Skål i karveskurd. Vil du lære denne gamle handverkstradisjonen, kan du melde deg på kurset vårt i haust.

Like dokumenter
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / mars 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juli Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2012

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3/ august Kardemaskina var populær då det var sommaraktivitet på Flatøy

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / september Sommardag i Hillesvågen

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / juni 2014

Primstaven ynskjer alle lesararne God Jul

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / desember 2018

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / september 2013

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

BØLGE / BARNEGENSER, BUKSE & LUE

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juni 2017

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Primstaven ynskjer alle lesarane GOD JUL

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 april 2014

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Vintervotter. Helga Reidun B. Nesset

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

ASKØY HUSFLIDSLAG MEDLEM AV HORDALAND HUSFLIDSLAG OG NORGES HUSFLIDSLAG KURSKATALOG HØSTEN 2012 BROKADESTOFF TIL ASKØYBUNADEN SELGES HOS

KJÆRE GARNKUNDE. Med vennlig hilsen VIKING GARN

KRUSINGAR. Ullveka. Årets. Ullveka. Sjal

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / april Vakkert tauarbeid på flykesårsmøte i Hordaland Husflidslag.

Strikke. No Adore 60% alpakka 40% akryl. Superwash Sport 100% ull. Silja 80% ull 20% nylon. «Lettstrikk» Dame & barn

BABORD. Nr 12. Størrelse: (2) 4 (6) 8 (10) år

LILLE KYLLING TILBEHØR

PÅ TOPPEN, lue/hals. Strikket i Fin

Nr 5. Dada jakke. Størrelse: (2) 4 (6) 8 (10) 12 år

SETESDAL VOTTER & SOKKER

Mod. 054R-3. Jakke med hette, genser, lue, leggvarmere og poncho med ermer. RAUMA ULLVAREFABRIKK AS Garn: Rauma Babygarn

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

TROMSKYSTEN. Husflidsmesse. Lørdag 21. november: Søndag 22. November: Er du medlem av Norges Husflidslag får du 10% rabatt på alt av garn.

STRIKKEFASTHET. Pinnenr i oppskriften er kun et forslag.

DET NORSKE OLYMPISKE TEAM 2018

Viking Bjørk. Strand-dress A

Viking Bjørk bomull/merino Jakke Viking Bjørk bomull/merino Topp

Viking Bjørk bomull/merino Kjole

Korrekturliste Strikk til Nøstebarn

scratch Strikk fra DU STORE ALPAKKA AS Nybegynnerbok i strikking

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Shetland Hap-sjal. Oppskrift nr. 1

ROMPER, JAKKE & SOKKER

ASKØY HUSFLIDSLAG MEDLEM AV HORDALAND HUSFLIDSLAG OG NORGES HUSFLIDSLAG KURSKATALOG HØSTEN 2013 BROKADESTOFF TIL ASKØYBUNADEN SELGES HOS


NINA FLETTE- PONCHO & TILBEHØR

KJOLE, KYSE, SKO & VOGN- TEPPE

LETTMATRO S. Nr 6. Størrelse: (2) 4 (6) 8 (10) 12 år

STRIKKEFASTHET. Pinnenr i oppskriften er kun et forslag.

Viking Alpaca Maya Kåpe

HJERTE- VA R M E VOTTER

M ATS ROMPER, JAKKE & SOKKER

ULRIK & ULRIKA BABYSETT

TAGE RUTE- DRESS #DUSTOREALPAKKA #DSA #HOUSEOFYARN_NORWAY BABY SILK MODELL DSA47 04

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

JUBILEUMS- JAKKEN 2017

KAROLINE DUSKE- GENSER

MODELL MIGUEL BRUN GENSER STERK. #dustorealpakka #DSA #houseofyarn_norway

Viking Alpaca Sport. Viking Alpaca Sport

MODELL DSA-M29-09 ZIG ZAG LUE TYNN ALPAKKA. #dustorealpakka #DSA #houseofyarn_norway 4+4,5 4,5

SMÅTTEN BABYSETT #DUSTOREALPAKKA #DSA #HOUSEOFYARN_NORWAY BABY SILK MODELL 42 15

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Me ynskjer ei god og fredfull jul og eit godt nytt husflidsår for alle våre medlemar

HELDRESS LUE, SOKKER & TEPPE

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

LILLEMILLE- BLOMST JAKKE & LUE

GU-012 GULLUNGEN. Knappedrakt #GULLUNGENGARN #HOUSEOFYARN_NORWAY

Viking Baby Ull

LINUS MØNSTER- SETT #DUSTOREALPAKKA #DSA #HOUSEOFYARN_NORWAY MINI STERK MODELL 49 10

HAZY BLUES LUE, LØSHALS & VOTTER

DET NORSKE OLYMPISKE TEAM 2018

MARS månedens gratis

Les alltid gjennom oppskriften før du begynner å strikke, for å få en generell forståelse av fremgangsmåten som er brukt.

UNISQUARE GENSER & LØS HALS

Månadsbrev for Februar

Strikk for livet Ull og omtanke

INGRID GENSER, SKJERF, LUE & HJERTELEGGINGS

SELEROMPER, TIGHTS, GENSER & LUE

LILLE VOKSEDRESS, VOKSELUE & SOKKER

GENSER, BUKSE OG LUE OPPSKRIFT #DALEGARN #DALEGENSER #HOUSEOFYARN_NORWAY MODELL

Garn: BASIC 100 % Alpakka & RETRO 100 % Peruvian Highland Wool Farge: BASIC: Brent kaffe, Vårfrisk & Sennep RETRO: Mørk sjokolade, Skog & Oktober

SMÅFIN JAKKE & LUE GAMMELROSA

RAGGI. STRIKKESKOLE:raggsokker

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

30702 DESIGN: DALE GARN HAKKESPETT og DALETTA

Lygnagenseren Genser med rundt bærestykke Sterk

HESTEVEST / JENTE & GUTT

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / Desember 2015

DRESS, JAKKE, KYSE & LUE

JAKKE, HALS, LUE, VOTTER OG VEST

THEO & THEA HENTESETT

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Telemark by DROPS Design

KRYSS & KRINGLE GENSER & LUE

BIRTHE KJOLE & TIGHTS

LANG FANAJAKKE #TRYSILGARN #EUROPRIS SPORTSGARN/ SUPERWASH ULLGARN MODELL EP15 12 EUROPRIS SPORTSGARN/SUPERWASH ULLGARN LANG FANAJAKKE EP15 12

GENSER, TOPP, KNEBUKSE, LUE, SOKKER & TEPPE

KJÆRE GARNKUNDE. Med vennlig hilsen VIKING GARN

MODELL ALMA JAKKE MØRK SYRIN STERK. #dustorealpakka #DSA #houseofyarn_norway

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4 / sept. 2009 Skål i karveskurd. Vil du lære denne gamle handverkstradisjonen, kan du melde deg på kurset vårt i haust.

Dronning Sonja: Stå på medsøstre Kanskje kommer kongen, nå til middag nå i kveld? Knutsen og Ludvigsen syng og håper, men vi i Nordhordland, vi veit: Kongen kom. Han hadde med dronninga, og dei åt middag i lag med 500 gjestar lokalt frå Lindås og Austrheim. Middagen var eitt av arrangementa under kongebesøket i kommunane i Nordhordland i juni 2009. - Kultursamkoma i Mongstadhallen har fått mykje ros. Velfortent. Det var ei oppleving både for majestetar og lokale gjestar å møte eit så rikhaldig spegelbilete frå ein variert Nordhordlandskultur. Dronninga tala også. Ho gav rundhanda ros, og lurte på om det er saltet frå havet som gir folk her ute så mykje energi og pågangsmot. Dei hadde merka seg at strilane er stolte av bakgrunnen sin, og vernar om tradisjonane sine. Dronninga framheva særleg kvinnene. Det gleda ho å møte så mange aktive kvinner. Dei gjer seg bemerka og spelar sentrale roller i kystsamfunna her ute, hadde ho merka seg. Stå på medsøstre, vi har verkeleg mykje vi kan utretta, sa dronning Sonja til festlyden i Mongstadhallen. Husflidslaget, ved leiar for laget og bunadsnemnda, var invitert, og Aud Marit og Rannveig deltok, sjølvsagt ikledd bunadane sine. Kystsogedagane Kystsogedagane opna i år 8. august på Fonnes kai i Austrheim. Husflidslaget hadde aktivitetar for born. Slyngstokkane som Mathias Sætre laga vart veldig populære. Vigdis, Aud Marit og Melyn hadde mange born på besøk som med lyst og leik laga seg flotte snorer til hårband o.l. Snorlaging med slyngstokkar fascinerte både jenter og gutar, pluss nokre vaksne som også måtte få prøva. Ryegarnet til Hillesvågen eigna seg veldig godt til slike snorer. Grete Hansen stilte med rokken sin, og demonstrerte spinning. Det var veldig kjekt. Utsegn som: Detta er det ikkje ofte me ser nokon som kan lenger, høyrde me frå publikum. Elles hadde Anne Grete Hølleland mange fine strikkeprodukt, og dei flotte nissane ho laga hadde folk veldig bruk for i august. Så då er sommarferien 2 over, og jula står for døra. Det var ein triveleg laurdag.

Kystsogedagar på Holmeknappen Nordhordland Husflidslag var og invitert til å delta på Kystsogedagane i Meland, laurdag 29. og søndag 30. aug. Fem av medlemane våre hadde sals utstilling med pilfletting, tova ullbileter, smykke, skinnarbeid/vev og strikka/ tova produkt av angora og saueull i tillegg til demonstrasjon av spinning på rokk. Takk til desse som representerte laget i regn og ruskevêr. Elles skulle laget også her ha aktivitetar for born. Snorlaging med slyngstokkar stod på programmet. Med sjukefråvær laurdag stilte Anne Karin og Andreas Røyseth opp og lærde seg teknikken. Søndag var Grete Spurkeland på plass og hadde aktivitet med borna, men arrangørane hadde ikkje sett av så veldig god tenkeleg plass for barneaktiviteten. Me fekk elles marknadsført laget med å dele ut brosjyrer og kursoversikten for hausten. Anne Karin og Andreas Røyseth Handarbeidstreff 7. september Nordhordland Husflidslag inviterte til handarbeidstreff med kontstrikk som tema mandag 7. september. Det var ein god følelse å kunna invitera medlemer og andre interesserte til det nye husflidshuset i Hillesvågen. Folk strøymde til, og ca 40 personar fann seg plass på nyinnkjøpte stolar. Ingrid Hopland tok ansvaret med å undervisa i kontstrikk. Ei oppgåve ho bestod med glans, då samlege fekk fram ruter i mange farger. Så takk til henne som deler av sin rike kunnskap med oss andre. Elles var det ein særdeles triveleg og lærerik kveld. Vigdis diska opp med nybakt kringle og kaffi, som smaka fortreffeleg og me fekk lattermusklane i sving. Hillesvågen hadde laga ein liten mini butikk med garn, strikkepinnar og boka om kontstrikk. Det var bra, for då kunne dei som hadde behov for utstyr få kjøpt det der. (Sjå oppskrift på kontstrikk lenger bak i bladet). Minner om at neste handarbeidstreff vert måndag 5. okt. kl. 18.00 i Hillesvågen med tema hakking. Så vel møtt til dykk alle. Aud Marit Halland 3

INVITASJON TIL HUSFLIDSMESSA 2009 På Nye Knarvik vidaregåande skule laurdag 14. november Du er med dette invitert til å delta på messa. Opningstid: 10.00 16.00 for sal. Bankgiro og fleire opplysningar vert sendt ut etter påmelding. Kvittering for betalt standplass skal visast fram ved frammøte. Tillaging frå kl. 08.30 på laurdag. Det vert kafé. Julemessa vert i år i nye lokale og det er ikkje tillate å spikra i veggane(montera på veggen). Det er ikkje ribbeveggar i dei nye lokala. Duk til borda må du ta med sjølv, om du treng det. Du kan leiga maksimum 2 bord. Dersom du har spørsmål vedkomande messa, kan du kontakta: Aud Marit Halland 94857312 Vigdis Olsen 97061265 Påmelding innan 16. Oktober 2009 For messekomiteen Aud Marit Halland.... KUN skriftleg påmelding til husflidsmessa på Nye Knarvik vidareg.skule 14. nov. 2009 Sendast til: Vigdis Olsen, Lerøy, 5943 Austrheim. Standplass: Kryss av for eitt alternativ: 1 bord (125 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.250.- og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 200,- 2 bord (250 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.500,- og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 400.- Opplys her om golvstørrelse på stativ du skal ha med deg på messa. NAMN:...TLF:... E-post.. ADRESSE:... PRODUKT:... 4

AKTIVITETAR I HAUST Neste arrangement vert Husflidens dag som me skal markera i Knarvik senter 19. september. Der er enno nokre ledige plassar for dei som vil ha sals og demo utstilling. Er du interessert ta kontakt med leiar Aud Marit Halland på tlf 94857312 Landbruksdagane i Austrheim-hallen laurdag 3. okt. Her har me fått invitasjon til å delta og me treng mange produsentar/utstillarar. Det vert sals og demoutstilling frå kl 10.00 16.00. NB: Ver med og syn laget sitt mangfald. Påmelding til Leiar aud Marit Halland på tlf. 94857312 Julemessa vert laurdag 14. nov. på nye Knarvik vg. skule. Sjå eigen invitasjon annan stad i bladet. Det årlege julemøtet vert tysdag den 24. november. Stad vert annonsert seinare. Så minner me om Handarbeidstreffa i Hillesvågen måndag - 5. okt. med hakking. - 2. nov. vert tema pjoning. - 30. nov. vert tema gimping Alle er velkomne til å delta på desse aktivitetane. I tillegg minner vi om att det enno er ledige plasser på desse kursa i haust: 1. Veving av band til Nordhordlandsbunad 2. Kvinnebunad 3. Mat på takke 4. Pølselaging 5. Kniplingskurs 6. Tauverk 7. Salting/ krydring av sild 8. Spinning av sau ull. Må ha rokk. 9. Salting og krydring av sild 10. Brakekledning 11. Karveskurd Er noko av interesse ver snar og meld deg på. Ta gjerne med ein ven eller nabo. 5

Nytt frå Hillesvågen Tysdag 8.september hadde styret i husflidslaget møte med Hillesvåg Ullvarefabrikk der retningslinjer for bruk, økonomi og framtidsplanar for husflidshuset vart drøfta. Me vart samde om å få på plass eit glasskåp/ monter der medlemane får stille ut/ presentera og selja produkta sine. Desse plassane betalar utstillarane for (pris skal diskuterast), og kan nyttast over ei viss tid. Deretter overtek nestemann på lista. Slik held ein sirkulasjon på utstillingar og alle interesserte får vera med over tid. Hillesvågen hadde ynskje om at alle produktive medlemer registrete seg med namn, tlf. nr, produkt og ev. bilder, som samlast i ein ringperm. Denne ville dei ha liggjande i butikkutsalet sitt på fabrikken. Den skal nyttast til informasjon/ presentasjon for kundar som spør etter spesielle handlaga varer. Hillesvågen og husflidslaget ynskjer og at det skal vera laurdagsope i husflidshuset med litt kafé drift (kaffi med tilbehør), i tillegg til lokalproduserte varer. Opningstider vil vera frå kl 10.00 14.00 ( same som fabrikken). For å klara dette må me ha ein del folk som er villige til å jobba dugnad. Me tenkjer oss 2 medlemer kvar laurdag. Har me t.d. 10 frivillige vert det 5. kvar laurdag, 20 frivillige gir 10. kvar laurdag, o. s. v. Dei som stiller som dugnadspersonell kan ta med sjølvlaga produkt og ha eigen butikk i kafeen. (gratis) Håper mange vil bli med slik at det kan bli aktivitet og trivsel i dei flotte lokala våre. Er dette noko for deg?? Ta kontakt med leiar Aud Marit Halland på tlf. 94857312 for meir informasjon og påmelding. (Her gjeld fyrst til mølla prinsippet. ) Med helsing Aud Marit Halland leiar Nytt frå Husflidstova Det er lyst ledig ein 80% stilling på Husflidstova. Me har fått tre søknader til stillinga, men me har ikkje tilsett folk enno.turid var tilbake etter sjukefråver 24.august. Annlaug har sagt seg villig til å arbeide ein dag ekstra i veka inntil vidare.elles er stoda bra. Ordetilgangen til haustkonfirmantane er god og under kontroll, dei tilsette på Stova har nok å henge fingrane i. Me har sendt ut invitasjon til produsentmøte 22 september klokka 18 i lokala på Ikenberget. Arild Hagenes 6

KONTSTRIKK FIN GAMMEL TEKNIKK (bilde neste side) Kontstrikk er en spesiell teknikk, hvor mønsteret danner skråstilte ruter i to farger. En og en rute strikksr ferdig om gangen, og man plukker opp masker i kanten av rutene når man skal begynne med en ny farge. Kontstrikking: Masketall delelig med 10 (12) m. Strikk på liten rundpinne eller strømpepinner. Etter vrangborden strikk 1 omgang før du begynner på mønstret. Hver rute strikkes for seg, frem og tilbake i glattstrikk (rett på retten og vrang på vrangen). NB! Ta 1. maske løs av for hver gang du snur som om den skulle strikkes rett på retten og som om den skulle strikkes vrang på vrangen, slik at det dannes en kjedemaskekant. Rutene strikkes over 5 (6) masker. 1.Ruterad: Strikk med lyst garn. Sett et merke etter 10. (12.) maske. Strikke 5 (6) rett, snu og strikk 5 (6) vrang tilbake, snu og strikk 4 (5) rett, strikk neste maske vridd rett sammen med den første av de neste 5 (6) maskene, snu og strikk vrangt tilbake, snu og strikk 4 (5) rett, strikk neste maske vridd rett sammen med den første av de neste 4 (5) maskene. Fortsett slik til alle maskene er brukt frem til merket. Sett så et merke etter de neste 10 (12) maskene og strikke videre de andre rutene i 1. ruterad som den første. 2.Ruterad: Strikk med mørkt garn: Hold vrangen mot deg. Strikk opp 5 (6) masker i kjedemaskene langs sidekanten av første rute med pinnen du har i høgre hånd (stikk pinnen inn fra retten innenfor ytterste ledd og hent opp tråden til en maske på pinnen). Snu og strikk 5 (6) rett tilbake, snu og strikk 4 (5) vrang, strikk den siste masken vrang sammen med den første av de neste 5 (6) maskene, *snu og strikk rett tilbake, snu og strikk 4 (5) vrangt, strikk den siste masken vrang sammen med den første av de neste maskene. Gjenta fra * til alle maskene fra ruten på foregående rad er felt. Husk at vrangen skal være mot deg når du plukker opp masker og strikker de andre rutene i 2. ruterad på samme måte omgangen rundt. 3.Ruterad:Strikk med lyst garn. Hold retten mot deg. Strikk opp 5 (6) masker langs sidekanten av en rute med pinnen du har i høgre hånd, snu og strikke 5(6) vrangt tilbake, snu og strikk 4 (5) rett, den siste masken vridd rett sammen med den første av de neste 5 (6) maskene, *snu og strikk vrangt tilbake, snu og strikke 4 (5) rett, strikk den siste masken vridd rett sammen med den første av de neste maskene. Gjenta fra * til alle maskene fra ruten på foregående rad er felt. Husk at retten skal være mot deg når du plukker opp masker og strikk de andre rutene i 3. ruterad på samme måte omgangen rundt. Gjenta 2. og 3. ruterad gjennom hele mønstret. Avslutt rutemønstret på følgende måte, dersom ikke annet er oppgitt: *Strikk opp 5 (6) masker langs sidekanten av en rute med motsatt farge av siste ruterad, strikk de neste 5 (6) maskene. Gjenta fra * omgangen rundt. 7

OPPSKRIFT LUE Dame (herre) Luevidde: ca Størrelse: 50(54) cm Materialer: Raggegarn Lue: ca 50 g lyst og 50 g mørkt Pinner: nr 3 og 3,5 eller 4 Strikkefasthet: 18 m glattstrikk er 10 cm Legg opp 90 (100) masker på pinne nr 3 med lyst garn. Strikk 3 (4) cm med vrangbord rundt 1 rett, 1 vrang. Skift til pinner nr 3,5 eller 4 og strikk 1 omgang rett hvor du øker jevnt fordelt til 96 (108) masker. Strikk videre i kontstrikk som forklart. Sett et merke etter hver 12 maske både for dame og herre og strikk rutene over 6 masker for begge størrelser. Når arbeidet måler ca 18 (20) cm avsluttes rutemønstret på følgende måte: *Strikk opp 4 masker langs sidekanten av ruten, strikk de neste 6. maskene. Gjenta fra * omgangen rundt. Strikk 1 omgang rett. Strikk 2 og 2 masker rett sammen på neste omgang. Strikk 1 omgang rett og deretter 2 og 2 masker rett sammen på neste omgang. Kutt tråden og trekk en dobbelt tråd gjennom resten av maskene. Fest endene godt. POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8