Årsmelding 2011 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Årsmelding 2011 - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 1 Innleiing Fylkesrådet for funksjonshemma i Hordaland vart etter vedtak i fylkesutvalet 26. 02. 98 oppretta som ei friviljug ordning frå 01. 04. 98. Frå 15. 09. 07 vart kommunar og fylkeskommunar ved lov av 17. juni 2005 pålagt å oppretta råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylkestinget vedtok under tingseta 16. oktober 2007 at fylkeskommunen skal ha eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Det vart også i same møte gjort vedtak om å endre namnet til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland. Lova opna også for ein del endringar sett i høve til tidlegare veiledande retningsliner. Fylkestinget vedtok i sak 59/07 fylgjande reglement for rådet: Gje fråsegn til forslag til økonomiplan og årsbudsjett Gje fråsegn til fylkesplan og til fylkesdelplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne Gje fråsegn til saker som fylkeskommunale organ legg fram for rådet Ta del i arbeid med planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova,som gjeld fylkeskommunal verksemd Ta del i planprosessar vedkomande fylkeskommunale bygg (nybygg og ombyggjeng) Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som er relatert til fylkeskommunal verksemd. Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld enkeltpersonar. Rådet skal kvart år leggja fram for fylkestinget melding om verksemda si, jfr. lova 8 jfr. 7. Funksjonstida for rådet er 4 år og fylgjer fylkestingsperioden. For valperioden 2007-2011 og ny valperiode 2011-2015 har rådet 7 medlemar - 3 politiske representantar frå dei tre hovedutvala samferdsle, kultur og ressurs og opplærings- og helseutvalet. 4 representantar kjem frå organisasjonane for funksjonshemma der FFO er representert med 3 og SAFO med 1 medlem. Medlemane i rådet har personlege varamedlemar. For valperioden 2007-2011 har rådet hatt slik samansetjing: Leiar: Anita Garlid Johannessen, Frp Nestleiar: Kjell Søvik, FFO Faste medlemar: Anita Garlid Johannessen, Frp Cathrine Elisabeth Schjelderup, H Benthe Bondhus, Sp Kjell Søvik, FFO Olav Aag, FFO Anne-Britt H. Johannessen, FFO Harald Norheim, SAFO Varamedlemar: Ottar Tangen, Frp Ingebjørg Winjum, V Aud Karin Oen, SV Elna Lappegård, FFO Britt Ervik Bruland, FFO Paul Magne Mariussen, FFO Tore Eugen Hansen, SAFO For valperioden 2011-2015 har rådet slik samansetjing: Leiar: Anita Garlid Johannessen, Frp Nestleiar: Harald Norheim, SAFO Faste medlemar: Anita Garlid Johannessen, Frp Ingrid Reitan, H Jostein Ljones, Sp Harald Norheim, SAFO Kjersti Edvardsdal, FFO Tore Svane, FFO Kjell Søvik, FFO
2 Årsmelding 2011 - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Varamedlemar: Inger Ulvund, Frp Ingebjørg Winjum, V Torunn Hole Olsnes, SV Sølvi Gripsgård Knudsen, SAFO Laila Bø, FFO Inge Fiskvik, FFO Karl Peder Henriksen, FFO Arbeidsutval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har vidareført ordninga med arbeidsutval i perioden 2007-2011. Utvalet er samansett av leiar og nestleiar, og frå administrasjonen møter rådgjevar/møtesekretær. Arbeidsutvalet har sine møter mellom dei ordinære møta i rådet, etter ein fastsett møteplan. Budsjett Rådet sitt budsjett for 2011 var kr 385. 000, - Innafor dette budsjettet har rådet gjennomført rådsmøter, arbeidsutvalsmøter og fellesmøter med fylkeskommunale råd. Rådet sin økonomi gjer det mogeleg å arrangera samlingar og like eins høve til å kunne delta på eksterne konferansar og møter. Nettverkssamarbeid og informasjonsutveksling har ein svært positiv effekt og er ein viktig del av arbeidet i rådet. Sekretariat Rådet har felles møtesekretærfunksjon med fylkeseldrerådet. Rådgjevar/sakshandsamaren for båe råda er tilsett ved organisasjonsavdelinga i fylkeskommunen. Budsjett- og regnskapsansvar for rådet er lagt til økonomiavdelinga. Møter og saker i rådet Vanlege møter: Det vart i 2011 halde 5 ordinære møter 9. februar, 30. mars, 16. juni, 14. september og 27. oktober. På dei ordinære møta har rådet behandla 15 saker og 28 meldingar. Rådet sine møter vert lagt inn på den fylkeskommunale møtekalendaren med møtesaker og møtebøker tilsvarande dei politiske utvala i fylkeskommunen. Nettside for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne under fylkeskommunen sin nettportal Rådet har eiga nettside med opplysningar om rådet under fylkeskommunen sin nettportal med linkar bl. a. til Statens råd for likestilling av funksjonshemma, Delta-senteret, ulike departement og organisasjonar som FFO og SAFO. Konferansar og seminar Årskonferansen for fylkesråda for likestilling av funksjonshemma Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland deltok på landskonferansen for dei fylkeskommunale råda i Stjørdal i tida 11. -13. mai. Dette er ein årleg konferanse der Statens råd for likestilling av funksjonshemma samarbeider med ein fylkeskommune om arrangementet. Nord-Trøndelag var vertskapsfylke i 2011. Ei slik samling er eit viktig møtepunkt for rådsmedlemane for å utveksla informasjon og delta i drøftingar kring arbeidet i fylkesråda. Rådet ser det såleis som særs nyttig at flest mogleg av representantane har høve til å delta. Frå Hordaland deltok Anne-Britt H. Johannessen, Harald Norheim, Kjell Søvik og Olav Aag. Andre møter/samlingar Samarbeidsmøter med Eigedomsseksjonen Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har også gjennom 2011 hatt eit nært og godt samarbeid med eigedomsseksjonen i fylkeskommunen i samband med planprosessar vedkomane fylkeskommunale bygg nybygg og ombyggingar. Samarbeidsmøter med Skyss Det vart hausten 2010 etablert eit samarbeid med Skyss. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland, representantar frå Kommunalt råd for funksjonshemma i Bergen, SAFO og FFO har saman med representantar frå Skyss hatt fleire oppfølgingsmøter i 2011. Tema for drøfting & informasjon har vore: Anbodsutsetjing av bussrutene Utvendige høgtalarar på bussane Tilgjengelege busshaldeplassar Universelt utforma fortau Korresponderande ruter på helligdagar Billettsystemet billettautomatane Utviklingsplan for Skyss Sikring av rullestol på Bybanen Mobile betalingsløysingar Trafikant- og sanntidsinformasjon Opprusting av ferjekaiane i fylket Anbodsprosessane kring ferje- og snøggbåtdrifta i fylket Planprogram for Regional Transportplan Hordaland Leiar Anita Garlid Johannessen har vore rådet sin representant i referansegruppa. Konferansen Universell utforming i transportsektoren Universell utforming innan transportsektoren er eit felt i stadig utvikling. Deltasenteret arrangerte i samarbeid med Statens vegvesen og Oppland fylkeskommune
Årsmelding 2011 - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 3 transportkonferanse på Lillehammer 5. -6. september. Frå rådet møtte Kjell Søvik, Harald Norheim, Olav Aag. I tillegg deltok Dagmar Reutz Hillestad frå sekretariatet. Kulturløype eit samarbeidsprosjekt mellom Fjell kommune og fylkeskommunen Representanten Olav Aag har møtt som rådet sin representant i prosjektgruppa. Arbeidet med kulturløypa på Fjell festning er no avslutta. Rådet har stor breidde i dei sakene ein engasjerer seg i. Mange av sakene som er handsama i 2011 vil bli følgde opp i 2012. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er oppretta av fylkestinget og og har eit klart mandat for sitt arbeide. Rådet skal vera eit rådgjevande organ i saker som er relatert til fylkeskommunal verksemd, så det er difor viktig at det er nær kontakt med den politiske og administrative leiinga i fylkeskommunen. Folkehelsearbeidet i Hordaland fylkeskommune Folkehelsekoordinator Sigrun G. Henriksen har ved fleire høve informert rådet om arbeidet med folkehelse i fylkeskommunen. Rådet har handsama fylgjande saker & meldingar: Årsbudsjettet for fylkeskommunen Luftkvaliteten i Bergens-området Prioritering av søknader av BRA-midlar i Hordaland Politiske møter tilgjengeleg for alle Nye Stord Tannklinikk ombygging/nybygg Slåtthaug vg. skole nye bygghallar Fusa vg. skole etablering av tannklinikk Bergen Maritime Skole ombygging/tilbygg Nordahl Grieg vg. skole synfaring & rapport Transport for funksjonshemma tilbaketrekking av ubrukt kvote 1. halvår Regionalplan for musèum 2011-2015 Forslag til planprogram for Regional Transportplan Hordaland 2013-2024 Forslag til planprogram for Regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland Forslag til ny folkehelselov Gradering og merking av turløyper på Vestlandet Saker som særleg opptek rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Universell utforming & tilgjenge ved fylkeskommunale bygg/vidaregåande skular Enøk- og inneklimatiltak i Hordaland fylkeskommune Universell utforming av kollektivtransporten i Hordaland Følgjekort/ledsagerbevis for funksjonshemma for transportsektoren Transportordninga for funksjonshemma Bergen, 1. februar 2012 Anita Garlid Johannessen -leiar- Dagmar Reutz Hillestad -rådgjevar- Sluttord Året 2011 har vore eit godt arbeidsår for Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland. Ein har handsama saker på ei rekkje område, særleg viktig er oppfølging av fylkeskommunale saker, og ein ser at ein etter kvart vinn igjennom med innspel og fråsegner. Korte tidfristar er framleis eit problem for å få sakene tidsnok behandla i rådet.
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi skaping, nærings utvikling, fritid sopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Mai 2012. Organisasjonsavdelinga.