Møteprotokoll Utval: Miljøutvalet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: 22.01.2014 Tid: 17:30 Protokoll nr: 1/14 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Håvard Jostein Kongshaug Leiar AP Frøydis Austigard Nestleiar V Torleiv Rogne Medlem UAVH Britt Giske Andersen Medlem V Knut Garshol Medlem H Toril Røsand Medlem H Wenche Volle Medlem FRP Steinar Reiten Medlem KRF Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hoem Medlem AP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Petter Bjørdal Line Hoem AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Sekretariat: Namn Guri Bugge Stilling Miljøkoordinator
2 Medlemmene i miljøutvalet møtte på Hotel Union i Geiranger onsdag 22. januar 2014 for å delta på den internasjonale konferansen «Grøn Fjord 2020» som vart arrangert i Geiranger 22. - 23. januar 2014. Møtet i miljøutvalet tok til onsdag 22. januar 2014, kl. 17.15, på Hotel Union, Geiranger, under leiing av utvalsleiar Håvard J. Kongshaug. Innkallinga og saklista vart samrøystes godkjent. I samband med godkjenninga av saklista, tok Toril Røsand (H) tok opp spørsmålet om Miljøutvalet sin arbeidsform og innhald. Det vart mellom anna diskutert om miljøutvalet kunne vere ein politisk arbeidsverkstad for miljøsaker, det var diskusjon rundt talet på saker i utvalet, og det vart særskilt etterspurt informasjon om arbeidet med klimaplanen. Guri Bugge orienterte om komande saker i miljøutvalet og særskilt om klimaplanen. Møtet vart sett med 9 medlemmer. Saksnr Innhald RS 1/14 Ruteendringsprosessen buss 2014 RS 2/14 Uttale om Raumabanen RS 3/14 Uttalelse fra Rauma formannskap vedrørende nedlegging av godstrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo RS 4/14 Høyring - regulering av jakt på kystsel i 2014 RS 5/14 Høyring av forslag om videreutvikling av produksjonsavgrensingssystemet (MTB) innan lakseoppdrett RS 6/14 Innspel til jordbruksforhandlingane 2014 RS 7/14 Budsjettoppfølging - Miljøutvalet - Periode 2013-13 Godkjenning av protokoll RS 1/14 Ruteendringsprosessen buss 2014 Behandling i Samferdselsutvalet 15.01.2014 Trygve Holm (Ap) fremma følgjande forslag: «Det blir sett opp ein gjennomgåande bussrute med start på Åheim kl. 08.10 til Garnes og videre til Ålesund. Retur frå Ålesund kl. 15.25 vidare til Garnes og til Åheim». Forslaget blei trekt før votering.
3 Charles Tøsse (H) fremma følgjande tilleggsforslag: «Del b pkt 3, tillegg 2. kulepunkt... og betre kollektivtilbodet for innbyggjarane på strekninga Sjøholt-Valldal». Iver Nordseth (V) fremma følgjande endringsforslag: «Del b pkt 3 siste kulepunkt: Ruta Kvalsvik Fosnavåg (tidlig rute) vert vurdert m.o.t vidareføring eller ikkje». Votering: Tilrådinga blei samrøystes vedteke. Forslag frå Charles Tøsse (H) blei samrøystes vedteke. Forslag frå Iver Nordseth (V) blei samrøystes vedteke. Samrøystes vedtak i Samferdselsutvalet 15.01.2014 Del a Del b 1. Tilleggskjøpsavtale Nettbuss Midt-Norge AS region Møre Sør vert vidareført i ruteterminen 2014-2015 (verdi kr 415 000,- 2013-kroner). Administrasjonen blir beden om å gjennomføre tingingar vedr. innhaldet i denne avtalen. 2. Samferdselsutvalet viser til ulike innspel frå kommunar mfl, og ber administrasjonen arbeide vidare med desse gjennom ulike utviklingsprosjekt, der kommunane er med i arbeidet. 3. Nettbuss Midt-Norge AS region Møre Sør får godkjent sitt framlegg til endringar, med følgjande unntak: Endringane i TIMEkspressen vert utsett til avklaring av ferjeruter Eit eige prosjekt i Storfjord-området skal avgjere rutene på strekninga Valldal-Ålesund. Målet er å redusere dobbelkøyring Sjøholt-Ålesund og betre kollektivtilbodet for innbyggjarane på strekninga Sjøholt-Valldal. På rute 230 vil kveldsavgang Brattvåg-Ålesund t/r og laurdagsavgang Brattvåg-Dragsund vidareført. Begge avgangane skal gå til Moa og korrespondere med bybuss. På rute 351 vil ein ikkje tilrå avgangen Volda-Kjøs Bru kl.08.25 t/r og at avgangen frå Nordfjordeid kl.19.30 går eksisterande trase over Stigedalen. På rute 250 må operatør sette inn bestillingsbuss på strekninga Ørsneset- Sykkylven om kvelden Ruta Kvalsvik Fosnavåg (tidlig rute) vert vurdert m.o.t vidareføring eller ikkje 4. Nettbuss Midt Norge AS Region Møre Nord får godkjent sitt framlegg til endring med følgjande unntak: Avgangane Ødegård/Kleive-Molde vert vidareført med nokre unntak. Manglande innsparingar pga. punktet over skal gjennomførast i samband med ny avtale for 2014 5. Veøy Buss AS får godkjent sitt forslag til endringar i ruteproduksjon 6. Atlantic Auto AS får godkjent sitt forslag til endringar i ruteproduksjonen 7. Aukra Auto AS får godkjent sitt forslag til endringar i ruteproduksjonen 8. Eide Auto AS får godkjent sitt forslag til ruteendringar i ruteproduksjonen med følgjande unntak: Handleruta torsdagar på skulefri mellom Høgset-Eide t/r vert vidareført
4 Behandling i Miljøutvalet - 22.01.2014 Håvard Kongshaug (Ap) fremma følgjande forslag til tilleggspunkt: «Miljøutvalet er bekymra over mulege kutt i rutetilbodet for buss i fylket, som til dømes på strekninga Averøy-Kristiansund.» Votering: Tilrådinga vart samrøystes vedteke. Forslag frå Håvard Kongshaug vart samrøystes vedteke. Miljøutvalet tek orienteringa om ruteendringar på buss i samband med den årlege ruteendringsprosessen til etterretning. Miljøutvalet er bekymra over mulege kutt i rutetilbodet for buss i fylket, som til dømes på strekninga Averøy-Kristiansund. RS 2/14 Uttale om Raumabanen Samrøystes vedtak i Samferdselsutvalet - 15.01.2014: Utvalet tek referatsaka til orientering. Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande Romsdal regionråd sin uttalelse om Raumabanen til orientering. RS 3/14 Uttalelse fra Rauma formannskap vedrørende nedlegging av godstrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo Samrøystes vedtak i Samferdselsutvalet - 15.01.2014: Utvalet tek referatsaka til orientering. Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande Rauma formannskap sin uttalelse om nedlegging av godstrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo til orientering. RS 4/14 Høyring - regulering av jakt på kystsel i 2014 Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at steinkobbebestanden viser ein nedadgåande trend i fylket, men at det likevel er grunnlag for steinkobbejakt med ein kvote på 20 dyr. Samtidig registrerer fylkeskommunen at Møre og Romsdal er det einaste kystfylket som ikkje er anbefalt kvote på havert. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at fylket får tildelt ein eigen kvote for havert, eventuelt at ordning med felleskvote med Sør-Trøndelag vert vidareført i 2014.
5 Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet - 03.12.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at steinkobbebestanden viser ein nedadgåande trend i fylket, men at det likevel er grunnlag for steinkobbejakt med ein kvote på 20 dyr. Samtidig registrerer fylkeskommunen at Møre og Romsdal er det einaste kystfylket som ikkje er anbefalt kvote på havert. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at fylket får tildelt ein eigen kvote for havert, eventuelt at ordning med felleskvote med Sør-Trøndelag vert vidareført i 2014. Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande høyring om regulering av jakt på kystsel i 2014 til orientering. RS 5/14 Høyring av forslag om videreutvikling av produksjonsavgrensingssystemet (MTB) innan lakseoppdrett Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet - 03.12.2013 Fylkeskommunen tilrår at vi beheld dagens kontrollerbare MTB system inntil ein kan sannsynleggjere at rullerande MTB vil kunne bli forsvarleg kontrollert, vi viser og til at fleire fisk i sjøen om hausten vil kunne auke luseproblema. Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande høyring av forslag om vidareutvikling av produksjonsavgrensingssystemet (MTB) innan lakseoppdrett til orientering. RS 6/14 Innspel til jordbruksforhandlingane 2014 Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vil komme med følgjande uttale framfor jordbruksforhandlingane i 2014: Det er avgjerande for framtidig matproduksjon i landet at landbruksnæringa blir sikra gode nok rammevilkår til at nye generasjonar finn det økonomisk interessant og forsvarleg å overta gardsbruk og drive vidare med gardsdrift. Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet. Inntektsmidlane over jordbruksavtalen må fortsatt vere innretta slik at dei ivaretek dei grasbaserte produksjonane i distrikta samt ein variert bruksstruktur. Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ein større del av ramma for grøftetilskot bør gå til dei mest nedbørrike fylka. Det er viktig å betre finansieringsordningane for å bidra til fornying av bygningsmassen i landbruket. Infrastruktur er ein flaskehals når det gjeld aktivitet i skogbruket. For å få til auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke trengs det auka utbygging av skogsvegar. I tillegg er mange kommune- og fylkesvegar ikkje dimensjonert for tilstrekkeleg akseltrykk for tømmertransport.
6 Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet - 03.12.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune vil komme med følgjande uttale framfor jordbruksforhandlingane i 2014: Det er avgjerande for framtidig matproduksjon i landet at landbruksnæringa blir sikra gode nok rammevilkår til at nye generasjonar finn det økonomisk interessant og forsvarleg å overta gardsbruk og drive vidare med gardsdrift. Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet. Inntektsmidlane over jordbruksavtalen må fortsatt vere innretta slik at dei ivaretek dei grasbaserte produksjonane i distrikta samt ein variert bruksstruktur. Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ein større del av ramma for grøftetilskot bør gå til dei mest nedbørrike fylka. Det er viktig å betre finansieringsordningane for å bidra til fornying av bygningsmassen i landbruket. Infrastruktur er ein flaskehals når det gjeld aktivitet i skogbruket. For å få til auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke trengs det auka utbygging av skogsvegar. I tillegg er mange kommune- og fylkesvegar ikkje dimensjonert for tilstrekkeleg akseltrykk for tømmertransport. Behandling i Miljøutvalet - 22.01.2014 Frøydis Austigard (V) fremma følgjande forslag om tilleggspunkt: «Erfaring viser at jordvernet blir tilsidesett i konkurranse med areal til anna næringsverksemd. Det er viktig at jordvernet blir handheva.» Votering: Tilrådinga vart samrøystes vedteke. Tilleggsforslag frå Frøydis Austigard vart vedteke med 6 røyster. (For: Håvard Kongshaug (Ap), Petter Bjørdal (Ap), Steinar Reiten (KrF), Britt Giske Andersen (V), Frøydis Austigard (V), Torleiv Rogne (Uavh.). Mot: Knut Garshol (H), Toril Røsand (H), Wenche Volle (FrP).) Vedtak i Miljøutvalet - 22.01.2014 Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande innspel til jordbruksforhandlingane 2014 til orientering. Erfaring viser at jordvernet blir tilsidesett i konkurranse med areal til anna næringsverksemd. Det er viktig at jordvernet blir handheva.» RS 7/14 Budsjettoppfølging - Miljøutvalet - Periode 2013-13 Miljøutvalet tek referatsaka vedrørande budsjettoppfølging for Miljøutvalet for perioden 2013/13 til etterretning.
7 Godkjenning av protokoll Behandling i Miljøutvalet - 22.01.2014 Miljøutvalet utsette godkjenninga av protokollen til neste møte. Miljøutvalet utsette godkjenninga av protokollen til neste møte. Møtet slutt kl. 18.45.