t/v. Barnehagen fylgjer eit normalt arbeidsår. Juli er feriemånad. SU kan søkja Formannskapet om avvik frå regelen om juli som feriemånad. 6. OPPTAK I BARNEHAGEN. Søknad om opptak i barnehagen skal skje på kommunen si heimeside. Kommunalsjefen for OKO er opptaksinstans, og gjer vedtak etter gjeldande opptaksreglar, og på grunnlag av tilråding frå styraren ved den enkelte barnehage. Opptaket skjer om våren, og gjeld for eit barnehageår. 7. KLAGE. Den kommunale klagenemnda er klageinstans. Klage på opptaket skal sendast via styrar til kommunalsjefen. Klagefrist er 3 veker frå motteken melding om opptaket. 8. FORELDREBETALING. Betalingssatsane for opphald i barnehagen vert kvart år vedtekne av kommunestyret. Det vert gitt syskenmoderasjon etter nærare reglar. Foreldrebetalinga skal skje forskotsvis kvar månad (noko seinare i aug.). Betalingsåret er 11 mnd., inkl. lovfesta planleggingsdagar for personalet. Det skal betalast for kvar påbyrja månad. Ved naudsynt fråver kan det søkjast fritak frå foreldrebetaling for den fråverstida som er over 4 samanhangande veker. 9. STØTTETILTAK. Barnehagen skal halda god kontakt med PP-tenesta og skulekontoret for å kunne setja inn støttetiltak for dei borna som treng det. 10. HELSETILSYN. Miljøretta helsevern har ansvaret for helsetilsynet. Barnehagen må retta seg etter dei reglar og føresegner som miljøretta helsevern til eikvar tid gjev om opphald i barnehagen, t.d. i samband med sjukdom. Borna skal vera reine og praktisk kledde når dei møter fram. Barnehagen skal ha eigne reglar for korleis borna skal vera kledde til ulike aktivitetar. 11. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL. Barnehagen skal ha ei arealutnytting inne på min. 4 m2 netto leike- og opphaldsareal pr. barn over 3 år, og min. 5 m2 netto pr. barn under 3 år. Dette gjeld heildagsopphald. Arealet ved alternative opningstider skal vurderast i forhold til denne utnyttinga. OKO kan i visse høve dispensera frå denne regelen. Bhg.vedtekter 27.12.16 side 2

12. TAP AV BARNEHAGEPLASS, OPPSEIING. Uregelrett frammøte, manglande betaling o.l., kan føra til at barnet mister plassen sin. Skal eit barn slutta i barnehagen, må plassen seiast opp skriftleg med min. 1 mnd. varsel. Det må betalast for oppseiingstida (ein må i tillegg betala for påbyrja månad). Ein kan ikkje avslutta barnehageopphaldet etter 1. april og kan derfor ikkje seia opp plassen etter denne datoen, utan at det er sterke grunnar for det (flytting, sjukdom o.l.). Delvis oppseiing av barnehageplass, t.d. 2 av 5 dagar i veka, kan berre skje når slik endring ikkje ville betydd noko ved det ordinære opptaket. Oppseiingsreglane gjeld då som ovafor. Fråver skal alltid meldast til barnehagen. 13. FORSIKRING, ANSVAR. Barnehagen har ansvar for borna medan dei er der, men ikkje på vegen til og frå barnehagen. Det er utarbeidd eigne reglar om melding til heimen når barnehagen ynskjer å ta borna ut av barnehageområdet (turar, ekskursjonar o.l.). Kommunen har ansvar for ulukkesforsikring av borna medan dei er i barnehagen. 14. OPPTAKSREGLAR. I. GENERELT. Opptaksreglane gjeld for alle barnehagar i Finnøy med kommunalt tilskot. Barnehagane er godkjende for barn frå 0-5 år. Ved opptak av dei minste borna, skal ein i tillegg til dei vanlege opptakskriteria, også vurdera korleis barnehagen til ei kvar tid er tilpassa denne aldersgruppa, både når det gjeld areal, bemanning, gruppestorleik, praktisk tilrettelegging m.m. Søknadene skal rettast til barnehagen i den krinsen der ein bur. På Finnøy kan det søkjast alternativt til Utsyn, Hagatoppen og Talgje Søknaden må då visa kva som er 1. val, 2. val og 3. val. Born som får plass i ein barnehage i Finnøy, vil ha denne plassen til dei byrjar på skulen eller til ein seier opp plassen. Det kan kvart år søkjast om endring av dagar eller byte av barnehage. Søknad om endringar eller byte, vil bli behandla etter barnehagevedtektene sine opptakskriterium. Dei borna som ikkje får plass ved opptaket, eller får anna tilbod enn dei primært har søkt (annan barnehage eller anna opphaldstid), vert sett på venteliste, og får stå der så lenge dei ynskjer. Den som står øvst på ventelista til ei kvar tid, får først førespurnad ved ledig plass, uavhengig av kva dei primært har søkt. Opptaket kan klagast til den kommunale klagenemnda. Ein evt. klage skal sendast via kommunalsjefen. Byte av barnehageplass etter at opptak er gjort, kan berre skje når det er gode grunnar for det, og i samråd med styrar og kommunalsjef. For seint innkomne søknader vert til vanleg sett nedst på ventelista. Det kan gjerast unnatak frå denne regelen. Born som har flytta til kommunen etter søknadsfristen, og born som har fått endra situasjonen sin under opptaksprosessen, skal til ei kvar tid vurderast i forhold til opptakskriteria når det gjeld ledig plass, eller plass på venteliste. Det kan takast pedagogiske omsyn ved gruppesamansetjinga i ein barnehage, dersom opptakskriteria gjev ei for skeiv aldersfordeling i ei gruppe.. Sysken skal så langt mogleg få plass i same barnehage og på same dagar. Bhg.vedtekter 27.12.16 side 3

Ved innføring av skulefritidsordningar i kommunen, kan det vera aktuelt å kombinera dette tilbodet (1. 4. kl.) med opphald i barnehagen, særleg i oppvekstsentra, så langt plass, bemanning og forholda elles ligg til rette for det. II. OPPTAKSKRITERIUM I PRIORITERT REKKJEFYLGJE. 1. Born med funksjonshemmingar, så sant dei etter fagleg tilråding kan få eit tilpassa opplegg for opphaldet. Det er foreldra som avgjer endeleg om barnet kan ha nytte av opphaldet. 2. Born frå heimar med kronisk sjukdom, der barnehagen kan vera ei avlasting for heimen. Denne regelen vert berre brukt om det ligg føre ei klar melding frå lækjar om at eit opphald i barnehage i så måte vil gagna heimen. 3. Born frå heimar med store omsorgsvanskar, der barnehageplass er eit naudsynt hjelpetiltak, og der det føreligg ei klar melding frå barnevernet om denne situasjonen, og om behovet for plass i barnehage. 4. Heilårsopphald går føre delårsopphald. 5. Born som alt har plass, går føre nye søkjarar. 6. Born som har plass i annan kommunal barnehage går føre nye søkjarar. 7. Born av einslege søkjarar. 8. I heildagsbarnehagar går born med heiltidsopphald føre born med korttidsopphald for inntil 5 plassar pr. barnehage, inkl. dei som har fått slik plass etter kriteria ovafor. Hagatoppen barnehage er unnateke denne regelen. 9. Framandspråklege born, som etter fagleg tilråding kan få eit tilpassa opplegg i barnehagen. 10. Eldre barn går føre yngre. Vedtektene er endra etter vedtak av formannskapet FSK- 021/05. Punkt 2 er revidert av pedagogisk konsulent etter barnehagelov endring 2011.08.16 Bhg.vedtekter 27.12.16 side 4

Bhg.vedtekter 27.12.16 side 5