FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Levekårsutvalet Møtedato: 24.01.2017 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 12:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Karianne Torvanger leiar Arne Schei sekretær
Saknr. Tittel Sakliste 005/17 Søknad om støtte frå Ferieklubben
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 005/17 Levekårsutvalet PS 24.01.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Stavø K1-223 16/24 Søknad om støtte frå Ferieklubben Framlegg til vedtak: Levekår løyver kr 35 000,- av sine reserverte midler, til Ferieklubben sin tur i 2017. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: Kva saka gjeld:ferieklubben søker om støtte til ferietur vår 2017 for personer med ulike funksjonshemmingar. Ferieklubben søkte støtte også i 2016. I møtet 23.02.16, sak 008/16, refererte skriv og meldingar, gjorde Formannskapet følgande vedtak: "Søknaden frå Ferieklubben vert stetta. For framtida vil slike søknader verte ruta til levekårsutvalet og vert underlagt administrativ sakshandsaming". Innleiing: Ferieklubben har i fleire år reist med ei gruppe menneske med ulike funksjonshemmingar og mange hjelparar på ferie til syden. For 2016 innvilga Formannskapet ei støtte på 35 000,-. Vurdering: Brukarane betaler sjølv turen sin og mat under opphaldet. Økonomiske konsekvensar: 35 000,- av levekår sine reserverte løyvingar. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: 32T Feriklubben info Regnskap 2016 Flora Kommune Søknad
Ferieklubben v/tone Britt Solheim Slettbakken 6908 Florø Flora Kommune Litt om Ferieklubben Det starta i Røde Kors i 1998 då vi tok en langweekend til Newcastle med ein gjeng på 12 brukera og 20 hjelpera. Dette vart ein vellykka tur og allereie året etter gjentok vi det same men den gangen til Danmark og besøkte Dansk Røde kors i Aalborg. På vei heim at med båten begynte vi å snakke om at det hadde vore greitt å tatt ein tur til syden med gjengen og lo litt av det og sa at det hadde vert kjekt. Etter vi kom heim frå Danmark i 1999 satte vi i gang med å undersøke og planlegge litt angåande sydentur. Vi endte opp med 32 som vart med på turen fordelt på 15 brukera og 17 hjelpera. Valget falt på leilighetshotellet Tamaragua på Playa del Ingles. Så når vi då kom til mars 2000 satte vi oss på bussen i Florø og reiste til Flesland og fly derfra til Gran Canaria. Dette vart ein opplevelse for både brukera og hjelpera. Vi var der 1 veke som var bestilt og allereie på bussen frå Flesland heim til Florø igjen vart det sagt at det vart alt for kort tid og samtlige ville vere med viss det vart fleire turar. Og det har det blitt. Vi har dei 15 siste åra reist ned dei 2 siste veken før påske slik at vi alltid har komme heim igjen palmehelga. Det har vert litt varierande antall på desse turane frå den største gruppa på 52 personer til no vi har lagt oss på ca 20 25 personer. Dei første åra hadde nokre brukera med seg hjelpera frå kommunen men dett vart ei svært dyr løysing for den enkelte brukaren då dei måtte dekk lønn heile døgnet, mat og inneligd vikarhjelp heime. Den eine brukaren fekk ei sluttrekning på heile turen på ca 50000 ekstra ( utenom turen) og det seier seg sjølv at dette blir då svært dyrt. Vi som reiser med som frivillige hjelpera har ikkje lønn for dette på nokon måte og bruer 14 dager av ferien vår på dette men det gir oss utrulig mykje på mange måtar. For å få til dette har vi gjort det på den måten at brukerane har betalt turen sin sjølv og Ferieklubben har dekka turen til hjelparane som har vore med. Utenom mat då for den holder hjelparane sjølv. Ferieklubben har oppgjennom åra avholdt lotteri og jobba dugnad for å
få inn penger til dette men i dei seinare år ha det minka på dugnadsarbeidet for det blir berre fleire og fleire om beinet når det gjeld betalt dugnadsarbeid. Lotteriet vart det heller ikkje noko av i år på grunn av at reglane til lotteritilsynet sa at vi ikkje fekk avholde lotteri fordi det inntekta av lotteriet ikkje gjekk til aktiviteter gjennom heile året. Er det noko som er uklart så kan undertegende kontaktes på mail : endestad.tor.helge@gmail.com eller telefon 91136927. Kontornr til Ferieklubben er : Ferieklubben v/ Tone Britt Solheim Kontonr 6546.41.31617 Håper på poitivt svar frå dere. MVH Ferieklubben v/tone Britt Solheim Tor Helge Endestad
Rekneskap Ferieklubben 2016 Tekst Inntekter Utgifter Inngående saldo 2530 Egenandeler 76000 Dugnad / Loddsalg 26000 Tillskudd Flora Kommune 35000 Depositum 35000 Billetter 76580 Buss Florø - Bergen - Florø 24000 Buss Gran Canaria 2500 Sum 139530 138080 Saldo konto pr 01.05.2016 1450
Til Flora Kommune v/ Ordførar. Florø 18.01.2017 Søknad om tilskot tur 2017. Ferieklubben er som sikkert kjent ein gjeng med frivillige som bruker 14 dager av ferien sin til å reise som frivillge og ulønna hjelparar til folk med forskjellige problem. Dette er alt frå utviklingshemma til folk som har andre vanskar. Som tidlegare år vil vi få søke om støtte frå Flora Kommune v/ordførar. Summen vi vil søke om er kr 35000,- som primært skal gå til å dekke busstransport her heime til og frå Flesland samt buss til og frå Flyplass på Gran Canaria.. Som det går fram av vedlagt rekneskap for siste tur ser ein at Tilskotet som vi fekk sist gjekk med til å dekke busstransport og litt av biletten til hjelparane som er med. Men sjølv om vi dekkjer ein del av bilettane til hjelparane med loddsal, dugnad og litt av tilskotet er ikkje det nok til å dekke billettane til hjelparane så hjelparane bruker også å betale litt av billetten sin sjølv. Ferieklubben v/tone Solheim sender derfor søknad om økonomisk stønad fordi vi søkte lotteritilsynet om løyve til lotteri men fekk avslag på det sidan dette ikkje var aktivitetar for gruppa gjennom heile året. Vi freistar no å få på plass avtaler med forskjellige om dugnadsarbeid som vi kan få slik at vi kan dekke opp neste års tur. Årets tur er satt opp med 8 brukarar og 10 hjelparar og vil ha avreise frå Flesland 25 mars og med heimkomst 8 april. Erdet noko som er uklart eller dersom ein treng utfyllande opplysningar så ta gjerne kontakt med undertegna på epost : endestad.tor.helge@gmail.com eller telefon 91136927 Vi håpar derfor at Flora Kommune v/ordførar kan imøtekomme vår søknad om tilskot. MVH Tor Helge Endestad For Ferieklubben v/ Tone Britt Solheim