Bibeltekstar til lesing ved vigsel i Den norske kyrkja

Like dokumenter
SKRIFTLESINGAR VED VIGSEL

SKRIFTLESINGAR VED VIGSEL. B Det står skrive i Salmane, Salme 36: A Det står skrive i Salmane, Salme 23:

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

SKRIFTLESINGAR VED VIGSEL

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

FORBØN. Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 8 Forbøn.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Vigsling av evangelist

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

SKRIFTLESNINGER VED VIGSEL

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Ulsteinvik Bibelen

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Helgatun / Danielsen

Vigsling til andre tenester

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap. ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 1 Preludium/Inngang. Gjeldande ordning for forbøn (2003)

1.Ved starten Salme: "Med Jesus vil eg fara" s.10

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap. Forbøn for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord.

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

VIGSEL Før handlinga har den som skal forretta eller unntaksvis ein annan på vegner av denne ein samtale med paret som skal verta vigde.

Vigsling av tilsynsmann

VIGSEL. 4. Før handlinga har den som skal forretta eller unntaksvis ein annan på vegner av denne ein samtale med brudeparet.

Guds rike - 3. Skjermbilde på imf.no/erik

VIGSEL Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Vedteke av Kyrkjemøtet 2017, 30. januar Liturgien vil finnast trykt i mai Det kan då verta nokre mindre endringar i teksta VIGSEL 2017

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

SKRIFTLESNINGER VED VIGSEL

Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug,

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

Tekster til vigsel og forbønn

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

VIGSEL 2017 VIGSEL Allmenne føresegner. Allmenne føresegner. Vigsel 2003 Nynorsk (Justeringar er markerte med kursiv skrift)

VIGSEL 2017 VIGSEL Allmenne føresegner. Allmenne føresegner. Vigsel 2003 Nynorsk (Justeringar er markerte med kursiv skrift)

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

VIGSEL VIGSEL. Allmenne føresegner. Allmenne føresegner. Gjeldande vigselsordning frå 2003 (Nynorsk)

VIGSEL VIGSEL. Allmenne føresegner

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Vigsel. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Dagens bøn. Nynorsk KR 11.2/ søndag i advent. Nådige Gud, du som kjem oss i møte for å frelsa oss, vi bed deg:

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Sokneprest i Øygarden Prestegjeld Svenn Martinsen

2 - Dei oldkyrkjelege symbola

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

Jesus taler om sin død

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunne deg. Kriste eleison, Herre Krist, miskunne deg. Kyrie eleison, Hellig Ånd, miskunne deg.

Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong eller solosong. Preludiet kan vera forspel til første salmen.

Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot.

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Nådehelsing. Samlingsbøn. Klokkeringing Informasjon Kort stille og tre klokkeslag

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Brødsbrytelsen - Nattverden

Herrens velsigning. Herre, du ransakar meg og du veit

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Lesninger Den salige Jomfru Marias smerter (15. september) Lesning Hebr 5,7 9 Han lærte lydighet og ble opphav til evig frelse

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp utan at forsamlinga er til stades Dåp av vaksne...

ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD

Transkript:

Bibeltekstar til lesing ved vigsel i Den norske kyrkja

Det gamle testamentet Sal 23, 1-6 Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider. Sal 36, 6-10 Herre, til himmelen når di miskunn, til skyene rekk din truskap. 7 Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine domar. Du bergar menneske og dyr. 8 Herre, kor dyrverdig di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd. 9 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka or gledebekken din. 10 For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos.

Sal 91, 1-2, 4,9 Den som sit i livd hjå Den Høgste og bur i skuggen av Den Allmektige, 2 han seier til Herren: "Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!" 4 Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn du livd. Hans truskap er skjold og vern. 9 For du seier: "Herren er mi livd." Den Høgste har du gjort til din bustad. Sal 100, 1-5 Ein salme til takkofferet. Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda! 2 Ten Herren med glede, kom fram for han med fagnad! 3 Skjøn at Herren er Gud! Han har skapt oss, ikkje vi sjølve, til sitt folk og til den hjord han gjæter. 4 Gå gjennom hans portar med takkesong, inn i hans tempelgardar med lovsong! Lov han og pris hans namn! 5 For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt. Sal 103, 1-5 Av David. Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn. 2 Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje alle hans velgjerningar! 3 Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom. 4 Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med godleik og miskunn. 5 Han fyller ditt liv med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna.

Høgs 2, 8 14, 16-17 + 8, 6-7a Høyr, det er min ven. Sjå der, han kjem springande over heiane, hoppande over haugane. 9 Min ven er som gasellen, han liknar den unge hjort. Sjå, der står han bortmed husveggen; han glytter inn gjennom gluggen og ser inn mellom sprinklane. 10 Min ven tek til ords og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 11 For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve. 12 Blomane sprett på vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet. 13 Frukta på vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom. Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 14 Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager. Høgs 2, 16-17 Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer. 17 Når dagen svalnar og skuggane flyr, kom att, min ven! Fly som gasellen og den unge hjort over balsam-angande fjell! Høgs 8, 6 7 Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort.

Høgs 2, 9-10 a, 13b - 14 Min ven er som gasellen, han liknar den unge hjort. Sjå, der står han bortmed husveggen; han glytter inn gjennom gluggen og ser inn mellom sprinklane. 10 Min ven tek til ords og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! Høgs 2, 13b - 14 Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 14 Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager. Høgs 8, 6 7a Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort.

Det nye testamentet Matt 5, 13-16 De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. 14 De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! Matt 6, 25-34 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde. Matt 7, 7 8 og12 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate. 12 Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.

Matt 7, 24-25 Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Joh 15, 9 12 (17) Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. (13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!) Rom 8, 38-39 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

1 Kor 13, 1-13 (eller deler av teksten) Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. 4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken. Ef 3, 14-21 Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Flp 2, 1-5 Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! Flp 4, 4-8 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. 8 Elles brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det! Kol 3, 12b- 14 Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame, 13 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. 14 Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar.

1 Joh 4, 7-12 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

Time kyrkjekontor Erlandsbakken 6 Postboks 373 4349 Bryne Tlf: 51 77 03 77 e-post: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no nettside: www.time-kyrkja.no