Tur til det vakre DUBROVNIK-området Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen Cavtat i Kroatia 8-dagars tur med fly frå Bergen. Avreise 3.mai 2014
PROGRAM Berre 5 km. frå Dubrovnik flyplass finn vi Cavtat, denne sjarmerande byen som skal vere «basen vår» dei neste åtte dagane. Vi skal bu på ei perle av eit hotell, det elegante 5-stjerners Hotel Croatia. Hotellet ligg vakkert til i en pinjeskog, med reint, friskt hav på begge sider, og berre 10 min. gange frå sentrum av Cavtat. Hotellet har innandørs og utandørs basseng, spa-anlegg, vel utstyrt trimrom, eige badeanlegg ved sjøen og fleire gode restaurantar. På denne turen vil du oppleve eit handplukka program, fullspekka med utflukter både til lands og til havs, saman med kunnskapsrike lokal-guidar. Du vil få sjå mykje vakker natur, spennande kultur og få eit innblikk i dei tragiske krigshandlingane på Balkan. Du vert servert mange gode måltid frå det lokale kjøkken og sjølvsagt vert det tid på eiga hand, både til shopping og til å nyte sol og krystallklårt hav. Alt i et rolig ferietempo utan stress. Og kanskje det beste av alt - vi skal bu på same, gode hotell heile veka. Nytt høvet til å oppleve utruleg vakre og spennande Kroatia.
Dag 1 laurdag 3. mai 2014 Avreise frå Bergen med Norwegian kl.16.35, direkte til Dubrovnik. Vi landar kl. 19.45 og vert henta for transport til det utmerka Hotel Croatia http://www.hoteli-croatia.hr som ligg berre 15 min. biltur frå flyplassen. Alle får praktfulle, vel-utstyrte rom med havutsikt og om kvelden samlast vi til velkomstmiddag på hotellet. Dag 2 søndag 4. mai 2014. Etter ein rolig frukost tek vi buss til nabobyen Cilipi, der vi vert med på den lokale formiddags gudstenesta i den vakre kyrkja i byen. Etterpå er det oppvisning med lokal musikk og folkedans på torget utanfor kyrkja. Dei som ønskjer det, kan gå på vakre gangveier attende til hotellet. (ca. 9 km). Vi brukar så lang tid som vi treng på turen og nyt den vakre naturen, blomster-prakt og lokal busetnad undervegs. Dei som ikkje vil gå, kan ta bussen til hotellet. Også i kveld byd vi inn til fellesmiddag på hotellet. Dag 3 måndag 5.mai 2014 Lang, god frukost på hotellet før det er tid for sol, bad, spa eller andre eigne aktivitetar. I Cavtat er det fleire naturstiar og ein flott strandpromenade. Ein fin dag til å nyte sola og bli betre kjent i området rundt hotellet. Kanskje er det også allereie blitt gode badetemperaturar? Dagen er til eigen disposisjon fram til kl. 13.00, då vi reiser med båt frå Cavtat til den historiske gamlebyen i Dubrovnik. Turen tek om lag ein time og går langs land og forbi fleire vakre øyer. I Dubrovnik vert vi møtt av den lokale guiden vår for bysightseeing til fots i gamlebyen. Ei vandring på dei gamle bymurane som går rundt heile gamle Dubrovnik er nærast obligatorisk for alle som vitjar byen. Og etter byvandringa har vi høve til å oppleve byen på eigahand nokre timar, før båten går attende til Cavtat. Fellesmiddag på Hotell Croatia og sosialt samvære om kvelden.
Dag 4 tysdag 6.mai 2014 Etter frukost har vi avreise for dagens tur, til Mostar og Neretva. Mostar er ein by som er vakkert restaurert etter dei tragiske krigshandlingane på 90-talet. Vi får høyre historia som gjorde Mostar kjent under Balkan-krigen og vil får anledning til å gå over den kjente brua i Mostar, Stari Most. Brua, som er frå 1500-talet, vart totalskada under krigen, men vart bygd opp att og fullført i 2004. Den står no på UNESCO si verdsarvliste. Frå Mostar køyrer vi vidare til byen Vid, der vi stoggar for lunsj. Innanfor eit avgrensa område fann ein her, for en del tiår tilbake, seksten statuer i frå det tidligare romerske Forum. Desse statuane er det største enkelt funnet av keisar- statuer og dei er i dag å finne i det lokale museet. Etter lunsj tek vi plass i en tradisjonell elvebåt og får vere med på ein fin tur på Neretvaelven. Vi siglar i et stort delta område som er eit tilhaldsstad for tusenvis av fuglar. Dette er eit av de siste deltaområda i Middelhavet der vi finn ein rik flora og fauna. Vi er attende i Cavtat seint på kvelden. Denne dagen er ikkje middag irekna i turprisen. Dag 5 onsdag 7.mai 2014 Frukost på hotellet og deretter er dagen fri til å nyte det herlige livet ved bassenget eller i det krystallklåre havet utanfor Cavtat. Det er fleire kilometer med strandpromenade langs småbåthamna og vidare til nærliggande små landsbyar. Vi møtest til fellesmiddag på Hotell Croatia om kvelden. Dag 6 torsdag 8. mai 2014 Etter frukost går turen sørover til Montenegro. Den lokale guiden vår tek oss med langs den vakre Kotorbukta, den sydlegaste fjorden i Europa, til byen Kotor. Byen er ein gamal handels- og sjøfartsby og i gamlebyen spennande arkitektur og vakre monument. Turen går vidare til Cetinje, den tidligare hovudstaden i Montenegro, der vi får by-sightseeing. Vi held fram til Njegusi som ligg opp i fjella. Her får vi, som ein lett lunsj, smake på ostar og lokalt røykt skinke. Turen går vidare langs panoramavegen frå Njegusi til Budva ute ved havet og deretter attende til Kroatia og hotellet med ankomst ca. kl. 19.00. Kanskje det er tid for å prøve ut en av de trivelige restaurantane nede ved strandpromenaden i kveld? Det er ikkje lagt opp til fellesmiddag denne kvelden.
Dag 7 fredag 9. mai 2014 Etter frukost skal vi ut på båttur i den vakre skjergarden som ligg nord for Dubrovnik. Dette vert ein fin dag på sjøen, med frisk, god sjøluft og strandhogg på eit par av øyane. Det vert høve til bading og til å ta småturar på stiar når vi er i land. Det vert servering av lunsj om bord og vi reknar med å vere attende på hotellet i 17.00-tida. Om kvelden samlast vi til siste fellesmiddagen på denne turen. Dag 8 laurdag 10.mai 2014 Etter den siste, gode frukosten på hotell Croatia har vi hele denne dagen til egen disposisjon, før vi blir henta for transport til flyplassen for heimreise. Felles avskjedslunsj på restaurant ved strandpromenaden før innsjekk og flyavgang kl. 20.25 direkte til Bergen med ankomst Flesland kl. 23.35. Du kan lese meir om området vi skal opphalde oss i på denne websida: http://www.tzcavtat-konavle.hr/aktivni.php?lang=en
Dette er ein populær tur så vær tidlig ute med påmelding. PÅMELDING helst innan 10.februar 2014 gjerne før om du vil vere sikker å få plass. Det er sjølvsagt høve til å utvide turen med ei ekstra ferieveke på hotellet. Snakk med reisebyrået for tilbod dersom du ønskjer å utvide opphaldet. REISEFAKTA Turpris: Kr. 10.990,- Tillegg for enkeltrom Kr. 2.700,- Antal dagar 8 Avreisedato 03/5 2014 Returdato 10/5 2014 Irekna i turpris: Flyreise med Norwegian t/r Bergen Flyskattar og avgifter 7 netter i dobbeltrom Hotel Croatia Utflukter i samsvar med program 4 middagar, 3 lunsjar og 7 frukostar Turleiar frå Travelnet Fjordane Rbr. Påmelding: Tlf. 57 72 50 70 fjordane@travelnet.no