MØTEPROTOKOLL. Ordførar Marit Aase (Krf) Stabssjef Jan Erik Boge. Merknader: Møtet vart sett formelt kl , etter Deloitte si orientering.

Like dokumenter
MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

drøfta då. 2 av 7 Utvalet sitt kvarter: Mellombels drift i pleie- og omsorgstenestene Rådmann Tone Ramsli orienterte om planane for mellombels drift i

2 av 6 grunnlag for kommunestyret sitt vedtak om ein gjennomgang av barnevernet i kommunen. I saka skal ulike modellar for gjennomgangen vurderast for

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 18:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

2 av 7 legga til rette for det i neste kommunestyremøte. Brigt Olav Gåsdal (Ap) stilte spørsmål om trafikktryggleiken på Liavegen og skogrydding mello

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Aadland, Nils A Boge, Harald A

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Marit Aase (Krf) Jan Erik Boge. Merknader: Birthe Skar-Moum møtte kl. 15:30. Ho deltok derfor ikkje under handsaminga av sak 001/14.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

2 av 5 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/477 Faste saker 013/13 13/244

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 19:00-20:15 Møtestad: Kommunehuset

Utvalet sitt kvarter: 2 av 5 status og val av løysing var sendt ut til medlemmane i forkant av møtet. Dette viser at det også er rom for å få oppgrade

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00-13:55 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Bjarne Hauge Krf Anja Marken Bl. Janne Drevsjø Bl Birthe Skar Moum Ap. Odd Lønnebakken Ap Jens Harald Abotnes Krf

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

2 av 17 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltarkommunar i Bergen og Omland

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 5 MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:10 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

Dokument utlevert i møtet: 2 av 9 Øyvind Røen (Sp) Etterlyser vurdering av beredskapen etter stormen i haust. Saka kjem opp den 14 september. Brigt Ol

2 av 8

2 av 9 Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: dette låg til grunn for valstyret sitt vedtak om å redusera talet på røystekrinsar. Jan Erik B

2 av 6 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 14:00-17:10 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Marit Aase (Krf) Hilde-Lill Våge

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 09:00-09:20 Møtestad: Kommunehuset/Telefonmøte

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato Møtetid: Kl. 16:00-17:45 Møtestad: Kommunehuset

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato: Møtetid: 11:00-12:30 Møtestad: Kommunehuset

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

2 av 10 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

2 av 7 næringsområdet på Gaupholm. Det vert heller ikkje gått vidare med andre alternative plasseringar, men kommunen vil arbeida tett mot vegvesenet

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Øyvind Strømmen (Bl) Tone Ramsli

2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær 2

MØTEPROTOKOLL. Utval: Kommunestyret Møtestad: kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

2 av 6 ei eiga avdeling/tilsvarande, med ein eigen reinhaldsleiar. Margot Hisdal bad i samband med dette at kommunen set i verk tiltak for å kunne til

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 16:00 - Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-16:05 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 12:00-13:30 Møtestad: Kommunehuset

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 10 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 010/13 13/198 Faste saker 011/13 13/66 Å

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 7 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset Av 9 medlemmer møtte 9, in

MØTEPROTOKOLL. Jon Magne Bogevik (Frp) Tone Ramsli

MØTEPROTOKOLL. Vidar Tveiterås (Ap) Tone Ramsli. Merknader: Nestleiar Vidar Tveiterås leia møtet sidan leiaren hadde sjukefråvær.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Ordførar Marit Aase Ass.rådmann Våge/rådmann Ramsli

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato Møtetid: Kl. 08:30-09:50 Møtestad: Kommunehuset

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Marit A Aase Tone Ramsli

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-18:40 Møtestad: Kommunehuset

Samnanger kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 13: Møtestad: Kommunehuset

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Møtenotater: Jon Magne Bogevik (Uvh) leia møtet fram til kl og fram til handsaminga av sak 23/2017.

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Utval: Kommunestyret Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 16: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 14:30-17:00 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-15:00 Møtestad: Kommunehuset

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse Frøland, Knut Harald ordførar Soleng, Marianne einingsleiar sørvissenteret Side 2 av 7

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, in

Samnanger kommune Møteprotokoll

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 17 MØTEINNKALLING Utval: Valstyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærar

Samnanger kommune Møteprotokoll

2 av 14 samrøystes vald til setje-varaordførar i resten av møtet (sak 058, 059, 060 og 062). Orienteringar/meldingar: Vanndirektivet og Regional plan

2 av 10

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 025/12 12/640 Faste saker 026/12 11/175

Samnanger kommune Møteprotokoll

2 av 10 Ordføraren orienterte om at sak om mottak av flyktningar vil koma opp i kommunestyret Spørsmål/interpellasjonar: Kommunestyremøte

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Før sjølve kommunestyremøtet hadde medlemmane synfaring på Samnanger ungdomsskule.

2 av 9 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL. Utval: Kommunestyret Møtestad: Gjerde skule Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 16:00-20:45 Møtestad: Kommunehuset

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Viltnemnda Møtedato: Møtetid: 19:00-20:30 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: 14: Møtestad: Nordbygda skule

Samnanger kommune Møteprotokoll

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-18:15 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 6, i

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Før møtet vart formelt sett orienterte leiar av Bjørnefjorden Næringsutvikling, Tor Helge Eiken om selskapet og aktiviteten deira.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: og frå kl

Transkript:

SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Kommunestyret Møtedato: 06.11.2013 Møtetid: 14:00-18:55 Møtestad: Kommunehuset Av 21 medlemmer møtte 21, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Bodil H. Øpstebø (Krf) Roy Vegar Hope (H) Karl Kollbotn (Frp) Jon Magne Bogevik (Frp) Svein Verner Røseth (Frp) I staden møtte: Bjarne Hauge (Krf) Miriam Hisdal Haga (H) Roy Helge Haug (Frp) Morten Røen (Frp) Norvald Gjerde (Frp) Andre som var til stades på møtet: Janne Drevsjø (Bl) til og med handsaminga av interpellasjonen vedrørande teieplikt om hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Annbjørg Oma Langeland (Krf) under handsaminga av interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Odd Lønnebakken (Ap) under handsaminga av sak 056/13. Rådmann Tone Ramsli under heile møtet. Assisterande rådmann Hilde-Lill Våge under heile møtet. Stabssjef Jan Erik Boge under heile møtet. Skulefagleg ansvarleg Karin H. Steinsland under handsaminga av sak 054/13. Birte Bjørkelo under orientering v/deloitte. Geir Aspelund under orientering om arbeidet i Kraftsenteret. Nils Asbjørn Lie frå Grend bedriftshelseteneste under orienteringa om varsling og faktaundersøking. Borgny Gjøn frå Grend bedriftshelseteneste under orienteringa om varsling og faktaundersøking. Møteleiar: Møtesekretær: Ordførar Marit Aase (Krf) Stabssjef Jan Erik Boge Merknader: Møtet vart sett formelt kl. 14.40, etter Deloitte si orientering. Varaordførar Brigt Olav Gåsdal (Ap) leia møtet under handsaminga av interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013.

Janne Drevsjø (Bl) møtte som vararepresentant for Ragnfrid Aadland Olsnes (Bl) til og med handsaminga av interpellasjonen vedrørande teieplikt om hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Ragnfrid Aadland Olsnes møtte frå og med handsaminga av sak 053/13. Sigmund Dyrhovden (Krf) fekk permisjon frå møtet kl. 18.45. Han deltok derfor ikkje under handsaminga i sak 058/13 og 059/13. Orienteringar/meldingar: Orientering v/deloitte Før møtet vart formelt sett orienterte Birte Bjørkelo frå Deloitte om temaet forvaltningsrevisjon som verktøy for kontroll og tilsyn. Orienteringa vart halde kl. 14.00 14.40. Tilskot til utbygging av breiband Jan Erik Boge orienterte om at fylkeskommunen har gitt tilsegn om tilskot på i alt ca. 1,5 millionar kroner til utbygging av breiband i Samnanger. Auka trafikkontrollar Marit Aase orienterte om at kommunen har teke kontakt med lensmannen i Kvam og Samnanger om trafikkontrollar på fylkesveg 48. Kommunestruktur Marit Aase orienterte om at det skal haldast eit temaog debattmøte i kommunestyret om kommunestruktur. Det kjem ut eit notat om dette til representantane i kommunestyret. Spørsmål/interpellasjonar: Dokument utlevert i møtet: Utvalet sitt kvarter: Orientering om Kraftsenteret Geir Aspelund orienterte om arbeidet i Kraftsenteret, mellom anna om bakgrunnen for at prosjektet no vert avslutta. Orienteringa vart halde kl. 18.20 18.50, før handsaminga av sak 057/13. Interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013 vart handsama i møtet. Sjå nærare informasjon under sak 053/13 Faste saker. Ordføraren sitt svar på interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Trafikkavvikling/vegvedlikehald på Ytre Tysse Gunnar Bruvik orienterte om problem knytt til trafikken gjennom Ytre Tysse. Han spurte om kommunen kan prøva å medverka til at vegen vert kosta/spylt. Marit Aase orienterte om kva kommunen har gjort i saka. Fartsgrense/skilting mellom Frøland og Mørkhølen Monica Tjønna spurde om kvifor det er sett opp 60 km/t-skilt på denne strekninga, både permanente kvite skilt og mellombelse gule skilt. Marit Aase orienterte om at ho ville ta spørsmålet opp med Statens 2

Vegvesen. Politikaropplæring Liv Berit Befring viste til informasjonshefte frå KS om politikaropplæring. Ho bad om at det vert gjennomført opplæring i Samnanger. Marit Aase orienterte om at ho ønskjer at det vert gjennomført ein dag med politikaropplæring tidleg i 2014. Protokollmerknader: Møte barnehage/skule/barnevern Sigmund Dyrhovden orienterte om at han har fått informasjon om at det er planlagt at advokat Rolf Bech- Sørensen skal forelesa på eit møte i kommunen i desember, der mellom anna tilsette ved skulane skal vera med. Dyrhovden bad om at Bech-Sørensen ikkje vert brukt som forelesar på møtet, fordi han står midt i ei betent barnevernsak i Samnanger. Marit Aase orienterte om at ho ikkje har informasjon om kven som skal delta på det tillyste møtet. Protokollmerknad frå Heidi Gjerde (Ap), Brigt Olav Gåsdal (Ap), Liv Berit K. Befring (Ap) og Vidar Tveiterås (Ap). Protokollmerknaden vart meldt inn/lest opp under handsaminga av interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Protokollmerknaden følgjer som vedlegg til møteprotokollen. Protokollmerknad frå Heidi Totland Arnesen (Ap) og Janne Drevsjø (Bl) Protokollmerknaden vart meldt inn/lest opp under handsaminga av interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Protokollmerknaden følgjer som vedlegg til møteprotokollen. 3

Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 053/13 13/602 Faste saker 054/13 13/27 Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger 055/13 12/105 Eldrerådet i Samnanger 2012-2015 - suppleringsval 056/13 13/220 Oppfølging av sak i arbeidsmiljøutvalet - faktaundersøking. Finansiering 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd 058/13 09/507 Bir Privat - renovasjonsavgift 2014 5

SAKNR. 053/13 FASTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Samrøystes vedtak. KS-053/13 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Det var fremja ein interpellasjon til møtet: Interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013 Marit Aase (Krf) bad om å få vera ugild i handsaminga av interpellasjonen og om at varaordførar Brigt Olav Gåsdal (Ap) leia møtet under handsaminga. Marit Aase gjekk frå medan gildskapen hennar vart handsama. Annbjørg Oma Langeland (Krf) tok plass i kommunestyret under handsaminga av Marit Aase sin gildskap. Marit Aase vart funnen ugild med 19 mot 2 røyster. Monica Tjønna (Sp) og Øyvind Røen (Sp) røysta for at Marit Aase skulle vera gild i saka. Dei andre representantane røysta for at ho skulle vera ugild. Brigt Olav Gåsdal leia kommunestyret under handsaminga av interpellasjonen. Eva Hellevang (H) vart etter framlegg frå Brigt Olav Gåsdal samrøystes vald som setjevaraordførar under handsaminga av interpellasjonen. Ein av interpellantane, Sigmund Dyrhovden (Krf), la fram interpellasjonen for kommunestyret. Han informerte om at interpellantane ønskte å gjera ei endring i framlegget sitt til vedtak. Endringa går på at Sigmund Dyrhovden, Øyvind Røen og Birthe Skar-Moum ikkje skal verta utnemnde til å ha den løpande kontakten med advokat Harald Hove, men at dei i staden vert ansvarlege for å overlevera all nødvendig dokumentasjon og vere tilgjengelege for adv. Hove ved eventuelle praktiske spørsmål. Brigt Olav Gåsdal la fram ordføraren sitt svar på interpellasjonen. Han orienterte om at det var følgjande feil i det som står i ordføraren sitt svar: Det står i eit avsnitt i ordføraren sitt svar at Birthe Skar-Moum er ein av interpellantane. Dette er ikkje rett. 6

Det viser seg at brevet som er lagt ved interpellasjonen ikkje er ein omarbeidd versjon av det opprinnelege brevet om hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Brevet som er lagt ved interpellasjonen er det opprinnelege brevet som kommunestyrerepresentantane skreiv etter kommunestyremøtet 06.03.2013. Ein av interpellantane, Øyvind Røen (Sp), orienterte om at det berre er interpellasjonen om brot på teieplikta som vert foreslått gjennomgått på nytt, ikkje interpellasjonane mot ordføraren og rådmannen. Heidi Totland Arnesen (Ap) orienterte på vegner av seg sjølv og Janne Drevsjø (Bl) om korleis dei har opplevd hendingane i kommunestyret 06.03.2013 og det som har skjedd i tida etterpå. Ho sa det var viktig for dei at saka vert avslutta så snart som mogleg. Ho bad om å få ei offentleg orsaking på det som skjedde i kommunestyret 06.03.2013 og det som har skjedd i tida etterpå. Heidi Gjerde (Ap) leverte inn ein protokollmerknad i saka, på vegner av seg sjølv, Brigt Olav Gåsdal (Ap), Liv Berit K. Befring (Ap) og Vidar Tveiterås (Ap). Protokollmerknaden vart lest opp av Heidi Gjerde i møtet og følgjer som vedlegg til møteprotokollen. Det vart gjennomført todelt røysting i saka. Det vart først gjennomført røysting der det første avsnittet i ordføraren sitt framlegg til vedtak vart sett opp mot framlegget til vedtak i del 1 i interpellasjonen. 13 representantar røysta for framlegget i interpellasjonen, medan 8 representantar røysta for ordføraren sitt framlegg. Birthe Skar-Moum (Ap) bad om at brevet om hendingar i kommunestyret 06.03.2013 vert underskrive før det vert offentleggjort. Følgjande representantar røysta for framlegget i del 1 av interpellasjonen: Bjarne Hauge (Krf) Sigmund Dyrhovden (Krf) Birthe Skar-Moum (Ap) Heidi Totland Arnesen (Ap) Eva Hellevang (H) Miriam Hisdal Haga (H) Øyvind Røen (Sp) Monica Tjønna (Sp) Roy Helge Haug (Frp) Morten Røen (Frp) Norvald Gjerde (Frp) Gunnar Bruvik (Frp) Janne Drevsjø (Bl) Følgjande representantar røysta for første avsnitt i ordføraren sitt framlegg: Brigt Olav Gåsdal (Ap) Liv Berit K. Befring (Ap) Vidar Tveiterås (Ap) Heidi Gjerde (Ap) Jens Harald Abotnes (Krf) Annbjørg Oma Langeland (Krf) Anja Marken (Bl) Øyvind Strømmen (Bl) 7

I den andre delen av røystinga vart det siste avsnittet i ordføraren sitt framlegg sett opp mot framlegget til vedtak i del 2 av interpellasjonen. Før røystinga påpeika rådmann Tone Ramsli at det etter reglane i kommunen sitt innkjøpsreglement så langt som mogleg skal innhentast pristilbod frå 2-3 leverandørar for innkjøp/kontrakter med verdi mellom 30 000 og 100 000 kroner. 13 representantar røysta for framlegget i interpellasjonen, medan 8 representantar røysta for ordføraren sitt framlegg. Følgjande representantar røysta for framlegget i del 2 av interpellasjonen: Bjarne Hauge (Krf) Sigmund Dyrhovden (Krf) Birthe Skar-Moum (Ap) Heidi Totland Arnesen (Ap) Eva Hellevang (H) Miriam Hisdal Haga (H) Øyvind Røen (Sp) Monica Tjønna (Sp) Roy Helge Haug (Frp) Morten Røen (Frp) Norvald Gjerde (Frp) Gunnar Bruvik (Frp) Janne Drevsjø (Bl) Følgjande representantar røysta for andre avsnitt i ordføraren sitt framlegg: Brigt Olav Gåsdal (Ap) Liv Berit K. Befring (Ap) Vidar Tveiterås(Ap) Heidi Gjerde (Ap) Jens Harald Abotnes (Krf) Annbjørg Oma Langeland (Krf) Anja Marken (Bl) Øyvind Strømmen (Bl) Etter handsaminga gjekk Annbjørg Oma Langeland frå. Marit Aase tok plass att i kommunestyret og overtok møteleiinga. Brigt Olav Gåsdal gjekk inn att som varaordførar og Eva Hellevang gjekk frå som setje-varaordførar. VEDTAK: Brevet om hendingar i kommunestyret 06.03.2013 vert offentleggjort slik det ligg føre i dag. Interpellasjonen om brot på teieplikta vert gått gjennom på nytt. Vedlagt saka vert brev om hendingar i kommunestyret 06.03.2013, slik brevet framstår i dag, i tillegg til sjølve interpellasjonen. Advokat Harald Hove vert sett til oppgåva med å vurdera interpellasjonen og omtalen av hendingar i kommunestyret 06.03.13 på nytt. 8

Det vert sett ei økonomisk ramme på kr 50 000. Pengane vert henta frå midlar avsett til lønsoppgjeret. Sigmund Dyrhovden, Øyvind Røen og Birthe Skar-Moum vert ansvarlege for å overlevera all nødvendig dokumentasjon og vere tilgjengelege for adv. Hove ved eventuelle praktiske spørsmål. SAKNR. 054/13 FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SAMNANGER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Eva Hellevang (H) sette fram følgjande framlegg til vedtak: Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger, vert vedteke slik den ligg føre, med dei endringane som er teke med, etter å ha vore ute på høyring. Karin H. Steinsland orienterte om følgjande vesentlege feil i framlegget til reglement: I 9 skal skal det ikkje stå kunngjerast, men kun gjerast. Denne feilen og nokre andre skrivefeil vil verta retta opp. Framlegget frå Eva Hellevang vart samrøystes vedteke. KS-054/13 VEDTAK: Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger, vert vedteke slik den ligg føre, med dei endringane som er teke med, etter å ha vore ute på høyring. SAKNR. 055/13 ELDRERÅDET I SAMNANGER 2012-2015 - SUPPLERINGSVAL Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Det vart røysta over Fagforbundet Samnanger sitt framlegg til vedtak, innsendt i brev datert 29.10.2013, om at Tore Strømmen vert vald som ny representant i eldrerådet og at Oddbjørg Hisdal held fram som vararepresentant. Samrøystes vedtak. 9

KS-055/13 VEDTAK: Tore Strømmen vert ny representant i eldrerådet. Oddbjørg Hisdal held fram som vararepresentant. SAKNR. 056/13 OPPFØLGING AV SAK I ARBEIDSMILJØUTVALET - FAKTAUNDERSØKING. FINANSIERING Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan tilråding frå rådmannen. 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Heidi Gjerde (Ap) bad om å få gildskapen sin vurdert. Ho gjekk frå medan gildskapen hennar vart handsama. Odd Lønnebakken (Ap) tok plass i kommunestyret under handsaminga av gildskapen. Birthe Skar-Moum (Ap) bad om å få gildskapen sin vurdert. Ho gjekk frå medan gildskapen hennar vart handsama. På spørsmål frå kommunestyret under handsaminga orienterte Heidi Gjerde om at ho ønskte å vera ugild i saka. Heidi Gjerde vart samrøystes funnen ugild. Birthe Skar-Moum vart samrøystes funnen gild og tok plass att i kommunestyret. Møtet vart deretter lukka medan kommunestyret diskuterte om saka skulle gå for opne eller lukka dører. Etter debatten vart dørene opna att for gjennomføring av røysting om eventuell lukking av møtet. Før røystinga tok Øyvind Røen (Sp) opp spørsmål om kva som kan opplysast til dei to partane om handsaminga/debatten i kommunestyret dersom møtet vert lukka. Møtet vart deretter lukka att medan kommunestyret heldt fram debatten om eventuell lukking av møtet og om kva som kan opplysast til partane frå debatten i eit lukka møte. Møtet vart så opna att før røysting. Sigmund Dyrhovden (Krf) sette fram munnleg framlegg om utsetjing av saka. Det vart vedteke med 11 mot 10 røyster å utsetja saka. Følgjande representantar røysta for å utsetja saka: Birthe Skar-Moum (Ap) Heidi Totland Arnesen (Ap) Sigmund Dyrhovden (Krf) Roy Helge Haug (Frp) Norvald Gjerde (Frp) Morten Røen (Frp) Gunnar Bruvik (Frp) Monica Tjønna (Sp) Øyvind Røen (Sp) Eva Hellevang (H) Miriam Hisdal Haga (H) 10

Følgjande representantar røysta for at saka ikkje skulle utsetjast: Marit Aase (Krf) Bjarne Hauge (Krf) Jens Harald Abotnes (Krf) Liv Berit K. Befring (Ap) Brigt Olav Gåsdal (Ap) Vidar Tveiterås (Ap) Odd Lønnebakken (Ap) Øyvind Strømmen (Bl) Anja Marken (Bl) Ragnfrid Aadland Olsnes (Bl) Heidi Gjerde tok plass att i kommunestyret etter handsaminga av saka og Odd Lønnebakken gjekk frå. Etter røystinga i saka orienterte Nils Asbjørn Lie og Borgny Gjøn frå Grend bedriftshelseteneste om temaet varsling og faktaundersøking. Etter handsaminga av sak 056/13 var det matpause kl. 17.55 18.20. KS-056/13 VEDTAK: Saka vert utsett. SAKNR. 057/13 TILSLUTNING AV NYE DELTAKARKOMMUNAR I BERGEN OG OMLAND FRILUFTSRÅD 22.10.2013 FORMANNSKAPET Handsaming i møtet: Marit Asse (Krf) sette fram følgjande framlegg: Samnanger kommune støttar at Kvam og Osterøy vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. Samrøystes vedteke. FORM-042/13 VEDTAK: Samnanger kommune støttar at Kvam og Osterøy vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Samrøystes vedtak. KS-057/13 VEDTAK: Samnanger kommune støttar at Kvam og Osterøy vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. 11

SAKNR. 058/13 BIR PRIVAT - RENOVASJONSAVGIFT 2014 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Samnanger kommune (SK) vedtek at BIR AS delegerast fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av SK, jfr 11 i Forskrift og handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrar SK. 2. SK vedtek at prisen på renovasjonstenesta vert uendra for 2014. Beløpet for ein minimumskunde vert då kr. 1520,- for 12 tømmingar, 6 tømmingar pr halvår + eit tillegg på kr 26,- pr. restavfallstømming utover dette. Alle prisar er ekskl. mva. 22.10.2013 FORMANNSKAPET Handsaming i møtet: Samrøystes vedteke. FORM-040/13 VEDTAK: 1. Samnanger kommune (SK) vedtek at BIR AS delegerast fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av SK, jfr 11 i Forskrift og handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrar SK. 2. SK vedtek at prisen på renovasjonstenesta vert uendra for 2014. Beløpet for ein minimumskunde vert då kr. 1520,- for 12 tømmingar, 6 tømmingar pr halvår + eit tillegg på kr 26,- pr. restavfallstømming utover dette. Alle prisar er ekskl. mva. 06.11.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Samrøystes vedtak. KS-058/13 VEDTAK: 1. Samnanger kommune (SK) vedtek at BIR AS delegerast fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av SK, jfr 11 i Forskrift og handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrar SK. 2. SK vedtek at prisen på renovasjonstenesta vert uendra for 2014. Beløpet for ein minimumskunde vert då kr. 1520,- for 12 tømmingar, 6 tømmingar pr halvår + eit tillegg på kr 26,- pr. restavfallstømming utover dette. Alle prisar er ekskl. mva. 12

Oversikt over dokument som ligg ved denne protokollen: Interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013 Brev om hendingar i kommunestyret 06.03.2013 Ordføraren sitt svar på interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013 Protokollmerknad frå Heidi Gjerde (Ap), Brigt Olav Gåsdal (Ap), Liv Berit K. Befring (Ap) og Vidar Tveiterås (Ap). Protokollmerknad frå Heidi Totland Arnesen (Ap) og Janne Drevsjø (Bl). 13

Ordføraren svarar på interpellasjon til kommunestyret 06.11.2013 vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Reglar for interpellasjonar og spørsmål til kommunestyret Kommunestyret vedtok 25.09.2013 reglement for kommunestyret og hovudutvala. Punkt 2.20.1 og 2.20.2 i reglementet omhandlar spørsmål og interpellasjonar. Innleiingsvis står det presisert at spørsmål gjeld førespurnader om konkrete saker, medan interpellasjonar er førespurnader av prinsipiell art. Krav om lovlegkontroll og om å ta oppatt ei sak som er lovleg avgjort er omtala i punkt 2.29.1 og 2.29.2. Til kommunestyremøtet 06.11.2013 er det kome inn ein interpellasjon med følgjande overskrift: Interpellasjon vedrørande teieplikt og hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Ordføraren vurderer at det som vert teke opp der er førespurnader om konkrete saker, altså spørsmål. Spørsmåla gjeld enkelttilsette og ordførar, spørsmåla er tidlegare reist gjennom tre ulike interpellasjonar, og vedtak er gjort av kommunestyret. Etter ei samla vurdering har ordføraren likevel konkludert med at saka vert handsama saka som interpellasjon. Ordføraren ber om at kommunestyret i framtida held seg til det som vart vedteke 25.09.2013 når det gjeld skiljet mellom spørsmål og interpellasjonar. Del 1 i interpellasjonen - Offentleggjering av dokumentet hendingar i kommunestyret 06.03.2013. I del 1 av interpellasjonen er det mellom anna referert til ein telefonsamtale mellom stabssjefen og ein rerepresentant i kommunestyret. Stabssjefen har ikkje vorte kontakta av interpellantane og fått moglegheit til å kommentera det som står om innhaldet i telefonsamtalen eller om det som skjedde i forkant av telefonsamtalen. I interpellasjonen er det vidare vist til ein telefonsamtale mellom ordføraren og den same representanten. Heller ikkje ordføraren har ikkje vorte kontakta av interpellantane. Stabssjefen har bedt ordføraren formidla til kommunestyret at han beklagar dersom han har gjort noko feil i samband med oppfølginga av kommunestyret sitt vedtak 17.04.2013 om offentleggjering av dokumentet hendingar i kommunestyret 06.03.2013. 1

Del 2 i interpellasjonen - Ny gjennomgang av interpellasjonen om brot på teieplikta og av dokumentet hendingar i kommunestyret 06.03.2013. Saksgangen til no Kommunestyret har tidlegare handsama tre interpellasjonar som heilt eller delvis relaterer seg til innhaldet i brevet om hendingar i kommunestyret 06.03.2013 : 1. Intepellasjon om utilbørleg press frå ordføraren Intepellasjonen vart handsama i kommunestyret 17.04.2013. Kommunestyret vedtok samrøystes å ta svaret frå ordføraren til etterretning og akseptera orsakinga hennar. I følgje kommunestyret sitt vedtak vart saka med dette avslutta. 2. Interpellasjon om åtvaring til rådmannen. Interpellasjonen vart handama i kommunestyret 17.04.2013. Kommunestyret vedtok med 15 mot 6 røyster å gje ei åtvaring til rådmannen. 3. Interpellasjon om brot på teieplikta Interpellasjonen vart først handsama i kommunestyret 17.04.2013. Det vart då vedteket å senda saka vidare til kontrollutvalet for gjennomgang og konklusjon. Kontrollutvalet vedtok 12.06.2013 at det ikkje ville vera rett av utvalet å handsama interpellasjonen. Kontrollutvalet tilrådde i vedtaket sitt kommunestyret vurdera å be ein rådmann i ein annan kommune om å vera setjerådmann i den aktuelle saka. Kommunestyret vedtok 20.06.2013 samrøystes å be ordføraren om å setja inn ein setjerådmann frå ein annan kommune til å saksførebu saka for handsaming i kommunestyret. Etter råd frå rådmannsutvalet i Hordaland bad ordføraren Fjell kommune om å vera setjerådmann. Fjell kommune sa ja til dette. Fjell kommune sitt arbeid med gjennomgang av interpellasjonen vart utført av kommuneadvokat Dag Heine Bjørndal. Setjerådmannen si saksutgreiing vart handsama i kommunestyret 25.09.2013. Der vart det med 12 mot 9 røyster vedteke at kommunestyret godtek setjerådmannen sine konklusjonar om at det ikkje er funne brot på teieplikta. Dette gjaldt alle tre hovudpunkta som administrasjonen vart bedt om å utgreia i interpellasjonen: a. Forhold knytt til tilsette i barnevernstenesta si teieplikt b. Forhold knytt til politisk sekretær si teieplikt c. Forhold knytt til rådmannen si teieplikt 2

Kommentarar til del 2 i interpellasjonen til kommunestyret 06.11.2013 Det vert i interpellasjonen foreslått at interpellasjonen om brot på teieplikta skal gåast gjennom på nytt, og at brevet om hendingar i kommunestyret, slik brevet framstår i dag, vert vedlagt saka. Det vert vidare foreslått at advokat Harald Hove vert sett til oppgåva med å vurdera interpellasjonen om brot på teieplikta og omtalen av hendingar i kommunestyret 06.03.2013 på nytt. Ordføraren har følgjande kommentarar til interpellasjonen til kommunestyret 06.11.2013: Framlegget til vedtak Slik framlegget til vedtak er formulert i interpellasjonen, synest det som det skal takast ein ny gjennomgang av alle forholda som er tekne opp i brevet om hendingar i kommunestyret 06.03.2013, at alle tre interpellasjonane som relaterer seg til brevet kan verta handsama på nytt etter gjennomgangen, og at tidlegare vedtak kan verta oppheva. Om brevet hendingar i kommunestyret 06.03.2013 Ordføraren har merka seg at det er gjort endringar i dokumentet i forhold til dokumentet som tidlegare har vorte lagt fram for kommunestyret. Det er mellom anna lagt til fleire setningar i første avsnitt i brevet og eit heilt nytt avsnitt om politisk sekretær på side 2 i brevet. I tillegg er det nye brevet underskrive av tre personar, medan brevet som har vorte lagt fram for kommunestyret tidlegare er underskrive av fire personar. Innkjøpsreglar Etter Samnanger kommune sitt innkjøpsreglement, vedteke av kommunestyret 13.04.2010, skal det for innkjøp med verdi 30.000 100.000 kroner så langt som mogleg innhentast pristilbod frå 2-3 leverandørar. Det går ikkje fram av interpellasjonen om dette er gjort. Det går heller ikkje fram av interpellasjonen kvifor interpellantane ønskjer at gjennomgangen skal gjerast av advokat Harald Hove. Kontaktpersonar I interpellasjonen vert det foreslått at tre av interpellantane, Sigmund Dyrhovden, Øyvind Røen og Birthe Skar-Moum vert utnemnde til å ha den løpande kontakten med advokaten dei ønskjer skal gå gjennom saka. Kommentarar frå setjerådmannen I interpellasjonen vert det reist sterk kritikk mot setjerådmannen (v/kommunedavokat Dag Heine Bjørndal) sitt arbeid og saksframstilling. Kommuneadministrasjonen sende 04.11.2013 kopi av interpellasjonen til Bjørndal. Han har i e-post 04.11.2013 skrive at han ønskjer å kommentera følgjande på vegner av Fjell kommune: 3

Det er hevda i brevet 31.10.13 at representantane Øyvind Røen og Sigmund Dyrhovden ikkje kunne førebu seg på samtalane med underteikna. Dette er direkte feil, og misvisande. Begge representantane fekk klar melding om å ta kontakt dersom dei hadde meir å tilføye i saka. Dei vart også direkte førespurt om dei følte dei hadde tilstrekkeleg oversikt over saka til å gjennomføre samtalen når eg ringde. Begge svarte bekreftande på dette. Dei vart også orientert om kva tid saka skulle opp i kommunestyret, og dei hadde meir enn god nok tid til å komme attende til underteikna dersom dei ville rette opp noko eller tiløfye noko. Ingen av dei to representantane gjorde dette. Eg kan difor ikkje sjå at det er grunnlag for å meine at relevante opplysningar manglar, særskilt når det i brev datostempla 31.10.13 ikkje er konkretisert kva for opplysningar det er tale om. Ordføraren sitt framlegg til vedtak: Representantane som var valde til å skriva under protokollen for kommunestyret 17.04.2013 tek straks kontakt med dei andre to omtala representantane og avtalar eit møte der ein går gjennom dokumentet hendingar i kommunestyret 06.03.2013. I møtet må det avklarast kva av innhaldet som eventuelt skal anonymiserast før dokumentet vert offentleggjort. Dei representantane som var valde til å skriva under protokollen for kommunestyret 17.04.2013 er ordføraren, Øyvind Røen og Brigt Olav Gåsdal. Det vert ikkje gjort ei ny gjennomgang av interpellasjonen om brot på teieplikta. Denne saka vart avslutta med kommunestyret sitt vedtak 25.09.2013 i sak 047/13. 4

Protokollmerknad frå Heidi Totland Arnesen og Janne Drevsjø - lest opp i kommunestyret 06.11.2013 Hendinger under kommunestyre møtte og i etterkant. Me synes det er leit at me må stå her i dag. Hadde håpet at denne saken vart ferdig og tilbakelagt. Men dessverre. Me har ikkje fått ein truverdig beklagelse offentlig for det som me har opplevd. Noe ordføreren og rådmann har hatt mange muligheter til. Når me i mars etter kommunestyre møtte hadde eit møtte med og det kom ein beklagelse var det med eit MEN... Men at me som kommuneansatte burde stemt å tenkt annerledes. Blei det då ingen truverdig beklagelse då.me var 7personer som var med på det møtte uten om ordfører og rådmann, me satt alle med den same oppfattelsen av det møtte. I etter tid føler,me oss ikkje ivaretatt. Det er kun tatt hensyn til ei side av saken, me føler oss som eit offer for noe me er heilt uskyldig kommet opp i. Alt me har gjort er å fortelle kva me har opplevd. Det blei bestemt i kommunestyre i april, at det såkalla brevet skulle offentlig gjerast. Dette var for oss eit tøft valg men samtidig såg me at dette var nødvendig pga alle spekulasjonene om kva som skjer i Politiken i samnanger. Me skulle bli kalla inn til redigering av brevet før protokoll godkjenning. Dette har vist seg i ettertid at dei som godkjente protokollen godkjente den uten brevet. Me kunne lese i samningen i september at advokat Bjørndalen hadde hatt ei "utgreiing " der alle dei involverte i denne saken og den med brud på taushetsplikten. Og tatt konklusjon ut over det. ME er aldri tatt kontakt med eller hørt. Kun ei side av saken er tatt kontakt med. 26/9-13 fekk me ein epost fra stabssjef Boge der noen hadde henvedt seg til han å etter spurd om brevet som skulle vært offentleg. 3/10-13 ringte me Boge for om det var me som hadde gjort noe feil. Dette avkrefta Boge. Han skulle ta kontakt med ordfører som igjen tok kontakt med oss etter ein time. Ordfører beklaga at det var blitt glemt. Ho lova å ta kontakt etter helga etter å ha snakka med varaordfører. ME BLEI ALDRI KONTAKTA IGJEN. At me er komme opp i denne situasjonen som me er no MÅ dåke ta på dåke sjølv. Er ingen god følelse me har,at me sitter her i dag å ikkje er ferdig med denne saka forlenget. Og at me sitter igjen med ein følelse som er vond,pga å være dei som gav beskjed om kva me opplevde som urett, og starta noe. EIN MÅ IKKJE GLØYMA KVEN SOM STARTA DETTE DEN 6/3-13. DET VAR ikkje ME. ME HAR VÆRKEN SAGT ELLER GjORT NOE ANNA EN Å FORTELLE KVA ME OPPLEVDE den 6/3-13. Me vil ha fram at det ikkje er Oss men alle gruppeledrene( -ap)som tok saka og la den frem for kommunestyre som interpallasjona. FOR å få ein ryddig og rettferdig politik. Det må være rom for åpenheten. Lov å diskutera vanskelige ting i ettertid. Alt må være åpent og ærlig slik at ein blir tatt på alvor som folkevald. Ein må bruka unødig tid med å bli ferdig på ein saklig og skikkelig måtte. Før ein legger lokk på det. Offentlighet og ein åpen diskusjon er ein forutsetning for at demokratiet skal fungere. 1

Protokollmerknad frå Heidi Totland Arnesen og Janne Drevsjø - lest opp i kommunestyret 06.11.2013 Det er to måter å bli ferdig på: 1) legge lokk på 2) å diskutera i fullåpenhet og bli ferdig med alt, alt skal komme fram. Det er dette me har tru på. Folkevalde har rett på å yttra seg kritiske til kritikkverdige forhold med kommunen. Er ein del av ytringsfriheten. Me ønsker ein offentlig (truverdig)beklagelse for den måten me er blitt behandla på. Me har ALDRIG vært ute etter å ta noen, kun som eg har sagt tidligere fortalt kva me opplevde. Håper me får ro og jobba med det me skal på ein ordtlig måtte. Me ber om at dåke husker på at dåke er lika mykje våras arbeidsgivere. 2