VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Like dokumenter
Saksframlegg. Kvinnherad kommune

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Barnehagebruksplan

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Plan for Liabygda SFO

Bjørnehiet SFO - informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for skolefritidsordning (SFO) i Agdenes. Forslag

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

10/60-14/N-211//AMS

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

INFORMASJON OM SKOLEFRITIDSORDNINGEN. Skolefritidsordningen i Randaberg. Randaberg kommune

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Informasjon og kvalitetsplan

Sandeid skule SFO Årsplan

Definisjon og formål. Målsetjing

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Transkript:

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE Heimel: Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i 13-7, 9a-8, og 10-9, og i Forskrift til opplæringslova i 12-1e og 15 Vedteke i Førde bystyre 25. mars 2010

MÅL FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I Opplæringslova 13-7 andre ledd heiter det: Skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala både ute og inne skal vere eigna for formålet. Skulen sitt verdibaserte barnesyn/elevsyn skal ligge i botnen også for denne delen av skulen sitt tilbod. Glede, vekst og utvikling for alle barn skal stå sentralt i arbeidet. Barna skal ha reell innverknad på eigen kvardag innanfor rammene for SFOordninga. Skulefritidsordninga skal så langt det er praktisk mogleg imøtekome foreldra sitt behov for å gi barna ein trygg stad å vere før og etter skuletid. Målgruppe: Skulefritidsordninga i Førde kommune er eit tilbod for alle barn i 1. 4. klasse og for barn med funksjonshemmingar i 5. - 7. klasse. Lokal tilpassing: Skulefritidsordninga skal vere ein del av skulen si samla verksemd. Vi skal arbeide for heilskap og samanheng mellom skule- og fritidsdel. Den einskilde skulefritidsordninga skal ha ei lokal utforming på innhald og organisering. Med utgangspunkt i lokale tilhøve vert det lagt opp til leik, eigne prosjekt og aktivitetar, organiserte kulturtilbod og deltaking i nærmiljøet. Alle elevar på småskulesteget har rett til gratis leksehjelp i snitt 2 timar pr veke i 38 veker i 4 år. Dette tilbodet er integrert i SFO ved skulen. Leksehjelptilbodet kan bli gitt før skulestart, midt i skuledagen eller etter skuleslutt på ein eller fleire av vekedagane. Skulen styrer når den einskilde eleven skal ha dette tilbodet. Med utgangspunkt i måla som gjeld for alle skulefritidsordningane i Førde kommune, kan den einskilde skulefritidsordninga utarbeide lokale målsettingar. Forskrift for ordensreglement ved skulen gjeld og ved SFO. Dei som melder seg på til skulefritidsordninga skal få plass så fort det er praktisk mogleg. Dersom det ikkje er skulefritidsordning ved den skulen barnet går, kan foreldra nytte tilbodet ved ein annan skule.

EIGARFORHOLD: Førde kommune eig og driv skulefritidsordninga ved skulane. OPPTAKSMYNDE OG OPPTAKSKRITERIUM Søknad om opptak skal sendast elektronisk på søknadsskjema som ligg på heimesida til Førde kommune. Andre søknader vil normalt ikkje bli handsama. Føresette som treng hjelp med å søke kan vende seg til kommunen. Opptak vert gjort ved den einskilde skule. OPPTAKSPERIODE Søknad og opptak for alle elevar i småskulen gjeld for den tida eleven går på småskulesteget, dvs til og med 4. klasse. Søknad og opptak for funksjonshemma born i 5. 7. klasse gjeld for eitt år. SFO varer frå den dagen skulen startar i august til den dagen skulen sluttar til sommarferien. Påmeldingsfristen blir fastsett av Førde kommune for kvart år, og gjort kjend for brukarane. Fristen skal ikkje vere etter 15. april. Det kan søkast om opptak gjennom heile året med oppstart den 1. eller 15. i kvar månad. OPPSEIING / ENDRING: Føresette kan seie opp eller endre på omfanget i tilbodet til barnet etter skriftleg melding til skulen. Oppseiingsfristen er på 1 månad. Skriftleg melding må sendast til skulen før den 1. eller 15. i kvar månad med verknad frå den 1. eller 15. i påfølgjande månad. Ved byte til eit mindre tilbod gjeld og oppseiingsfristen på 1 mnd. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 1. april.

OPPHALD OG OPNINGSTID Dagleg opningstid for sentrumsskulane er mellom kl. 07.15-16.15 på skuledagar og undervisningsfrie dagar i skuleåret. Skulefritidsordninga ved krinsskulane følgjer skuleruta, dvs gjeld dei dagane elevane er på skulen. Opningstida vil bli tilpassa lokale tilhøve, men dersom det er søknad frå føresette om utvida opningstid fastset Rådmannen kva vekentleg opphaldstid den enkelte skulefritidsordninga kan tilby. Unntak frå opningstida er 5 planleggingsdagar for personalet i løpet av året. Desse dagane er samkøyrde med skulen sine planleggingsdagar. I elevferiar som haustferie, vinterferie, jul og påske kan SFO-tilboda bli samordna. I heile eller delar av elevane sin sommarferie er det eit eige sommarferietilbod. Tilbodet blir lagt til ein eller fleire av skulane i kommunen. Påmelding til sommarferietilbodet må gjerast kvart år. Fristen er 15. april. SKULESKYSS Opplæringslova gir ingen rett til fri skuleskyss før eller etter SFO-tida. BETALING Kostnadene ved skulefritidsordninga skal delast mellom kommune og foreldre. Bystyret vedtek satsane for foreldrebetaling. Gjeldande satsar står som oppslag på skulen og på kommunen si heimeside. Frå den dagen skulen startar i august til skulen sluttar i juni betaler foreldra for 10 månader. (Det er halv betaling for juni og august). Betaling for ferietilbod vert fastsett av Rådmannen og kravd inn på forskot. Ved oppseiing av tilbodet skal det betalast for 1 mnd. etter oppseiing (sjå eige pkt. om oppseiing). Misleghald av betaling med 2 mnd. restanse er lik oppseiing av plassen. Dersom barn blir henta for seint vil føresette bli ilagt ekstra gebyr for dette, jfr vedtekne satsar for foreldrebetaling.

BEMANNING OG LEIING Lova gjev ingen nasjonale normer for bemanning eller areal. Det er opp til kommunen å ta avgjerder ut frå lokale tilhøve og behov. Rektor er overordna administrativ og fagleg leiar for skulefritidsordninga. På dei store skulane er det tilsett dagleg leiar for skulefritidsordninga, og baseleiarar der det er fleire grupper. I Førde kommune er rettleiande norm for bemanning ca 1 vaksen pr.15 barn, etter ei vurdering av tryggleiken. Jfr 12 i Forskrift til Opplæringslova. LEIKE OG OPPHALDSAREAL Leike- og opphaldsareal i skulefritidsordninga er skulen sitt uteareal og disponible rom på skulen. Førde 25.03.10 Ole Jon Østenstad Rådmann Helge Sæterdal Kommunalsjef