2016-2017 Kvalitetsplan Bryne skule SFO Bryne skule 2016-2017
Innhald 1. Innleiing s. 2 2. Visjon s. 2 3. Elevsyn s. 2 4. Organisering s. 3 5. Vaksenrolla på SFO s. 4 6. Samarbeid med føresette s. 5 7. Samarbeid SFO skule s. 7 8. Fokusområde sosial kompetanse s. 8 9. Fokusområde fysisk aktivitet s. 9 10. Fokusområde kreativitet s. 10 11. Fokusområde mat og helse s. 11 12. Aktivitetsplan for SFO s. 12 13. Praktiske opplysningar s. 13 Kjelder: «Ungdomsalternativet:no», «Bouchard, Shepard og Stephens, 1994» «Noregs Idrettsforbund» 1
1. Innleiing Time kommune har utarbeidd ein Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga i Time. Kvar skule skal ut ifrå denne planen laga ei handlingsplan. I opplæringslova står det om SFO: Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. 2. Visjon Time kommune sin visjon er «Trygg og framtidsretta». På Bryne skule vil me arbeida mot denne visjonen gjennom følgjande ordlyd: «Me på Bryne skule vil gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det!» 3. Elevsyn «Alle elevar kan, vil og får det til» Dette elevsynet skal prega arbeidet i heile organisasjonen. Me trur: Alle er gode til noko Alle kan læra og utvikla seg fagleg, kreativt og sosialt. Alle kan bidra til eit positivt fellesskap Slik vil me ha det: Barnet skal oppleva mestring og utfordring - kvar dag Me skal ta utgangspunkt i det barnet kan Me skal nytta varierte arbeidsmåtar Me skal gi rom for at barnet kan utfalda og utvikla seg på alle område teoretisk, praktisk, fysisk, sosialt og kreativt 2
4. Organisering Rektor Dagleg leiar Inspektør Avdelingsleiar Avdelingsleiar Avdelingsleiar SFO personalet Rektor er ansvarleg leiar på Bryne skule. Ansvaret for SFO er delegert til dagleg leiar i SFO samt den eine inspektøren. SFO har 3 avdelingsleiarar. Det er til saman om lag 15 personar som arbeider på SFO. Det er dagleg leiar som har hovudansvar for den daglege drifta. Inspektør har fått delegert ansvar frå rektor til å driva pedagogisk utviklingsarbeid i SFO. Dette arbeidet skal skje i samarbeid mellom inspektør, dagleg leiar i SFO samt avdelingsleiarane. I tillegg skal resten av personalet vera med når det er naturleg. Avdelingsleiarane har ansvar for kvar si SFO-avdeling. 3
5. Vaksenrolla på SFO I møte med barna: Barna skal oppleva respekt, likeverd og tillit Barna skal oppleva tydelege vaksne som leier og tar ansvar for kvaliteten i all samhandling Me skal ha klare tydelege reglar og rutinar på SFO Me ser kvart enkelt barn og gjer dei hjelp og rettleiing Me skal ha eit godt samarbeid om barna. Me skal vera imøtekomande og lyttande i møte med føresette 4
6. Samarbeid med føresette På SFO vil me dei føresette Snakkar positivt om SFO Gir beskjed om forhold som kan bety noko for korleis barnet trivst. Dette er ein føresetnad for at personalet skal kunna følgja opp barnet og gje tilpassa omsorg. Respektera opningstidene Møta personleg opp i SFO-lokala dersom barna skal hentast. Følgjer med på informasjon frå SFO i mail og på skulen si heimeside. Gir beskjed innan oppsette fristar når det gjeld påmelding/avmelding til SFO i samband med skulen sine ferie-og fridagar På denne måten kan SFO planleggja best mogleg bruk av personalet. 5
Samarbeidsrutinar Rutinar Korleis/når Ansvar Dei føresette får informasjon om kvardagen på SFO Hente og leveringssituasjonar Magnettavle Telefon Heimeside Infoskjerm i gangen Foreldremøte Alle vaksne på SFO Alle vaksne på SFO Alle vaksne på SFO Dagleg leiar og avdelingsleiarar Ei oppdatert og informativ heimeside Engasjerte vaksne Me legg ut informasjon Me legg ut bilete Me informerer om livet på SFO Dei vaksne ser barnet Dei vaksne deltek i leiken Dei vaksne viser barnet respekt og omsorg Dei vaksne har god oversikt Dagleg leiar Avdelingsleiarar Alle vaksne på SFO 6
7.Samarbeid SFO skule Skule og SFO arbeider ut frå same pedagogiske plattform og har same verdigrunnlag. Kva Korleis Ansvar Avdelingsleiarmøte Møte ein time kvar veke Dagleg leiar/inspektør Personalmøte Møte ein time kvar veke Dagleg leiar/inspektør Rektor SFO deltek på foreldremøte for nye 1. klasse-elevar November/mai Dagleg leiar Informasjon om SFO på skulen si heimeside Samtale mellom SFO og kontaktlærar Informasjon om SFO blir lagt på SFO sida Kontaktlærar tek kontakt med avdelingsleiar SFO i forkant av utviklingssamtalen Dagleg leiar Avdelingsleiarar Kontaktlærar Kompetanseheving parallelt med skulen si kompetanseheving I personalmøte/ avdelingsleiarmøte Inspektør 7
7.Fokusområde SOSIAL KOMPETANSE Sosial kompetanse: «Barnet si evne til samhandling med andre i ulike situasjonar. Dette er ikkje medfødt, men ein eigenskap som må lærast.» Personalet ved Sfo ser verdien i den frie leiken for utvikling av sosial kompetanse På Bryne skule SFO har me: - Eigne grupper for jenter og gutar ved behov - «Korslag» i ferieklubben annan kvart år - Ulike former for leik både organisert og frileik - Gode samarbeidsrutinar for rydding Dei tilsette: - Gir ros slik at barna si mestring kan bli større - Er gode førebilete for barna - Er positive i møte med utfordringar som oppstår - Tek barna på alvor - Hjelper barna til å skapa vennskap 8
8. Fokusområde FYSISK AKTIVITET På Bryne skule SFO bruker me Norges Idrettsforbund sin definisjon: «Fysisk aktivitet er lystbetont kroppsbevegelse som forbedrer vårt fysiske og psykiske velvære» Dette gjer me: - Bruker gymsalen og symjehallen aktivt - Bruker TL-aktiviteter - Er ute kvar dag - Legg til rette for aktiv leik ute - Ulike turar i nærområdet Dei tilsette: - Bruker sin kompetanse frå ulike idrettsgreiner og treningsformer - Set barna i gang med leik - Er aktive deltakarar i leiken - Liker å vera med barna på tur 9
9. Fokusområde - Kreativitet På SFO skal barna få moglegheit til å utvikla sine kreative evner i forskjellige situasjonar. Kreativitet kan t.d. vera å arbeida på ulike måtar med forskjellig materiale på formingsrommet, velja og koma med forslag til ulike aktivitetar. Kreativitet er og å finna gode og kreative løysningar på konfliktar. Dette gjer me: - Legg til rette for formingsaktivitetar - Gir tilbod om dans i ulike former - Lagar førestillingar/show for kvarandre - 4. trinn lagar Sfo-avis Dei tilsette: Møter barna med JA til kreative forslag og idèar 10
10. Fokusområde mat og helse Me vil legga til rette for at barna skal få sunn mat på SFO. Slik gjer me: - Barna får delta i aktiviteter der fokuset er sunn mat og matglede. - Har fokus på å laga gode rutinar rundt måltida slik at det blir ei hyggeleg oppleving med gode samtalar. - Barna får vera kjøkkenhjelparar. - Ein vaskar hendene før måltida. - Barna er med på å laga reglar for måltida. - Me har eigen kokk. - 3. og 4. trinn lagar i stand sin eigen mat ein dag i veka 11
11.Årshjul for SFO Månad August Bli kjent aktivitetar: - Ulike namneleikar - Vi brukar tid på å bli kjende med kvarandre gjennom leik og samtale. September Sunn mat, rutinar for måltid: - Fokus på gode rutinar rundt måltida slik at det blir ei hyggeleg oppleving med gode samtalar. - Handvask - Gå roleg frå basen og inn i kantina - Roleg samtale rundt bordet Oktober Haust: - Fokus på ulike grønsaker - Vi bruker ulike grønsaker i matlaging - Formingsaktiviteter der grønsaker er tema November Halloween: - Vi lærer om halloween og korleis vi kan markera det på ein god måte. - Ulike aktiviteter knytta til emnet. Desember Jul: - Samtale om ulike juletradisjonar - Ulike formingsaktivitetar - Nissefest Januar Vinter: - Vinteraktiviteter - Formingsaktiviteter 12
Februar Karneval: - Vi lærer om karnevalstradisjonar - Karneval på tvers av basane - 3. og 4. trinn har karnevalprosjekt Mars Påske: - Vi lærer om ulike påsketradisjonar - Ulike formingsaktivitetar knytta til vår og påske April Bruk av nærmiljøet: - Tur til: Sandtangen, Fritz Røed parken, ulike leikeplassar - Gardsbesøk Mai 17.mai: - Leseveke: lesa for å gjera, læra og oppleva - Vi lærer om Grunnlovsdagen - Ulike formingsaktiviteter Juni Sommar: - Uteaktivitetar - Avslutning for 4. trinn - Ferieklubb Juli Sommarferie: SFO stengt 13
11. PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Åpningstider SFO har åpent mellom kl. 07.15 16.00. 15.august planleggingsdag(sfo stengt) 2. januar planleggingsdag(sfo stengt) I juli er SFO stengt. Rutinar Barna blir registrert i SFO etter siste økt på skulen. Aktivitetane ein har tilbod om, står på magnettavla i basen. Alle barna har kvar sin magnet dei set opp på den aktiviteten dei vil delta på. Når barna skal heim, skal det registrerast av ein vaksen. Dersom barnet ikkje skal på SFO, må skulen ha melding om dette ( på telefon eller mail) All påmelding til SFO skjer digitalt Klede Mat Alle barn må ha klede etter vêret. Me er ute kvar dag. Hugs skifteklede. Alle klede må merkast med namn (ikkje bare initial) Det er føresette sitt ansvar å leita etter attgløymde klede og sko. Barna får eit måltid kvar dag. I feriar/heile SFO-dagar får dei to måltid kvar dag. KONTAKTINFORMASJON: Telefonnummer Til skulen (sentralbord): 51 77 64 00 Morgontilbod: 51 77 64 16 Til SFO-avdelinga: 907 03 961 (etter kl. 12.30) Dagleg leiar Inger Vold Gudmestad Telefon: 990 28643 inger.gudmestad@time.kommune.no Avdelingsleiar 1. trinn Jane Karin Soma Håland jane.karin.soma.haland@time.kommune.no Avdelingsleiar 2. trinn Ingrid Haugstad Håland ingrid.haugstad.haland@time.kommune.no Avdelingsleiar 3. 4. trinn Anne Tove Solstad anne.tove.solstad@time.kommune.no Inspektør Ellen Spanne Søyland Telefon: 454 33 275 ellen.spanne.soyland@time.kommune.no. 14