HERØY KOMMUNE MØTEINNKA LLING Utval: Eldrerådet Møtestad: Møterom servicetorget Herøy rådhus Dato: 06.02.2012 Tid: 10:00 Melding om forfall til tlf. 70081300. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1. Varamedlemer som får tilsendt sakliste, skal ikkje møte utan nærare innkalling. Fosnavåg, 31.01.2012
SAKLISTE: Saksnr PS 1/12 PS 2/12 PS 3/12 PS 4/12 PS 5/12 PS 6/12 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av protokoll frå forrige møte. Konstituering. Val av leiar og nestleiar. Støttekontaktordninga i pleie- og omsorgstenestene Kulturkontakt for eldre v/andreas Kvalsund Samhandlingsreform m.m. v/ragnhild Velsvik Berge. Referatskriv: R 1/12 Fagakademiet inviterer til kurset Eldrerådet i arbeid. R 2/12 Møteprotokoll frå Eldrerådet, Møre og Romsdal fylkeskommune R 3/12 Detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg Hjelmeseth Utlegging til offentleg ettersyn. R 4/12 Eldrerådets rolle og funksjoner. R 5/12 Publikasjonar. R 6/12 Eldrerådskurset R 7/12 Brev frå Pensjonistforbundet Det europeiske året for aktiv aldring 2012. R 8/12 Detaljregulering for gnr. 45 bnr. 9 i Dragsund. Utlegging til offentleg ettersyn.
PS 1/12 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 2/12 Godkjenning av protokoll frå forrige møte.
HERØY KOMMUNE As sisterande rådmann SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: OJK Arkivsaknr: 2012/421 Arkiv: 033 - Utvalsaksnr Utval Møtedato 3/12 Eldrerådet 06.02.2012 KONSTITUERING. VAL AV LEIAR OG NESTLEIAR. Tilråding: Særutskrift:
Vedlegg: Eldrerådslova Saksopply sningar: Vurdering og konklusjon: Fosnavåg, 31.01.2012 Rune Sjurgard Side2 av 2
HERØY KOMMUNE Bu- og habiliteringsavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: RRK Arkivsaknr: 2012/13 Arkiv: F16 - Utvalsaksnr Utval Møtedato 2/12 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 17.01.2012 4/12 Eldrerådet 06.02.2012 Formannskapet Kommunestyret DEKKING AV KØYREUTGIFTER I STØTTEKONTAKTTENESTA Tilråding: Saka vert lagt fram utan tilråding. Særutskrift:
Vedlegg: Informasjonsbrev til brukarar av støttekontakttenesta Saksopply sningar: Avdelingane bu- og habilitering, pleie- og omsorg og NAV gjer vedtak om støttekontakt i Herøy kommune. Kva avdeling som vedtek tenesta er avhengig av kva diagnose og funksjonsnivå den som søkjar har. Tenesta i seg sjølv er lovpålagd, men dekking av transportutgifter i samband med tenesta, er ikkje det. Som eit resultat av kutt i økonomiske rammer for budsjettåret 2012, har tenesteavdelingane begynt arbeidet med å finne realistisk innsparingspotensiale for å balansere budsjettkravet. Det er med dette som utgangspunkt at avdelingane har foreslått å stramme inn på ein praksis som korkje er lovpålagd eller vedteken politisk i kommunen. Forslaget går ut på at brukaren sjølv må dekkje dei utgifter støttekontakten måtte ha i samband med utflukter og aktivitetar som krev køyring. Støttekontakten vil heller ikkje få kompensert køyring til og frå støttekontaktoppdraget, slik det er per i dag. Denne foreslegne praksisen finn vi i andre kommunar i Noreg. Det er også berre støttekontaktar i Herøy kommune, som har fått kompenasjon for å køyre til og frå eit enkelt arbeidsoppdrag. Ein slik kompensasjon får ein ikkje om ein har eit tilsvarande oppdrag som miljøarbeidar, såframt ein ikkje har fleire oppdrag same dag på ulike spreidde lokasjonar. Løn til støttekontakt er per i dag på 115 kroner per time, og kompensasjon for køyring vert ofte rekna som ein del av inntekta for dei som er støttekontakt. Per i dag har ikkje avdelingane nok budsjettmidlar til å stette den utvikla praksisen med dekking av transport til støttekontakt, noko som gjer at vi har ein budsjettlekkasje i fleire budsjett som ikkje er synleggjort. Bu- og habilitering hadde i 2011 eit budsjett til køyring av støttekontakt på kr 38.800,- og eit reelt forbruk per 19.desember på kr 167.406. Eit meirforbruk på kr 128.606 som går til dekking av transport for støttekontakttenesta. Samla budsjettmidlar for alle tre heimetenestedistrikta til praktisk bistand i pleie- og omsorgsavdelinga var i 2011 kr 83.000. Per 19. desember vart det brukt kr 198 128, og dermed eit meirforbruk på kr 115.128. Dette er i houvdsak støttekontaktkøyring, men litt av det vert brukt til transport av heimehjelper mellom oppdraga. NAV hadde i 2011 eit budsjett på kr 50.000 og eit reelt forbruk på kr 108.000. Eit meirforbruk på kr 58.000. Totalt utgjer dette ein reell kostnad på kr 473.534 opp mot budsjettert kr 171.800,- Det er ingen vedteken standardprosedyre som ligg til grunn for praksisen kring dekking av transport i dei tre avdelingane som gjer vedtak om støttekontakt i Herøy. I bu- og habilitering, pleie- og omsorgsavdelinga og NAV har det vore praksis å gi kompensasjon innanfor kommunen sine grenser. I tillegg har det blitt satt eit tak i forhold til kilometerlengde per månad, som har vore vurdert individuelt ut frå Side2 av 4
brukaren sin adresse i kommunen. Det har til dels vore sterk misnøye kring slike grenser som vert opplevd urimelege. Praksisen slik den er i dag vert difor opplevd som utfordrande å administrere, spesielt når det ikkje er satt ein overordna standard for ei slik teneste, eller nok midlar til å løyse oppgåva. Vurdering og konklusjon: Ei innstramming i forhold til dekking av køyring vil betre sjansen for å overhalde kravet til budsjettbalanse i 2012. For bu- og habiliteringsavdelinga og pleie og omsorgsavdelinga vil innstramminga ha størst effekt, då forbruket er størst i desse avdelingane og avviket mellom budsjett og forbruk er mest avvikande. Konsekvensen av ein slik foreslått praksis vil mellom anna kunne vere at støttekontaktane finn det vanskeleg å krevje brukarane for kompensasjon for køyring. Sidan løna også vert opplevd som låg, og godtgjersle for køyring som eit supplement til løna, kan vi risikere at støttekontaktane seier frå seg oppdraget på grunn av denne praksisen. Utfallet vil då kunne bli at fleire eldre, funksjonshemma og andre med vedtak på støttekontakt vert utan eit lovpålagd tilbod om støttekontakt i Herøy kommune. Ei mogleg løysing på denne problemstillinga er at kommunen betalar ut transportgodtgjersle til støttekontaktane, og krev inn frå brukarane i etterkant. Kommunen vil ikkje kunne regulere kostnadsnivået på vegne av brukaren, slik at brukaren sjølv må vere klar over kor mykje køyring han/ho kan betale for. Dette vert eit forhold som må avtalast mellom støttekontaktane og brukarane. Om brukaren ikkje kan betale ved innkrevjing, vil konsekvensen måtte bli at kommunen ikkje lenger forskotterer for den det gjeld. Denne løysinga vil føre til meir forvaltningsarbeid for kommunen, for ei oppgåve som ikkje er lovpålagd. Dei brukarane som har svak økonomi, vil kunne ha problem med å betale for utfluktar i eigen regi. For dei som har ei funksjonshemming er det mogleg å søkje på grunnstønad til transport hos NAV. Denne stønaden er rettigheitsbasert og vert finansiert over folketrygda. Ein kan også søkje om TT-kort hos fylkeskommunen som kan dekkje ein del av transportbehovet. Denne ordninga til skilnad frå grunnstønad er ikkje rettigheitsbasert, men er eit tilbod til dei som har særskilde transportbehov. I Herøy kommune er det vidare kun NAV som kan vurdere økonomisk betalingsevne individuelt, ut frå loven om sosiale tenester i arbeid og velferdsforvaltning. Bu- og habilitering og pleie- og omsorg vedtek ikkje tenester etter dette lovverket og har ikkje rom for å gjere slike vurderingar. Dette kan igjen føre til ulik behandling i kommunen. Praksisen slik den er i dag, utan klare rammer for kva kommunen skal betale for, er utfordrande å administrere. Dersom ein skal fortsette å dekke transportkostnader for støttekontaktar, bør det leggast til grunn ein felles standard for Herøy kommune som er vedteken politisk. Det må også tildelast økonomiske rammer som stettar ein slik vedteken praksis. Fosnavåg, 01.101.2012 Rune Sjurgard Renathe Rossi-Kaldhol Side3 av 4
Tilråding i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - 17.01.2012 RFF vil påpeike at dersom framlegget vert vedteke, kan det føre til at det vert vanskeleg å rekruttere støttekontakter. RFF meinar også at ordninga for støttekontakter må vere like god som tilsvarande ordning i m.a. Barnevernet. Side4 av 4
HERØY KOMMUNE As sisterande rådmann SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: OJK Arkivsaknr: 2012/421 Arkiv: 033 - Utvalsaksnr Utval Møtedato 5/12 Eldrerådet 06.02.2012 KULTURKONT AK T FOR ELDRE V/ANDREAS KVALSUND Tilråding: Særutskrift:
Vedlegg: Saksopply sningar: Vurdering og konklusjon: Fosnavåg, 31.01.2012 Rune Sjurgard Side2 av 2
HERØY KOMMUNE As sisterande rådmann SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: OJK Arkivsaknr: 2012/421 Arkiv: 033 - Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/12 Eldrerådet 06.02.2012 SAMHANDLINGSREFORM M.M. V/RAGNHILD VELSVIK BERGE. Tilråding: Særutskrift:
Vedlegg: Saksopply sningar: Vurdering og konklusjon: Fosnavåg, 31.01.2012 Rune Sjurgard Side2 av 2