ORDNING FOR KONFIRMASJON

Like dokumenter
ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp utan at forsamlinga er til stades Dåp av vaksne...

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Vigsling til andre tenester

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av tilsynsmann

Vigsling av evangelist

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.


Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Ordning for hovudgudsteneste (med ordning for dåp 2017) Radøy sokn

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD

ORDNING FOR GUDSTENESTER I KONFIRMASJONSTIDA. Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar som høyrer til i kyrkjelyden

i. Samling 1 Preludium 2 Inngangssalme 3 Inngangsord Ordning for Dåp i eiga gudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017

Ordning for Dåp i hovedgudstjeneste vedtatt av Kirkemøtet 2017

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg.

I. samling 1 Førebuing

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

FYLLINGSDALEN MENIGHET

Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012.

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Gudstjeneste med dåp og nattverd

Nådehelsing. Samlingsbøn. Klokkeringing Informasjon Kort stille og tre klokkeslag

DEN NORSKE KIRKE Kirkemøtet 2013

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Dåp Skaunmenighetene

I. MOTTAKELSE TIL DÅP

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Reform av kirkens gudstjenesteliv Forslag til ny dåpsliturgi

I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille, i ettertanke og bøn.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

FYLLINGSDALEN MENIGHET

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Strategidokument

Brødsbrytelsen - Nattverden

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

i den hellige dåp. I dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

Konfirmasjon i Gruben Kirke 2011

Ved starten av konfirmasjonstiden fremstilles konfirmantene for menigheten i en gudstjeneste.

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Dagens bøn VEDTEKE AV KYRKJEMØTET 2014

gjennom livet ORDNING FOR HØYMESSEN Menighetene i Folldal 2012 DEN NORSKE KIRKE

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp uten forsamlingens nærvær Dåp av voksne...

G2 Høsten Preludium Det synges lovsanger fra kl Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet. 2.

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Foreløpig ordning for Hovedgudstjeneste i Flakstad og Moskenes menigheter. L = Liturg (prest), ML = Medliturg (tekstleser, andre), A = Alle

dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

Transkript:

ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

ORDNING FOR KONFIRMASJON KVA ER KONFIRMASJONEN? Konfirmasjonen høyrer både teologisk og historisk saman med dåpen sitt nådemiddel. Den er ikkje eit sakrament. Dåpen gjev både frelse og Den Heilage Ande og treng inga supplering. Konfirmasjonen er forbønshandlinga som normalt avsluttar kyrkja si samanfattande og konsentrerte dåpsopplæring ved overgangen mellom barn og vaksen. Konfirmasjonen byggjer på den trusopplæring og trusoverlevering som heim og forsamling har øva overfor dei døypte borna. Ramma om konfirmasjonstida er den kristne, truande forsamling. Konfirmasjonen skal styrkje tilhøyrsla til det kristne fellesskapet ved invitasjon, inkludering og omsorg. Den har til føremål å vere disippelgjerande med aktivt trusliv og kristenliv som mål. MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA Kunnskap, fellesskap, teneste, tru Under konfirmasjonstida skal konfirmantane: Gjerast kjende med hovudpunkta i den kristne trua Ta del i kristent fellesskap Gjere erfaring med kristen teneste Kallast til eit liv i forsaking og tru KONFIRMASJONSHANDLINGA Konfirmasjonshandlinga består av: Forkynning med vekt på Guds frelse, omsorg og lovnader Forbøn for den einskilde konfirmant Velsigning 2

ORDNING FOR KONFIRMASJON Denne ordninga omfattar dei ledda som normalt bør høyre med i ei konfirmasjonshandling. Handlinga vert lagd til eit møte eller ei gudsteneste som vert tilpassa konfirmasjonshandlinga. Det vil vere naturleg at denne ordninga vert utfylt med andre innslag. Ikkje minst bør kristen song og musikk få ein sentral plass denne dagen. 1) OPNINGSORD OG BØN o Nådehelsing: L: Nåde vere med dykk, og fred frå Gud vår far og Herren Jesus Kristus o Opningsord: (Opningsorda kan formulerast fritt og kan forklare kva vi legg i konfirmasjonshandlinga. Opningsorda kan avsluttast med Joh 3,16): For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. o Bøn: L, ein konfirmant eller konfirmantleiar (Etter opningsorda fylgjer ei fritt formulert eller fylgjande bøn:): Himmelske Far, vi takkar deg fordi du har skapt oss, kjenner oss og elskar oss. Takk for konfirmasjonstida. Lat oss sjå kva du har gjort for oss og gjer oss opne for det du vil gje oss. Velsign denne dagen. Amen. 2) SKRIFTLESING OG FORKYNNING Forkynninga bør adresserast til konfirmantane. Nokre aktuelle tekstar som kan nyttast denne dagen: 5. Mos 6,4-9; Salme 121; Matt 7,24-29; Joh 6,66-69; Fil 3,12-14; Fil 4,4-9; 2. Tim 3,14-17. 3) PÅMINNING OM DÅPEN o L: I dåpen gav Gud oss ei stor gåve: Vi fekk tilgjeving for syndene våre, Den Heilage Ande og vart lemer på Kristi kropp. I dåpen vart vårt gamle menneske gravlagt, vi vart frelst frå synda si skuld, frå djevelen og alt det vonde, og vart fødde på nytt til eit liv i Kristus. Vi vart Guds born og fekk del i Jesu oppstode og evig liv saman med han. Så lenge vi lever i trua på Jesus eig vi dette. o L: Grunnlaget for dåpen og opplæringa i trua finn vi i evangeliet etter Matteus i det 28. kapitlet: Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han. Men somme tvila. Og Jesus steig fram, tala til dei og sa: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda! Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!» 3

4) VEDKJENNING AV TRUA o L: Kjære konfirmantar: De er døypte til Jesus Kristus. Gjennom konfirmasjonstida har de fått opplæring i den kristne trua. Lat oss saman vedkjenne kva vi vender oss bort frå og kva vi trur på: o Alternativ I (konfirmantane svarar saman med forsamlinga): A: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstode av lekamen og evig liv. Amen. o Alternativ II (konfirmantane svarar saman med forsamlinga): L: Forsakar du djevelen og det vonde? A: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. L: Trur du på Gud Fader? A: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. L: Trur du på Jesus Kristus? A: Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Guds, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. L: Trur du på Den Heilage Ande? A: Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstode av lekamen og evig liv. Amen. 5) INNLEIANDE FORBØN (fylgjande eller fritt formulert bøn kan brukast): o Alternativ I: Evige Gud, himmelske Far, vi takkar deg fordi du i den heilage dåpen tek oss inn i ditt rike. Vi bed deg for konfirmantane: Før dei fram på trusvegen, så dei dagleg vender om til deg, og gjennom heile sitt liv lærer din Son, Jesus Kristus, betre å kjenna. o Alternativ II: Evige Gud, himmelske Far, vi takkar deg fordi du i den heilage dåpen tek oss inn i ditt rike. Vi bed deg for konfirmantane: Før dei fram på trusvegen, så dei dagleg vender om til deg, og gjennom heile sitt liv lærer din Son, Jesus Kristus, betre å kjenna. Styrk dei i freistingar og vanskar med di kraft, hjelp dei til å bruke bøna, ditt ord og den heilage nattverden. Lat dei 4

høyre heime i di kristne kyrkje, så dei saman med alle som trur på deg, kan vedkjennast ditt namn og i ord og gjerning, takke og tene deg. Amen. o Alternativ III: Kan gjerne vere veksellesing med fleire involverte L (eller andre,): Kjære Gud, vi takkar deg for konfirmantane. Takk for at du har skapt dei i ditt bilete og gjeve dei livet i gåve. Takk for dine lovnader i dåpen. Vi bed for konfirmantane: Vare dei frå det vonde og frels dei frå synd og evig død L: Opne hjarto deira ved Den Heilage Ande, styrk dei i trua og gjev dei ei evig von L: Lat dei søkje deg i ditt Ord, i bøna og nattverden L: Vare dei i trua og lat dei finne ein heim i det kristne fellesskapet L: Send dei til verda for å tene andre og vitne om deg og di frelse L: Lei dei fram til evig fellesskap med deg L: Vi legg konfirmantane i dine allmektige hender. Amen. 6) HERRENS BØN (Fritt å velje versjon) o L: Lat oss saman be Herrens bønn: A: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen. 7) FORBØN FOR DEN EINSKILDE KONFIRMANT/KONFIRMASJON o L: De er døypte og opplærde i den kristne trua. Kom fram så vi kan be for kvar einskild og de kan ta imot Guds velsigning til tru og eit liv saman med Jesus. Ein og ein konfirmant vert beden for medan leiaren legg handa på hovudet til konfirmanten. Der det ligg til rette for det kan knefall brukast for ein eller 5

fleire konfirmantar. Forbøn er samansett av eit innleiande bibelord og ei av fylgjande forbønsformuleringar (desse kan gjerne veljast av den einskilde konfirmant): Alternativ l (vel ein av disse): 1 Trufaste Gud. Vi bed deg for (namnet vert nemnt). Gjev han/henne styrke til å møte utfordringane i livet. Hald han/henne fast i trua på Jesus Kristus. Fred vere med deg. 2 Himmelske Far, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Omgjev han/henne med di signing til eit liv med framtid og von. Fred vere med deg. 3 Gode Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Vare han/henne frå alt vondt og ver hans/hennar vaktar og hjelpar i dag og alle dagar. Fred vere med deg. 4 Evige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Ver med han/henne gjennom livet, og hald han/henne fast i din fred. Fred vere med deg. 5 Herre vår Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Gjer han/henne trygg på at ingen ting kan skilje han/henne frå din kjærleik i Kristus Jesus. Fred vere med deg. 6 All nådes Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du som har byrja den gode gjerninga i han/henne, fullfør den, heilt til Jesu Kristi dag. Fred vere med deg. 7 Herre, treeinige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Ver nær han/henne med din nåde og styrk han/henne i trua, vona og kjærleiken. Fred vere med deg. 8 Miskunnsame Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har kalla han/henne til å leve i fellesskap med deg. Vis han/henne din kjærleik og den vona som han/ho eig i deg. Fred vere med deg. 9 Trufaste Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Signe framtida hans/hennar, så han/ho kan vekse i tru og tillit til deg. Fred vere med deg. 10 Livsens Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Hjelp han/henne til å leve til di ære og til glede og velsigning for andre. Fred vere med deg. 11 Allmektige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne alltid sjå at Jesus er vegen, sanninga og livet. Fred vere med deg. 12 Evige uforanderlege Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne få kjenne din nærleik og alltid følgje den vegen som fører til frelse. Fred vere med deg. 13 Nådige, trufaste Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Styrk han/henne ved din Heilage Ande, til eit liv i tru og teneste. Fred vere med deg. 14 Barmhjertige skapar og Herre, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne få vandre i ditt lys og leve sitt liv omgjeven av din kjærleik. Fred vere med deg. 6

Alternativ ll L legg handa på konfirmantens hovud og ber ei bøn som er vald eller utforma i løpet av konfirmasjonstida i eit samarbeid mellom leiar for konfirmantarbeidet og den einskilde konfirmanten. o Avslutning av forbøn (når alle konfirmantane er bedne for) Alternativ I L: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! (1. Pet 1,3) Alternativ II L: Den allmektige Gud har i dåpen gjeve dykk sin Heilage Ande, gjort dykk til sine born og teke dykk inn i si truande forsamling. Han styrkje dykk med sin nåde til det evige liv. 8) VELSIGNING, HELSING OG UTSENDING VELSIGNINGA: L: Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred. Amen AVLSUTTANDE HELSING, TIL DØMES FRÅ LEIAREN AV KONFIRMANTARBEIDET 1 1 Eksempel frå DnK 2002: Kristus har kalla oss til å leve i tru på hans oppstode og vere hans vitne i verda. Bli verande i hans kjærleik og i fellesskapet med alle som trur på han. Kristus har gjeve oss til kvarandre, han er nær oss i Ordet og bøna, dåpen og nattverden. Lat oss alltid be for kvarandre, og saman med Kristus gå framtida i møte. 7