LOVER FOR IL ØRNAR. Skipa 5. mars endra Føremål

Like dokumenter
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Fargane er raud og kvit. IL Solid sitt merke er to norske flagg som omkranser ein blå stolpe, med tekst 1945, og nedanfor den SOLID.

Vedtekter for Revisjon

SKOGN IDRETTSLAG. Lover for Skogn Idrettslag.

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Vedtekter for Rørvik Idrettslag

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter for Dale Idrettslag

Lov for KIL/Hemne Fotball stiftet 4. april Vedtatt den 4. april 2001.

VEDTEKTER FOR FAGERSTRAND IDRETTSFORENING

LOVER FOR FROL IDRETTSLAG

Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Laget er selv-eiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

LOVER FOR FROL IDRETTSLAG

Kap 1 Innleiande fastsettingar

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Lover for ULSTEIN SEILFORENING stifta

Lover for Idrettslaget Drammen Strong

LOV FOR FIGGJO IDRETTSLAG STIFTET

VEDTEKTER FINNÅS SPORTSKLUBB. vedteke med seinare endringar, siste av

Nybygda Idrettslag. Lov for Nybygda Idrettslag. Vedtatt på årsmøte i NIL 3.desember Stiftet 29.mars 1933

1 FORMÅL Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Rond o-lag s lover Formål Organisatorisk tilknytning Medlemmer Stemmerett og valgbarhet 15 år Kontingent Tillitsvalgtes godtgjørelse

LOV FOR ). 1 FORMÅL

1 FORMÅL Laget er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Vedtekter for SKEDSMO SVØMMEKLUBB av

Vedtekter for Os IL. 29. februar 2012 Vedtatte vedtekter Os IL årsmøtet 2012 Side 1 av 6

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

VEDTEKTER I.L STORMFJELL

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

~ 1 ~ Vedtekter for. Elverum Bowlingklubb Stiftet 22. Mai Formål

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

VEDTEKTER. (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

e) Familiemedlemskap inkludert barn inntil 18 år : kr. 600,- f) Enkeltmedlem : kr. 400,- g) Gave / Støtte kr.

LOV FOR LÆRDAL IDRETTSLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

LOVNORM FOR IDRETTSLAG (nynorsk) (Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Lov for Eggedal Idrettslag stiftet 20. januar 1894, revidert 16. januar 2014.

LOV FOR VOSS HANG OG PARAGLIDERKLUBB

Klubben hører hjemme i Karmøy kommune og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

LOV FOR VALLDAL IDRETTSLAG

Lov for Osterøy Idrottslag

Lov for Rosendal Turnlag skipa 28.juni 1901

Saksfremlegg til årsmøtet til Selbjørn idrettslag 22 mars 2015

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Generelt om lovnorm for idrettslag

Vedtekter for Mosjøen og omegn Cycleklubb (MOC) stiftet

Lov for Trondheim Ballklubb Stiftet Godkjent av styret i Sør-Trøndelag Idrettskrets den

Vedtektene i sin helhet i ny utgave godkjent av årsmøtet 6 mars 2013

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Basis-lovnorm for idrettslag

En søker kan ikke tas opp som medlem uten at økonomiske forpliktelser til andre organisasjonsledd og medlemmer i NIF er gjort opp.

1 Føremål Idrettslaget sitt føremål er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite (NIF).

Klubben er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer.

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Vedtekter for IL ILar stiftet

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

1 Føremål Idrettslaget sitt føremål er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) 2.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Klubblov Bodø Golfklubb

Lov for Bergen Fallskjermklubb 1, skipa 28. august 1970 Vedteken av årsmøtet Godkjend av Hordaland idrettskrets (dato/år).

1 Formål Idrettslaget formål er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund og olympiske og paralympiske komié (NIF).

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

NYNORSK: Generelt om basis-lovnorma:

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl i klubbhuset

Lov for Remyra Idrettslag stiftet Vedtatt av Årsmøtet 20. februar Sist endret på Årsmøtet 26. februar 2008

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

LOV FOR STJØRDAL GOLFKLUBB

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOVER VEDTEKTER. Gjeldende for Allianseidrrettslaget Arna Bjørnar. Gjeldende for Arna Bjørnar Fotball

LOVER FOR ETDE OG OMEGN FOTBALUCLUBB, Lov for EIDE OG OMEGN FOTBALLflUEB stifta 30/ Vedtatt den 6/ på lagets første årsmøte.

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

LOV FOR HAREID IDRETTSLAG

LOV FOR Idrottslaget Jotun Stifta , vedteke av årsmøtet , med seinare endringar av , Revidert av årsmøtet i 2007 og 2011

Lov for Voss idrottslag

Vedtekter for Vestland SV

Lov for Furuset Idrettsforening stiftet 10. januar 1914

Lov for Voss Idrottsråd. Voss Idrottsråd Skipa 4/2 1970

Vedtekter for Othilienborg Idrettslag Stiftet

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Vedtatt av årsmøte 24/

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl på klubbhuset

Transkript:

LOVER FOR IL ØRNAR Skipa 5. mars 1922 - endra 23.11.97-1 Føremål Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemer. Laget sitt føremål er å driva idrett organisert i Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite. Oppgåva for laget er ved samarbeid og kameratskap å fremja idrett og friluftsliv i sunne former. 2 Organisatorisk tilknytning Laget sitt namn er Idrottslaget Ørnar og laget er skipa 05.03.1922. Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Hordaland Idrettskrets og dei er medlem av dei særforbund som årsmøtet til laget bestemmer. Laget høyrer heime i Voss kommune, og er medlem av Voss Idrottsråd. 3 Medlemer Alle som vil retta seg etter laget sine lover og overordna idrettslege styringsorgan sine lover og vedtak, kan verta medlemer i laget. Ved innmelding må ein melda frå om ein tidlegare har vore medlem av lag tilslutta Norges Idrettsforbund. Ein kan ikkje verta medlem dersom ein ikkje har ordna sine plikter mot eit anna lag. Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna rekna frå den dag første kontingent er betalt. 4 Røysterett og vilkår for tillitsverv For å ha røysterett på laget sine møter, må eit medlem vera fylt 15 år, og vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulda laget kontingent. (jfr NIF s lov 2-5) Alle medlemer som har røysterett og som ikkje er arbeidstakar i laget, er valbare til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. 5 Kontingent Kontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast på forskot. Medlemer som skuldar kontingent for meir enn eit år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og kan verta strokne som medlemer. Nytt medlemskap kan ikkje opprettast før skuldig kontingent er betalt. 6 Godtgjersle for tillitsvalde Tillitsvalde kan motta refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vedkomande vert påført i utføring av vervet. Tillitsvalde kan motta ei rimeleg godtgjersle for arbeid sitt. Utgifter til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter, skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap. (jfr NIF s lov 2-6). 7 Inhabilitet For laget sine tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette, gjeld NIF s inhabilitetsreglar. 8 Straffesaker For alle straffesaker gjeld NiFís lov kapittel 11 (NIF s Straffebestemmelsar).

9 Årsmøtet Laget si øvste myndigheit som er årsmøtet, skal haldast kvart år i november månad. Årsmøtet skal kallast inn av styret med minst 1 månads varsel direkte til medlemene eller ved kunngjering i lokalblada. Saker som skal handsamast på årsmøtet, må vera sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vera tilgjengeleg for medlemene seinast 1 veke før årsmøtet. Alle laget sine medlemer har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitera andre personar og/eller media til å vera tilstades. Årsmøtet er vedtaksført med det antal røysteføre medlemer som møter. Ingen har meir enn 1 røyst, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt. På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slikt krav kan berre setjast fram i samband med godkjenning av saklista. (jfr NIF s lov 2-9). 10 Leiing av årsmøtet Årsmøtet skal leiast av ein vald ordstyrar. Ordstyraren treng ikkje å vera medlem av laget. 11 Røysting på årsmøtet Dersom anna ikkje er bestemt, skal alle framlegg verta avgjorde ved vanleg fleirtal av dei avgjevne røystene. Val skal skje hemmeleg dersom det ligg føre meir enn eit forslag, eller dersom det vert fremja krav om det. Dersom fleire skal veljast ved same avrøysting, må røystesetelen innehalda det tal kandidatar som det skal veljast ved vedkomande avrøysting. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje er føreslegne, eller anna tal kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje og røystene vert forkasta. Når eit val føregår enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei gjevne røystene, vert det føreteke bunde omval mellom dei 2 kandidatane som har fått flest røyster. Er det ved omval røystejamvekt, vert valet avgjort ved loddtrekning. Når det ved val skal veljast fleire ved røysting, må alle for å verta valde ha meir enn halvparten av dei avgjevne røystene. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom ikkje kandidatane har oppnådd nok røyster i første omgang, vert dei rekna for valde dei som har fått meir enn halvparten av røystene. Det vert så føreteke bunde omval mellom dei øvrige kandidatane, og etter denne avrøystinga vert dei rekna for valde dei som har flest røyster. Er det ved omval røystejamvekt, vert valet avgjort ved loddtrekning. 12 årsmøtet sine oppgåver Årsmøtet skal : 1. Handsama laget si årsmelding, herunder årsmelding, rekneskap og budsjett for dei organisasjonar laget er tilslutta. 2. Handsama laget sin rekneskap i revidert stand. 3. Handsama innkomne framlegg. 4. Fastsetja kontingent og treningsavgift.

5. Vedta budsjettet for laget, herunder organisasjonar laget er tilslutta. Årsmelding, budsjett og rekneskap for kvar enkelt gruppe skal vera hovudstyret i hende 3 veker før årsmøtet. 6. Vedta laget sin organisasjon (jf. 15) 7. Val av fylgjande tillitsvalde : a) leiar(for 1 år), nestleiar, kasserar, hjelpekasserar, skrivar, 1 styremedlem, 2 ungdoms- representantar til hovudstyret (for 2 år) b) leiar og skrivar i kvar einskild gruppe c) representantar til ting og møter i dei organisasjonane laget er tilslutta. (pr. november -97 er dette fylgjande organisasjonar : Bavallen Varmestove AS, Alpin Bakkenemnd i Bavallen, Voss/ Ørnar Alpinteam, Skulestadmoen Banenemnd, Årmotslia Skisenter, Vossa-alliansen, Voss Idrettsråd) 13 Omframt årsmøte Omframt årsmøtet vert halde når styret eller overordna idrettsorganisasjon avgjer det, eller når minst 1/3 av dei røysteføre medlemene krev det. Omframt årsmøtet skal kunngjerast på samme måte som for ordinære årsmøtet med minst 14 dagars varsel. Omframt årsmøtet kan berre drøfta og ta avgjerdsle i dei sakene som er kunngjorde i innkallinga. 14 Styret $$ 14 Styret Laget vert leia av hovudstyret som er laget sitt høgste styringsorgan mellom årsmøta. Styret har 5 faste medlemer ( leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, styremedlem), dessutan leiar i kvar av dei gruppene som laget har skipa. Styret skal: 1. Setja i kraft årsmøtet og overordna idrettsorgan sine vedtak og avgjerdsler. 2. Oppnemna komitear/ utval/ personar for spesielle oppgåver og utarbeida instruks for desse. 3. Administrera og føra nødvendig kontroll med laget sin økonomi i samsvar med dei gjeldande instruksar og avgjerdsler som for einkvar tid gjeld for idretten. Laget sin kasserar fører laget sin rekneskap og medlemslister. Laget sine midlar skal setjast i bank og kan ikkje takast ut utan kasserar og fungerande leiar si underskrift. Styret fastset kor stor sum kasseraren til ei kvar tid kan ha i kassa. Dersom det er nødvendig, kan ein velja underkasserer/hjelpekasserar. 4. Representera laget utad. 5. Leiar har den daglege leiinga av laget. Han leier styret sine tingingar og laget sine møter, dersom anna ikkje er bestemt. Han skal sjå til at val, adresseendringar og anna informasjon med interesse for krets og forbund vert sendt dei respektive. Leiar skal saman med kasserar og revisor senda inn oppgåve over medlemstalet i laget pr. 1. januar til overordna organ.

6. Nestleiar fungerer som laget sin leiar i leiaren sitt fråvære. 7. Laget sin revisor skal gjennomgå laget sin rekneskap etter kvart større arrangement, og minst ein gong pr. kvartal skal lags-kasse kontrollerast. Vidare skal revisor minst 2 gonger pr. år sjå til at laget sine verdipapir og andre eignelutar er tilstades. Kvar revisjon og kassakontroll skal førast inn i laget sin revisjonsprotokoll med nødvendige kommentarar. Protokollen skal så snart det er mogleg leggjast fram for styret etter ein slik kontroll. 8. Skrivaren skal føra protokoll over alle styremøta, medlems møter og årsmøtet. Styret skal halda møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemmene forlanger det. Styret er ved taksført når eit flertall av styret sin medlemer er tilstades. Alle styremedlemer har røysterett på styremøta. Har ein av gruppeleiarane forfall, pliktar ein annan frå gruppestyret å møta. Vedtak vert fatta med fleirtall av de avgjevne røystene. Ved røystejamvekt er leiaren si røyst avgjerande. 15 Gruppestyret a) Har laget sitt årsmøte gjort vedtak om å oppretta grupper, skal kvar gruppe leiast av eit styre på minst 3 personar; - leiar - skrivar og styremedlem (materialforvalter). Gruppe-leiaren er medlem i hovudstyret i laget og har møteplikt på hovudstyremøta. Leiaren er sjølv ansvarleg for å senda ein annan frå gruppestyret ved eige fråvære. b) For gruppene/organisasjonane sine økonomiske forpliktingar, heftar heile laget. Grupper/organisasjonar kan ikkje gjera avtalar eller representera laget utad utan hovudstyret si godkjenning. Alle medlemene betalar same medlemskontingent til laget. Treningsavgift blir fastsett av kvar einskild gruppe, men skal godkjennast av hovudstyret. Årsmøtet kan i særskilde høve godkjenna tillegg i medlemsavgifta til særførmål for medlemer i ulike grupper. Årsmelding, godkjent rekneskap og budsjett skal føreliggja 3 veker før årsmøtet i hovudlaget. c) Gruppestyret skal handsama alle faglege saker som gjeld idrettsgreiner i deira gruppe. Dei skal koma med forslag til hovudstyret om stemner og stå for den tekniske avviklinga. I idrettstekniske spørsmål som berre vedkjem gruppa, handlar gruppa sjølvstendig. Gruppestyret skal ordna med transport til stemner, og dersom det er nødvendig skal gruppestyret fungera som uttaksnemnd og senda rapport til hovudstyret. Grupestyret skal sjå til at lover og retningslinjer vert respekterte og oppfylgde. Dersom det skjer brot på desse, skal dette rapporterast skriftleg til hovudstyret. På årsmøtet skal gruppestyret leggja fram melding om gruppa sitt arbeide for inneverande år. 16 Lovendring Endringar i dette lovverket kan berre gjerast på ordinært eller omframt årsmøte etter å ha vore oppført på saklista, og det vert gjort krav om 2/3 fleirtal av dei avgjevne røystene. Lovendringar mâågodkjennast av ldrettsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende. 17 Oppløysing Oppløysing av laget kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtall, skal det kallast inn til

omframt årsmøte 3 månader seinare. For at laget skal oppløysast, må vedtaket her også her få minst 2/3 fleirtal. Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysing av laget. Vedtak om samanslutning og nødvendige lovendringar i tilknytning til dette, må gjerast i samsvar med bestemmelsane om lovendring, jfr. 16. l tilfelle oppløysing eller anna opphøyr av laget, skal laget sine eignelutar tilfalla NiF eller føremål som er godkjent av idrettskretsstyret. Ved oppl ysing skal lagsarkivet sendast til idrettskretsen. 18 Æresmedlemer Æresmedlemer vert utnemnde av hovudstyret og skal tildelast laget si høgste utmerking, Ørnar-vimpelen. Æresmedlemer har dei same rettar som vanlege medlemer. Utnemninga vert gjort etter samrøystes vedtak i hovudstyret etter tilråding frå gruppestyra eller arbeidsutvalet. Hovudstyret fastset tid og stad for utdelinga. Endring av treningsavgift Framlegg frå Hovudstyret i IL Ørnar Framlegg: Treningsavgifta, som vert betalt pr. halvår, har for IL Ørnar sidan 1993 vore slik: 12 år og yngre: kr. 100.- 13-15 år: kr. 150.- 16 år og eldre: kr. 200.- Hovudstyret legg fram fylgjande framlegg på årsmøtet 23.11.97: 10 år og yngre: kr. 200.- 11-13 år: kr. 250.- 14 år og eldre: kr. 300.- Bakgrunn: Grunngjeving for Hovudstyret sitt framlegg: Laget sin økonomi er grunnlaget for all aktivitet i laget. Dei siste åra har aktivitetane i laget auka m onaleg, og dette fører også til ein kraftig auke på kostandssida. Voss kommune betalar ikkje ut det kommunale drifttilskotet lenger, og laget har heller ikkje klart å oppretta faste og store inntekstbringande tiltak. Den auka aktiviteten i laget fører til trong for meir utstyr, større slitasje på eksisterande utstyr og generelt auka utgifter til trening / konkurransar. Med stendig fleire medlemer i laget, fylgjer det også ein auka kostnad på trenings- og instruksjons-sida. Tanken er at dei som er akktive i dei ulike gruppene i laget, sjølve må bera meir av utgiftene til trening og konkurransar gjennom ein auke i treningsavgifta. Årsaka til at ein ynskjer ei anna gradering enn tidlegare er : Dei som er eldre har langt fleire tilbod i laget, trenar- og instruksjons-utgiftene er aukande på dette nivået og dei eldre medlemene ikostar totalt meir for laget.