Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Like dokumenter
Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter kommunale barnehagar

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

10/60-14/N-211//AMS

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Revidert Oppvekst og omsorg,

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

INFORMASJON BARNEHAGEN

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Transkript:

Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 02.02.2017

1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse barnehagane: Kviteseid barnehage Brunkeberg oppvekstsenter Straumsnes oppvekstsenter, Vrådal 2. Styring Barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar (bhgl) (2012 06-22 nr.54) med forskrifter og merknader, Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2006-03-01 nr 266 med seinare endringar) og dei kommunale vedtak som til ei kvar tid gjeld. Hovudutvalet for oppvekst og omsorg (HOO) er styringsorgan for dei kommunale barnehagane. Barnehagane er administrativt knytt til administrasjonen for skule og barnehage, med kommunalsjef for skule og barnehage som øvste leiar. Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU), jf. bhgl 4. Alle foreldre/føresette til barna i barnehagen utgjer barnehagen sitt foreldreråd. I samarbeidsutvalet skal det vere to representantar frå foreldre, og to for dei tilsette. Det er ein representant for eigar med vara. Styrar er sekretær for utvalet. Oppvekstsentra har eit felles samarbeidsutval for skule og barnehage, jf barnehagelov 5. I dette utvalet skal det vere to representantar for dei tilsette i barnehagen, og to frå foreldrerådet i barnehagen. 3. Barnehagen si oppgåve Barnehagen skal vere både eit omsorgs- og eit læringsmiljø for barna. Saman med heimen skal barnehagane sikre barna individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, læring og etisk rettleiing. Barnehagen skal skape eit godt miljø for barna, med vekt på allsidig leik og samvær med andre barn og vaksne. Barnehagane skal arbeide med å utvikle det einskilde barns personlegdom, samt hjelpe barna til å utvikle evne til toleranse og omsorg for andre. Barnehagen skal bygge si verksemd på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv. (Jf Formålsparagrafen, bhgl 1) Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling (Bhgl 1), og barna har rett på medverknad tilpassa alder og føresetnader (bhgl 1 og 3). Barnehagen skal ta vare på kulturverdiar, talemål, sed og skikk i bygda. Samstundes skal barnehagen gje kunnskap om og innsikt i den verda han er ein del av. Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet i kvar barnehage fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda. Årsplanen skal handsamast i SU innan 1. oktober. Nynorsk er målforma i barnehagen. Side 2

4. Barnehagetilbod Kviteseid kommune kan gje fylgjande barnehagetilbod: Barnehage/ avdeling Dagar Opningstid Alder Kviteseid barnehage 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Straumsnes oppvekstsenter Vrådal 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Brunkeberg oppvekstsenter 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Barnehagane i Kviteseid og Brunkeberg er stengde i vekene 29, 30, samt jol og påske. Straumsnes barnehage er stengt i veke 28, 29 og 30, samt jol og påske. Alle barn må ha tre veker samanhengande ferie om sommaren. Personalet har 5 planleggingsdagar pr. år. På desse dagane er barnehagane stengde. Planleggingsdagane samordnast så det langt råd med skulen. 5. Opptak av barn 5a. Søknad om opptak Det kan søkjast om plass for alle barn som bur i kommunen. Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars kvart år. Elektronisk søknadskjema finn ein på kommunen si heimeside: www.kviteseid.kommune.no. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen vert handsama i etteropptak. 5b. Hovudopptak Det skjer eitt hovudopptak i kommunen, etter søknadsfristen 1. mars. Opptaksutvalet, sett saman av leiarane i barnehagane, står for eit samordna opptak. Utvalet har sekretær oppnemnd av kommunalsjef. Leiar i kvar barnehage gjev innstilling til opptaket for sin barnehage. Søknader som kjem inn etter 1. mars, gjev ikkje rett på barnehageplass, men vert behandla under etteropptak ved ledig kapasitet. Sjå pkt. 5e. Opptaksreglane og foreldrebetaling skal følgje søknadsskjema når desse vert sende ut til søkjar. Vedtektene skal følgje melding om opptak. 5c. Opptakskriterium Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november, har rett på plass. Jf bhgl 12a. Barn som fyller ett år i september, oktober og november, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller ett år. Barn med nedsatt funksjonsevne og barn det er fattet vedtak om etter lov om barnevernteneste har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Ved prioritering til dei ulike barnehagane i kommunen, vert desse opptaktskriteria følgd: 1. Sysken bør få plass i same barnehage 2. Barn som skal byrje på skulen neste år 3. Viss to eller fleire barn konkurrerer om same plass i ein barnehage, får eldste barnet plass. Side 3

Dersom det er ledig kapasitet kan barn frå andre kommunar bli vurdert. Dette må ikkje medføre ekstra kostnader for Kviteseid kommune. 5c. Opptaksperiode og oppseiingsfrist Barnehageåret varer frå midten av august (skulestart) til midten av august neste år. Barn som får plass, beheld denne til skulestart eller til plassen vert sagt opp. Barn frå andre kommunar må søkje på nytt kvart år. Foreldre som ynskjer at barnet skal endre barnehagetilbodet kan søkje om dette på eige skjema, med søknadsfrist 1. mars eller ved behov. Barnehageplassen må seiast opp før den 1. i kvar månad, og oppseiingsfristen er ein månad. Oppseiinga skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn ein på kommunen si heimeside. Heimen betalar for barnet til oppseiingstida er gått ut. Barn som skal byrje på skulen, og som ikkje ønskjer å nytte plassen i august, må seie opp plassen før 1. juli 5d. Klage på opptak Dersom søkjar vil klage på vedtak i opptaksutvalet, skal klaga sendast Kviteseid kommune, Kviteseidgt 13, 3850 Kviteseid innan 3 veker etter at vedtak er mottatt. Klaga vert då handsama på nytt i Opptaksutvalet. Får dei som klagar medhald i klaga, er saka avslutta. Får klagaren ikkje medhald i klaga, går saka vidare til den kommunale klagenemnda til endeleg avgjerd. 5e. Etteropptak Leiinga ved den einskilde barnehage står for opptak til plassar som er ledige når handsaming av klager etter hovudopptaket er ferdig, og for plassar som vert ledige i løpet av året. 6. Foreldrebetaling Kommunestyret fastset foreldrebetalinga etter framlegg frå Hovudutvalet. Det vert betalt for 11 månader per år, 5 om hausten og 6 om våren. Heimane får ikkje fråtrekk i foreldrebetalingssatsane for einskilde fri- eller fråversdagar som t.d. planleggingsdagar for personalet, jol eller påske. Heller ikkje når barnet må vera heime. Etter søknad kan kommunen la vere å krevja betaling for den tida barnet er borte frå barnehagen, når fråveret er samanhengande på meir enn ein månad. Når fråveret er planlagd, t.d. feriar, må det søkjast på førehand. Ved sjukdom må legeattest eller annan dokumentasjon av særskilte tilhøve fylgje søknad om fritak i etterkant. Denne søknaden vert handsama administrativt i barnehagen/oppvekstsenteret, som gjev melding om evt. fritak til fellestenestene. Det blir gjeve syskenmoderasjon, etter dei satsar kommunestyret til ei kvar tid har vedtatt. Utgifter til mat er etter sjølvkostprinsippet, og kjem i tillegg til foreldrebetalinga. Manglande betaling kan føre til at plassen blir sagt opp. Ved låg inntekt er det to moderasjonsordningar: 1) Redusert foreldrebetaling. Ingen husholdning skal betale meir enn 6% av bruttoinntekta si 2) 20 timar gratis kjernetid for 3, 4 og 5 åringar og barn med utsatt skulestart Begge ordningane fylgjer nasjonale satsar. Side 4

Moderasjonsordninga må søkjast for kvart år, og med søknaden skal kopi av siste tilgjengelege sjølvmelding liggje ved. Søknadskjema finn ein på www.kviteseid.kommune.no 7. Arealutnytting Kviteseid kommune har følgjande norm for arealutnytting i barnehagelokalet: 4,5 m 2 leike- og opphaldsareal pr. barn over 3 år og 6 m 2 for barn under 3 år. Utearealet skal tilsvare innearealet x 3. 8. Erstatning Kviteseid kommune har ulykkesforsikring for barn. Kommunen er ikkje erstatningspliktig for eigendelane til barn i barnehagen. 9. Teieplikt Alle tilsette i barnehagen har teieplikt, jf 20 bhgl, slik reglane gjeld i forvaltningslov 13 13f. 10. Bemanning Ved kvar barnehage skal det vere ein styrar/dagleg leiar som har godkjent førskulelærarutdanning. Ved oppvekstsentra har rektor det overordna ansvaret, styrar er assisterande einingsleiar. Det er ei grunnbemanning på 2 pedagogiske leiarar og ein fagarbeidar/assistent på 18 barn, når barna er over 3 år. For barn under 3 år gjeld same grunnbemanning for 9 barn. Vedtak om dispensasjon frå utdanningskravet etter barnehagelov 17 og 18 er delegert til kommunalsjef (Jf det kommunale delegeringsreglement). Etter bhgl 19, skal tilsette ved tilsetting legge fram politiattest av nyare dato. 11. Internkontroll og tilsyn Barnehagane følgjer Kviteseid kommune sine vedtekne internkontrollrutiner, med tilpassing til barnehagens verksemd. Kommunen som barnehagemynde fører tilsyn med barnehagane etter bhgl 16. 12. Delegering Rådmannen kan gjere endringar i vedtektene som er av administrativ karakter. Side 5